Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)
Viser innlegg med etiketten Lyrikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lyrikk. Vis alle innlegg

tysdag 16. desember 2008

70-talsbilete

Ole Aleksander bur saman med foreldra sine og hunden Puffen i ei ekte byblokk. Han er ein grei kar med mange tankar i hovudet – og han meiner det godt når han let Puffen ta oppvasken. Like eins tykkjer han det må vere rimeleg å invitere nokre, eh, mange fleire born heim i bursdagen sin enn det foreldra veit om. Ein dag kjem det ein ny gut i gata, og Ole Aleksander og kompisane hans er sikre på at han er slem. Det må han vere, for han skular slik på dei. Og så stel han trehjularen til Ole Aleksander. Men så syner det seg etter kvart at Oliver ikkje er så verst likevel. Det finn dei ut når mor til Ole Aleksander ber han heim på middag. Me skjønar fort at Oliver er einsam, og at han ikkje har råd til trehjular. Gjengen riggar basar, og med litt sparepengar i tillegg vert det sykkelkjøp, gitt.

Bestemora til Ole Aleksander har aldri reist med fly og aldri overnatta på hotell. Når ho finn ut at det er på tide å gjere noko med det, inviterer ho med seg Ole Aleksander på tur. Turen er vent skildra, og det ber av garde til ein norsk kystby. Det vert lagt ut spor i boka om kva for by det er tale om, og for ein byvand vossing er oppgåva grei – me har for lengst svara Bergen når boka til slutt røpar kvar dei er! Men kven er mannen som dukkar opp på flyplassen og som sit bak dei på flyet – gøymd bak ei avis?

Eg hugsar ikkje heilt om me las boka Ole Aleksander og bestemor til værs eller om me såg kinofilmen om mormor og Maren tolv, Martin ti, Marte ni, Mads åtte, Mona seks, Milly fem, Mina fire og Morten tre fyrst. Hm, og så gjekk jo etterkvart Guro på Tirilltoppen som TV-serie, ja. Og skreiv ikkje faren til Aurora på ei avhandling, tru - medan han var heimeverande? Men alt dette frå Anne Cath. var vel før me såg Flåklypa på bygdekinoen i dalen, eller...? Vel, det kan vere det same med heile rekkefylgja. Alt dette var iallfall way before E.T...

måndag 10. november 2008

Allsong i seinhaustnatt

Ordet motivasjon kjem av det latinske ordet movere som tyder å røre seg. Motivasjon er sjølve grunnlaget for det å lære, trivast og prestere – både i idrett og livet elles. Om ein skal oppnå dei resultata ein vil, må i tillegg motivasjonen vere til stades over tid. For uthaldande og sportsinteresserte sambygdingar var det ein herleg dose motivasjon i å dele historier frå 2008 med einannan på haustens store Kleppafest sist helg. Langrenn i inn- og utland, sykkelritt, meir eller mindre spektakulære fjellturar og jamvel maratonløp vart skildra med stor innleving til festmiddag, vin og jolegløgg. Mellom mange høgdepunkt, var den etterkvart så tradisjonsrike songen skriven til festmiddagen etter Birkebeinerrennet i 2001:

Tekst: Jan R.
Melodi: Å eg veit meg eit land (trad.)

Å eg veit meg ein stad, der eg kan slappa a’
Der eg møter ein ven
Der eg slepp klyppa plen
Der eg gjerne er gjest,
der eg kan ta ein fest
Der eg slit meg, og kanskje skal døy
Det er Kleppa, det er Kleppa, det er Kleppa i hylande storm,
Det er Kleppa, det er Kleppa, det er Kleppa som gjer meg i form!

Å eg veit meg ein dal
Der eg møter ein vegg
Veggen slær meg knock out
berre tanken er nok
Der eg likevel går,
gjekk i fjor, går i år
Der eg slit meg, og kanskje skal døy
Orradalen, Orradalen, denne dalen vi elskar så høgt,
Orradalen, Orradalen, kan du tenkja deg venare dal?

