Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

søndag 23. november 2008

Snødokumentasjon

Vinteren er endeleg komen til Sogn, og fyrste skiøkta er altså bak oss. Huslyden på skøyteski på knitrande kaldt føre i Leirdalen laurdag. Flotte tilhøve for langrenn og leiking, noko dei frammøtte stadfesta. Yngstesonen kommenterte nett det i bilen heim. -Her var mange som var skikkeleg proffe på ski, og så var her ganske mange som hadde akebrett. Me er liksom ein stad midt i mellom, me... Ein god observasjon.

Halve huslyden på fjellsko til Kalbakk sundag. Sundagsturen for å undersøkje, og etterkvart slå fast, at nokre rundar med snøscooter ville ha gjeve fine tilhøve for langrennstrening også i heimbygda. For over 4-500 moh. er det faktisk bra med snø no!

-Men de veit, dei er så ivrige inne i Bjørn IL, kjem det frå ein Syril-veteran, iført fjellski, då han høyrer at det har vore delegasjon til Jostedalen laurdagen. -Ja, ivrige tilretteleggjarar og verkeleg store talent i sporet, mann, kjem det frå ein annan som korkar ut blåswixen. -Ja, jo, de har jo rett i det, for all del, men snart er me vel i gang i nypreparerte løyper her òg, er me ikkje? Høyrer sjølv vona i røysta mi. -Jau, men då må me alle syne overfor løypeprepparane våre at snøen er her, for vanlegvis er dei ikkje seine om å vere på plass når dei vert merksame på at den kvite heilagdomen har passert 35 cm. oppe i Kjeringi Open-traseen! Herved freista dokumentert med æh, telefonkamera.

Kjekt på ski, sjølvsagt, faktisk veldig moro - men også ei grusom påminning om at langrenn inneber noko meir enn springing. Det impliserer nemleg bruk av armar, og korkje biceps- eller tricepstreninga har vel vore eh, prioritert i haust. Og morgonen etter fyrste skiøkta er det som regel hardt nok å lyfte kaffikoppen og ostehøvelen. Slik også i år.
Og då var det kanskje like greitt at sundagsturen innebar snøstibrøyting til fjells i djup nysnø? For då fekk iallfall armane konsentrere seg om snødokumentasjonen! Og så lurde eg litt på om eg ratt skulle sitere Petter Northug jr., som i helga opna verdscupsesongen med ein gnistrande pallplass i Gällivare. Venlegvis så sjølvsikre Petter vedgjekk at han mot slutten denne gongen: 'var helt svimmel og helt i ørska, og jeg måtte helt ned i kjelleren'. Så gale var det ikkje med oss på laurdag, langt i frå. Det kjem vel endeleg fleire høve til å bruke nett det sitatet framover, er eg redd...

søndag 16. november 2008

Sesongpremiere

Las i veka at ho har sigra i minst eitt av renna under opningshelga dei siste seks sesongane, og jamen vann Marit Bjørgen, Rognes IL, både 10 km skøyting og 5 km klassisk på Beitostølen i helga òg. Og så er det moro at eh, gamle Geir Ludvig Aasen Ouren, Oddersjaa SSK, vann 15 km skøyting – for han er jo fødd i ’73. På trass av at eg ikkje har sett renna laiv, har eg alt fått med meg opningsfart, mellomtider, smørjeevalueringar, formvurderingar og sjølvsagt ei mengd resultat. Eldar Rønning, Skogn IL, vann 10 km klassisk sundag (etter ein ti-dagars mageinfeksjon) og Petter Northug, Strindheim IL, og mangeårig skijente i talentskorpa, Marthe Kristoffersen, IL Varden, vann sprintkonkurransane fredag. Talentfull vossing, Sjur Røthe, Voss IL/Team Manpower, innfridde i konkurranse med dei beste. Det same gjorde Roger Aa Djupvik, Hyen IL og Odd Bjørn Hjelmeset, Fjellhug/Vereide IL. Lovar godt. Formstadfesting. Skremmevarsel til Italia, Sverige, Finland og Tyskland, jepp! Og sjølvsagt er trua fram mot verdscupopninga i Gällivare og VM på ski i Liberec i Tsjekkia i månadsskiftet februar–mars styrkt. Alt vel.

