Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

torsdag 14. august 2008

Store Skagastølstind

Ein fager seinsommarkveld på Skogadalsbøen i Jotunheimen gjekk det opp for meg at det finst to typar fjellvandrarar; dei som har vore på Storen - og dei som ikkje har vore det. Store Skagastølstind (2405 moh.) er Noregs tredje høgste fjelltopp, og den høgste som krev klatring. Toppen ligg i Hurrungane, sørvest i Jotunheimen. Engelskmannen William Cecil Slingsby vart i 1876 fyrstemann opp. Sjølv har eg rett og slett drøymt om denne toppturen sidan eg sat på toget frå Oslo til Voss i 1998 saman med ei som då var lækjarstudent – og som skulle klatre Storen den same septembermånaden. Ho var på veg til Finse for turgåing, trening og overnatting i telt. Ho talte i levande bilete om turen frå Turtagrø til toppen som ho rett nok førebels berre hadde lese om og studert på kartet saman med gode klatrevener.

Eg hugsar godt ho forklarde at rutene som er hyppigast nytta ikkje er vanskelege, æh, reint klatreteknisk, men at ein må bu seg på å bli eksponert for stor høgde og luftige passasjar. Det same seier alle andre eg kjenner som har vore opp òg, og det byrjar bli irriterande mange! Sjølv las eg i farsdagsboka som eg fekk i fjor, Norges fjelltopper over 2000 meter, at ein må starte tidleg på morgonen frå Turtagrø fordi ein må pårekne ein del venting både på opp– og nedturen. Mange har som målsetjing å stige opp dei om lag 1600 høgdemeterane no i august og tidleg i september. Det er no snøsmeltinga er komen lengst, og det er truleg ikkje lenge til det på ny kjem nattefrost og is på svaa oppover. Timinga er altså ideell.

Turen startar frå Turtagrø og går inn Skagadalen opp til steinhytta på Bandet. Fyrste etappen greier me greitt under tre timar, men herifrå vert terrenget straks brattare. Det er fare for steinsprang særleg fyrste delen, og fleire passasjar krev lettare klyving opp til det kjende Hjørnet. Frå Svaet sikrar ein fylgjet med tau. Hjørnet er elles fyrste verkeleg luftige platå. Neste passasje er Galleriet som fører oss vidare opp til ei ny hylle. Frå Galleriet har turen to alternative ruter; Vigdals Sva og Heftyes Renne. Her er det om lag ti-femten bratte høgdemeter opp det som i boka vert definert som 3.-4.-gradsklatring. Når denne parsellen er unnagjort, er siste resten til toppvarden grei. Utfordringa på returen er ein 40-metersrappell nordvest for ruta me brukar på vegen opp. Rappellen tek oss nedatt til like ved Hjørnet. Nedturen til Turtagrø er elles den same som ruta opp.

Fort å vere kjepphøg, ovanpå, tøff og cool når ein sit i go’sofaen i den sørvende loftsstova – med flott fjordutsikt mot Feios, Fresvik og Vidasethovden på sørsida av Sognefjorden (skimtar me Rambera òg, tru?) – og skriv på bloggen sin. Kan hende er likevel hovudutfordringa høgda og den mentale øvinga som ligg i å forsere smale galleri og klyve 600 meter over Slingsbybreen?

Kjekt å reise fire personar – førebels er me berre to. Kven vert med, og kven har gode råd til ekspedisjonen? To alternative datoar peikar seg ut; 30.08. eller 06.09. Bruk kommentarfeltet eller send ein e-post til oigjerald@gmail.com. Klar for årets luftigaste fjelltur?http://www.youtube.com/watch?v=kQm81XyzQfE