Å eg veit meg eit renn,
der eg sjølv gjev meg skjenn
Der eg piner meg fram,
for å få øl og dram
Renn eg atter går att,
mine draumar kvar natt
Der eg slit meg, og kanskje skal døy
Birkebeinar, Birkebeinar, heidersplassen i vårt liv du har,
Birkebeinar, Birkebeinar, det var til deg vi livet vårt gav!

Og ved neste krossveg må nokon ta på seg å skildre heimturen, der me vandra i lag i beksvarte natta - med eller utan hovudlykt...

onsdag 9. juli 2008

Om tidsskilje

Forandring frydar, er det noko som heiter. Og det stemmer jo eit stykke på veg. Du er lei av bunaden din, alle andre har jo ein nesten lik, og du kjøper deg ein ljos dress. Du kjøper nye joggesko og kjenner steget, forma, farten bli betre, heilt til du hamnar i ei myr, og skitnar til dei nye skorne. Du, eller ho eller han du bur saman med, står for tur når det skal kjøpast nye langrennsski. Sjølv om dei nye skia er heilt identiske under, og slipen er lagt i den same maskina, er det ei utruleg ny og god kjensle å prøve nyskia. –Ja, desse skia kjøpte eg jo den same hausten som eg gjorde det-og-det, kan me seie. Me har noko å knyte tida til, og for nokre av oss representerer nye ski eit slags enkelt tidsskilje.

Thomas Mann kommenterer dette i romanen Trolldomsfjellet frå 1924. Når mange etterfylgjande dagar og veker er like, skrumpar store tidsrom saman på ein måte som set skrekk i hjarta på ein, skriv han. Og når ein dag er som alle andre, så er alle dagar som ein; og ved fullkomen monotoni ville sjølv det lengste livet opplevast som ganske kort og borte før ein visste ordet av det. Slik talar ein ekte filosof, og eg merkar at eg er samd. Greier eg å skilje tydeleg mellom åra som student på Blindern, eller heng dei saman som ein einaste graut?

Det einaste middelet til å bremsa livet, så å seie, altså friske opp og forynge sjølve tidsopplevinga, er ved å leggje inn nye opplevingar og kanskje andre vanar. Skape tidsskilje. Gjerne ved å skaffe seg noko nytt som ein gler seg over. Det er difor me reiser, skriv Thomas Mann, og det er difor me skiftar opphaldsstad, fer på sommarferie, søkjer luftforandring. Åra me har attom oss skil me frå kvarandre ved å tenkje på kor gamle borna var, kvar me reiste på ferie og - for min del - kven eg var på konsertar med det-og-det året.

Temaet er relevant. 2008 vart året då familien tok med seg Bruce Springsteen-konsert på Valle Hovin, tjue år etter Tunnel of Love-konserten med gjengen frå Vossebygda (27.07.88). Og dei som i går kveld tok med seg ekstrakonserten i Oslo, fekk beint oppleve den legendariske Bobby Jean-låten frå Born in the USA-plata (1984).


Utvilsamt eit tidsskilje for nokre, og saxofonsoloen til Big Man på slutten der tok ratt pusten frå meg der er stod med 8-åringen på skuldrane. Og Bruce sine avsluttande liner om tapt kjærleik kan knapt gjevast att på ein rettvis måte, for dette er lyrikk av venaste sort; ... Maybe you'll be out there on that road somewhere, in some bus or train, travelling along, in some motel room there'll be a radio playing, and you'll hear me sing this song, well if you do, you'll know I'm thinking of you, and all the miles in between, and I'm just calling you one last time, not to change your mind, darlin', but just to say that I miss you baby, good luck, goodbye, my Bobby Jean...

I lenkja her er han frå den gongen då...:
http://www.youtube.com/watch?v=-pTukieURjQ

Bilete: Bruce Springsteen, Clarence 'Big Man' Clemonce (sax) og Max Weinberg (trommer) på Valle Hovin 08.07.2008.

torsdag 8. mai 2008

No livnar det i lundar

Elias Blix (1836-1902) var både teolog, politikar og salmediktar. Han var fødd i Gildeskål i Nordland, og fullførde teologisk embetseksamen i Oslo i 1866. Seinare vart han professor i hebraisk, sjå der!, og kyrkjestatsråd og ein ettertrakta samfunnstopp i siste delen av det 19. hundreåret.