Sein sundagskveld. Pc-ar i fanget. Frå kvar sin sofa. Eg fyrst ut:
–Eh, du, den Skippagurra-videoen, tykte du han var morosam?
–Nei, det kan eg vel kanskje ikkje seie, akkurat. Men han var jo ikkje veeeldig morosam den der Brå-etterlikninga til Petter Northug, heller. Kva tykte du om russarvideoen, då?
–Nei, tja, eg har jo berre sett nokre få glimt. Tenkjer vel at dei gjer seg sjølve ei bjørneteneste ved på denne måten å stadfeste at toppidrettsfolk kan verke ein smule, kva skal eg seie, enkle og lite reflekterte. Det var vel eit par av desse unge skidamene som ikkje akkurat hadde historia om grensetrafikken i Finnmark klart føre seg her, var det ikkje? Og Tana-samfunnet har vel etter kvart fått nok pes?
–Men er det ikkje berre eit teikn på å vere humørlaus og lite open for spenstige sprell frå trauste og kjernesunne langrennsjenter dersom du no skuldar dei for å medverke til stigmatiseringa som mange russarar vert utsette for her til lands?
–Hæ, humørlaus og gamaldags syting over at skidamer skal te seg sømeleg, meiner du? Æsj, men eg har jo mange med meg som meiner det same, då. Du fekk vel med deg Yvonne Algrøy og Vekevridd i BT-magasinet laurdag?
–Ja, men ho meinte jo at skidamer berre skal gå fort å ski, og ikkje prøve og gjere seg gjeldande på andre område i det heile, gjorde ho ikkje?
–Verka nesten sånn, ja, og det kan jo faktisk synast som ho har eit vesentleg poeng der, gitt, høhø...
–Dessutan meiner 89% av VG sine lesarar at me må tole såpass... Men det er jo kanskje mest komisk at skiforbundet overser heile greia medan dei med alvorsam røyst tek føre seg ein av heltane i heimen, Petter Northug, fordi han hadde feil sponsor på genseren hjå Grosvold fredagskvelden.
–Men var det ikkje ein overreaksjon å gje stakkaren to månadsløner i straff, då?
–Hm, det er iallfall bra dei sentrale kreftene i langrennssporten er medvitne kva bodskap dei fremjar som verkeleg viktige i media...

måndag 10. november 2008

Allsong i seinhaustnatt

Ordet motivasjon kjem av det latinske ordet movere som tyder å røre seg. Motivasjon er sjølve grunnlaget for det å lære, trivast og prestere – både i idrett og livet elles. Om ein skal oppnå dei resultata ein vil, må i tillegg motivasjonen vere til stades over tid. For uthaldande og sportsinteresserte sambygdingar var det ein herleg dose motivasjon i å dele historier frå 2008 med einannan på haustens store Kleppafest sist helg. Langrenn i inn- og utland, sykkelritt, meir eller mindre spektakulære fjellturar og jamvel maratonløp vart skildra med stor innleving til festmiddag, vin og jolegløgg. Mellom mange høgdepunkt, var den etterkvart så tradisjonsrike songen skriven til festmiddagen etter Birkebeinerrennet i 2001:

Tekst: Jan R.
Melodi: Å eg veit meg eit land (trad.)

Å eg veit meg ein stad, der eg kan slappa a’
Der eg møter ein ven
Der eg slepp klyppa plen
Der eg gjerne er gjest,
der eg kan ta ein fest
Der eg slit meg, og kanskje skal døy
Det er Kleppa, det er Kleppa, det er Kleppa i hylande storm,
Det er Kleppa, det er Kleppa, det er Kleppa som gjer meg i form!

Å eg veit meg ein dal
Der eg møter ein vegg
Veggen slær meg knock out
berre tanken er nok
Der eg likevel går,
gjekk i fjor, går i år
Der eg slit meg, og kanskje skal døy
Orradalen, Orradalen, denne dalen vi elskar så høgt,
Orradalen, Orradalen, kan du tenkja deg venare dal?