fredag 8. august 2008

Frå sidelina…

Det let ikkje vente lenge på seg. Kjende og ukjende systrendingar, ja indresogningar, kjem bort for å gratulere. Med triumfen. Den fyrste i Syril si soge! Korleis desse samtalane går? Praten med ein vaskekte Syril-veteran på bui hin dagen illustrerer. –Gratulerer, dette var kjempemoro! –Jau, æh, klart det var utruleg kjekt; både for gutane sjølve og for alle oss rundt laget... –Ja, hina deg, men kva har de eigenleg gjort for å lukkast, kva er oppskrifta? –Tja, det kan du sanneleg spørje om, dei er jo flinke å trene… –Hadde de eigenleg forventa å lukkast så bra, då? –Nja, eg var jo viss på at me hadde eit godt 7-arlag i Norway Cup i år, hadde trua, men eh, forventa, nei, ikkje sjølve sigeren iallfall… –Korleis kjendest det når fløyta gjekk og finalen var over – og: då gutane lyfte den store sylvpokalen? –Nei, det kan vel knapt beskrivast med ord, og eg får ei kjensle av korleis Sir Alex truleg kjende det i Moskva i mai, hehe! Vert ratt tjukk i røysta berre av å tenkje på det…

Så er det likevel ikkje så lett med sigersintervju. Og så eg som mange gonger har ergra meg over ’tomme’ fraser frå Petter Northug, Marit Bjørgen og Martin Andresen. Kafaan, må jo beint samanlikne meg med dei nett no, vel?

Litt lettare er det i lunsjen når dei som verkeleg ikkje veit mykje om fotball, men som er nyfikne etter store overskrifter, spør. Då kan eg lene meg på empiri. –Norway Cup vart arrangert for 36. gong frå 27. juli til 2. august. –Syril sine '94-gutar stilte lag, og eg er trenar. –I løpet av veka møttest 30.000 deltakarar frå om lag 50 nasjonar til 4000 kampar i det som er verdas største fotballturnering. –I år var det ny rekord med over 1500 påmelde lag – og i klassen G94 var rundt 70 av desse! –Me spelte åtte kampar, tre i gruppespelet og fem i A-sluttspelet; og gutane vann alle, gitt. Slikt.

To av laga Syril-gutane møtte var utanlandske, og særleg finalen mot Paces Palestine G94 vart ei utruleg fin oppleving på tvers av kulturelle skiljeliner og språklege barrierar. Nærast ei forbrødring med felles fotografering, briljering på sognaengelsk, no problem, utveksling av palestinaskjerf og gåver - og avtalar om å treffast att til neste år. Knallmoro – og fair play på alle, alle vis! I tillegg til trenarar og lagleiar var det mange foreldre, vener og ikkje minst småsysken som stod på sidelina under finalen. Alle medverka til god stemning før, under og etter kampen. Vetlebror i heimen ivrigast, og fleire av oss prøvde seg etterkvart som frivillige linedommarar, ja, jamvel som frivillige hovuddommarar, jf. Tv2-innslag frå finalen, arrrghh…

Media har stor interesse av Norway Cup. 750 journalistar, fotografar og TV-medarbeidarar frå heile verda er akkrediterte. Vår favoritt under Norway Cup i år var, i tillegg til Sogn Avis, Tv2-sendingane. Særleg finalesendinga der Syril-gutar (i alle aldrar, høhøhø) hamna på teip, slo an. Her har me henta ein passasje frå sekunda etter at finalesigeren var i hamn. Verd å ta med seg: Tv2-reportaren: –Anders, to mål i en Norway Cup-finale, hvordan føles det? Anders: –Da gaorkje an å beskriva ein gong, fy f…, åååh! Tv2-reportaren: –Akkurat nå, hva husker du av scoringene dine? Anders: –Ikkje so mykje, dei var berre j… viktige! –Fy f…! Eivind: –Ja, altso, me frykta dette laget på forhånd, for me høyrde dei var veldig gode, så me bestemte oss for å legga ut i eit hardt press – og da lukkast!!! Anders: –Ja, denne kampen var ein bonus for oss, og me skulle gå ut der i dag og vise kva me kunne. Me er best!
http://webtv.tv2.no//webtv/?progId=255608

