Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)
Viser innlegg med etiketten Demokrati. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Demokrati. Vis alle innlegg

torsdag 29. september 2011

Miljøorganisasjonane sin plass i energidebatten

Klimautfordringane har dei siste to tiåra skapt ei politisk forståing for at det er naudsynt å gå bort frå fossil energi og i større grad produsere og bruke energi og kraft basert på fornybare energikjelder. I Europa gjennomfører både EU og nasjonalstatar omfattande politiske tiltak for å fremje produksjon av fornybar kraft. I USA og i store vekstøkonomiar som Brasil og Kina vert det for tida investert eventyrlege summar for å utvikle ny fornybar energiproduksjon. Noreg har dei siste tjue åra vore eit annleisland i forhold til våre europeiske grannar: Kraftproduksjonen har stagnert, og i motsetnad til andre nordiske land har vi heller ikkje satsa stort på biobrenselbasert fjernvarme eller vindkraft.
..........Olje– og energiminister Ola Borten Moe har denne sommaren freista å ta eit oppgjer med dei som står på barrikadane for å hindre utbygging av leidningsnettet, etablering av småkraftverk og utvikling av vindparkar. Han er offensiv på vegne av den norske kraftbransjen, og han har utvilsamt ambisjonar om å føre Noreg vidare som ein energieksportør verda kan rekne med. Også fossil energi vil vere ein viktig del av energimiksen, hevdar han, men dette skal ikkje stå i vegen for ei storstilt satsing på fornybar energi.
 
..........Frå utsida har det i noka grad sett ut som Borten Moe har skore heile miljørørsla over ein kam. Etter at klimatrusselen for alvor kom på den politiske dagsorden, har vi nemleg vore vitne til ei splitting mellom tradisjonelle naturvernarar og dei som har retta sitt hovudengasjement mot globale klima– og miljøutfordringar. Statsråden sitt oppgjer med miljørørsla har utvilsamt medverka til at vi har fått fram dette nyanserte biletet. Debatten har synleggjort kvar ulike fløyer i miljørørsla står. Det er bra.
..........I etterpåklokskapens teikn burde olje– og energiminister Ola Borten Moe truleg vore meir presis og retta sitt hovudskyts mot til dømes Naturvernforbundet og deira meiningsfeller. Organisasjonen er svært restriktiv i sitt syn på utbygging av fornybar energi, og ynskjer korkje utbygginga av vindkraft eller meir vasskraft særleg velkomen. Det var difor uheldig då statsråden adresserte sin bodskap så upresist at den ramma miljøorganisasjonar som Bellona og Zero like hardt. Og sjeldan har vi sett Bellona-leiar Frederic Hauge så rasande som då han tok føre seg energiministeren etter utspelet om at miljørørsla ikkje har monopol på verkelegheitsoppfatninga i energipolitikken. –Vi har ikkje meir å prate om før du ber om orsaking for å ha spreidd løgner, dirra Hauge. Både Bellona og Zero ønskjer m.a. meir vindkraft, og har ved ei rekkje høve gjort det klart at vi treng større nettkapasitet for å realisere meir fornybar energi i Noreg. Orsakinga kjem ikkje med det fyrste, om vi tolkar svara frå Borten Moe rett.
..........Eg trur ikkje den norske energi– og miljødebatten står seg på ein slik stillingskrig. Stein Arne Bakken i energibransjen sitt eige fagblad Energiteknikk (6/2011) har truleg rett når han hevdar at det for energibransjen er særs viktig å ha miljøorganisasjonar som Bellona og Zero med i debatten når det skal takast eit krafttak for å produsere meir miljøvenleg energi her til lands.
..........I tida framover vil energidebatten fort stå mellom dei som meiner at Noreg ikkje skal ha ambisjonar utover det å vere sjølvforsynte med kraft, og dei som hevdar vi må nytte energiressursane våre for å medverke til å løyse globale klima– og miljøutfordringar. Enkelte i den siste gruppa vil hevde at det i tillegg opnar for interessante økonomiske mulegheiter å t.d. nytte norske energifortrinn for å hjelpe EU-landa til å oppfylle sine fornybarmål. Vindparkar, vasskraft, eit utbygd nasjonalt linjenett og utanlandskablar for europaeksport betyr industriutvikling, arbeidsplassar og inntekter.
..........Energidebatten representerer slik sett eitt av dei mest sentrale samfunnsspørsmåla Noreg kan setje på dagsorden no – ikkje minst fordi det er så mange andre omsyn som vil påverke dei energipolitiske prioriteringane våre i åra som kjem. Klima-, energi-, og næringspolitikk grip inn i kvarandre slik at tiltak på eitt av områda snøgt får konsekvensar på dei andre. Norsk Industri har difor eit poeng når dei seier desse politikkområda må sjåast i samanheng. Men; eg trur vi må passe oss for å la næringspolitiske interesser åleine styre dei energipolitiske beslutningsprosessane. Og nettopp dette er hovudårsaka til at stillingskrigen mellom olje– og energiminister og Bellona-leiaren må opphalde. Utan ein kritisk heilskapsdebatt om Noreg si framtid som energiproduserande nasjon, der heile spekteret av miljøorganisasjonar deltek, vert energidebatten fort redusert til ei klassisk vekst-mot-vern-konflikt. Ein smidig overgang til eit samfunn som baserer seg på ny fornybar energi og meir energieffektive og berekraftige løysingar spring ikkje ut frå ein slik debatt.


Kronikken er publisert på nettstaden forskning.no 29. september 2011. Du finn han her.

