Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)
Viser innlegg med etiketten Ski. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ski. Vis alle innlegg

onsdag 28. mars 2012

Vasaloppet 2012 - nitti herliga kilometer...

Forma er kanskje ikkje heilt den same som dei siste 2-3 sesongane. Skiene er korkje slipte eller jobba godt med sidan seinvinteren 2010. Rulleskiene fekk ein særs roleg haust. Skiskorne er utslitne med teipa glidelås. Det vart med dei fem intervalløktene med skigruppa på gangvegen i haust. Folk seier jamvel dei har sett meg sjeldnare på Øvstestølen i vinter. Vel, ved avreise i retning Sälen og Vasaloppet fredag 2. mars var nok sjølvtilliten alt i alt ikkje fullt så høg som ved avreise til same stad for eit år sidan. Eg vedgår det. Likevel har eg altså tvihalde på den udelt positive opplevinga som loppet vart i 2011 på alle, alle vis (2011-turen kan du lese om her). Berre tanken på ”90 herliga kilometer gjenom dom svenska skogarna”, som speaker på startsletta har gjort til sitt varemerke å innleie med, har vore motivasjon god nok for bortimot samtlege treningsturar mellom dei to Vasaloppstartane.

Gjennom vår, sommar, haust og vinter har tanken på å spenne på seg skiene i den store folkemengda på startsletta i Sälen vore som mental flybensin. Råpigging over startsletta, kømanøvrering oppover fyrste trekilometersbakken. Og så endeleg; flyte i veg, langstaking i kameratslege og sykkelinspirerte ”tog” gjennom skogholt, over myrer, langsmed vatn og over åsar. 17.mai-stemning, smil og service på feststemde drikkestasjonar ved Smågan, Mångsbodarna, Risberg og Evertsberg. ”Heja Norje, heja Norje” fordi eg har norsk flagg i panna og knivar om ein plass blant dei tusen fremste. Vasaloppet er størst, best og folkefest – og noko eg unner alle glade skientusiastar å gje seg i kast med. Minst ein gong i livet.

Og tenkte eg det ikkje; rennet vart også i år ei eineståande oppleving. Då eg staka i mål, var det fyrste som slo meg at dette var litt over evne i forhold til treningsgrunnlag og forventningar. Under fem timar er kanskje ikkje ein like stor prestasjon når ein står i stålspor (også kalt "trikkeskinner") og stakar i meir enn 20 km/t over lange strekk. Men lell; 4:53 kjendest bra der og då… Firetalet var målet, og firetalet var nådd. Rekordføre fekk vere rekordføre, slo eg fast. For min del vart løpet aller kjekkast dei første 60-65 km. Då var det staking og offensiv springing av godt, gamalt merke som gjaldt. Så vart det langt meir kjemping dei siste 28 km frå drikkestasjonen i Oxberg, derom herskar ingen tvil. Dobbelttaka med fråspark MÅ sitje på Vasaloppet!

Tapte litt for mange plasser der, "tog" kom opp og seig forbi. Ein svenske i midten av 20-åra, som eg staka lenge ilag med, slo fast at glien vart "mycket semre" i dei varme og solrike milene til slutt. Han hadde rett i det. I skuggepartia slo ceraturboen inn att hjå meg, men dei partia var det diverre få av mot slutten denne fantastiske skidagen i den historiske traseen mellom Sälen og Mora (Vasaloppet sitt opphav kan du lese meir om her).
..........Uhell undervegs, seier du? Tja, det er vel verd å nemne at den uheldige løparen som starta seks-sju rekker framom meg i startled 2 like godt tryna då pulja vel var oppe i maksfart ute på startsletta. Fallet hans fekk som konsekvens for ein del av oss som kom bak at me opna Vasaloppet 2012 med å tryne i ein skikkeleg massevelt. Ikkje digg! Skiene må definitivt slipast etter den seansen... Men høyr: eg unngjekk trass alt stavbrot! Løparar rasa forbi, greitt nok, men det var jo framleis 89,8 km å gjere det på, slo det meg.

onsdag 9. november 2011

Lær betre langrennsteknikk!

Kva kan vere lurt å fokusere på når du spenner på deg skiene for å trene? Korleis finne rette skismurningen, og korleis få best muleg effekt og framdrift for kvart fråspark? Når fungerer diagonalgang best og når er det lurt å gå over til staking – med eller utan fråspark? Korleis angripe den vanskelege motbakken, og kva er lurt å tenkje på siste mila under eit krevjande langløp?
..........Vi i Learn2Ski vil hjelpe deg til å finne ein endå betre flyt i skiløypa. Vi har utvikla kurspakker for skiløparar på alle nivå, og legg stor vekt på individuell tilpassing til den enkelte sine behov. Gruppene vi jobbar med er difor aldri større enn 4 til 7 personar. Dette for at alle skal få individuell oppfølging i teknikkane vi går igjennom innanfor både klassisk langrenn og friteknikk/skøyting.
..........Langrenn har lange tradisjonar i Noreg. Nyleg viste ei undersøking, gjennomført av marknadsanalytikar Thomas Heiberg Johansen i Sponsor Insight, at langrenn er den mest populære idretten her i landet. Omdømet til langrennslandslaga er betre enn omdømet til alle andre norske idrettsutøvarar, og dei tre mest omtykte idrettsprofilane i landet er langrennsløparar. Og gjet kven dei er? Langrennssporten er til alt overmål i framvekst. Mange nyttar langrennsskiene til trening, rekreasjon, leik og konkurranse. Eit fullteikna Birkebeinarrenn på 97 sekundar seier sitt om den saka... Mange lærer tidleg å gå på ski. Seinare vert ofte ungdomsåra via til andre aktivitetar, til vi ein dag gjerne vender tilbake til skisporet som vaksne. For mange går det greitt å finne tilbake til den ein gong innlærde grunnteknikken. Og ikkje minst til gleda ved å gå på ski! Det er likevel slik at vi gjerne har litt "å gå på" reint teknisk – og først når teknikken fell på plass får vi verkeleg flyt og glede ved trening på ski.
..........Vi i Learn2Ski ønskjer å vidareformidle det vi kan om langrennsteknikk, og vi gir oss ikkje før du opplever meistring og framgang i skisporet. Sjekk ut tilboda som ligg ute på våre nettsider, og meld deg på skikurs i Leikanger eller Sogndal – eller be oss køyre kurs i di lysløype! Det er ofte moro å vere fleire kjende ilag på slike kurs, og nokre trivelege øvingskveldar i lysløypa kan jo vere ei smart julegåve til ein god ven? Ta kontakt med Siri eller Simon i Learn2Ski, eller spør gjerne meg om opplegget vårt. 
Hallingrennet (Golsfjellet Rundt) 2011, ved Oset.
Sjåast i løypa!

Skihelsing frå
Ole I. Gjerald (instruktør)
40857025 / oigjerald@gmail.com
..........
Kontakt Learn2Ski:
Siri: 99239650
Simon: 97653900
e-post: info@learn2ski.no 

fredag 11. mars 2011

Vasaloppet – tur, arrangement og langrenn

Eg vaknar med eit rykk. Mobilen til austlendingen Stein har ikkje spytta frå seg mange tonane frå 2008-hiten Ambitions før eg er fullvaken. Det tek likevel nokre sekundar før det går opp for meg at dagen for Vasaloppet er her, og at det frå no av truleg vil gå i eitt køyr dei neste tjuefire timane. Minst. To netter med ei litt for kort dyne på Hemfjällsgården i Sälen er over. Og dagen mellom dei to nettene har også vore fullstappa av aktivitetar: Ski- og løypetesting frå startsletta og 3-4 km ut i løypetraseen har gått føre seg samstundes med at ein av favorittane, svensken Jerry Ahrlin, gjorde det same. Respekt! Shopping av energibarar, Ekströms blåbersoppa og obligatorisk Vasan-t-skjorte har vorte kombinert med VM-sending frå Holmenkollen på storskjerm. Johaug! Skipreppinga utover ettermiddagen har vorte berga av Stein I. Eigen smørjebukk er greia i slike samanhengar. Hugs!
..........Eg gnir bokstaveleg tala svevnen utor augene, og på turen mot badet sjekkar eg gradestokken. Lukkeleg slær eg fast at det er 12 blåe ute. Kaldare enn meldt. Innvarma grunnvoks frå Toko og lag-på-lag med ei Swix-blå-ekstra-liknande blanding høyrest framleis rett ut. Her i garden vert det difor ikkje gjort justeringar på smurningsfronten. Skiene er klare til å finne vegen til startläd 2 på sletta.
..........Det er ca. 1500 meter å gå til starten, og klokka viser framleis ikkje meir enn 04.45 når Trond K., Stein I., Stein austlending og eg togar i veg mot inngangskøen til startlädet. Me er framme eit lite kvarter seinare, og det vert ein dryg halvtime i kald kø før me slepp inn slusa for å leggje på plass skiene. Eg spurtar inn og sikrar meg ein startposisjon i tredje rekkja. Med femti spor ved sida av einannan ser eg at avstanden fram til der eliteløparane vil stå kl. 08.00 er forsvinnande kort. Berre läd 1 er i mellom, og dei tradisjonsrike flagga som vert heva nøyaktig når startskotet går er nesten utidig nære. Bakover ser sletta uendeleg ut, og også i startläda bakover tek det til å fyllast opp med ferdigsmurde ski. Lett jogg tilbake til Hemfjällsgården. Frukosten ventar. Under to timar til start.
...........---
Logistikken imponerer meg. Rett etter målgangen tek arrangøren hand om ski og stavar, og ein vert losa rett på bussen som tek ein til garderobe, utlevering av plastsekk med byte- og overtrekksklede og dusj. Frå garderoben ber det rett i matsal for servering til alle utøvarar. Ein ny buss tek deg så tilbake til målområdet for utlevering av skiene. Alt går på skinner, alle gjer dette heilt likt og eg vert ikkje forundra om nokon på bussen seier "Bæ!" På veg mot PWT-bussen som skal ta oss tilbake til Gardermoen stoggar eg opp for å sjå straumen av løparar som renn gjennom oppløpssida og i mål. Stemninga er herleg, og slik vil det halde på timevis endå.
..........Heimturen handlar utelukkande om løpet. Erfaringsutveksling med kjende og ukjende på bussturen fram til bilen ved Gardermoen. Om dei fyrste kilometerane i motbakkekø, om mil etter mil med staking, om opplevinga av å kome til dei kjende og ærverdige matstasjonane undervegs (nesten som små stølstun), om næringsinntak i fart og om kjensla av å stake det siste stykket inn mot Mora og målseglet med den kjende påskrifta ”I Fäders spår för framtids segrar”. Kort oppsummert kan eg utan tvil seie meg nøgd med sjølve prestasjonen. Respekten for distansen prega i stor grad løpet dei fyrste sju mila. Det er generelt vanskeleg å sleppe seg skikkeleg laus når ein passerer skilt der det står 81 km til mål. Frå passerte 70 og inn var Vasaloppet rein stakejobbing, og då sola tok tak i den turre og finkorna kaldsnøen var det lite å få gratis. Ryggen jubla mest over endeleg å vere i mål kl. 13.11.
..........Tjuefire timar etter at vekkjarklokka til austlendingen bråvekte oss, sit tre fyrstegangsreisande i bilen på ein ferjekai ved Sognefjorden og sjekkar plasseringar til kjende og ukjende. Ferdige for denne gong.