Å eg veit meg eit renn,
der eg sjølv gjev meg skjenn
Der eg piner meg fram,
for å få øl og dram
Renn eg atter går att,
mine draumar kvar natt
Der eg slit meg, og kanskje skal døy
Birkebeinar, Birkebeinar, heidersplassen i vårt liv du har,
Birkebeinar, Birkebeinar, det var til deg vi livet vårt gav!

Og ved neste krossveg må nokon ta på seg å skildre heimturen, der me vandra i lag i beksvarte natta - med eller utan hovudlykt...

onsdag 5. november 2008

Forandring frydar

Barack Hussein Obama tiltrer 20. januar 2009 som USA sin 44. president. Han har ambisjonar om å endre, seier han, både USA og verda. Me ynskjer, som alle andre eg har diskutert valet med i dag, endringa velkomen til The White House i Washington. Obama har lova skattelette for unge og familiar i etableringsfasen, ein slutt på krigen i Irak og monalege investeringar i fornybar energi. Bra! I tillegg lovar han langt lågare prisar på helsetenester.

16. januar 2007 tok Obama det fyrste steget mot å erklære sitt presidentkandidatur. Då sette han nemleg i sving ein komitè som skulle undersøkje moglegheitene for å nå fram som demokratane sin kandidat. Frå 10. februar i år vart det eit meir eller mindre realt kappløp mot Hillary Clinton om kandidaturet. Etter ein konfliktfyld nominasjonsprosess mellom kvinne og svart vart han 27. august, etter framlegg frå Hillary, vald til å vere demokratane sin kandidat til vervet. Og så vann han heile greia i dag med absolutt fleirtal! Me gratulerer sjølvsagt med den historiske sigeren og ynskjer tvi-tvi med jobben.

Hm, det slær meg at endring jo kan vere så mangt. Frå dei store orda og særs velformulerte, ja utruleg presise talane frå Barack Obama og komande visepresident Joseph Biden, tek me like godt steget heilt ned til kvardagen i Sogn. For endringar skjer jo her òg!

Det var nesten så det var eit snev av vemod då eg tidlegare denne veka kom over ein trufast birkebeinar som monterte ny trepostkasse på det store tøygetreet ved før nemnde Fivelshòla i Henjadalen. Tenkte liksom ikkje over det der og då, for sjølvsagt var den nye solid og flott. Men jamen vart det til at eg, saman med treningsgrannen, var innat i går kveld og henta nedatt den gamle, gitt. Ho låg liksom litt for seg sjølv bak ein stein, inni låg det restar frå ei forlengst arkivert notisblokk - og det heile var no ratt for gale... No ventar turking, liming og enkel restaurering av eit smålåte, men kjempetriveleg, landemerke for trimmarar og turgåarar langs Henjaelvi. –Men du, henta du verkeleg ned den gamle kassa, du då? Turking i kjellaren, seier du? Kan me bruke ho til noko vettugt, då? –Eh, øh, hrrrm, yes, we can...

torsdag 30. oktober 2008

Påmeld!

–No, er de påmelde? Utan å kommentere det særskilt mykje, er det fleire no som byrjar tenkje på påmeldinga til Birkebeinerrennet. Framleis 143 dagar att til 21. mars, og ja; svært langt fram. På mange, mange vis. Spørsmålet kjem likevel då me er tre springarar som stoggar for å skrive oss inn i boka ved Fivelshòla. Jepp, skriv meg som regel inn i boka som ligg i den gamle trepostkassa. Iallfall dersom me er fleire. På turane åleine droppar eg det gjerne. Ser litt drygt ut om namnetrekket mest står på kvar bidige ei av dei etter kvart fuktige og slitne sidene i den lurvete notisblokka.

Det minner meg på at soga fortel om arge konkurrentar som stadig skulda Harald Grønningen, då han i perioden frå 1960 til -70 fekk med seg fem OL- og to VM-medaljar!, for å overdrive treninga. Det fekk vere måte på, liksom.