onsdag 9. september 2009

Valkampen - ein kommentar

Sist fredag var eg i Bergen. I bilen nedover E16, etter overnatting på Voss, lyttande til morgonsendinga frå NRK Hordaland, slo det meg at eg måtte leggje ein strategi for dagen. Eg veit nemleg at eg har ein lei tendens til å stogge litt for lenge, litt for høfleg og interessert, for å prate med politikarar på veljarsanking siste vekene før valet. Og no er dette feil bruk av tida, for eg har jo bestemt meg, har eg ikkje? Nyhenda på lokalradioen vitna om ein intensiv valkamp i Bergen, så... Etter møtet med gode samarbeidspartar på universitetet, var det tid for rusle- og handlerunde. Veret var lyst og fint, og det var rett og slett ein herleg fredagsstemning i byn. Strategien var klar. Nyfiken på å gå ein runde rundt valkampteltet midt på Torgallmenningen, ja visst, men ikkje klar for å stogge. Ikkje lenge, i alle fall.
..........Politikarar i valkampmodus ynskjer helst å prate om saker som mobiliserer mange veljarar og om tema dei har gode kunnskapar om. Dei mest drivne politikarane opnar gjerne med å spørje kvar ein bur, kva yrke ein har og slikt, slik at dei kan gå laus på den delen av partiprogrammet dei trur interesserer oss. Nokre legg jamvel til grunn eigne målingar som syner kva veljarane generelt er mest opptekne av, og legg inn støyten der. -Så, kva saker avgjer valet ditt i år, tru? Senterpartiet sin ambassadør på Torgallmenningen spør. -Tja, eg legg i grunnen vekt på heilskap og politisk ideologi, og så er eg jo oppteken av kva for parti som har vyer på vegne av både bygd og by, inviterer eg. Eg vert raskt forsikra om at den raudgrøne regjeringa vil halde fram med å bygge samfunnet nede frå. Dei vil ha levande distrikt og bygder og trygge lokalsamfunn prega av samhald, samvirke og jamstilling mellom ulike grupper. Og så vil dei ha ei betre samferdsle akkurat der eg bur; vegar og kollektivtilbod. -Me har jo Liv Signe, veit du! Eg veit.
..........Etter å ha gjort greie for kva eg jobbar med, får eg frå Venstre vite at kunnskapsutvikling på energiområdet er heilt avgjerande. -Kloden skal forvaltast for etterkomarane våre, langsiktige omsyn til naturgrunnlag og miljø må difor vere overordna andre og meir kortsiktige omsyn. -Utviklinga skal vere berekraftig slik at me dekkar dagens behov utan å øydeleggje framtidige generasjonar sine moglegheiter til å få sine behov dekte, kjem det like etter frå Ap sin mann på standen. -Jens er ekstreeemt oppteken av dette!
..........Eg let det liksom stå til då eg mottek faldaren frå SV: -No, korleis løyser regjeringa spørsmålet om europatilknytinga, då, med Jens, Kristin og Liv Signe grunnleggjande usamde? -Varig fred mellom folkeslag og nasjonar byggjer på gjensidig respekt og toleranse, får eg vite, -og vår nasjonale sjølvråderett er eit godt grunnlag for aktivt internasjonalt engasjement, held dama fram. Ei vidare utbygging av det internasjonale samarbeidet må tuftast på sosial utjamning og respekt for kvar einskild nasjon sin kultur og eigenart. Ho forsikrar at dei tre partia går til val på at Noreg ikkje skal sende EU-søknad den komande fireårsbolken.
..........Ein halvtimes valkamp i byn var kjekt å ta med seg, men påfylgjande kafébesøk med kjendsfolk var kjekkare. Lang biltur heim venta, med passasjersetet fullt av cd-plater. -Norske politikarar er i høg grad mediestyrte, uttalte Tore Slaatta, professor i medievitskap ved Universitetet i Oslo til avisa Ny tid (28.08.09). Han viste til at det er stor grad av konsensus i norsk politikk, og at det difor er vanskeleg for partia å trekkje opp dei store debattane med tydelege skiljeliner. I valkampen 'innfrir' partia valløfte på løpande band: Grøne sertifikat, varm skulemat, gul midtstripe på riksvegane. Alle får… I tillegg let nokon seg truleg påverke av lågmålstema som ikkje høyrer heime i politikken: Då Erna sin utsjånad vart eit tema i den offentlege debatten, nådde galskapen eit nytt høgdepunkt. Ikkje bra.
..........Eg meiner i alle høve det er ein føremon om folk flest bestemmer seg ved å fylgje den politiske debatten over tid - og ikkje (berre) let seg overtyde av veltalande og rundkanta partiambassadørar på Torgallmenningen ein vakker fredagsettermiddag. Valkamp er likevel spanande, og ikkje minst tv-sendingane valnatta er noko eg alltid ser fram til - sjølv om eg merkar at det røyner litt på no. Og korleis vert forresten valnatta dersom Framstegspartiet ikkje snublar i innspurten? Og Sogn og Fjordane vert eit endå større Frp-fylke? Om ikkje anna, så får eg nytte alle høve til å oppmode om Frp-boikott, slær det meg. For eg trur ikkje at store skattekutt fører til betre velferdsordningar, sentralisering til større effektivitet og rettferd eller privatisering til større og meir reell valfridom for innbyggjarar flest. Eg skrur opp lyden då eg passerer Voss att, og syng med på Odd Nordstoga sin fine pilegrimsong:

Dette er ein gamal veg
der fut og fant fór fram ein gong:
no ber vegen mine steg
og røysta mi ber fram ein song.

søndag 7. juni 2009

– Er du for eller mot?

Sognekraft As planlegg kraftutbygging med utgangspunkt i vassressursar frå Henjaelvi og Grindselvi: Leikanger kraftverk. I bygda er engasjementet rundt ei felles sak attende. Det er ikkje så lenge sidan sist bygda var delt i for og mot. Og det er i grunnen moro medan det står på. Diskusjonane går. Grannen stoggar meg midtvegs i plenslåtten for å argumentere, fotballgutar meiner sterkt i Syrilbussen heim frå bortekamp og stemninga under grillfesten på verandaen står i fare for å bli øydelagd ein sein nattetime. Eg sluttar ikkje å bli overraska over kor mange som set seg skikkeleg inn i sakene.
..........Sist handla det om plassering av idrettshallen. Foreldre gav seg i kast med opprop i Sogn Avis (sjølv knota eg ned eitt av dei!) for å få hallen plassert ved idrettsbana og barneskulen - og ikkje mellom bankbygg og fylkeshus. Alle kanalar vart nytta for å påverke kommunestyret. I går opna Saften, eller Leikangerhallen som han offisielt heiter. Mellom bankbygg og fylkeshus. Med butikkar, avisredaksjon og flotte trenings- og kulturhusfasilitetar. Sentrum er vitalisert med nybygget, Café Herman og nye utandørs møtestader. I vinter trur eg nærast alle som var på dugnad i hallen opphavleg var motstandarar av han. Bygda står samla - ingen sure miner. Men så har altså kraftutbyggingsplanane kome valsande som ei stor, støyande og skiten anleggsmaskin inn i bygdeidyllen...
..........Etter friidrettskarusellen på idrettsbana førre kvelden byrja foreldre og tilskodarar å diskutere. -Men er du for eller mot? Før debatten var i gang kom spørsmålet. Det er sunt å bli pressa til å ta stilling, men meir interessant er det sjølvsagt når folk fortel kvifor dei meiner som dei gjer. -Landskap og friluftslivopplevingar heng saman. Dette er gjerne den mest sentrale utfordringa ved den planlagde vasskraftutbygginga, opna eg. -Ei anna er det biologiske mangfaldet, la ein granne til.
..........Leikanger er ein liten kommune med tett busetnad. Mange er flittige brukarar av tilstøytande utmark til fritidsføremål. Båe elvane renn gjennom populære friluftsområde. Henjaelvi ligg særleg strategisk til like ved bustadområde, barneskulen og det daglege trenings- og friluftslivet. Områda vidare innover fjellandskapet er lokalt og regionalt viktige som friluftsområde. Eit seterområde har status som eitt av seks nasjonalt verdfulle kulturlandskap i Sogn og Fjordane. Nytte skal setjast opp mot kostnad, og ein skal jamen vite kva ein gjer dersom ein vel å endre noko av dette.
..........Om utbygginga var planlagt i eit liknande friluftsområde på Voss, veit eg at det ville vere lettare å vere for. -Herregud, kommunen treng inntektene, kvar ei krone, ville eg kanskje seie. Og med det faderlege opphavet strategisk plassert i energibransjen gjennom 40 år og i kraftpartiet framfor nokon, Ap, like lenge, ville ingen heve augnebrynene over standpunktet.
..........Så, kva skil Leikanger frå Voss? Voss er ein stor kommune med utallige trenings- og friluftsområde som er fullt på høgde med Henjadalen. Enkelt framstilt kan eg fort ramse opp 99 sentrumsnære treningsruter som eg vil behalde der. Så kunne Statkraft, BKK eller Voss Energi fått greie ut nr. hundre til utbyggingsføremål. Leikanger har ein treningstrasé med eit underlag og eit stigningsforhold som gjer han aktuell for ALLE. Ein tilfeldig onsdagskveld i Henjadalen mellom april og oktober, uansett ver, treffest syklistar, joggarar med iPod på øyret, prategjengar på tur, barnevogner og syklar med støttehjul, pensjonistar med sekk og stokk, meir eller mindre ambisiøse birkebeinarar, unge og eldre med fiskestong og kven som helst med hund i band.
..........Vil me behalde dette fantastiske velferdstilbodet dersom Sognekraft byggjer ut? Vassføringa nedanfor vassinntaka i elva blir redusert med 90%, les me i ei kommunal saksutgreiing. Henjaelvi har fleire parti med grov steinmasse som gjer at elva då vil sjå heilt turrlagt ut. -Godt å sleppe elvasusen, mann, kjem det frå nedre delen av tribuna. Men i Henjadalen vil ei slik utbygging krevje i overkant av 4 km heilt ny veg i tillegg til ei omfattande opprusting og dels omlegging av eksisterande veg inn til Flya. Nokon talar jamvel om oljegrus eller asfalt. Det er planlagt å ta ut 130000 m³ massar ved kraftstasjonen. Fleire store massedeponi vil ruve, det skal byggjast fleire damanlegg og kraftliner skal strekkjast. Korleis vil dette i røynda sjå ut til slutt?
..........Eg er for utvikling på bygda, og eg tykkjer det høyrest interessant ut med hyttefelt og skiheisar og afterski og nye sosiale relasjonar utvikla ein stad i dei unike og vakre sidedalane i Leikanger. Slike planar kan gje nye lyft i eit kvart bygdesamfunn, og må ikkje avvisast utan vidare. Men når eit kulturlandskap truleg vert dramatisk endra og fullgode alternative trenings- og friluftsmoglegheiter absolutt ikkje finst i heile kommunen, er det umogleg å vere for kraftutbygginga slik ho no er førespegla. Særs usikre inntektsutsikter og mildt sagt uavklara tilhøve rundt framtidig drikkevassforsyning for bygda styrkar standpunktet. Det er mange gode grunnar til å bu og leve i landets nest beste kommune. Har me råd til å setje ein av dei viktigaste på spel?