torsdag 10. februar 2011

Hallingrennet 2011 (Golsfjellet rundt)

Eg er på mange måtar samd med Lynet. Ser poenget hans, og har vore inne på desse tankane sjølv: Det er liksom for gale å berre sleppe teten med det same startskotet går. Berre sjå dei beste skyte fart ut frå startrekkene, for så å forsvinne rundt den tredje svingen i løypa. Godta at ein kjempar om smulane. Kvifor ikkje prøve å bli med dei av garde? Eit stykke, i alle fall? Dra til frå start? Kort og godt sjå korleis farten og stemninga er ”frammi der”? Er det slik at desse racerane dreg til i starten berre for å gjere seg utilnærmelege, medan farten eigenleg roar seg ned etter kvart? Desse elitenære løparane skal jo òg halde ut i 45 blytunge kilometer, skal dei ikkje? Og kva er forresten tjejdeng for noko? Lauget sine utsende var i det offensive hjørnet på Golsfjellet sundag – i alle fall før start. Meklaren mest edrueleg i tilnærminga, sidan han alt komande helg skal gå tradisjonsrike La Transjurassienne. Skiene til Lynet og underteikna vart eitt kvarter før start lagt på plass i andre – andre – rekkja i startboksen. Her skulle spørsmåla finne sine svar…
........Hallingrennet er det nye namnet på det som før heitte Golsfjellet rundt. Rennet sundag var første arrangement i nyskapinga Hallingtrippelen - eit nytt konkurransekonsept der Gol Idrettslag og reiselivsnæringa lokalt arrangerer tre årlege tevlingar: langrenn, sykkel og løp. Rennstarten er flytt frå Solsetra til Oset. Fyrst etter å ha svinga av frå rv. 51 i retning Storefjell og køyrt ei mil nordover, kjem ein fram til det flotte turområdet som altså skulle vere åstad for vinterens fyrste seedingsrenn for min del. Traseen for Hallingrennet har mange parti som Golsfjellet rundt nytta i sine 25 år som fast innslag i terminlista. Men særleg siste delen i nyerennet peikar seg ut som tøffare og meir krevjande enn gamletraseen – med fleire seige motbakkeparti. 

Lat det vere sagt med ein gong: Hallingrennet 2011 vil bli hugsa som eit fantastisk flott renn. Sol frå blå himmel, faste spor, nokre få minusgrader, lite vind og særs greie smørjeforhold. Alt vel. Snøen rett nok såpass fersk og finkorna at det aldri vart den heilt store gliden, men ikkje noko å klage for. Klare!
........Etter åtte kilometer med råstaking og rask diagonalspringing i nesten flat løype, byrja ei dryg mil med samanhengande stigning. Løypa snor seg oppover frå Oset Høgfjellshotell, om lag 800 moh., mot Appelsintreet og dagens andre drikkestasjon ved Tryguhaugen, drygt 1100 moh. Overgangen til stigningspartiet gjorde at teten, som så langt hadde vore mogleg å skimte i svingane framom meg, forsvann. Det same gjorde Lynet. Eg helsa han i mitt stille sinn lukke til med resten av løpet. I ettertid tenkjer eg at det burde vore mogleg å disponere slik at eg kunne ha følgt vinnar Marthe Katrine Myhre heilt til mål. Me gjekk båe i eit fire-femmannslag oppover frå 8 til 18 km. Men den tøffe stakerunden i opninga og den harde motbakkemila sette meg fullstendig ut av spel. Hammaren sveipa like over hovudet. Unødvendig tidsbruk ved drikkestasjonen på toppen gjorde attpåtil at eg miste "toget" mitt. Her måtte fokus setjast på å kome såpass til hektene at gjennomføring med stil igjen vart realistisk.
........Herifrå og inn gjekk eg praktisk talt åleine. Etter stigningsparti nr. 2 for dagen, vart lange utforkøyringar nedover frå høgfjellet mot Storefjell nytta til inntak av energibarar. Fyrst siste fire kilometerane vakna skrotten til live att. Tre mann vart passerte her, og etter målpasseringa kjende eg at eg alt i alt var nøgd. Nøgd fordi eg fekk meg ei fin gjennomkøyring, nøgd for resultatet og nøgd fordi eg trass alt hadde ei ålreit avslutning på løpet. Erfaringa var likevel at det denne dagen tok laaang tid å kome seg att etter ei i overkant hard opning. Taktikken neste gong vert neppe å bli med teten frå start. Og så har eg altså framleis til gode å unngå tjejdeng på eit langløp...

onsdag 24. mars 2010

Birken 2010

Ei blanding av tørr snø og islagde løyper gjorde føret lunefullt for dei fleste under årets Birkebeinarrenn. To tunne lag tørrvoks utanpå Start Wide Universal-klisteren var truleg minst eitt for mykje her i garden. Skia hadde sine glepptak oppover mot Skramstadsætra, ja vel, men enn så lenge var det tørt nok til at eg hadde brukbart feste fyrste 10. Nok til å springe bakkane og hengje brukbart med midt i pulje 2. Grei start. Utfordringa fyrste mila var faktisk at ”alle” ville halde venstresporet oppover. I kampen om det frie spor skjønte eg fyrst ved passering 48-km-til-mål-skiltet at høgrespora var tingen - sjølv om det der var ein del pensjonistar å forsere. Erfaringa frå mine to Birken-startar tilseier i grunnen at eg neste år må skaffe meg ein betre startposisjon i puljen. Må rett og slett vere vaken og springe inn med skia når startbåsane opnar, for køgåing og hundre sporskifte oppover mot Skramstad stel sekundar, kanskje minuttar! Passerte fyrste offisielle drikkestasjonen på 41 minuttar, fair enough, for dagane då turen opp til Skramstad i konkurransemodus går skikkeleg ’lætt’ er uansett svært få… Alt frå Dambua og oppover mot Raudfjellet skjønte eg at det ville bli springing mellom spora og staking store delar av resten av turen.
..........Frå Kvarstaddammen og opp byrja Birken på ordentleg. Her var det sol, og innimellom var is blitt til slush. Takka høgt O-løparen for solide sirkeltreningar dei siste månadane, for her skulle det bli bruk for armane, gitt. Vel oppe dei fyrste kneikane mot Midtfjellet starta stakegeneralprøva mot Vasan 2011. Hadde svært god gli, og fekk opp brukbar marsjfart med parallelle armar og beina nærast fråkopla. Trur faktisk 1 mm-rillen på bakskia gjorde susen i dei blaute partia, og må sjekke Teknekten sine erfaringar der. Frå passering Sjusjøen og inn gjekk det unna på dryge 35 minuttar. Nokre løparar måtte i bakken nedover dei skarpe utforkøyringane. Det slapp eg. Full speed!
……….Forma kjendest om lag som under Holmenkollen Skimaraton og Søre Ål-runden tidlegare i vinter. Det er bra med 2-3 veker mellom langløpa, for det gjev tid til restitusjon, litt trening og ny opplading. Det vert likevel mildt sagt spennande å sjå korleis Vasaloppet neste år påverkar forma berre to veker før Birken.
……….Birkebeinarrennet er eit utruleg flott arrangement. Det er og blir årets sportslege ’høidare’. Grattis med flott innsats til alle i lauget; med og utan merke, med og utan premie, med så-som-så-ski, men med ein strålande prestasjon bak seg i herleg vårver. Håpar på ynskereprise og fleire persar til neste år. For min del ventar Skarverennet siste laurdagen i april, så no er det fram att med skøyteskia, joggeskoa og kanskje rulleskia. Skal det bli slik at me må stake Birken kvart år, svarar det seg uansett å få gått nokre mil på rulleski før snøen kjem ;o)