Elias var konservativ innan teologien, greitt nok, men radikal i sine politiske standpunkt. Og særleg radikal var han når det gjaldt målsaka! Mest kjend er han truleg i dag som salmediktar. Og når fylkestinget samlast i desember skal eg jamen leggje ut ’Gud signe vårt dyre fedreland’, som altså òg vert kalla 'Fedrelandssalmen', sjølv om nokon meiner han har i seg for nasjonalistiske drag. Rett nok vart han målrørsla og motkulturane sin nasjonalsong etter 1905, men jamen ville han vere eit godt alternativ til 'Ja, vi elsker' òg. For det er den nest vakraste salmen frå Blix, tykkjer eg. Nest etter 'No livnar det i lundar':

No livnar det i lundar,
no lauvast det i li,
den heile skapning stundar
no fram til sumars tid.

Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.

Du vår med ljose dagar,

med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar
ein betre vår ein gong.

Då me med vigsla tunge,
med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunge
skal lova Herren vår.

Han/ho som no ikkje tenkjer på 17.mai-førebuingane i åra i grunnskulen, han/ho må stå!

onsdag 23. april 2008

Den vakre dialogen

14-åringen kjem heim og vil gjerne ha foreldra med på å sjå James Bond-film. Casino Royale kom i 2006 og er den 21. offisielle Bond-filmen. Sjølv såg eg filmen med 4-5 trivelege Leikangerkarar på Sogndal kino då han kom, og truleg har eg sett alle dei andre òg. Filmen syner Bond sitt fyrste oppdrag, men er presist tilpassa dagens teknologi, reisetempo og alt du trur. Mange flotte destinasjonar verda over vert avlagt vitjing under jakta på ein riking som medverkar til å finansiere terror. På kort tid er me innom Praha, Lahore i Pakistan, Mbale i Uganda, Madagaskar, London, Bahamas, Miami og Venezia. Klart me vil sjå han!

Etter å ha sabotert eit bombeangrep, fer Bond (Daniel Craig) til Montenegro for å freiste å slå Le Chiffre, som fienden heiter (danske Mads Mikkelsen), konkurs under ei vitjing på casinoet. LeChiffre må til slutt sjå seg slegen i eit realt pokerslag med 140 mill. pund i potten. Under oppdraget får James hjelp av MI6-agenten Vesper Lynd (Eva Green). Ho fangar så til dei grader merksemda hans. Og eh, vår. Iallfall den gongen på kinoen i Kulturhuset i Sogndal. Når pokersigeren er vel i hamn, er det tid for middag med sylskarpe og samstundes mjuke og lett sjenerte Lynd.

Det er her me går inn. James får drinken sin, og uttrykkjer nøgd at han er nærast perfekt miksa. Shaken, not stirred, må vite. –You know, I think I’ll call that ’a Vesper’, glepp det or han. –Because of the bitter aftertaste? Vesper spør og verkar usikker i høve korleis ho skal tolke slikt eit kompliment frå James. –No, kjem det kontant, because once you’ve tasted it, that’s all you want to drink. Ho ler kledeleg forlegen og er tydeleg smigra. Han innser at det er best å la det heile vere ein humoristisk kommentar, dog med eit underliggjande og alvorsamt snev. –I thought that was quite a good line, prøver han seg. –It was a very good line! Ho ynskjer no vel at det heile ikkje berre er tull og tøys, sjølvsagt gjer ho inst inne det. –But you’re laughing at it, kjem det herleg anklagande frå James. –Not so much of it as of you, seier ho medan blikka møtest. Stemninga balanserer finfint, og me kosar oss i sofaen. 14-åringen litt flau.