tysdag 19. mai 2009

Foreldrevit

Noregs Fotballforbund skriv på sine nettsider at dei reknar med om lag annakvar husstand på eitt eller anna vis har eit aktivt forhold til fotballen. Dette skuldast i stor grad born og unge si deltaking i ulike fotballaktivitetar. Foreldre og besteforeldre deltek i samband med treningar, reiser og kampar. Mange går gjennom periodar som trenarar, lagleiarar, tillitsvalde i idrettslag eller har andre funksjonar i samband med fotballen. Friviljug innsats utgjer sjølve fundamentet som norsk fotball byggjer på, og det synest som det går greitt å rekruttere friviljuge inn i alle dei naudsynte posisjonane der ein treng folk.
..........Som føresette og foreldre kan me medverke til å gjere barne- og ungdomsfotballen til ei kjekk oppleving for alle som er med. Miniputturneringane er godt i gang for året og dei aldersbestemte fotballseriane har vore i gang sidan slutten av april. Like mykje for min eigen del som for andre, vil eg minne om NFF sine hugsereglar – ja, kall dei gjerne foreldrevitreglar:

1. Møt opp til kamp og gjerne på treningar – borna ynskjer at me er med
2. Gje oppmuntring til alle spelarane under kampen – ikkje berre dei du kjenner best
3. Oppmuntring høyrer med både i medgang og motgang – unngå kritikk frå sidelina
4. Respekter lagleiar si disponering av spelarar – ikkje prøv å påverke han/ho under kampen
5. Sjå på domaren som ein rettleiar – respekter avgjerslene!
6. Stimuler og oppmuntre borna til å vere med – ikkje press dei
7. Spør om kampen var morosam og spanande – ikkje berre fokuser på resultatet
8. Syt for riktig og fornuftig utstyr – ikkje overdriv
9. Vis respekt for arbeidet klubben gjer – delta på foreldremøte for å avklare haldningar og ambisjonar
10. Tenk på at det er borna som spelar fotball – ikkje du
11. Vis respekt for andre – ikkje røyk på sidelina
12. Hugs at borna gjer som du gjer – ikkje som du seier

Det er fort å bli riven med på sidelina, og det kan vere ei utfordring å bli minna på nokre av desse reglane under kveldsmaten etter ein tett og beinhard miniputtkamp på 2x12minuttar mellom Syril IL og Sogndal i klasse G99. Og på seg sjølv kjenner ein gjerne andre!

måndag 16. februar 2009

Om å høyre til

Eg trur det er rett at motstridande interesser mellom bygder og grender, kampen for å få sin rettkomne del av kommunekaka (minst!), forklarer mange bygdestridar. Bygdestriden botnar ikkje i (fråvere av ein felles) identitet, men i interessemotsetnader, skriv Jostedalsrypa (11.02.09) i eit blogginnlegg til identitetsdebatten i Luster i Sogn and Fjordane. Fenomenet bygdestrid er det langt fleire meiningar og erfaringar med enn forskingsbasert kunnskap om. Men kan det tenkjast at me somme stader i dag har bygdemotsetnader som heilt enkelt botnar i tradisjonar? Altså noko anna enn dei intense stridane som handlar om nedlegging av skular og lokalisering av kommunen sine nye eldrebustader? Noko meir enn dei stridane som ofte har høgsesong seinhaustes - sidan hausten er budsjettid og budsjettprioriteringar er politikk? Og vil verkeleg ei felles identitetsbygging, med fleire felles lag og organisasjonar i den store kommunen, kome slike tradisjonsbundne bygdestridar til livs?