torsdag 18. mars 2010

Birkebeinarrennet 2010 - prolog

Norsk presse vier Birkebeinarrennet merksemd i desse seinvintertider – i år som i fjor. Finansavisen slo tysdag 16. mars fast at Birkebeinarrennet omset for 70 mill. kr. i påmeldingsavgift, sponsorinntekter m.m. i 2010. Inntekter frå overnatting og transport på 150-180 mill. kr. kjem i tillegg. Adresseavisa skreiv 23. januar om utstyrshysteri og dei store summane den nye “treningsoverklassen” legg att i løypa. Dei som veit skilnaden på VR45 og FC8 er nærast for sjølvgode og ekstreme galningar å rekne… Elles presenterte både den uavhengige helseavisa Dagens Medisin og Aftenposten fredag 12. mars ei gransking som syner at deltakarar i Birkebeinaren har langt større sjanse for å få hjarteflimmer enn resten av befolkninga. Ein av åtte birkebeinarar trenar på seg hjarteflimmer, vart det hevda. Idrettsmedisinar Jostein Grimsmo ved Feiringsklinikken meiner at det å vere godt trena, ha størst idrettshjarta (?) og lågast kvilepuls kan gje negative effektar på sikt.
……….Vel, me nøyer oss med å slå fast at Birkebeinararrangementa samlar i overkant av 55.000 entusiastiske deltakarar i år. Trening mot nye mål og draumar, sosial trivsel og sunne haldningar pregar dei aller fleste som er med; dette er eit kjekt og tradisjonsrikt høgdepunkt for mange nordmenn! Rena Idrettslag, Lillehammer Skiklubb og Lillehammer Cykleklubb gjer ein flott innsats for å få alt til å gå knirkefritt. Økonomisk forteneste i samband med arrangementa vert forvalta på ein god måte, der mykje går inn att i planlegging, førebuing og drift av komande konkurransar. Skulle nokon tene pengar på Birkebeinararrangementa, er det heilt enkelt vel unt.
……….Media får skrive kva dei vil, for me har fokus på rennet no. Kjennest forma litt i ulage under dei siste finpusstreningsturane? Er skistallen god nok? Er eigenleg kaldsnøskia stive nok til fråsparket mitt, tru? Burde me hatt Swix sitt nye rillejarn med oss i smørjekofferten viss det vert skikkeleg blautføre? Og den strekken i ryggen, skulle eg hatt ein tur innom kiropraktoren for å løyse litt opp der, tru? I år som i fjor.
..........Høyr; det er her me berre må bestemme oss no: For me veit at forma er kanon, steinslipen og strukturen i skia nærast perfekt for føret som er meldt til helga – og litt forkjøling i skrotten dei siste dagane er jo berre bra. Ja, for me gler oss til å stå opp kl. 04.00 på Lillehammer for å stappe i oss havregraut og brødskiver med honning og brunost. Gler oss til den sovande og spente stunda på bussen som tek oss til smørjeinnspurt, sekkeveging og oppvarmingsdans på Rena. Me kvir oss slett ikkje til å endeleg velje ski og skistruktur. Og me ser iallfall fram til å kome i gang med sjølve løpet! Klart me ordnar godt feste og god gli til dei lange motbakkane oppover mot Skramstadsætra. Og hektiske mat- og drikkestasjonar undervegs taklar me like godt som kven som helst. Full kontroll.
..........For me har jo køyrt dei intervalløktene me treng, har me ikkje? Iallfall dei me fekk tid til. Me har sprunge Henjadalen på langs og på tvers, gått langturar og kortøkter både på for glatte og knallgode ski. Det har nesten ikkje vore ein einaste fredagskveld utan at store og små mellom 7 og 70 har delteke på O-løpar'n sine morosame og effektive sirkeltreningar til hårete musikk i 30x30-intervallar. Me berre veit det går bra, ja, betre enn i fjor.
..........Endå meir gler me oss til å fylle oppatt karbolagra med fenalår, sild, heimabrygg, sjokolade, cola og potetgull til høgrøysta deling av dagens gode og dramatiske opplevingar under banketten. Til å dele felles skjebnar på grunn av eit lurvete skiføre, javel, eller felles opplevingar av solskin, samarbeid og superglid dei siste 14. Fellesstart i puljer på klassiske skirenn er utruleg kjekt, og me fryktar ikkje dette meir enn det nokon av dei andre 14.500 deltakarane gjer. Nei, dette fiksar me fint, folkens. Me gler oss fordi me er trygge på oss sjølve og på gjengen som er med. For Birkebeinarrennet 2010 blir all time high!

laurdag 6. mars 2010

Vasan 2011

Vasaloppet er verdas eldste og største turrenn, og akkurat no er det berre nokre timar til start i årets utgåve. Rennet går fyrste sundagen i mars kvart år frå Sälen til Mora i Dalarna i Sverige – eit strekk på 90 km. Rennet vart fyrste gongen gjennomført i 1922, men berre tre nordmenn har greidd å gå til topps: Ole Ellefsæter (1971), Anders Aukland (2004) og Jørgen Aukland (2008). I 2006 var Vasaloppet inkludert i sjølvaste verdscupen i langrenn, etter å ha vore ein del av Worldloppet for lange langrennsløp i 1975-2005.
..........I 1520 var Gustav Vasa på flukt frå troppane til danskfødde Christian II, kongen av Sverige og dei andre landa i Kalmarunionen. Ein stor del av den svenske overklassen var i opposisjon til kongen, som dei hadde gjeve tilnamnet Christian tyrannen. I ein freistnad på å stogge opposisjonen inviterte Christian det svenske aristokratiet til ein storslagen forsoningsfest i Stockholm, berre for å få dei, inkludert Gustav og foreldra hans, massakrerte i det som seinare har vorte kjent som det stockholmske blodbadet. Gustav kom seg unna og flykta gjennom Dalarna i frykt for livet sitt. Undervegs freista han å overtyde folk i Mora til å gjere opprør mot kongen, men han lukkast ikkje.
..........Gustav drog vidare mot Noreg på ski, fram til han vart teken att av to raske skiløparar i Sälen. Det synte seg at folket i Mora hadde endra meining, og dei to karane ynskte at djerve Gustav skulle leie opprøret mot kongen. 6. juni 1523 vart Gustav Vasa krona til konge av Sverige, etter å ha slått danske kong Christian og oppløyst Kalmarunionen. Vasaloppet har sidan 1922 vorte halde til minne om flukta hans i januar 1521.
..........19. mars 1922 starta 119 menn frå Olnispagarden på vestsida av elva i Sälen det fyrste Vasaloppet. 117 av dei fullførde løpet. Den fyrste vinnaren kom i mål på tida 7:32:49. Den raskaste sluttida har framleis Peter Göransson frå 1998, då han gjekk dei 9 mila på 3:38:57.
..........Mørke krefter er i sving for å mobilisere til fellestur til Sverige fyrste helga i mars 2011... Rykta fortel at Lauget har minst fem håp på startstreken i Vasaloppet neste år. Den lokale stayeren Elvelyen testar løypetraseen som pilot alt i år, og me vonar han er klar att om 52 veker (truleg noko avhengig av opplevinga i morgon…). I tillegg er me no fire andre som har byrja planleggje tur i lånt bubil eller minibuss for å gjennomføre ni stakemil i svenske skogar. Ein triggande smakebit finn de her! 