Men altså, spørsmålet er nærast uunngåeleg, fordi påmeldingsvindauget på vevsida birkebeiner.no opna 15. oktober kl. 09.00. Birkebeinertrippelen var utseld kl.09.11 same dag. Då var heile 2500 startnummer rivne vekk! Alle som fullfører Birkebeinerrennet, Birkebeinerrittet og Birkebeinerløpet same kalenderåret er med i den høgthengjande trippelen. Syklinga er flaskehalsen, for der er det plass til færrast deltakarar. Til rennet og løpet er det visstnok rikeleg med plassar. Arrgh, kan altså ikkje håpe på at det skal vere utselt, heller...

Kva eg svara? –Neeei, eg veit nokje heilt, eg... Må vel endeleg bestemme meg ein dag, ja... Den røynde birkebeinaren gjev seg likevel ikkje med det. –Men kva i heite helsike er det for svar? Kom an! Du set deg vel like godt opp på venteliste på trippelen, du, eller kva? Eg vert litt eh, sett ut med det same. Tidleg å starte med ei slags psykologisk krigføring no, tykkjer eg. –Nei, veit du kva, det får halde å krekse seg gjennom langrennet, kompis. Har vore lausmunna nok no, kan eg vel trygt seie, og meir enn rennet blir det iallfall ikkje i 2009! Trur eg.

Og så er det altså gjort. På kontoret i går ettermiddag. Både innregistrert OG betalt nettgiro - for rennet. Utan å ta bryet med å betale avmeldingsforsikring. Det vert i alle høve fint å ha Birken å trene fram mot. Og så vert det ein fin fest utpå kvelden der; denne gongen som mødd deltakar. Far beyond the point of no return er det vel på tide å sjekke Steinar Mundal sine velmeinande treningstips.

søndag 26. oktober 2008

I bakspegelen

Når kan me eigenleg seie at me saknar noko? Når me i eit brøkdels sekund tenkjer attende på noko av det som har hendt sidan med skrudde klokka ein time fram sist vår? Eller saknar me fyrst når me ikkje heilt greier å svelgje, for noko i halsen stengjer litt for når me tenkjer attende? Sjølv har eg ikkje svaret, og problemstillinga er i seg sjølv ikkje så viktig. I studentavisa Under dusken ved NTNU las eg her om dagen ein fin tekst om temaet. Og sidan det er føremiddagen for å ta runden i huset og skru klokker av ulike slag framover til vintertid, vert temaet aktuelt. Tankane surrar liksom bakover i litt meir systematiske krinsar enn dei gjer til kvardags.

For tida kjem jo ikkje att. Alt som har vore er på eit vis berre bilete som stirer fram på deg og seier; men jamen var det no fint! Ja, var det ikkje heilt fantastisk, kanskje? Fotballturneringar, konsertar, fjellturar, festar – og vanlege, hektiske kvardagar. Det vert gjerne sagt at eit bilete seier meir enn tusen ord, og det kan eg til ei viss grad vere med på. Men samstundes er det jo eh, tusen ting eit bilete ikkje seier òg. Til dømes det som hende der og då, når biletet vart teke. Kanskje var du sliten, lei og kald, ja, og både svolten, tyrst og utilpass? Du ville eigenleg ikkje vere der på det biletet. Men likevel smilte du. Mest fordi det er sånn ein gjer. Det er det som sømer seg. Du vil jo ikkje akkurat skuffe fotografen heller, og du vil slettest ikkje vere sur. For det er du jo heller ikkje. Kanskje kjenner du deg berre litt utilpass med stoda, du er ikkje heilt komfortabel, tankane dine er gjerne ein annan stad. Du gjer likevel så godt du kan.