I bloggposten Sundagsfrukost (30.11.08) slutta eg meg langt på veg til Georg Arnestad sin analysedel i kronikken Ja til fleire bygdekranglar (BT, 23.11.08). For truleg stemmer det at kommunereforma i 1964 må bere mykje av skulda for dagens bygdestridar. Fleire stader på Vestlandet vart dei gamle kommunegrensene nærast forsterka. Kva skulle no vere sentrum og periferi i kommunen? Kva skulle liggje i den indre eller ytre delen, i dei lange dalane eller ved fjorden, på aust- eller vestsida? Generelle rammer også for moderne bygdestrid. Kan hende er ikkje bygdestridar berre eit vonde. Dei som botnar i realpolitisk usemje kan truleg føre med seg ein sunn politisk debatt og mang ein kime til by- og bygdeutviklingsinitiativ lokalt. Men det var etter den erkjenninga eg og Arnestad skilde lag; for mange stader er bygdestrid aller mest eit vonde. Særleg der han kan synast å byggje på tradisjonar og eldgamal uvenskap. –Nei, eg handlar heller i Bergen enn nedi i kommunesenteret, veit du no kva, for DEI skal faan ikkje få ei krone frå meg…

Kva vil eigenleg Simonsen-komitèen (Sogn Avis, 10.02.09) til livs når dei gjer framlegg om at bygde- og grendefokuset i Luster skal tonast ned til fordel for den samlande lustraidentiteten? Bygdestrid som går i arv frå generasjon til generasjon, trass i innflytting og utflytting, høgare utdanning, glokaliserte bygder og eit meir moderne næringsliv? Djuptpløyande bygdemotsetnader som mest av alt botnar i tradisjon og vanetenking? Viss det er slikt dei tenkjer på, tykkjer eg framlegget bør få status som eit sunt debattutgangspunkt. Talar me derimot om interessemotsetnader der talskvinner og -menn med ulike ståstader byggjer opp forståelege og rasjonelle politiske argument (som fleirparten av oss fort ville vere samde i dersom me budde der) for å tale si bygd si sak, så er framlegget straks verre å skjøne. For kampen for å få sin rettkomne del av kommunepotten må vere der i eit levande lokaldemokrati – også i Luster. Politikk er nettopp ein sentral aktivitet innanfor eit sosialt system (statar, kommunar eller andre organisasjonar) som inneber at mål vert sette, prioriteringar ordna, verdiar fordelte og verkemiddel valde. I sitt vesen vil politikk generere motsetnader. Utan strid om mål, verdiar, knappe gode og verkemiddel vil politisk verksemd vere overflødig. Men; utan samarbeid, i alle fall om normer, prosedyrar og demokratiske spelereglar, vil politiske prosessar bryte saman.

Det står strid om den norske bygda, korleis ho skal bli oppfatta og korleis ho skal utvikle seg. Kampen om bygdene si sjel spelar seg ut på ei rekkje felt; i politikken, kulturlivet og i media. I boka Den nye bygda (2008) presenterer Reidar Almås m.fl. dei mest sentrale utfordringane som dei norske bygdesamfunna står framføre. Bidraga ser nærare på endringar i næringslivet og bygda sett frå ulike livsstil- og identitetsperspektiv. Ein oppdatert situasjonsrapport frå den nye norske bygda, empirisk så vel som teoretisk. Det er klart kommuneidentiteten toler at bygde- og grendeidentitetane er sterke! Men på eit (overordna?) nivå trur eg ei sams kjensle av fellesskap, samhald og lojalitet, ja kall no gjerne det òg identitet, til kommunen styrkjer merkjevara Luster. –Det me ikkje finn på bui i Skjolden, kjøper me så klart i Gaupne! Ulikskapar utfyller ofte kvarandre, og bygder med ulike kvalitetar vil til saman kunne dekke ei breidde av behov. Slik ville eg tenkt om eg var Lustrapolitikar. Trur eg.

tysdag 6. januar 2009

Finalemotstandarane

Fredag 1. august 2008, kl. 14.55:
Etter snart ei veke på verdas største fotballturnering, er det klart for det ingen heilt har tord tru på: finalespel på hovudarenaen på Ekebergsletta. Trenarar og støtteapparat har vore stadig meir strenge på rutinar utanfor bana etter kvart som laget har teke seg vidare frå gruppespel, via meir jamne 16.dels- og 8.delsfinalar, til kvart- og semifinale i A-sluttspelet. Rikeleg med svevn, (litt) mindre snop og cola på kveldane og stadig hyppigare strategimøte. Utsende ’spionar’ har vore tilstades på kampane til potensielle motstandardar. Brått har trenarane vore på NRK Sogn og Fjordane og kommentert siste kamp og stemninga i leiren. For tredje dagen på rad. –Skikkeleg tøft vart det i kvarten, der laga stod likt etter full tid og ekstraomgangar. No altså finale mot det beste laget me har sett så langt i turneringa; Paces Palestine.

Fredag 1. august 2008, kl. 21.47:
Finalen vert oppsummert på Tv2-sporten. Kommentatoren høyrest ut som han kommenterer Champions League: –Sympatiske palestinarar teknisk gode, medan det norske laget kontrar lynfort og scorar fyrst: 1-0 til pause. –Over i andre omgang: Paces Palestine legg hardt press på Syril G94, og palestinarane kjem til fleire gode dødballsituasjonar. –Men Syril forsvarer seg godt, med mange kjappe taklingar og god innsats. –Berre ei lang tå frå ein gulkledd forsvarsspelar hindrar tekniske Abdelrahman Rashid A. Herzallah frå å utlikne. Ein særs dramatisk og spanande finale...

Sundag 4. januar 2009, kl. 21.12:
Gutelagsspelarar samla i stova etter halvannan times treningsøkt i Sognahallen. Tv2-nyhenda melder frå krigshandlingane i Gaza. Scenane som utspelar seg gjer at mor i huset kommanderer eldstesonen til å trykke på tekst-tv. –Då slepp me sjå nokre av dei aller blodigaste innslaga, gutar. Likevel er lyden på, og me høyrer om to sysken som ikkje fekk lov å gå ut i føremiddag. Dei måtte nøye seg med å leike på verandaen i staden. Aj, så rundar Erik Fosse og Mads Gilbert av innslaget med å fortelje at også verandaen vart treft av ei granat den dagen.

Hm, lurer jamen på korleis dei har det, desse finalemotstandarane våre...
–Ja, snakka mest med han kapteinen, eg, Rashid.
–Me har snakka om å ta kontakt med dei no. Senda ei helsing eller eitt eller anna.
–Eg er hinadeg redd for å ta kontakt, for eg veit neimen ikkje korleis eg taklar å høyre korleis dei har det no. Om dei sender noko tilbake, meiner eg.
–Men dei var jo slik ein kjekk gjeng, og me var jo samde om å treffast att på Norway Cup i år...
–Tøft med sambatrommer og alt levenet dei laga på tribuna, mann!

–Og fair play-haldningane som både spelarane, lagleiarane og tilreisande foreldre synte denne dagen. Dei gjorde jo dagen stor for oss.
FRAMHALD FYLGJER...

onsdag 5. november 2008

Forandring frydar

Barack Hussein Obama tiltrer 20. januar 2009 som USA sin 44. president. Han har ambisjonar om å endre, seier han, både USA og verda. Me ynskjer, som alle andre eg har diskutert valet med i dag, endringa velkomen til The White House i Washington. Obama har lova skattelette for unge og familiar i etableringsfasen, ein slutt på krigen i Irak og monalege investeringar i fornybar energi. Bra! I tillegg lovar han langt lågare prisar på helsetenester.

16. januar 2007 tok Obama det fyrste steget mot å erklære sitt presidentkandidatur. Då sette han nemleg i sving ein komitè som skulle undersøkje moglegheitene for å nå fram som demokratane sin kandidat. Frå 10. februar i år vart det eit meir eller mindre realt kappløp mot Hillary Clinton om kandidaturet. Etter ein konfliktfyld nominasjonsprosess mellom kvinne og svart vart han 27. august, etter framlegg frå Hillary, vald til å vere demokratane sin kandidat til vervet. Og så vann han heile greia i dag med absolutt fleirtal! Me gratulerer sjølvsagt med den historiske sigeren og ynskjer tvi-tvi med jobben.