søndag 14. februar 2010

Holmenkollen Skimaraton 2010

Laurdag var det duka for eitt av vinterens store høgdepunkt: Holmenkollen Skimaraton. Noregs tredje største turrenn er ein klassikar. Turen frå Hakadal til Holmenkollen, gjennom lettkuperte og vintervakre Nordmarka, er på mange måtar ei historisk reise for alle som er glade i skisporten. For 35. og aller siste gong gjekk løparane originaltraseen – bortsett frå at mål denne gongen var flytt opp til Frognersetra. Dette skuldast byggeaktivitet i Holmenkollen i samband med VM 2011. Frå neste år vil rennet gå i ny trasé, med start i Sørkedalen og målgang i ’nye’ Kollen. Løypa vil altså framleis gå gjennom nokre av dei flottaste områda i Nordmarka, og sveipe innom den tradisjonelle 5-milstraseen.
..........Mange nytta det drygt 41 km lange turrennet til å forbetre startposisjonen sin i Birken. Det var ambisjonen også her i garden, men det står no att å sjå om eg lukkast med det... Gradestokken i bilen synte
-22°C på parkeringsplassen på bøane ved Hakadal ungdomsskule i Nittedal ein time før start. Sola og stemninga varma likevel då underteikna og den betre halvdelen pakka bytekleda i sendesekken til målområdet og gjorde dei siste førebuingane. Festesmurningen, Toko base, Swix VR40 (to tynne strøk), Rode Blå Super Ekstra (to syltynne), kom på skia alt i kjellaren hjå svigermora i Bærum. No stod berre eit nervelag med VR45 på toppen att for å ha noko å stå imot med når sola byrja få tak. Så fekk det berre stå til!
..........Dei fyrste 5 km går løypa i lett terreng gjennom öppna landskap i nordre del av Hakadal, før ho kryssar Gjøvik-bana ved Elnes og held fram sørvestover i Nordmarka. I dei jamne stigningane opp mot Langvann og fyrste drikkestasjonen ved 10 km var farten farleg høg. Tid: 41:40. Eg starta i fyrste startpuljen, samstundes som eliteklassane, og merka fort at dette var eit sterkt startfelt. Hadde bestemt meg for at ein kontrollert start ville vere lurt. Men då startskotet gjekk, tok adrenalinet over for fornufta – og eg gjekk hardt ut i fremste halvdelen av puljen. Kanskje ikkje det luraste eg har gjeve meg i kast med, for her brukte eg sanneleg mykje krefter…
..........Langs skogsvegen forbi Gørjavannet, Helgeren og Fortjern låg eg stort sett i eit 8-10 mannsfelt fram til matstasjonen ved Kikutstua. Halvveges til mål. Tid: 1:22:46. Merka undervegs at eg har mykje å lære på drikkestasjonane, for her går tida frå meg – og det røyner på å gå inn att 'feltet mitt' med 50-100 meter kvar einaste gong. Etter høgste punktet på turen ved Øyvannet (450 m.o.h.) og tredje drikkestasjonen ved Kobberhaugmyra på 30 km, tid: 1:57:15, gjekk turen i særs kupert terreng over Blankvannsbråten til Tryvannstua. Det hjelper å vite at høgste punktet er passert. Siste dose med sportsdrikk gjorde seg også her, kan eg love. Etter Tryvann og Frønsvolltråkka er det om lag 150 meter (!) stigning opp til mål ved Frognesetra. Det får vere ei slags trøyst at løypa fylgde dei nye løypene til Ski-VM 2011, og at eg fekk vere ein av dei aller fyrste til å gå denne traseen med makspuls, hehe! Sluttid: 2:35:37. Resultatlista synte 64. plass i M35-39; ein klasse med 436 deltakarar i mål. Greitt nok.
..........Etter månader med sein kveldsjobbing – og aldeles ikkje sein kveldstrening – stilte den betre halvdelen opp i K35-39. Ho gjekk svært kontrollert ut frå start i pulje 3, og avanserte gjennom heile løypa. Ein solid 14. plass i ein klasse der bortimot 90 fullførte. Fantastisk fin gjennomkøyring i årets vakraste skirenn!

søndag 31. januar 2010

Langrennskurs: skøyting

Langrennsgruppa i Syril arrangerer skøytekurs for alle over 16 år på Øvstestølen onsdag 3. februar kl. 18.15-20.00. Føremålet er å heve skøytekompetansen i Birkebeinar- og longsyklarlauget, hjå skitrenarane og andre skiinteresserte i klubben. Instruktørar for kurset vert tidlegare landslagsløpar Ingrid Narum (Sogndal IL) og underteikna. Rens skia for festesmurning og ta gjerne med skistavar som er om lag 20 cm. kortare enn kroppslengda di (ikkje noko krav!). Føremålet med kurset er at flest mogleg skal få med seg gode teknikkråd på vegen mot større glede av skøyting på ski - og at me vidare gjev god rettleiing til alle løparane våre i aldersbestemte klassar.
..........Anten du alt har lært deg dei tre grunnteknikkane i skøyting; padling, enkeldans og dobbeldans, og du har gått ein del skøyteøkter, eller du er heilt nybyrjar i skøyting, er du velkomen til ei artig langrennsøkt på Øvstestølen. Ta med dunjakka og ein termos med varm drikke, for på teknikktreningar er tempoet lågare enn på vanlege treningsøkter.
..........Me kjem til å leggje vekt på dei tre nemnde hovudteknikkane. Alle får rikeleg med tid til å prøve ut både enkeldans, dobbeldans og padling, og me gjev individuelle tilbakemeldingar og rettleiing i høve arbeidsoppgåver for teknikkforbetring.
..........Enkeldans brukar ein gjerne i slakt terreng, flatt og slakt utfor. Dette er teknikken du brukar når du har god fart. Teknikken inneber eitt stavtak for annakvart skyv; til dømes på kvar høgrefot. Balanse er viktig for å meistre enkeldansen, for det er ein føremon med god tyngdeoverføring i kvart skøytetak. I starten er det lurt å ikkje ha før høg takt/stakefrekvens, og det er nyttig å øve utan stavar. Dobbeldans vert brukt i slakt terreng, flatt og slakt oppover. Denne teknikken skil seg frå enkeldansen ved at du her tek eit stavtak for kvart skyv. Du stakar og glir på skia mot venstre og stakar og glir på skia mot høgre. Fokuser på tyngdeoverføringa også her, og tenk at kroppen helst skal ’kvile’ kort over skia før neste stavtak/glifase. Hugs; det er lurt å øve i lett terreng, for dess tyngre parti dobbeldansen vert nytta i, dess kortare stavtak og hyppigare skifte frå side til side. Padling brukar du i motbakkar. Dette er ’klatreteknikken’. Ein nyttar den eine skistaven å henge på (’hengarm’) og den andre armen til å skyve med.
..........Det er aldri nokon fasit på kvar i terrenget du nyttar dei tre skøyteteknikkane, men det er lurt å jobbe med å tilpasse teknikken til terrenget når du likevel er ute på skitur. Sjekk gjerne ut nokre teknikktips frå Team Xtra Personell her. Sjåast i løypa!

onsdag 20. januar 2010

Den neste er den beste

Då Kjetil André Aamodt var landslagsløpar, fekk han nærast dagleg spørsmål om han sette ei nyleg oppnådd topplassering høgare enn medaljar han før hadde hausta. Er dette din beste konkurranse?, høyrde han stadig journalistar spørje. Ein gong spørsmålet kom, vart han ståande lenge og tyggje på det før han svarte. Til slutt kom det: Den neste er den beste! Vegen framover mot nye mål og konkurransar var dei viktigaste drivkreftene i treningsarbeidet hans. Dette gjennomtenkte svaret vart i 2006 nytta som tittel på boka om skikarrieren hans; ei bok eg trygt kan tilrå – anten du er sportsinteressert eller ei.
..........Sist haust lanserte Haugtussen sine sportslege målsetjingar for året som akkurat har byrja på fellesbloggen til Birkebeinar- og longsyklarlauget. Fleire heiv seg på, og gjennomtenkte og meir eller mindre realistiske mål såg dagens ljos. Sjølv har eg prøvd å formulere tilsvarande målsetjingar – førebels utan heilt å lukkast. Dei er der nok ein stad, målsetjingane om plasseringar, om å greie merkekrav og å oppnå visse konkurransetider. Likevel ligg det ei sperre i meg som gjer at eg ikkje annonserer at målet for Birken er å passere mållina mindre enn 3 timar og 25 minuttar etter passering startmatta ved enden av Tingstadjordet på Rena. Eg får meg heller ikkje til å kunngjere for all verda at målet er å klive Fanaråken Opp på under 1 time og 15 minuttar frå startstreken på Turtagrø; eller at Blomstringsløpet helst bør vere unnagjort på under 14 minuttar (og revansje over nemnde Haugtussen eventuelt er eit hardtslåande faktum!). Nei, det viktigaste er faktisk å vite at ein er påmeld til nye konkurransar, tenkjer eg. Ei kvar samanlikning med Aamodten er sjølvsagt å tøyge dette med trening og målsetjingar altfor langt, eg veit. Det fell på si eiga urimelegheit. Men eg trur likevel mange deler synet hans om at det viktigaste er å glede seg til den neste økta og den neste konkurransen og sjå framover mot nye mål. Individuelt eller på lag med fleire. Treningstimar på blaute stiar og økter med ivrige, unge fotballspelarar er viktige deler av målet - resultat i form av prestasjonar får vere for reinspikka bonusar å rekne.
    
Og kanskje er nettopp dette årsaka til at eg ser på den lokale nyvinninga Giro Sogn som ein knallgod idé. Giroen handlar om å arrangere, og delta på, ein serie lokale konkurransar innanfor fleire ulike greiner. Mange i Birkebeinar- og longsyklarlauget seier no at dei vil hyve seg på den uformelle touren som ein lekk i treningsarbeidet utover i 2010. Kjekt!
Sjølve utforminga av konseptet går i desse dagar føre seg på nemnde fellesblogg: Bør me leggje opp til at t.d. 5 av 10 konkurransar tel i samandraget? Bør alle som deltek uansett oppnå minst 3 poeng? Skal me leggje opp til ei eiga konkurransehelg med jaktstart på sykkel fredag og laurdag - og ølbrygging/-smaking laurdagskvelden? Kva farge skal 'Eg-deltek-på-GIRO-de-SOGN-t-skjortene' (som alle deltakarane sjølvsagt får) ha? Alle synsmåtar og kommentarar vert sjølvsagt tekne imot med takk her. Me treffest på den neste!

torsdag 30. juli 2009

Birken 2010 - talar me om trippelen?