Utrulege dagar ilag med 10 supre systrondgutar er over. Takker for innsatsen til alle som var med, og for opplevinga de gav oss. Som eg avslutta på bui hin dagen:
–Me fekk da jo pinadø te, me, karar!

søndag 27. juli 2008

Til topps

Ferieveka i Rondane og i Dovrefjella er utvilsamt eit årleg høgdepunkt. Då er det semje om at fjell er betre enn fjord, og om at nytrekt og –steikt fjellaure er betre enn nygrilla pylse. Og så medfører slike flotte opphald i fjellheimen at me oppdaterer oss på klassiske GENI-spørsmål. Greitt til seinare bruk, noko også yngstesonen har oppdaga. Ikkje noko å seie på konkurranseinstinktet, iallfall.

Døme? Rondane har vore nasjonalpark sidan 1962, og fjellområdet har heile ti - 10 - fjelltoppar over 2000 meter. Nasjonalparken vart utvida i 2003, og dekkjer i dag eit område på 963 kvadratkilometer i Oppland og Hedmark. Den høgste toppen er Rondeslottet, 2178 moh. Mellom fjelltoppane i Rondane går markerte dalar gjennom landskapet. Den djupaste dalen er fylt av Rondvatnet (1167 moh.), ein smal innsjø mellom Storronden (2138 moh.) og Rondeslottet på den eine sida og Smiubelgenområdet på hi. Rondane har ikkje nok nedbør til at isbrear har oppstått her, men ein finn mange isbreliknande snøfonner i dalane. Huhei, slik kunnskap er kjekk å kunne skilte med i rette selskapet.

Frå Rondvassbu i enden av Rondvatnet kan ein nå alle 2000m.-toppane på mindre enn ein dag til fots. I dette sentrale området og vidare nordover er området ganske høgreist og vilt samanlikna med dei flatare platåa lenger syd.

Veslesmeden (2015 moh.) er ein steil, markant og svært synleg topp som ein best kan nå frå Rondvassbu. Toppen ligg i den vestlege delen av Rondane, som vert kalla Smiubelgen. Turen opp på Veslesmeden inneber ei samla stigning på om lag 850 m., og det er reinspikka storsteinur på toppen. Me la i utgangspunktet opp til å bruke heile dagen på turen, endå Turistforeininga tilrår denne toppturen for alle som er i brukbar form – også born. Åtte- og fjortenåringen stilte med sykkel frå parkeringa ved Spranget. Dei vaksne gjekk dei dryge fire kilometerane inn til Rondvassbu.

Aj, dette hadde me gledd oss til – for nettopp Veslesmeden var årets hovudmål med sommarveka til fjells. Og dette vart ei spesiell turoppleving; spanande og mektig i storslått natur - og bokstavleg tala 'toppa' av nokre minuttar med heilt tåkefri utsikt mot Rondeslottet og Vinjeronden (ein tur me gjekk i 2006 med eldsteson!). Sjølv om toppen etter forholda er lett tilgjengeleg, vart dette spektakulært nok sidan topplatået er smalt, lite og trongt - og stupbratt utover på tre kantar. I blesten på toppen skreiv me oss sjølvsagt inn i boka før me returnerte nedover i lia for ein betre matstogg. Prov er viktig for ekte fjellvandrarar, må vite... Energibarar og svakblanda saft kan verkeleg smake godt på toppen av leverposteiskivene. Heimturen gjekk på litt over halve tida av det me brukte opp. Otta sentrum vart deretter letta for eitt kilo smågodt til bilturen oppatt til Dovre.

Mål nr. 2 for sumarveka i fjellheimen ligg midt inne i Dovrefjella og heiter Snøhetta, 2286 moh. Lokalt Sjohechta. Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark vart oppretta i 2002. Dovrefjell har vore eit nasjonalt symbol sidan karane på Eidsvoll i 1814 svor eiden Enige og tro til Dovre faller. Toppen ligg i Dovre kommune, og er det høgste fjellet i Noreg utanom fjella i Jotunheimen (merk: det er likevel ikkje meir enn den 32. høgste fjelltoppen i landet!). Det går fleire ruter opp, samtlege tek om lag fem timar tur/retur.