Hm, det slær meg at endring jo kan vere så mangt. Frå dei store orda og særs velformulerte, ja utruleg presise talane frå Barack Obama og komande visepresident Joseph Biden, tek me like godt steget heilt ned til kvardagen i Sogn. For endringar skjer jo her òg!

Det var nesten så det var eit snev av vemod då eg tidlegare denne veka kom over ein trufast birkebeinar som monterte ny trepostkasse på det store tøygetreet ved før nemnde Fivelshòla i Henjadalen. Tenkte liksom ikkje over det der og då, for sjølvsagt var den nye solid og flott. Men jamen vart det til at eg, saman med treningsgrannen, var innat i går kveld og henta nedatt den gamle, gitt. Ho låg liksom litt for seg sjølv bak ein stein, inni låg det restar frå ei forlengst arkivert notisblokk - og det heile var no ratt for gale... No ventar turking, liming og enkel restaurering av eit smålåte, men kjempetriveleg, landemerke for trimmarar og turgåarar langs Henjaelvi. –Men du, henta du verkeleg ned den gamle kassa, du då? Turking i kjellaren, seier du? Kan me bruke ho til noko vettugt, då? –Eh, øh, hrrrm, yes, we can...

onsdag 18. juni 2008

Sumar og sigrar

Langrennsbloggen forfell, eg innser det. Det er for fint ver, og altfor mykje EM på fjernsynet. Og for freistande å teste den nye pulsklokka med GPS i fagert Sogneterreng. Eller det vil seie; ikkje altfor mykje tv-fotball sånn generelt, berre for mykje til at det let seg gjere å oppdatere ein samfunnsblogg på relevante saker som opptek huslyden. Samstundes. Og så kan eg like godt her og no love skjerpings på bloggen framover. Særleg vil eg reklamere for den månadlege serien som startar opp fyrste veka i august her: Vegen til Birken - 21. mars 2009. Her kjem både treningstips, lenkjer til artiklar på langrenn.com og skisport.no og referat frå eigne treningar fram mot Birken-debuten til husbonden i heimen. Tek i mot tips sjølv og, eg!

Medan bloggen forfell, og sumaren stel tida mi, tykkjer eg ratt det er på tide å trekkje fram nokre flotte eh, lat oss like godt kalle det sigrar som noko anna. Noko som berre er bra, og som det er brei semje om i nemnde huslyd. Fyrst sler Bergens Tidende stort opp at utflytt sogndalsjente Signy Fardal har valt å formidle eit portrett av syngjedamemodellkjendisen Jessica Simpson på nynorsk. -Ho kan like godt formidlast på nynorsk som på bokmål, seier Fardal til BT i dag. Fardal, som altså er redaktør i motebladet Elle, sler fast at ho kjem til å halde fram med å bruke nynorsk i bladet. Litt, iallfall.

Forfattaren Olaug Nilssen ('Få meg på, for faen', 2005, hugsar?) stiller generelt spørsmålet om kvifor me ikkje får lese om den siste Lancome-kremen på nynorsk, eller kvifor sjølv nynorske kjendisar så godt som aldri er siterte på sitt eige språk i media. Kan me i det heile sminke oss på nynorsk?, spør ho. Stoff om livsstil og motar pregar tida, og trend-, sports- og kvinnemagasina er med på å forme språket til unge og haldningane deira til språk. Motebladet Elle har gjort nybrotsarbeid når dei har trykt fleire artiklar på nynorsk siste året og dei har jamvel hausta svært god respons frå lesarane sine.

Og ikkje nok med det; i desse dagar kjem stadig meir av innhaldet på vevmøtestaden Facebook i nynorsk språkdrakt. Dette er eit viktig framsteg for nynorskbrukande ungdom, og leiaren i Norsk Målungdom (NMU), Jens Kihl, meiner sigrar som denne knapt kan overvurderast. –Me ser at nynorskbrukande ungdomar ofte slit med låg språkleg sjølvtillit, i tillegg til at dei møter målet sitt for lite. Då er det viktig at dei kan få populære ungdomstenester som Facebook på sitt eige mål, meiner han. Dette er med på å syne at nynorsk duger til all slags bruk, også til å formidle og beskrive det moderne samfunnet - om nokon altså skulle vere i tvil om det. NMU-leiaren meiner det er særskild gledeleg at det er ungdomen sjølve som står bak omsetjingsarbeidet.

I dag er truleg opp mot ein million nordmenn på Facebook. Statistisk sett vil kring 150.000 av desse vere nynorskbrukarar. Nynorsk vert no mellom dei 30 fyrste Facebook-språka i heile verda. Me gratulerer sjølvsagt målrørsla, men like mykje alle oss som er eh, menige nynorsktilhengjarar. Og så tek me oss ein tur ut i sumaryret i skogen. For det å trene naturleg intervall i vene vestlandsskogar går faktisk nesten berre an å gjere på nynorsk...

torsdag 5. juni 2008

Bensin og bygdeutvikling

–For det fyrste er det viktig med ei arbeidsdeling mellom dei største sentra og bygdene ikring. Me treng bedrifter med behov for høgkompetansearbeidsplassar i regionsentra. Berre slik vil me over tid leggje til rette for busetnad i bygdene rundt. Kaffidrikkande kveldsvitjar meiner å sjå litt av svaret for å få endå fleire bygder til å bløme. –Flinke, unge og velutdanna kan då slå seg ned på bygda, fordi kompetansen deira er etterspurd ikkje langt unna!

–So far, so good, men kva skal eigenleg til for at me lukkast, då? Eg prøver meg, og får respons; –Jau, ei langsiktig og systematisk utvikling av den lokale infrastrukturen. Slik kan me få eit effektivt vegsamband og eit godt utbygd kollektivtrafikktilbod som gjer det mogleg å bu utanfor, men samstundes å jobbe i sentra. Sats på transport, kommunikasjonar og breiband. Og me som har småborn set pinadø pris på breiband og ein heimearbeidsdag innimellom, det heng saman med svevn og slikt. –Sjølvsagt skal bygdene i seg sjølve også utviklast og gjerast attraktive og tilgjengelege for tilflyttarar, men alle kan truleg ikkje jobbe der, vel? Spør ho.

–Men med raskt stigande drivstoffprisar kan jo ikkje bygdependlarane drive og køyre til og frå verken Sogndal, Førde, Bergen eller Oslo i lengda. Dyrt det, meiner den kaffidrikkande, og no BT-lesande vitjaren, og bompengane her i fylket kjem berre på toppen av alt. –Sant nok, prøver eg meg, men sett i eit miljø- og klimaperspektiv er jo ein relativt høg drivstoffpris bra, er det ikkje? Og me må jo tenkje på kva som er viktigast her; Tellus sin eksistens om hundre år vs. bygdeutvikling her og no?