Det fine med det, er at du seinare vil sjå attende på dette biletet og kanskje gløyme at du var sliten, lei og kald, eller til og med svolten, tyrst og utilpass. Du vil sjå at du smilte i lag med dei andre. Og så hugsar du at sola var framme akkurat då biletet vart teke, og du vil kan hende hugse menneska som var der. Også dei som, av ei eller anna årsak, ikkje vart med på biletet. Nei, eit bilete seier ikkje nødvendigvis meir enn tusen ord, men det seier oss ofte det me vil hugse. Det fortel deg kanskje at du saknar denne augneblinken. Så er det kan hende bra for oss menneske å sakne. For det minner oss på at me har opplevd augneblinkar som set spor, varige, og som me ynskjer ta vare på. Det gjev oss ei von om at slike augneblinkar vil kome att, og at dei vert skapte no òg. Heile tida. Me tenkjer gjerne ikkje på det der og då, men visse minne skal vare evig i oss. Sansane våre fangar opp augneblinkar og lagrar dei, gjerne ein stad langt, langt inne. Og når minna vert henta fram, gjerne ved at me kjenner ei lukt, høyrer ein fin, gamal song for fyrste gong på lenge eller får auge på eit bilete, så opplever me noko av augneblinken om att. Me minnest. Og det kan gjere både godt og litt vondt.

For me kjem aldri tilbake, men me kjem jo til så utruleg mykje anna. Og då kan me jo vere glade for at bileta hjelper oss til å hugse på noko me ratt hadde gløymt på vegen – og samstundes viskar vekk dei minna og dei tusen orda som kunne vore sagt om korleis det eigenleg var akkurat der og då.

laurdag 18. oktober 2008

Fornybar debatt?

Mange kritiserer satsinga på fornybar energi i statsbudsjettet. –Me hadde vona på eit lyft på to milliardar i friske midlar til forsking, utvikling og bruk av fornybar energi no, seier Bellona, for det har me høyrt har vore drøfta i regjeringa denne hausten. Vel, når mange så er vonbrotne over smular i budsjettframlegget, kjem det uventa hjelp frå verda rundt oss. For sjølvsagt; finanskrisa er jo ei ekte miljøbrekkstong!

Erik Solheim har halv stilling som miljøminister (halve tida nyttar han jo utanlands som bistandsminister, veit me). Han er kjapt ute og proklamerer høgrøysta at nedgang, jamvel krise, i den internasjonale økonomien vil redusere klimakrisa på kort sikt. Rett og slett fordi det då vert lågare industriell produksjon og mindre transportutslepp. –Krise fører til endring, nytenking og innovasjon, seier han, for det er nærast kapitalismens lov. Han legg til at finanskrisa difor kan nyttast til å leggje om til fornybar energi, som vindkraft og solenergi. Slik vil finanskrisa også kunne medføre ei sterkare miljøsatsing på lengre sikt. Intervjuet med deltidsstatsråden i Dagens Næringsliv vert sjølvsagt diskutert (og kritisert!) i lunsjen, klart det, men gjev likevel grunn til ein viss optimisme, merkar eg. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, liksom…

Sjølvsagt er eg framleis nyfiken på korleis statlege redningspakker fungerer rundt om i verda, og sjølvsagt ber me på ei von om at finanskrisa skal kome under kontroll. Men finanskrisa sine fylgjer for realøkonomien kan altså vere auka investeringar i fornybar energi og meir miljøretta strukturar. –Dei som lukkast med dette, blir dei mest konkurransedyktige i det lange løp, seier Solheim. Og peikar på at bilfabrikkar som held fram med å produsere store og bensinslukande bilar, som er avhengige av at me tømer kloden for fossile brennstoff, vert hardast råka av finanskrisa – og framtidige finanskriser. Fornybar energi og berekraftig teknologi vil løne seg i det lange løp.