–No, stiller du på Birkebeinarløpet 19. september? Spørsmålet kjem frå lokal birkebeinar av det meir rutinerte slaget. –Hei, kjekt å sjå deg òg, prøver eg meg, men eg skjønar fort at eg ikkje slepp unna. –Nei, det får jamen halde at eg stiller opp att på rennet. 20. mars neste år, er det ikkje då? –Jau, og det er vel og bra det. Men du; skal me ikkje prøve oss på trippelen i 2010? Både rennet, rittet og løpet, meiner eg? –Høyrest lovleg ambisiøst ut, men eg høyrer at fleire i Birkebeinar- og longsyklarlauget på Systrondi siktar seg inn på heile greia neste år. Så det er vel kan hende ikkje veg utanom...
..........Praten fann stad i Saften ein dag tidleg i juli. Det var i grunnen fyrste gongen Birken 2010 har vore tema på bui. Utan at nokon av oss forplikta seg meir enn høgst naudsynt for det nye året, tok praten heldigvis ei ny og meir behageleg retning. –Høyrer forresten at Hilde Gjermundshaug Pedersen har runda 45, og at ho seier til langrenn.com at nok er nok når det gjeld konkurransar. –Eg er rett og slett dritlei startnummer, er den ærlege meldinga hennar.
..........Og jamen er det ein milestolpe at ho no legg opp. Langrennsjenta frå Nybygda debuterte i verdscupen alt vinteren 1984. Det er året då tikronesetlane vart erstatta av myntar, Preben Elkjær og Danmark tok bronse i fotball-EM i Frankrike, Ghostbusters og Ronja Røvardotter var to viktige kinoopplevingar, Eirik Kvalfoss - den store - tok gull, sylv og bronse i Sarajevo-OL, Lars Saabye Christensen gav ut Beatles, Åge Aleksandersen fekk Spelemannsprisen for Levva livet-plata, John McEnroe slo Jimmy Connors i Wimbledon-finalen, Per Egil Ahlsen vann cupfinalen saman med Fredrikstad og Alphaville herja hitlistene (og 2x40W-stereoanlegget i stova!) med Forever young, Summer in Berlin og Sounds like a melody. Eit stort år, med andre ord.
..........Det er berre ei ørlita hake ved at ho skal gje seg, tenkjer eg; ho går nemleg framleis utruleg fort på ski! Seinast i år vann ho Birken på ei uforskamma sterk tid, og på rulleski er det framleis ingen på landslaget som hamlar opp med henne. Når ho no likevel vel å setje strek for ei flott langrennskarriere, får me berre ta med oss hennar gode råd til alle skiløparar som no legg planane fram mot nettopp Birken 2010: Ho meiner nemleg at det ikkje er særleg lurt å gå på seg hjarteinfarkt i skiløypa (noko me finn det rett å slutte oss til), og ho rår oss til å vere nøye med å differensiere treninga vår. Langturar skal vere skikkeleg rolege og berre intervalløktene skikkeleg harde. Og; me skal halde meir på med det fyrste enn det siste dersom me vil prestere bra i Birken. –Ei fin birkenøkt kan vere å utvide ein totimars løpetur til ei lengre økt som òg inneheld både sykling og rulleski, seier ho til langrenn.com. –Det gjev god aerob trening og er meir skånsamt for kroppen, held ho fram, –og hugs: hald tempoet nede i langøktene!
..........–Men er det no verkeleg slutt, tru? Ein tredje birkebeinar har kome til. –Kristen Skjeldal sprang sist helg inn til ein knallsterk andreplass i motbakkeløpet Kvasshovden opp i Ulvik. Dei greier jo ikkje slutte å konkurrere! Og eg har lese at det overhovudet ikkje såg ut som fysikken var falma sidan han la skia på hylla, der han gav landslagsløpar Martin Johnsrud Sundby stryk i liene opp frå ein spegelblank Hardangerfjord. –Eg har så stor glede av å springe, uttalte han nyleg til langrennsveven, –og så trur eg at eg framleis flyt på gamal trening... På spørsmålet om han vert å sjå på startstreken i eitt eller fleire skirenn til vinteren, vart bulkenløperen tydelegvis både stotrande og usikker: –Nåja, hm, nja, tja, jaudåkanskje, neivent, egtrurvelikkjedetakkurat, nja, me får no sjå.
..........Ja, me ventar og ser. Mitt tips er at både Hilde GP og Kristen vert å sjå ved sekkevekta i startområdet på Rena 20. mars neste år. Meir uvisst er det vel korleis alt dette preiket om trippelen 2010 endar...

tysdag 28. april 2009

Kondis

Meir enn 12.000 Kondismedlemar mottok i går Kondis nr. 3-2009 i postkassa. Som framsida indikerer, har bladet omfattande dekking av Birkebeinarrennet. Mellom anna er det intervju med årets vinnar, Jerry Ahrlin. Det er også med ein fyldig rapport frå ein debutant av året. Fylgjande bilettekst står å lese under biletet av ein noko forkomen debutant på veg over Dæhliehaugen (etter om lag 53,5 km.!): Ole I. Gjerald er frå Leikanger i Sogn og Fjordane og går for Syril IL. Den ski- og skriveglade 37-åringen skildrar korleis han opplevde sitt første forsøk på å klare merket i Birken. Biletet er om lag dobbelt så stort som det freshe biletet av vinnar Hilde Gjermundshaug Pedersen på same sida, og det er vel æh, heilt på sin plass...
..........Kondis drøftar elles påstanden som vart framsett i programmet Puls på NRK1 om at birkebeinarar trenar seg hjartesjuke. Er dette verkeleg tilfelle? Artikkelen vert å dele ut til nye og gamle birkebeinarar på fyrste fellestreninga over sommarferien, for me satsar på å ha alle med også i 2010!
..........Bladet har ikkje mindre enn 12 treningssider med alt frå treningsprogram til haustens maratonløp til tips om korleis skiløparar kan fikse overgangen frå skisesong til barmarkssesong. Lærerike artiklar om oppvarming, uttøying og nedjogging er også med. Fyldige reportasjar frå Holmenkollen Skimaraton, La Transjurasienne og Flandern Rundt høyrer med, og endå er det mykje som ikkje er nemnt. Er du ein av dei som ikkje får Kondis gjennom postgangen, er det fullt mogleg å gjere noko med det her!

måndag 6. april 2009

Førpåskeskitur

Kjeringafjellet (1314 moh.) er innbydande i april, og førre sundag var det tjuvstart på påska med topptur for yngstesonen og meg. Flotte snøforhold, sol og vindstille - og nedfarten frå toppen av Bratthenget til Damefall på medbrakte alpinski var heilt super.


God påske!