–Aj, denne vekst-vern-diskusjonen er jo nærast ein klisjè, og ikkje berre litt heller. Kona er trøytt av halvinspirerte seine-natta-diskusjonar, og held seg for panna. –Men høyr, literprisen på både diesel og bensin har vore over 14 kroner, og no snakkar me om at ei tolegrense er kryssa, kjem det frå kaffidama. Sist det kom til eit slags folkeleg opprør mot dyr bensin, var vel då prisen passerte ti kroner. No skjer det eit samanfall av stigande oljepris og ein auke i bensin- og dieselavgifta frå 1. juli. Ikkje bra, det!

–Høyr, isolert sett vil jo ikkje avgiftsauken påføre bilistane dei store byrdene, då. Eg reknar. –Det er vel snakk om ein hundrelapp eller tre i året om me køyrer 20.000 km. Ei berekraftig utvikling inneber ei utvikling der behova som dagens menneske har vert tilfredsstilte – utan at det øydelegg moglegheita for at framtidige generasjonar får tilfredsstilt sine behov. Det seier SN sitt klimapanel (IPCC), og dei fekk fredsprisen i fjor! Det viktige er vel nettopp å få folk til å tenkje seg om før dei set seg i bilen. No er eg på hoggen; –Og me må jo hugse på at me i Noreg har vore vande med å ha dei lægste drivstoffprisane i Europa. Om me reknar i høve lønsnivået. Med unnatak for Luxembourg får me mest bensin per utført arbeidstime.

Kaffivitjaren får siste ordet, i det me går over til annan drykk. –Den jamne bilisten brukar om lag 3,5 prosent av forbruket sitt til drivstoff. Greitt nok, det. Men det er store skilnader, gitt, og i distrikta, med dårleg utbygt kollektivtrafikktilbod, svir jo prisauken ekstra. Det er iallfall ikkje rett at me i dei verdiskapande utkantane skal lide mest! –Mindre privatbilisme i DEI STORE BYANE ville vere i tråd med tiltaka som Stortinget har samla seg om i klimaforliket. Kva gjer styremaktene for verkeleg å få det til, tru?

Herleg samanfall mellom semje på altanen og servering av iskald og søt terassevin...

torsdag 1. mai 2008

Fyrste mai

Den internasjonale arbeidarkongressen kom saman i Paris i 1889 for å stifte Den annen Internasjonale. Etter framlegg frå dei fagorganiserte i USA vart 1. mai vedteken som internasjonal demonstrasjonsdag. Frå Noreg deltok formannen i Arbeidarpartiet og seinare ordførar i Christiania, Carl Jeppesen, på kongressen. Han sytte i etterkant for at mange starta opp demonstrasjonar og markeringar for arbeidarane sine rettar også her til lands på denne dagen.

Allereie i 1890 vart dagen markert mange stader i Noreg. I Christiania (som Oslo heitte frå 1624 til 1925, hugsar?) og Kristiansand vart det arrangert demonstrasjonstog. Arbeidarar i Fredrikshald (Halden) feira dagen med ein stor og lysteleg fest, huhei, medan det i Skien og Hønefoss var engasjerte møte med flammande innlegg. Enkelte stader valde arbeidarane å utsetje markeringa til næraste helg – for å unngå konflikt med arbeidsgjevarane!

Fram til i 1919 var kravet om ein lovfesta normalarbeidsdag på 8 timar markeringa sitt fremste, og somme hevdar einaste, verkeleg viktige krav. Dette skuldast sjølvsagt at det var eit konkret krav om kortare arbeidstid. Men kravet var også av nærast symbolsk karakter, slagkraftig formulert i den kjende tredelinga: ’8 Timer arbejde, 8 Timer frihed, 8 Timer hvile’. Slik det sto på det fyrste norske 1. mai-merket i 1892. I 1947 vedtok Stortinget at 1. mai skal vere offentleg høgtidsdag.

–Men kva kan me nytte 1. mai til i dag, då? –Kva er liksom kampsakene som kan få deg til å hengje ut verandaflagget? Eg spør. –Døh, høyr her; kampen mot barnearbeid, miljø-/klimakampen, likestillingstema på alle nivå og sveltekrisa i den tredje verda er alle tema som appellerer til internasjonal solidaritet, kjem det spontant frå huskona. Ho ser ut som ho kan halde fram med ytterlegare 10 tema, men stoggar der. –Såg du forresten kommentaren frå han Asbjørn Kristoffersen i BT på onsdagen? –Jau, fekk såvidt med meg den. –Då las du jo at Verdas Matvareprogram no appellerer om 2,5 milliardar kroner til naudhjelp som fylgje av den sterke auken i matvareprisane. 40 land er så hardt råka at dei må ha hjelp utanfrå snarast råd, hevdar FNs organisasjon for mat- og landbruksspørsmål. Ho held fram; –I fleire av desse landa har det vore store demonstrasjonar og opprør, seinast denne veka. –Ikkje rart svolt er eit farleg utgangspunkt for konflikt, og særleg når dei som svelt har kraft til politisk kamp, sler eg fast.

Grunnen til at Rema 1000 nyleg hamstra ris er at konkurransen om maten er skjerpa, mellom anna som fylgje av større etterspurnad etter kjøt og meieriprodukt. I tillegg kjem overgangen til produksjon av biodrivstoff som går på kostnad av matproduksjonen. Det er jo meir lønsamt å nytte store landbruksareal til dette. Og reservelagra av mat på verdsbasis er små! Prisstiginga reflekterer dessutan sterk auke i prisane på olje, transport og gjødning, innsatsfaktorar som bøndene må betale. Mat er blitt ei strategisk vare, slik det historisk har vore i krisesituasjonar. Slik det var under krigen her til lands.

Det er mykje som talar for at matvarer vil bli varig dyrare. Klimaendringar er ein av dei viktigaste grunnane til det. Kvifor? Det skal ikkje store temperaturendringane til før dei rammar verdas viktigaste kornkammer, og då går kornproduksjonen drastisk ned. Det blir dessutan fleire munnar å mette, prognosane syner ein årleg auke på 75 millionar menneske i verda. Mindre mat + fleire munnar å mette = større etterspurnad = seljars marknad = prisstiging.

I beste fall vil prissjokket medføre ei sterkare satsing på landbruket! Betre prisar vil gje bøndene pådriv til auka produksjon og dermed betre inntekter. Så jamen sit eg her på loftet, fyrste mai, og kjenner at den raudgrøne regjeringa har ein jobb å gjere internasjonalt også på dette området. –Kom an no, Jonas, me ventar initiativ, og særleg nett i dag! –Men kvar sette me verandaflagget etter bursdagen til eldstesonen, då?