Traversen mellom hovudtoppen og Vesttoppen, 2253 moh., er ein klassisk klatretravers. -Med finare vèr kunne me vel ha teke den òg, hæ? Den betre halvdelen i heimen yppar seg for tida på desse toppturane, og no snakkar me ekte klyving i det eg vil kalle æh, steinbratt ur. -Det gjorde iallfall skiløpar Tor Arne Hetland og kona, sambuaren, dama eller kjærasten, for dei flaug forbi oss på veg opp. -Jau, men eg sa jo til han då dei fòr ifrå oss at me skulle ta dei i æh, spurten, fekk du med deg det? -Høhøhø, du er no vittig, er du... -Og så trur eg jamen at eg òg skal prøve meg med stavar neste gong, for du la vel merke til at Hetland hadde slike? Eg dristar meg frampå. -Slik som Hetland, du liksom, skjerpings no, utstyrsfrik!

onsdag 9. juli 2008

Om tidsskilje

Forandring frydar, er det noko som heiter. Og det stemmer jo eit stykke på veg. Du er lei av bunaden din, alle andre har jo ein nesten lik, og du kjøper deg ein ljos dress. Du kjøper nye joggesko og kjenner steget, forma, farten bli betre, heilt til du hamnar i ei myr, og skitnar til dei nye skorne. Du, eller ho eller han du bur saman med, står for tur når det skal kjøpast nye langrennsski. Sjølv om dei nye skia er heilt identiske under, og slipen er lagt i den same maskina, er det ei utruleg ny og god kjensle å prøve nyskia. –Ja, desse skia kjøpte eg jo den same hausten som eg gjorde det-og-det, kan me seie. Me har noko å knyte tida til, og for nokre av oss representerer nye ski eit slags enkelt tidsskilje.

Thomas Mann kommenterer dette i romanen Trolldomsfjellet frå 1924. Når mange etterfylgjande dagar og veker er like, skrumpar store tidsrom saman på ein måte som set skrekk i hjarta på ein, skriv han. Og når ein dag er som alle andre, så er alle dagar som ein; og ved fullkomen monotoni ville sjølv det lengste livet opplevast som ganske kort og borte før ein visste ordet av det. Slik talar ein ekte filosof, og eg merkar at eg er samd. Greier eg å skilje tydeleg mellom åra som student på Blindern, eller heng dei saman som ein einaste graut?

Det einaste middelet til å bremsa livet, så å seie, altså friske opp og forynge sjølve tidsopplevinga, er ved å leggje inn nye opplevingar og kanskje andre vanar. Skape tidsskilje. Gjerne ved å skaffe seg noko nytt som ein gler seg over. Det er difor me reiser, skriv Thomas Mann, og det er difor me skiftar opphaldsstad, fer på sommarferie, søkjer luftforandring. Åra me har attom oss skil me frå kvarandre ved å tenkje på kor gamle borna var, kvar me reiste på ferie og - for min del - kven eg var på konsertar med det-og-det året.

Temaet er relevant. 2008 vart året då familien tok med seg Bruce Springsteen-konsert på Valle Hovin, tjue år etter Tunnel of Love-konserten med gjengen frå Vossebygda (27.07.88). Og dei som i går kveld tok med seg ekstrakonserten i Oslo, fekk beint oppleve den legendariske Bobby Jean-låten frå Born in the USA-plata (1984).


Utvilsamt eit tidsskilje for nokre, og saxofonsoloen til Big Man på slutten der tok ratt pusten frå meg der er stod med 8-åringen på skuldrane. Og Bruce sine avsluttande liner om tapt kjærleik kan knapt gjevast att på ein rettvis måte, for dette er lyrikk av venaste sort; ... Maybe you'll be out there on that road somewhere, in some bus or train, travelling along, in some motel room there'll be a radio playing, and you'll hear me sing this song, well if you do, you'll know I'm thinking of you, and all the miles in between, and I'm just calling you one last time, not to change your mind, darlin', but just to say that I miss you baby, good luck, goodbye, my Bobby Jean...