onsdag 25. mars 2009

Birkebeinarrennet - rapport frå ein debutant

Lyseblå morgonhimmel. Eg er endeleg på plass i startbåsen, klokka har så vidt passert 08:00 og dei seier det vil bli mildare i lufta enn gårsdagens prognosar anslo. Sekk og ski vert plasserte midt inne i det tilmålte området til startpuljen. Oppvarmingsjogginga med stavar er nærast for ei rituell handling å rekne, men dei neste minuttane gjev meg i det minste tid til å summere opp morgonen: Ut av soveposen 03:45. Kjapp dusj på Birkebeineren Hotell. Ned i matsalen, saman med sambygdingar, for å hyve innpå stor frukost. Brødmat, frukt og havregraut. Pakking av ski og utstyr i bussen og avreise frå Lillehammer 04:30. Etter to timars slumring i monoton bussdur var me framme ved startområdet litt vest for Rena sentrum.
..........Her venta finishen med festesmurning som fyrste gjeremål. Eit tunt lag grunnvoks, det er grøn Toko som gjeld, vart varma inn i skia i smørjebua på hotellet i går kveld. Og eg kan love det var diskusjonar i den smørjebua! Mest om smurningsval, men også om matinntaket veka før rennet, bunkring av saltvassløysing og karbohydrat døgeret før start og til slutt om behovet for skikkeleg søvn siste natta. Det siste temaet framskunda oppbrotet frå smørjeøkta. Med nypreppa ski under armen tusla me på rommet, vel vitande om at mobilen ville vekkje oss dryge fem timar seinare.
..........Ei raud sol kikka fram då me steig or bussen på Rena, og eg merka så vidt eit svakt drag i lufta. Nokon nemnde at det truleg var motvind på fjellet, men eg lest som eg ikkje høyrde det. Tunne innpakkingslag med turrvoks stod altså no for tur: valet fall på ein Swixmix. VR55, VR60 og VR65. Til slutt veging og tilpassing av sekken (3,6 kg!), ei siste brødskive og nokre nervøse vasslurkar, det siste toalettbesøket (for mange av oss bak bussen), på med startnummer og leggbrikke (for dei av oss som til slutt fann dette i sekken, puh...) og så endeleg finne rett puljeinngang.
..........Sidan eg er debutant i Birken, frykta eg lenge at eg skulle hamne i ei av dei siste startpuljane. Nokre dagar før seedingsrennet på Golsfjellet dundra nemleg årets influensa inn i heimen. I febertåke og med pledd heilt opp på bringa, tyggjande på ei blanding av rosiner, turmiks og salmiakkdrops, såg eg meg sjølv trygt plassert i pulje 16. I lag med dei som har med appelsin og mjølkesjokolade i tursekken, og som tykkjer det skal bli fint å kome seg av garde fordi det brukar vere slikt eit folkeliv på matstasjonane. Saman med dei som er opptekne av å prate jovialt om at me femten kilometer før mål passerer hytta dei brukar vere på i påska. – Eg må sjå etter hytta før eg passerer Sjusjøen, seier dei kanskje, litt oppe i lia etter ein kvass venstresving. Sesongen baud på fleire seedingsrenn. Sjølvhøgtidlege birkebeinarar med merkeambisjonar og fluor under skia fekk såleis rikelege høve til å sikre seg ei meir attraktiv starttid...
..........Fire minuttar til start og brukbar kontroll på sjekkpunkta. – I alle høve for seint å gjere endringar no, kjem det turt frå sidemannen, – god tur, forresten! Klare? Klare! Startskotet går presis 08:20. Leggbrikka startar tida fyrst når kvar einskild passerer ’matta’ ved enden av Tingstadjordet. Ingen tendensar til konfliktar eller kaos i mølja. Opningsfarten er til å leve med, og det kjennest greitt å leggje seg litt til venstre i køen i det jamt stigande skogsterrenget opp mot Skramstadseter (9 km). Sola varmar, sveitten siler og fire koppar varm sportsdrikk glir ned på veg gjennom den fyrste matstasjonen. Eg har bestemt meg for å få i meg det eg greier i fart, ein stoggar jo helst ikkje i skirenn, må vite!, men erfaringane frå Søre Ål-rennet før i vinter gjer at eg likevel gjev meg sjølv litt tid.
..........Litt for mjuk festevoks? Vel, tråe ski er vel nokre hakk betre enn dårleg feste, trøystar eg meg med. Skyvet er tungt i motbakkane, men det gjeld å tenkje positivt. Me held fram i glissen lauvskog oppunder Dølfjellet (13 km). Framleis ingen teikn til den lokale konkurrenten Langpendlaren som starta i min pulje. Heldigvis ikkje til sambygdingane Teknekten eller O-løpern som kjem halsande i puljen bak heller. Nordvestover til Dambua (15 km) går det etter kvart kvast nedover. Fyrste energibaren blir fortært i stor fart i utforstilling. Så freistar eg å skru opp takten i dei kuperte stigningane opp til Raudfjellet (20 km). No får det bere eller breste, det er dette me har trena for, er det ikkje? Frå Nysætra (23 km) ber det gjennom småkupert og skoglendt terreng ned til Kvarstaddammen (27 km). Halvveges til mål! Kjeks, bollar og ein halv banan går ned medan eg speidar etter kjende andlet – som eg helst ikkje vil sjå no! Framleis er korkje Meklaren eller Langpendlaren å sjå, og eg bestemmer meg for å slutte å leite. Frå no av må eg halde fokus. Gå mitt eige løp, som det heiter i sportsjournalistikken sine termar.
..........I dei fyrste stigningane opp mot Midtfjellet (34 km) er det stadvis blank is i spora. Null feste, og ei snikande uro for at all festesmurninga er borte tek brått alt fokus. Skulle det verkeleg gå slik? Ei utsegn frå den amerikanske fotballtrenaren Joe Paterno står på repeat: – What counts in sports is not the victory, but the magnificence of the struggle. Jotakk! Heldigvis er det såpass stigning at me etter nokre kilometer kjem opp i turrare snø att. I dei lange stigningane med glatte ski er det umogleg å ikkje skjenne på seg sjølv for manglande trening av overkropp generelt og armar spesielt. Det kjennest som eit mirakel, men swixmixen under skia byrjar så vidt å virke att. Eg slær frå meg å supplere med klister. Svært letta over avgjerda, feirar eg det tilbakevendande festet med å nyte turen i det opne fjellterrenget. No er det dobbelttak med fråspark som gjeld. Han med dei oransje Rossignol-skoa, som lenge har gått heilt oppå bakskia mine, må sleppe. Huhei!
..........Kroppen er attende i flytsona, og tanken på å klare merket melder seg att. Det minner meg på merkedebatten som gjekk på e-post og på fleire skibloggar tidlegare i vinter. Innimellom heseblesande tjuvtrening, høgdeopphald på Storefjell, treningsleir på Beitostølen og eksperimentering med nye fluorbaserte gliprodukt, registrerte langrennsmiljøet i heimbygda at endringar var på gang: Arrangøren ville at fleire skulle greie merkekravet i Birkebeinarrennet! Då rennet gjekk over til seeda puljestart i 2005, vart det tøffare å klare merket. Dei siste åra har merkedelen gått ned med nesten 11 prosent. Nye retningsliner for utrekninga av merketidene inneber at dei best seeda i aldersklassar som startar i elitestartane ikkje lenger er med i berekningsgrunnlaget for maksimaltida. – Vel skal merket hengje høgt, men det har dei siste åra vore i overkant tøffe krav, var ein lokal konklusjon. Andre meinte at dei nye reglane kjem av at dei yngre generasjonane taper seg. Før gjekk ein med 5,5 kg på ryggen. No med 3,5. Ein klatra opp frå Lillehammer annakvart år, og køyrde slalåm med krampe i alle musklar ned til Stampesletta året etter. No går løpet berre frå Rena. – Og no? Lettare krav til merket? Kva blir det neste? Scootertransport opp frå Kvarstad? Nei, dette blir for ’lætt’, hevda dei tøffaste; – reine barneskirennet! For ein debutant som nærmar seg 4 mil, er det i grunnen greitt å vite at krava ikkje akkurat er skjerpa for året, og eg får ny motivasjon når eg registrerer at eg framleis ligg føre skjema ved passering Sjusjøen (41 km).
..........Etter siste drikkestasjonen syner løypeprofilen på birkebeinersidene at terrenget er lettare innover mot målområdet. Løypa buktar seg nedover slake lier. Nokre av utforkøyringane er skarpe, og eg tek meg for 10. gong (minst!) i å kjefte på løparar som skifter spor rett framom meg: – Hei, sjå deg føre, tulling! Stakinga i det flatare lendet innover mot Birkebeineren Skistadion i Lillehammer liknar ikkje heilt på vinnar Jerry Ahrlin sitt fryktelege rykk litt lenger oppe, eg veit jo det, men det går pokker ikkje så verst heller. Og det er stort å ta runden oppom Dæhliehaugen før sjølve oppløpet. Jobben er gjort, og på eit merkeleg vis er det både herleg og vemodig å passere skiltet som fortel at det berre er 300 meter att til mål.
..........13190 løparar tok seg over fjellet frå Rena til Lillehammer 21. mars, og ein meir strålande laurdag skal ein leite lenge etter. Med lommene fulle av bollar heia eg min betre halvdel i mål, og så vart det spanande å treffe att dei lokale konkurrentane i målområdet og i Håkonshallen. Dusj, premieutdeling og seinare samling på hotellet før festmiddagen er fast takst for gjengen frå Sogn. Høglydde diskusjonar om smurningsval, løypeprofil, merkekrav, puljeinndelinga, resultatlister og individuelle forbetringsplanar for neste års Birkebeinarrenn fylte lokalet. Det nyerverva merket vart ikkje akkurat hengt på jakkeslaget, men jamen var det med på innerlomma – heile kvelden. Takk for turen!

onsdag 18. mars 2009

Birkebeinarrennet 2009 - prolog

I år er me mange som skal i veg. Akkurat kva som fekk oss til å melde oss på, kan vere alt frå eit veddemål med kompisar eller jentegjengen, kollegialt gruppepress på jobben, ynskje om eit langsiktig treningsmål, helsevinstar gjennom jamn trening eller om å prestere betre enn i fjor. I alle høve har me gjort eit val som gjer at me no truleg har komande laurdag i tankane meir eller mindre konstant. For lat oss no berre innsjå realitetane her. Lat oss ta innover oss situasjonen me står i. Stikke fingeren i snøen og starte den endelege nedteljinga. Det er mindre enn tre døger til starten går på Rena.
..........I desse dagar er det visstnok svært vanleg å kjenne at ei lett forkjøling er i emning. Forma kjennest litt i ulage under dei siste finpusstreningsturane, og ein byrjar tvile på om skistallen er god nok. Er eigenleg kaldsnøskia stive nok til fråsparket mitt, tru? Burde me hatt Swix sitt rådyre rillejarn med oss i smørjekofferten, eller held det med Red Creek sitt strukturjarn dersom det vert skikkeleg blautføre? Og den strekken i ryggen, burde eg hatt ein tur innom kiropraktoren for å løyse litt opp der, tru?
..........Høyr; det er her eg trur me berre må bestemme oss no: For me veit at forma er kanon, steinslipen og strukturen i skia er nærast perfekt for føret som er meldt til helga og litt forkjøling i skrotten dei siste dagane er jo berre bra. Ja, for me gler oss til å stå opp kl. 04.00 på Lillehammer for å stappe i oss havregraut og brødskiver med honning og brunost under den viktige frukosten. Gler oss til den sovande og spente stunda på bussen som tek oss til smørjeinnspurt, sekkeveging og oppvarmingsdans på Rena. Me kvir oss slett ikkje til å ta viktige avgjerder; me gler oss til å endeleg velje ski og skistruktur. Og me ser iallfall fram til å kome i gang med sjølve løpet! Klart me ordnar godt feste og god gli til dei lange motbakkane oppover mot Skramstadsætra. Og hektiske mat- og drikkestasjonar undervegs taklar me like godt som kven som helst. Full kontroll.
..........For me har jo køyrt dei intervalløktene me treng, har me ikkje? Iallfall dei me fekk tid til. Me har sprunge Henjadalen på langs og på tvers, gått langturar og kortøkter både på for glatte og på knallgode ski. Det har nesten ikkje vore ein einaste fredagskveld utan at store og små mellom 7 og 70 har delteke på O-løper'n sine morosame og effektive sirkeltreningar til hårete musikk i 30x30-intervallar. Og sanneleg har me ikkje henta fram gamle kunnskapar om anaerob terskel og sonetrening òg. Sesongen starta med skiøkter i rima løyper etter nattefrost (nesten utan snø!), men no veit me at me kan halde oppe eit skikkeleg driv gjennom 54 seige km. – sjølv om vinden ular og det lavsnøar heile vegen. Me berre veit det går bra.
..........Endå meir gler me oss til å fylle opp att alle karbolagra med fenalår, sild, heimabrygg, sjokolade, cola og potetgull under høgrøysta deling av dagens gode og dramatiske opplevingar på banketten utpå kvelden. Til å dele felles skjebnar på grunn av eit lurvete skiføre, javel, eller felles opplevingar av solskin, samarbeid og superglid dei siste 14. Fellesstart i puljer på klassiske skirenn er utruleg kjekt, og me fryktar ikkje dette meir enn det nokon av dei andre 14.500 deltakarane gjer. Nei, dette fiksar me fint. Me gler oss fordi me er trygge på oss sjølve og på gjengen som er med. For Birkebeinarrennet 2009 blir all time high!