Kjelde: Norsk historie 1870-1905, Jostein Nerbøvik, Det norske samlaget, (1990)

søndag 6. april 2008

Bygdejentenes dilemma

Bygdene slit med at ungdom, og då særleg unge bygdejenter, ikkje flyttar til bygda etter fullført høgare utdanning. Men kven er desse bygdejentene, og kva valmoglegheiter har dei eigenleg? Som student hugsar eg at dei gode bygdejentene, med velklingande dialektar av ymse slag, alltid òg var mellom dei flinkaste. Rett og slett drivande dyktige. Reflekterte og til og med kritiske til stoffet vi arbeidde med. Sjølv hadde eg som regel meir enn nok med å ta inn over meg ny kunnskap, lage kodar og hugselister. Til dømes for å memorere dei 12 mest vanlege tilnærmingsmetodane Dei sameinte nasjonane (SN) nyttar i internasjonalt fredsmeklingsarbeid. Slikt er statsvitskapen full av. Blindern full av. Det er i og for seg interessant nok, men etterkvart kom gleda ved å diskutere og krangle for fleire av oss. Gjerne med bygdejenter...

Som med Guri frå Vinstra. Ho meinte fredsmeklingsmetodane ikkje var tidsriktige i høve ’moderne internasjonale konfliktar'. Ho la breisida til i kollokviegruppa for å forklare oss andre at Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) allereie var i ferd med å føreslå fleire nye tilnærmingar for Jan Egeland, Terje Rød-Larsen og andre i felten. -Kvifor i helsike skal me då berre drøfte dei 12 metodane i boka? -Nei, eh, sei det...

Eg tenkte at dette pinadø er dei mest attraktive unge talenta som er på veg inn i arbeidsmarknaden. –Ikkje spøk å konkurrere med dei, nei! –Ein sunn bygdebakgrunn med idrettsliv, song og musikk, 4H – og eit openbert krav om å ta sjølvstendige initiativ for å få til noko som helst anna enn å streife rundt Esso-en. Slikt gjer jo desse bygdedamene uslåelege, grubla eg. Akkurat passe nyfikne på det urbane livet (og framleis litt etterliknande i høve byjentene), men samstundes stolte av bygdebakgrunnen sin. Dialekten og heimstaden sin. Identiteten sin.

Særleg i Oslo er desse attraktive talenta i dag ettertrakta arbeidskraft. Og; dei har ofte valmoglegheiter innanfor fleire utdanningsrelevante stillingar. Arbeidsplassane på bygda er på si side i for stor grad knytte til ein yrkesfagleg utdanningsbakgrunn. Ein del av dei er gjerne i tillegg typiske mannsdominerte yrke (og jo; det er faktisk adekvat å nemne!).

Kampen om bygdejentene er såleis ikkje ein enkel ein. Men bygda har ein særs viktig føremon i denne kampen; nemleg at bygdejentene sjølve helst YNSKJER å flytte hit! Nye levekårundersøkingar gjennomført av Statistisk Sentralbyrå syner nettopp det. Huoghei, den mest avgjerande drivkrafta er til stades, jo! Det står altså ikkje på lysta på bygda! Det handlar difor om tilrettelegging. Rett nok ei monaleg utfordring, det òg, men ei slik utfordring er til for å gripast. Med begge hender!

–Utdanning må løne seg, også på bygda. Huskona er klar. –Om folk jobbar i kommunal eller privat sektor er i og for seg det same. Men i røynda er det slik at kunnskapsbasert forretningsverksemd i mange tilfelle ikkje har såkalla marknadsmessige føresetnader for å bli drivne kommersielt på bygdene. –Men ein del kommunale stillingar krev høgare utdanningsnivå, både stillingar knytte til forvaltningsorgan og reine yrkesstillingar, prøver eg meg. –Jo, men kor mange bygder har bruk for to nye juristar eller ein sosialantropolog og ein bioingeniør eller ein samfunnsøkonom og ein psykolog eller ein siviløkonom og ein organisasjonsteoretikar, samstundes då? –Arrgh, ser den.

Og me nærmar oss bygdejentenes dilemma. Rundt kjøkenbordet denne gongen: –Mange av dei har jo høgare utdanning, og den ynskjer dei sjølvsagt å nytte. -Ja, og i studietida knyter svært mange av dei band (som ikkje let seg knyte opp så lett) til velutdanna karar frå byen – eller frå ei anna bygd. Lat oss seie desse karane let seg overtale til å satse på Sogn og Fjordane. Då trengst det ikkje ein, men to utdanningsrelevante arbeidsplassar her. –Og toåringen, som kom nett litt tidleg, medan dei begge var studentar, har bygda plass til han, då? –Og hus, ja. Får dei tak i eit husvære til å leige, for å teste ut bygda, meiner eg, og som ikkje er så ulikt kjellarhusværet dei har leigd ovanfor Østensjøvannet? –Hmm... Men kor ofte kan dei unne seg ein tur attende til Oslo for konsert med Pearl Jam på Rockefeller, då? –Ja, og kva kostar det ekstra å fly til Manchester eller Barcelååna frå Haukåsen? Sett i høve til å ta 17 min. flytog til Gardermoen for å dra på langweekend (slik kamerat Jo-Petter og dei kan)?

Mykje semje, gitt, men kven talar snart BYGDA si sak her no? TO BE CONTINUED...

laurdag 29. mars 2008

Olympisk standpunkt

Olympiaden i antikkens Hellas var ein serie atletiske konkurransar som gjekk føre seg i Olympia, mellom ulike bystatar, frå rundt 775 f.Kr. til 390 e.Kr. I samband med dei olympiske leikane skulle usemjer og krigshandlingar stoggast for å sikre ein fredeleg kappestrid mellom utøvarane - og for at tilskodarar skulle kunne ta seg til og frå idrettsleikane den månaden dei varte.

Men det var det olympiske idealet, då... Det synest å vere lite å sjå til dette framføre sommarens OL i Beijing. I Tibet fer styresmaktene hardt fram mot demonstrantar som protesterer mot kinesisk undertrykking. Dei som sit med makta i Kina undertrykker tibetanarane og dissidentar i eige land på det grovaste. Me anar truleg ikkje omfanget. Samstundes støttar dei Burmajuntaen si grove undertrykking av det burmesiske folket. Og så slit Kina med å forsvare barnearbeid, nedsetjande haldningar overfor kvinner og eg veit ikkje kva.

Dei 27 EU-landa er splitta i synet på korleis dei skal reagere mot Kina, og dei er usamde om kva konsekvensar situasjonen bør få for OL. Det er klart etter EU-toppmøtet i Slovenias hovudstad Ljubljana denne veka. Frankrike sin president, Nicolas Sarkozy, som skal ta over leiinga av EU-formannskapet 1. juli, gjekk denne veka lengst i å tale for ein sportsleg boikott av leikane. Litt overraska der, eg, men bra! Då held det ikkje at dei norske styresmakter kvir seg for å delta i debatten om ein mogleg boikott av Kina-OL. Ved å gå i bresjen for ein brei og real boikott kan me medverke til at verdssamfunnet pressar Kina til å stogge overgrepa i Burma, Kina og Tibet.

Eller kan me eigenleg det? Slikt vert det diskusjon av under vitjing i heimen, gitt. Eller eigenleg mest semje, faktisk. –Det er jo no me har moglegheita for å frigjere desse folkegruppene frå undertrykking og totalt fråvere av demokrati! –Når er neste sjanse til verkeleg å presse Kina på noko så prestisjefylt som eit OL–arrangement? –Ja, kva hjelper det å boikotte opningsseremonien, hæ? –Ja, nei, eh, det vert vel kanskje for puslete.