I lenkja her er han frå den gongen då...:
http://www.youtube.com/watch?v=-pTukieURjQ

Bilete: Bruce Springsteen, Clarence 'Big Man' Clemonce (sax) og Max Weinberg (trommer) på Valle Hovin 08.07.2008.

måndag 30. juni 2008

Lascia ch'io Pianga

Georg Friedrich Händel (1685-1759) var fødd i Halle, Sachsen-Anhalt i det som då var det tysk-romerske rike (843–1806), og han byrja med musikk allereie som barn. Far hans var imot at han skulle satse på musikken som leveveg, og ville at han skulle skaffe seg ei skikkeleg utdanning i staden. Historia fortel at då ein tysk hertug høyrde Händel spele orgel som niåring, tilrådde han faren å la unge Georg Friedrich satse på ei karriere innanfor musikken. Faren lytta – og gav etter. Som tolvåring vart han tilsett som organist i kyrkja i Halle. Han var då godt i sving med både komposisjonar og fiolinspel. I 1710 flytta han til London, og frå 1719 var han musikksjef for den då nyleg grunnlagde Royal Academy of Music. Händel vert rekna som ein av barokktidas fremste komponistar, og han skreiv over 40 operaer og heile 23 oratorier.

Så er det fengande å lese og høyre om korleis den genierklærde arbeidde. Då han skreiv den kjende passasjen i operaen 'Rinaldo' som heiter 'Lascia ch'io Pianga', såg han føre seg ei enkel, men dramatisk, historie. Kort fortalt handlar dette om ein hertug i eit slott, oppe på haugen utanfor landsbyen, som vert så forelska i ei vakker, men svært fattig byjente. Han har sett ho fleire gonger i landsbyen, og forkledd som munk har han smugkikka på ho nedi gatene. –Hm, tenkjer han, korleis skal eg vinne ho, tru? Han tenkjer seg om, og rådfører seg med sine næraste. –Jau, jamen trur eg at eg skal kidnappe ho, og setje ho i fangekjellaren min. For før eller sidan, så lenge eg er den som gjev ho mat og eh, omsorg, skal du beint sjå at ho byrjar like meg. Og så gjer han nett det.

Men sjølvsagt er den fattige byjenta så glad i han bondesonen som skal overta eit lite småbruk utanfor byen. Ho tenkjer slik på han at ho berre av sakn og lengt held på å daue der nedi fangekjellaren. Ho nektar å ete, og ho gret kvar einaste natt. Og sjølvsagt er ’Lascia ch’io Pianga’ hennar såre song. Songen kan høyrast gjennom gittervindauget oppe på veggen. Ho syng han medan ho sit i måneskinet som strekkjer seg heilt inn i hennar vesle hjørne i kjellaren:

Lascia ch'io pianga la dura sorte (let me weep over my cruel fate), E che sospiri la libertà (and that I long for freedom)! E che sospiri, e che sospiri la libertà (and that I long, and that I long for freedom)! Lascia ch'io pianga la dura sorte (let me weep over my cruel fate), E che sospiri la libertà (and that I long for freedom)!

Og Sarah Brightman sin YouTube-versjon er så mjuk og dramatisk, og ho får fram lidinga og lidenskapen som eg ser føre meg fattigjenta strir med. Høyr han her!

Etter denne historia, på kva fest som helst, vert det diskusjonar i det vide og breie om kven som er flinkast til å formidle dette stykket: Sarah Brightman eller Kiri Te Kanawa. Då me for nokre år sidan vitja grava til Händel i Westminster Abbey i London, bestemte me oss for å oppsøkje operaen i Milano for å høyre ’Rinaldo’ (1711) ein gong sjansen byr seg. Til dess får me feire æh, kniplingbryllaupsdag fyrste juli med å høyre på Sarah sin vene song.