Nokre dagar seinare, etter at James har vore fanga og tøft handsama hjå Le Chiffre, treffest James og Vesper att på eit sjukehus i ekstremt vakre omgjevnadar i Montenegro. James har nokre dagar attom seg i koma. Men kviknar fort til, må vite. Dei snakkar saman med mjuke røyster, og Vesper har tydeleg vore der nokre dagar og venta på at James skulle vakne. –I cannot resist waking you. Ho er letta, men strir med klump i halsen over endeleg å kunne utveksle ord med han – og ikkje berre kviskre til han. Ho held fram: –And everytime I do, you look at me as if you haven’t seen me in years. In a way that makes me feel reborn.

Rekneskapsføraren Mr. Mendel kjem til dei på benken i den vene parken for at James skal stadfeste overføringa av sine nyvunne 140 millionar pund til den britiske regjeringa. Miss Lynd vert overrumpla over at passordet James nyttar nettopp er V-E-S-P-E-R. Og medan ho strir med overveldande kjensler, brest det ei ny demning: -I just want you to know, that if all that was left of you was your smile and your little finger, you’d still be more of a man than anyone I’ve ever met. James let seg vippe av pinnen ein augneblink, og denne gongen er det hans tur til å tøyse det heile bort. Vesper skjønar, og seier resignert: –Hm, you’re not going to let me in there, are you… Det er ikkje naturleg å ha spørjeteikn på slutten av replikken hennar, merkar eg. Andletet uttrykkjer at ho angrar på sin uttalte lidenskap. –You’ve got your armour back on, and that’s that, sler ho fast. Då skjer det. James lenar seg fram, og har tydeleg teke ei avgjerd. –I have no armour left, 'cause you’ve stripped it from me. Det kjem som ein punch i mellomgolvet. –Whatever is left of me, whatever I am, I’m yours. Litt ulikt helten dette, jamen.

James restituerer seg nokre dagar til, og scena ovanfor heng liksom litt i lufta. Vesper pleiar han, og her er eit friminutt i filmen eg sjeldan har sett i ein Bond-film. Vesper har tydeleg dårleg samvit for eitt eller anna, og då James uttrykkjer overrasking over at kompisen Mathis faktisk har samarbeidd med Le Chiffre, spør ho ottefullt om James trur alle i røynda har noko å skjule. –Yes. Everyone. Everyone except you, kjem det kontant. –I wonder if that’s why I love you? Spør han. –You love me? Ho kjenner at dette har ho slett ikkje venta nett no. –Enough to quit and float round the world with you until one of us has to find an honest job. –But you’re serious. Ho kan knapt tru det.

–Like you said, when you do what I do for too long, there won’t be any soul left to salvage. I’m leaving (this job) with what little I have left. Is that enough for you? Vilkårslaus og vakker dialog, må vite. Og verd ein bloggpost, gitt.

tysdag 8. april 2008

Skeiserenn

Med fare for å vere i overkant dilettantisk, vil eg slå eit slag for eigenart, særpreg og individuelle kvalitetar. Du veit, det om å vere jamn, blid og NØGD med den ein er? Ok, så er ikkje desse tankane noko som har kome av seg sjølv – her og no. Nei, nok ein gong får eg skulde på gode Olav H. H. Diktet ’Skeiserenn’ er truleg kvintessensen av det som er sagt over. Det går an å leve enkelt og godt i sitt eige tempo, ja, kanskje er det nett det som gjev størst meining? Eller er det nettopp gleda over å vinne som er den største av alle kjensler? Hmm, eg er faktisk ikkje heilt sikker. Ein må iallfall ikkje verte så nøgd at ein ikkje lenger er nyfiken, kunnskapssvolten og kamplysten. Det siste trengst innimellom, det òg, eg veit så vel. Hermed meddelt:

Du startar i lag med storskridaren.
Du veit du ikkje kan fylgja han,
men du legg i veg
og brukar all di kraft
og held lag ei stund.
Men han glid ifrå deg -

glid ifrå deg, glid ifrå deg -

Snart er han heile runden fyre.

Det kjennest litt skamfullt med det same.
Til det kjem ei merkeleg ro yver deg,
kan ikkje storskridaren fara!
Og du fell inn i di eigi takt
og kappestrid med deg sjølv.
Meir kan ingen gjera.

Olav H. Hauge sitt vene dikt ’Skeiserenn’ finst i samlinga ’Dropar i austavind’ frå 1966.