søndag 15. mars 2009

World Cup

Jobben inneber vekeopphald i Trondheim. Fint i Nidaros, jepp, men det er det no jamen mange andre stader òg. To faktorar gjer likevel Trondheim til ein ekstra flott stad å vitje; nemleg Lerkendal og Granåsen. Sist haust fekk eg med meg europacupspel på Lerkendal. Førre veke klaffa det med World Cup-sprint i Granåsen.

Etter førelesing på Dragvoll, NTNU bar det i bilen for å fylgje World Cup-duellen på nært hald.
I framkant av sprintrennet heitte det seg at verdscupleiaren Dario Cologna var småsjuk. Med den snart fire år gamle Sony Ericsson K750i-telefonen knipsa eg Super-Dario både før, under og etter den forrykande sprintduellen. Han verka frisk og æh, rask, spør du meg!
Sympatiske Dario skreiv autografar og stilte opp for små og større (!) fotografar, medan Petter Northug jr. ikkje stod i ro ein einaste augneblink. Sant å seie prøvde eg å sjå etter om han på noko tidspunkt hadde begge beina i bakken samstundes. Det var berre så vidt eg registrerte nokre få tilfelle av fenomenet…

Ola Vigen Hattestad (heilt til høgre i biletet ovanfor) slo Northug (i midten) på oppløpet i finalen, og fekk såleis revansj for tapet i fristilsprinten i Lahti sist helg. Northug kneip innpå sveitsaren Cologna i verdscupen, og etter femmila i går er det alt Petter som har den gule trøya som syner leiing i verdscupen samanlagt.

Northug sin andreplass i rennet var viktig for spenninga i sesonginnspurten – og så var det så kjekt å vere der akkurat då! Landslagskollega Trond Iversen (biletet) tok ikkje sjansen på å vedde om kven som vinn til slutt. Verdscupen held fram til veka, og neste episode i realityserien 'World Cup-duellen 2009’ er komande onsdag med sprintrenn i Stockholm. Stay tuned!

onsdag 25. februar 2009

Søre Ål-runden - rapport frå eit seedingsrenn

Kjensla kvelden før er kjend, sjølv om det, som far min har peikt på, er nokre år sidan eg sist stilte med startnummer i eit langrenn. Diskusjon i smørjebua på hotellet. Fyrst om matinntaket veka før rennet, så om bunkring av saltvassløysing og karbohydratar i skrotten døgeret før start og til slutt om trongen for skikkeleg svevn siste natta. Temaet framskundar oppbrotet. Med nypreppa ski under armen tuslar me på rommet. Søre Ål-runden er eitt av seedingsrenna for Birkebeinarrennet. Løypa er på dryge 40 km, veit me, etter at arrangøren i 2007 gjorde fleire utbetringar av den opphavlege traseen. Start og mål er på Flugsrudjordet rett sør for Lillehammer sentrum. Herifrå går løypa i flott skogsterreng i Søre Ål-marka over mot Lismarka og Brøttum. Lange, slake diagonalbakkar i kombinasjon med meir travle springeparti og skarpe utforkøyringar skal gjere løypetraseen perfekt for pleie og testing av forma ein månad før Birken. Med startnummer 183 startar eg i pulje 2. Romkameraten kjem i pulja bak.

Startskotet går og eg summerer opp: God gli og brukbart feste på skia, kroppen såvidt over forkjølingskneika, jotakk, og i mølja av ski, stavar og travle likesinna slær eg fast at dette iallfall vert eh, interessant... Me får drikke og bananer etter 10, 22 og 30 km. Eg har bestemt meg for berre å ta inn det eg greier ete og drikke i fart. Ein stoggar ikkje i skirenn, må vite! Fyrste mila er langt meir krevjande enn eg har greidd å lese ut frå løypeprofilen på nettet. Bratte motbakkar, få kvileparti. Løypa buktar seg deretter av garde i lett kupert terreng over myrer, mellom små vatn og i vakker, snødekt granskog. Før den andre drikkestasjonen når løypa sitt høgste punkt, og no kjenner eg betre att det memorerte løypekartet og -profilen i høve traseen me går i. Ei mor i raud Swix-dunjakke smiler til meg når ho rekkjer meg eit plastkrus med Maxim-drykk. Dottera peikar på han som nektar å stogge heilt opp, og ropar: -Trur du dem er slitne, ell? Eg prøver å få alt ned i ein slurk, og hiv etter pusten då eg kastar koppen frå meg og ropar takk tilbake. Takk for serveringa, tenkjer eg etterpå, slett ikkje ein ironisk takk for spørsmålet hennar - for det var truleg heilt på sin plass...

Frå om lag 25 til 35 km kjem lange, flate parti for dobbeltak. Det er umogleg å ikkje kjefte på seg sjølv for manglande trening av overkropp generelt og armar spesielt. Eg tolkar det elles som eit godt teikn at eg irriterer meg over løypemannskapet som ikkje har kasta på nok snø to stader der løypa kryssar ein skogsveg. Eg fryktar at strukturen under skia skal få rundjuling av sandkorna som er virvla opp i sporet - ergo er eg ikkje heilt likegyldig der eg pressar vidare heilt oppunder den 'anaerobe terskelen'. Eg har prøvd å drive litt terskeltrening med høg intensitet. Då jobbar kroppen like under og på den intensiteten der kroppen sin produksjon av mjølkesyre overstig evna kroppen har til å eliminere ho. Akkurat under terskelen unngår ein opphoping av laktat i muskulaturen, heiter det seg, og det er å håpe det beste så lenge som råd er...

Klokka fortel meg at eg har pressa i over to timar no, og løypa har for lengst snudd nordover att. Då ho slepper seg ned i ein frisk utforbakke, kjenner eg brått att terrenget der me testa ski i dag tidleg. Attende på Flugsrudjordet går løypa i lange sløyfer før eg endeleg stakar forbi målseglet. Jækla irriterande at startnummer 202, som eg har sett både framføre og bak meg undervegs, slær meg i spurten, men akkurat det treng jo aldri nokon få vite... På parkeringsplassen bestemmer eg meg for å sende heim eit sjølvportrett og skryte av plasseringa mi. Ein splitter ny skismurning er premien for å vere inne blant den beste tredjedelen i klasse M36-40. Huhei, og så vert arbeidsdagane til veka truleg nytta til hyppig oppdatering av seedingsida til rennet med stor førebokstav...

søndag 1. februar 2009

Tidene endrar seg

Debatt av det eksistensielle slaget i elitesjiktet på Systrondi. Innimellom heseblesande tjuvtrening, høgdeopphald på Storefjell og Beitostølen og eksperimentering med fluorbaserte gliprodukt i pulverform, har nemleg det mørke og konkurranseprega skimiljøet i bygda registrert at endringar er på gang. Endringar som kan få dramatiske konsekvensar. Og denne gongen har me ikkje Obama sine retoriske evner å takke: Arrangøren ynskjer nemleg at fleire skal greie merkekravet i Birkebeinarrennet! Dei siste åra har det blitt verre å greie merket, rett og slett fordi eliteklassane stadig spring fortare samstundes som eliten alltid har dei beste tilhøva. Merkeprosenten har gått ned med 11%, må vite, og eliteklassane skal no fjernast frå berekningsgrunnlaget. Utdrag frå e-postveksling fylgjer:

Sendt: 21. januar 2009 15:59
Emne: Nye merkekrav -> nye moglegheiter for heider
Tatt i betraktning dei nye merkereglane i Birken, er det greitt med eit oversyn på korleis merketidene ville ha vore i fjor med desse reglane. Då ville Monica, Rigmor, Ingar, Odd A. og Lars M. teke merke i tillegg til Magne, Vegard og Torunn. Glorien får dei likevel vente med å pusse til merket er teke i tråd med gjeldande regelverk. Det er grunn til å tru at fleire vil cruise inn til merket i år, og fleire andre får større motivasjon. Dette lover bra. Teknekten

Sendt: 22. januar 2009 08:04
Emne: SV: Nye merkekrav -> nye moglegheiter for heider
Hei, eg bøyer meg i støvet med tanke på kor flink arrangøren er til å oppmuntre dei som i røynda ikkje er gode nok. Eg held på mitt: Merket er i grunnen noko jåleri som mannfolk må hengja på seg for å syna seg fram. Eg ser m.a. føre meg kollegaer gå rundt i vårt store kontorbygg med opp til fleire merke på seg … fy...f… Det neste er vel at dei som er 5 minutt frå merket får eit halskjede med birkebeinaremblem som dei kan sprade rundt med. Kan forresten informere om at eg har endå eit prinsipp, i tillegg til dei eg alt har nemnt: Eg går ikkje med kjede rundt halsen! Eg innser at dette kan verke som ein uttale frå ein dårleg tapar som ikkje har ein sjanse på merket, men likevel; no er det sagt… 10 startar - 0 merke

Sendt: 22. januar 2009 08:57
Emne: SV: Birkebeinarknappen
Denne løparen var i fjor i New Mexico, og reid inn i solnedgangen med hatt - og så var han på country & westernsaloon, og har difor ikkje talerett i denne sak. Men: Etter det eg kan sjå, gjev ’justerte merkekrav’ tilnærma same makstid i alle herreklassar (M20–M50 på 3.42). Konklusjon: Her har nokon vingla og dotte akkurat som LM, M, dommaren og Obama! Mvh. Busspassasjer i år til Lillehammer og Rena og MED ski. PS: Ser elles fram til ein kulturell kveld der borte!