QUIZ: 1) Kor lenge har ein vore gift når ein rundar kniplingbryllaupsdag? 2) Skal ein kjenne seg gamal når ein har nådd eit slikt tal år som rette ektefolk, hæ? To be continued...

onsdag 25. juni 2008

Dei gamle skal ein æra, dei unge skal ein læra (Ivar Aasen)

Sundag kveld (20.37):
–Tek vel litt av no med det vitskaplege fokuset på treningsarbeidet i heimen, tykkjer du ikkje? Den betre halvdelen i heimen observerer husbonden i det han finjusterer pulsbeltet over bringa. Garmin si Forerunner 405-pulsklokke blir innstilt på ei treningsøkt i pulssone 2. Her skal gjennomførast ei restitusjonsøkt etter fredagens intervalltrening, må vite. Klokka gjev lyd; både om ein ligg over eller under sone 2. –Rett nok har du flagga for all verda at Birken står for tur utpå vårparten, men kafaan, mange av oss har no gått det lange rennet utan å ha tenkt ein augneblink på korkje pulsbasert trening, kilometerfart, tråkkfrekvens, temperatur, løypeprofilar for rundetrening, styrketråkk, tempoøkter, intervalltrening, rolege turar eller testrundar eller kva det no er alt eg høyrer snakk om for tida. Det er no vel berre å trene og sjå glad ut, vel…

–Jau, eg veit. Og det står sjølvsagt att å finne ut om det gjev seg utslag i betre prestasjonar, eg veit så vel. Men æh, pulsprat på altanen med treningskompisar seine sommarkveldar er jo så jækla interessant! Det vesle vitskaplege elementet som ligg i å hente ut grafar for snittpuls og fart og kaloriforbruk for den del, for kvar minste treningstur og kvart strekk mellom to mellomtider, gjev liksom heile treninga ein tilleggsdimensjon. I tillegg til at ein faktisk òg (helst!) skal observere framgang. Litt iallfall.

Aj, no kjenner eg att ein typisk inngang til diskusjon i heimen, merkar eg, og eg er snar å gruble ut ein teori om korleis framhaldet vert.

Tysdag kveld (19.53):
–No, korleis gjekk det? Eg er nyfiken. Ho må puste litt meir før ho svarar. – Jau, det gjekk jo for så vidt greitt nok dette, slær ho fast, men eg kjenner jo at det er litt avslørande på eit vis. Å leggje treningsturen MIN inn på pc-en DIN slik at DU kan analysere kvart steg EG har teke innover mot Flya. – For no sprang eg vel med GPS-en på og full pakke?

–Ja, hehe, men viktigast; då me snakka om dette sundag, kjende eg meg nokså viss på at du ville teste ut høgteknologien. Og det ofseleg fort. Me rundar snart 13 år etter inngått giftarmål, veit eg, og du er framleis nyfiken og innovativ. Likar det, eg! –Men dei gamle trenarane våre frå Hordaland Skikrins er nok truleg barka motstandardar av utstyrshysteriet. Ho verkar sikker, og sjølv må eg vedgå at eg òg har ein slags lojalitet til dei gamle karane oppi det heile. Og til treningsfilosofien deira. –Jo, eg veit jo kva dei fekk til med Kristen og Gudmund Skjeldal!

–Jepp, og nettopp difor har eg vel automatisk i meg ein slags umiddelbar motstand mot for mykje nytt og fancy på treningsfronten, legg ho til. Me var vel rundt 17 då me, etter ein times fellestrening i Songvesåsen, fekk fylgjande treningsfilosofi presentert frå skitrenar Wæhle: –Fyrste timen er oppvarming, andre timen er trim og fyrst den tredje langkøyringstimen er for trening å rekne. Meir treng ein ikkje vite! Ein enklare treningsfilosofi, javel, tenkjer eg, men moro?