–Men høyr, spørsmålet er vel om idretten skal lide for storpolitikken? Kva om me hadde boikotta Albertville-OL i 1992 på grunn av franske prøvesprengingar på byrjinga av 90-talet? Kva har ikkje dei leikane gjort for Dæhlie, Ulvang, Skjeldal og eh, den norske sjølvkjensla? For nokre år sidan ville eg garantert ha sagt at ein ikkje bør blande saman idretten og internasjonal politikk. Eg ville spurt om symjetalentet Aleksander Dale Oen og syklisten ’Tour’ Hushovd og fjørlette Susanne Vigene, som set Noreg på verdskartet på ein så framifrå måte, ikkje skal få delta på grunn av brutale regime som i all tid har gjort mykje urett. –OL vert jo så lite i den store samanhengen likevel, og det å øydeleggje for idrettsutøvarane og alle oss som er ivrige frå sofaen er berre tull, ville eg sagt med engasjement. Men nei, no gjeld det faen meg å få sagt i frå!

Måndag denne veka prøvde demonstrantar å sabotere den høgtidlege seremonien i Olympia der den olympiske elden skulle tennast. Anten me vil eller ikkje, er OL blitt ein arena for politisk diskusjon og motsetjingar. Nesten meir det enn eit fredeleg friminutt i ei verd som framleis er prega av usiviliserte konfliktar og dei mest utspekulerte krigshandlingar. Kvar er det elles rett å setje inn støyten i den seige og langvarige kampen for menneskerettane? –Nei, seier eg, sjølvsagt er det ikkje meir enn rett og rimeleg at eit land som skal arrangere OL, i dette tilfellet Kina, skal måtte svare for si handsaming av eigne innbyggjarar. Det gjeld no anten dei bur i Tibet, i andre provinsar eller i Beijing. –Nettopp, for det er heilt uhøyrt at menneskerettar skal trampast på samstundes som verdas fremste og best løna idrettsutøvarar konkurrerer med kvarandre på nybygde og prestisjetunge arenaer! –Kva kunne ikkje pengane vore nytta til?

Utanriksminister Jonas Gahr Støre og kultur- og idrettsminister Trond Giske har nyleg lova å ta opp Kinas menneskerettsbrot direkte med kinesiske styresmakter. –Aj, men lyttar mektige Kina til desse karane då? Huskona er skeptisk. Støre, ja, jo, men Giske, sa du? –Ja, rett og slett fordi Kina ikkje kan setje seg utanfor den verda landet er ein viktig del av, ropar ein statsvitar med tviiilande røyst frå tannpussen på badet. Og så må Noreg faktisk boikotte OL denne gongen, fyl han kviskrande opp, og kjenner på det ubehagelege i erkjenninga av å ha skifta meining...

måndag 10. mars 2008

Nynorskbyråkrat

– Så, kva slags utdanning har du? Var det samfunnsfag eller norsk eller nordisk du nemnde ein gong? For du skriv faktisk litt sånn konservativ nynorsk, tykkjer eg. Ja, og så er det noko sånne politikk- og økonomigreier, vel? Spørsmåla kjem med ujamne mellomrom, og dei er faktisk ikkje alltid like enkle å svare på. Det kjem langt an på kven som spør. – Grad: Cand.polit. Frå Universitetet i Oslo. Det betyr for min del hovudfag i statsvitskap. Støtta av ein gjevande dose sosialøkonomi og historie. Og så heldt eg på å byrje på norsk grunnfag i Volda… Om det er ein kollega som spør, hender det at eg forklarer ved å seie: – Eg er vel ein sånn som blir glad når Kommunal Rapport ligg rykande fersk i papirutgåve på avisbordet i pausekroken. Så er naturlegvis statsvitskap mykje meir enn offentleg politikk og administrasjon på kommunalt nivå, men eg tenkjer dette får halde – iallfall i denne omgang.

Meir eller mindre språkmedviten er eg ein nynorsk statsvitar og byråkrat. Og jo eldre eg blir, dess meir oppteken blir eg av målformer og målføre. Og her kjem ei kopling mellom fagstoff og språk som brått vart skarpstilt for meg her om dagen. Kommunal Rapport skal bli betre til å formidle stoff på nynorsk! Dagsaktuelt fagstoff formidla av dyktige journalistar på nynorsk skulle vel vere sjølvsagt, men likevel kjende eg at eg vart glad. Britt Sofie Hestvik er meir enn den nye redaktørdama i KR; ho er ein redaktør som legg vinn på språkleg mangfald og ivaretaking av nynorskkommunane også i språkleg tyding. Slikt kan ein like!

Så kva er historia? Frå 1500-talet fekk dei skandinaviske språka ei form som dagens skandinavar ville kunne forstå. Dette stadiet av norsk språk vert kalla nynorsk. Den fyrste systematiske granskinga av det nynorske språket vart utførd av Ivar Aasen, som på 1840-talet reiste rundt i landet og studerte dialektane. I 1848 kom Det norske folkesprogs grammatik og i 1850 kom Ordbog over det norske folkesprog. Med desse verka vert Ivar Aasen rekna for å vere grunnleggjaren av norsk språkvitskap.

I 1852 skapte Aasen målstrid då han uttrykte ynske om å utarbeide ei normalform av folkespråket til ålmenn bruk. Nokon skriftnormal fanst ikkje då. Aasen var likevel ikkje klar for kamp og prøvde å avdramatisere saka. Den fyrste skissa av ein skriftnormal kom i 1853 med Prøver af landsmaalet i Noreg. Den fyrste verkeleg store striden oppstod hausten 1858 då journalisten og diktaren Aasmund Olavsson Vinje starta opp vekebladet Dølen. Dette var den fyrste periodiske publikasjonen på det nye landsmålet, og motstanden var stor. Men dei arbeidde trottig vidare. Ivar Aasen fullførte landsmålsnormalen med publiseringa av Norsk Grammatik i 1864 og Norsk Ordbog i 1873. Partiet Venstre tok etterkvart også opp målsaka, og i 1885 vart landsmålet sidestilt med det danske skriftspråket. Den fyrste offisielle rettskrivinga kom i 1901, og i 1907 vart det innført obligatorisk eksamen i landsmålet ved examen artium. Sjå der, engasjementet gav resultat!

Sjølvsagt skal moderne, granskande og samfunnskritisk journalistikk kunne gå føre seg på nynorsk. Sjå berre på BT - for ikkje å snakke om lokalavisa mi, Hordaland! Og det rettkomne kravet frå Landssamanslutninga for nynorskkommunar, som vart stilt straks Hestvik vart tilsett som sjefredaktør, nådde fram. – Språkbruken medverkar til nærleik mellom lesaren og stoffet, og bør varierast, svara ho. Den nye redaktøren si haldning er at ingen les Kommunal Rapport av plikt, men av lyst og fagleg interesse. – Å engasjere er grunnleggjande for meg som journalist, seier ho. – Eg er oppteken av både språk og journalistikk som drivkraft i samfunnsdebatten, og eg ser fram til å kommunisere med lesarane våre – på begge målformer. Velkomen på post, Britt Sofie, fyrste siger innkassert!