Sendt: 22. januar 2009 09:12
Emne: SV: SV: Birkebeinarknappen
Ja, jeg er svært skuffa over disse nye reglene! Her har jeg lagt opp et stramt trenings-, kostholds- og livsstilprogram for å klare merket for første gang på over 20 år – nå ved opprykk til ny klasse, så ødelegger de hele greia ved å gjøre det enkelt! Mvh. Jålete birkebeiner med håp om flere merker. 9 starter, 1 merke PS1: Nå har jeg lagt hodet på blokka, fallhøyden er stor! PS2: Det var ikke store variasjonen i merketida fra M20 til M45 i fjor heller...

Sendt: 23. januar 2009 08:34
Emne: SV: SV: SV: Birkebeinarknappen
Nei, nei, nei... Her har eg stumpa røyken til inga nytte. No vil jo gud og kvarmann klare det; truleg også han med 10 startar og 0 merke, så kva er då vitsen med å gå Birken? To deltakarmerke? Nei, no vurderer eg å gjere som Rolfen; droppe heile greia. Heldigvis har eg 10 merke som det står ein viss glans av. 10 merke

Sendt: 25. januar 2009 20:36
Emne: SV: SV: SV: SV: SV: Birkebeinarknappen
Det er tydeleg at dei yngre generasjonane taper seg. Dei må ratt ha infiltrert rennstyret. Før gjekk vi med 5.5 kg på ryggen, no 3,5, Vi klatra opp frå Lillehammer annakvart år. Vi køyrde slalåm med krampe i alle musklane ned til Stampesletta året etter – og no; lempelegare krav til merket! Kva blir det neste, scootertransport opp frå Kvarstadammen? Er det nokon som blir med på ein tur over Grønland, merketid: to veker? 27 merke

Sendt: 25. januar 2009 23:07
Emne: SV: SV: SV: SV: SV: SV: Birkebeinarknappen
Hei, gutar! Merke eller ikkje merke, er det så farleg då? Ei helg i mars har me ein flott tur til Lillehammer. Ein lang ettermiddag med mange gode råd om smurning og alt anna ein kan spekulere på. Tidleg frukost og ein stille busstur, før me får bruke kroppen og nyte austlandsnaturen. Og så avluttar me dagen i kjekt lag med oppsummering av alt som har skjedd. Er ikkje det nok? I dei gode, gamle dagane som førre debattant skildra, var det nok høgare del av dei startande som greidde merket, men det var òg langt færre med! Det er berre fleire som prøver seg no. Og det er kjekt (elles hadde me vel hatt nok med ein personbil frå Syril). Takk til alle gode Birkebeinarar med godt humør og mykje pågangsmot. PS: Blir med over Grønland når eg blir pensjonist og har tid til slikt.

torsdag 15. januar 2009

For the times they are changin'

Nok ein gong er Axel Teichmann ute i media og kritiserer Petter Northug for uhøvisk framferd. Teichmann peikar ut Tour de Ski-vinnaren Dario Cologna frå Sveits som eit døme på korleis ein ung og lovande skiløpar skal oppføre seg overfor utøvarar som tidlegare har vunne titlar. –Cologna har rett nok mange likskapstrekk med Northug, seier han, men han syner i det minste eit minimum av respekt.

–Uff, det er nesten synd at han sier sånt, for da blir æ så jævli' motivert for å ta'n, svarer Petter. –Æ ga mæ sjøl klar beskjed før finalen i Tour de Ski; no går du heilt i kjellern! Greidd itj å roe mæ kvelden før. Gikk bare frem og tilbake på rommet og prøvde å være på hugget mentalt. Og løpet la æ jo pinadø opp perfekt taktisk...

Eg tek meg i å digge Petter Northug. Skrur opp lyden på tv-en med ein gong han får ein mikrofon opp i fjeset. Humrar over slagferdigheita hans, og tenkjer at me sanneleg treng nokon som stikk hovudet fram. Som tek litt av og kliner til med absolutt alt dei har. Og så kjem eg til å tenkje på Oddvar Brå. Han var gjerne best i desember og januar, men så drog det seg til mot VM eller OL: –Njaaa, det e greitt, ja, æ ha vårre i brukbar form, ja, svarte Oddvar, men no kjenne æ at det tykne te litt i hærsen. Bra for oss at me fekk ein dose Bjørn Dæhlie i mellomtida, for han førebudde oss på eit vis på Petter.

Holmenkollen åttito,
véret bra og snjoen god.
Langrennsess på høgt nivå.
Like bak kom Oddvar Brå.

Savjalov, den digre slamp,
Drog av garde, det vart kamp.
Mange trudde det skulle gå.
Like bak kom Oddvar Brå.

Seig som lim frå IL Leik,
Aleks vart nok litt for veik.
Dei gamle gutta spytta skrå.
Like bak kom Oddvar Brå.

Ut frå skogen i attakk
Kom ein fryktlaus, sterk kosakk.
Men var det han dei heia på?
Like bak kom Oddvar Brå.

Oddvar kom og seig forbi,
Med gode ski, heilt virusfri.
I mål var Aleks kvit og blå.
Like bak kom Oddvar Brå.

Men endeleg var Oddvar best,
i Holmenkollen var det fest.
Kongen kom og ville sjå.
Like bak kom Oddvar Brå.

Like bak kom Oddvar Brå, Arne Hjeltnes, frå diktsamlinga Sumaren eg fylte diesel, Det norske samlaget (Oslo, 1993)

måndag 29. desember 2008

Heimejol

Det tok litt tid i år før det vart skikkeleg skiføre, men i jola har parkeringsplassen på Kleppa pinadø vore full att. Alle aldrar, ambisjonar og aktivitetar har vore representerte i skiløypa, og løypenettet på Øvstestølen er hermed kåra til den mest sosiale arenaen i bygda. –Må du stogge for å prate med alle, då? Yngstesonen oppgjeven over tyting om trening, skismurning, Tour de Ski, den britiske dramaserien Cranford, siste nytt om israelske åtak på palestinske område på Gazastripa, løysinga på gårsdagens Julenøtter (eit kjekt program som eg aldri rekk å få med meg!) – og nye målingar om kva fogderistrid(ane) har å seie for utviklinga i Sogn og Fjordane. Berre ordet gjer meg nærast kvalm... –Nei, du har rett, slær eg fast, frå no av seier me berre 'hei', hæ? –Ja, bra!

Etter fleire æh, sosiale dagar på ski, er det til gangs fint å oppsøkje dei finfine langrennsløypene på eit tidspunkt nesten ingen andre er der. Uansett om ein planlegg å delta i skirenn eller om ein brukar skia for å halde seg i form, er det viktig å beherske ski og teknikk slik at ein får størst mogleg glede av turane, må vite. Difor tidleg opp sundag for å trene – utan å måtte stogge. Midtvegs ute i tredjerunden, litt over kl. 09.30, slit ei oransjeraud sol seg såvidt opp over Fresvikbreen på andre sida av fjorden.

Så vert det ein stogg likevel. Ikkje for å prate, nei, men for å lene seg på stavane og ta inn soloppgangen midt i økta. Laaange skuggar buktar seg bortover utanfor løypa, og eg knipsar trasèen med tomegapixeltelefonen. –Nei, vidare! No med tankane festa til Kristen Aaby sine tips for dei fyrste skiturane til lesarar av bladet Kondis. To hovudfaktorar tel; god teknikk og gode ski. –Det viktigaste i starten er å gå roleg, veldig roleg, seier han. –Difor er det ein føremon å gå dei fyrste skiturane åleine. Jau, eg veit så vel, for konkurranseinstinktet gjer at me gjerne har lett for å mase einannan opp utan å tenkje på teknikken når me går i flokk.

–Hugs; ikkje springe oppå skia med høge skuldrer, men finne roen og gli på skia, held han fram. Hm, nett det med å gå roleg er eg iallfall med på, merkar eg, for balansen tillet ratt ikkje noko anna. Og så langt i jola har den andre faktoren lete seg løyse med tynne lag Swix VR50 under skia. Greitt slik.
Etter lang skiøkt ber det heim til førebuing av stor fellesmiddag og kjekke aktivitetar som høyrer jola til – og som gjer at det heller ikkje i kveld vert høve til å konkurrere i stova om å vere best på Roald Øyen sin faste jolequiz...