–Dessutan stramma pulsbeltet litt slik at andinga vart tyngre når det verkeleg røynde på. Så eg trur du får trekke frå litt på snittpulsen, æh, kjære!

onsdag 18. juni 2008

Sumar og sigrar

Langrennsbloggen forfell, eg innser det. Det er for fint ver, og altfor mykje EM på fjernsynet. Og for freistande å teste den nye pulsklokka med GPS i fagert Sogneterreng. Eller det vil seie; ikkje altfor mykje tv-fotball sånn generelt, berre for mykje til at det let seg gjere å oppdatere ein samfunnsblogg på relevante saker som opptek huslyden. Samstundes. Og så kan eg like godt her og no love skjerpings på bloggen framover. Særleg vil eg reklamere for den månadlege serien som startar opp fyrste veka i august her: Vegen til Birken - 21. mars 2009. Her kjem både treningstips, lenkjer til artiklar på langrenn.com og skisport.no og referat frå eigne treningar fram mot Birken-debuten til husbonden i heimen. Tek i mot tips sjølv og, eg!

Medan bloggen forfell, og sumaren stel tida mi, tykkjer eg ratt det er på tide å trekkje fram nokre flotte eh, lat oss like godt kalle det sigrar som noko anna. Noko som berre er bra, og som det er brei semje om i nemnde huslyd. Fyrst sler Bergens Tidende stort opp at utflytt sogndalsjente Signy Fardal har valt å formidle eit portrett av syngjedamemodellkjendisen Jessica Simpson på nynorsk. -Ho kan like godt formidlast på nynorsk som på bokmål, seier Fardal til BT i dag. Fardal, som altså er redaktør i motebladet Elle, sler fast at ho kjem til å halde fram med å bruke nynorsk i bladet. Litt, iallfall.

Forfattaren Olaug Nilssen ('Få meg på, for faen', 2005, hugsar?) stiller generelt spørsmålet om kvifor me ikkje får lese om den siste Lancome-kremen på nynorsk, eller kvifor sjølv nynorske kjendisar så godt som aldri er siterte på sitt eige språk i media. Kan me i det heile sminke oss på nynorsk?, spør ho. Stoff om livsstil og motar pregar tida, og trend-, sports- og kvinnemagasina er med på å forme språket til unge og haldningane deira til språk. Motebladet Elle har gjort nybrotsarbeid når dei har trykt fleire artiklar på nynorsk siste året og dei har jamvel hausta svært god respons frå lesarane sine.

Og ikkje nok med det; i desse dagar kjem stadig meir av innhaldet på vevmøtestaden Facebook i nynorsk språkdrakt. Dette er eit viktig framsteg for nynorskbrukande ungdom, og leiaren i Norsk Målungdom (NMU), Jens Kihl, meiner sigrar som denne knapt kan overvurderast. –Me ser at nynorskbrukande ungdomar ofte slit med låg språkleg sjølvtillit, i tillegg til at dei møter målet sitt for lite. Då er det viktig at dei kan få populære ungdomstenester som Facebook på sitt eige mål, meiner han. Dette er med på å syne at nynorsk duger til all slags bruk, også til å formidle og beskrive det moderne samfunnet - om nokon altså skulle vere i tvil om det. NMU-leiaren meiner det er særskild gledeleg at det er ungdomen sjølve som står bak omsetjingsarbeidet.

I dag er truleg opp mot ein million nordmenn på Facebook. Statistisk sett vil kring 150.000 av desse vere nynorskbrukarar. Nynorsk vert no mellom dei 30 fyrste Facebook-språka i heile verda. Me gratulerer sjølvsagt målrørsla, men like mykje alle oss som er eh, menige nynorsktilhengjarar. Og så tek me oss ein tur ut i sumaryret i skogen. For det å trene naturleg intervall i vene vestlandsskogar går faktisk nesten berre an å gjere på nynorsk...

torsdag 5. juni 2008

Bensin og bygdeutvikling

–For det fyrste er det viktig med ei arbeidsdeling mellom dei største sentra og bygdene ikring. Me treng bedrifter med behov for høgkompetansearbeidsplassar i regionsentra. Berre slik vil me over tid leggje til rette for busetnad i bygdene rundt. Kaffidrikkande kveldsvitjar meiner å sjå litt av svaret for å få endå fleire bygder til å bløme. –Flinke, unge og velutdanna kan då slå seg ned på bygda, fordi kompetansen deira er etterspurd ikkje langt unna!

–So far, so good, men kva skal eigenleg til for at me lukkast, då? Eg prøver meg, og får respons; –Jau, ei langsiktig og systematisk utvikling av den lokale infrastrukturen. Slik kan me få eit effektivt vegsamband og eit godt utbygd kollektivtrafikktilbod som gjer det mogleg å bu utanfor, men samstundes å jobbe i sentra. Sats på transport, kommunikasjonar og breiband. Og me som har småborn set pinadø pris på breiband og ein heimearbeidsdag innimellom, det heng saman med svevn og slikt. –Sjølvsagt skal bygdene i seg sjølve også utviklast og gjerast attraktive og tilgjengelege for tilflyttarar, men alle kan truleg ikkje jobbe der, vel? Spør ho.

–Men med raskt stigande drivstoffprisar kan jo ikkje bygdependlarane drive og køyre til og frå verken Sogndal, Førde, Bergen eller Oslo i lengda. Dyrt det, meiner den kaffidrikkande, og no BT-lesande vitjaren, og bompengane her i fylket kjem berre på toppen av alt. –Sant nok, prøver eg meg, men sett i eit miljø- og klimaperspektiv er jo ein relativt høg drivstoffpris bra, er det ikkje? Og me må jo tenkje på kva som er viktigast her; Tellus sin eksistens om hundre år vs. bygdeutvikling her og no?

–Aj, denne vekst-vern-diskusjonen er jo nærast ein klisjè, og ikkje berre litt heller. Kona er trøytt av halvinspirerte seine-natta-diskusjonar, og held seg for panna. –Men høyr, literprisen på både diesel og bensin har vore over 14 kroner, og no snakkar me om at ei tolegrense er kryssa, kjem det frå kaffidama. Sist det kom til eit slags folkeleg opprør mot dyr bensin, var vel då prisen passerte ti kroner. No skjer det eit samanfall av stigande oljepris og ein auke i bensin- og dieselavgifta frå 1. juli. Ikkje bra, det!

–Høyr, isolert sett vil jo ikkje avgiftsauken påføre bilistane dei store byrdene, då. Eg reknar. –Det er vel snakk om ein hundrelapp eller tre i året om me køyrer 20.000 km. Ei berekraftig utvikling inneber ei utvikling der behova som dagens menneske har vert tilfredsstilte – utan at det øydelegg moglegheita for at framtidige generasjonar får tilfredsstilt sine behov. Det seier SN sitt klimapanel (IPCC), og dei fekk fredsprisen i fjor! Det viktige er vel nettopp å få folk til å tenkje seg om før dei set seg i bilen. No er eg på hoggen; –Og me må jo hugse på at me i Noreg har vore vande med å ha dei lægste drivstoffprisane i Europa. Om me reknar i høve lønsnivået. Med unnatak for Luxembourg får me mest bensin per utført arbeidstime.

Kaffivitjaren får siste ordet, i det me går over til annan drykk. –Den jamne bilisten brukar om lag 3,5 prosent av forbruket sitt til drivstoff. Greitt nok, det. Men det er store skilnader, gitt, og i distrikta, med dårleg utbygt kollektivtrafikktilbod, svir jo prisauken ekstra. Det er iallfall ikkje rett at me i dei verdiskapande utkantane skal lide mest! –Mindre privatbilisme i DEI STORE BYANE ville vere i tråd med tiltaka som Stortinget har samla seg om i klimaforliket. Kva gjer styremaktene for verkeleg å få det til, tru?

Herleg samanfall mellom semje på altanen og servering av iskald og søt terassevin...