Konsekvensane av finanskrisa er mange. Dagane går, og debatten snublar av garde. Bergens Tidende kommenterte fredag den italienske statsministeren, Silvio Berlusconi, sitt trugsmål om å leggje ned veto mot EU sin klimaplan. –Det er altfor dyrt å gjennomføre klimatiltak på eit tidspunkt då det fyrst og fremst er finanskrisa som må løysast, meiner han. Ja, han nærast brummar frå talarstolen når han hevdar at det beint fram er umogleg å handtere to så krevjande utfordringar samstundes. First things first! Optimismen frå førre dagen bleiknar. For kor alvorleg tek han og fleire framtredande statsleiarar klimatrugsmålet, tru? Han er vel ikkje heilt åleine om å tenkje slik, er han vel? Spørst om ein norsk miljøvernminister i halv stilling er tilstrekkeleg til å få Silvio og venene hans på andre tankar?

tysdag 7. oktober 2008

Dopingdebatten sett frå baksetet

I bilen denne gongen. På veg til synfaring ved Styggevassdammen. Fem søvnige karar på tur, tre store sit tett i baksetet. Det er framleis tidleg morgon. NRK-sporten surrar halvhøgt i bakgrunnen, og, ikkje overraskande, kjem også denne sportssendinga innom dopingutfordringa i sykkelsporten. Tour de France vart også i år stygt prega av dopingavsløringar. Jotakk, me veit, og konkluderer, nærast med ein gjesp, at arrangørane trass alt skal ha for at dei tek dopingproblemet på alvor. Herregud, det må koste å handtere same skandalane år etter år! –Langt frå den same dopingkjempande haldninga i Giro d’Italia, kjem det turt frå bilførar. Den behagelege roen i bilen, der me sig innover Jostedalen medan me ser at vèret klarnar opp til ein finfin haustføremiddag, vert rokka litt ved når passasjeren i framsetet pensar temaet over på skisporten. –Hm, kva sa du? Eg vaknar til og vert nyfiken. Og så nett no då me berre sat og skulle nyte ein roleg køyretur i vakre omgjevnader…

–Nei, det er heilt sant, banna bein. 35% av dei som jamleg vitjar den oppdaterte og fine vevstaden langrenn.com har nyleg sagt dei trur norske langrennsløparar var dopa på 1980- og 90-talet. 35%! Og han gjev seg ikkje med det, nei. –Kva får dykk til å tru at skisporten er så mykje betre enn sykkelsporten, då? Hugs berre kva landslagsløpar Jens Arne Svartedal uttalte då han gjekk inn til ein glitrande andreplass i vinterens Tour de Ski; ’Jeg vant tross alt klassen for human beings’, sa han. Og i klassen for dei litt mindre menneskelege vann altså råsterke Lukas Bauer heile fire av fem renn i skitouren. Eg veit jo det. Og slikt vert det dopingspekulasjonar av. Eg vedgår at eg så gjerne vil tru det beste om langrennssporten. Jepp, eg let hjarta styre. Mang ein gong har eg forsvart sporten generelt, og norske langrennarar spesielt i slike diskusjonar. Likevel demrar det jo for meg korleis det var under Tour de Ski, ja. Tsjekkaren Bauer vann 15 km klassisk med snaue halvminuttet, ein sigersmargin som trygt kan kallast utklassing. Aj, og han vann jo til og med det eine rennet der han synleg hadde håplause ski.

Langrennsstayeren Anders Aukland meinte Lukas Bauer har prova meir enn nok tidlegare år, og at det er urimeleg å mistenkje han for doping berre fordi han er god. I bloggen min skin det rett som det er gjennom at trua på Bjørn Dæhlie er, og alltid har vore, eh, til stades. –Men, for all del, kom no ikkje draksande med at Dæhlien òg var så god at også han må ha vore dopa. Om me skal fylgje same logikken her, meiner eg! Fallhøgda i Noreg er så stor ved å bli teken i doping, og det skil oss frå Finland, Italia og andre som for lengst er avslørte for systematisk juks. Verre gapestokk enn å vere dopingavslørt finst vel knapt her til lands.

I Finland veit me no at det var drive systematisk bruk av både EPO og ulike typar veksthormon fram til Lahti-skandalen i 2001. Jari Piirainen, som var finsk landslagssjef frå 1989 til 1997, har nekta for dette, medan andre har stått fram og vedgått at prosjektet vart halde skjult ved hjelp av dekkoperasjonar med høgdehus, bruk av råmjølk (!) og andre lure forklaringar. –Jau, slikt er utenkjeleg i det norske langrennsmiljøet, det er eg òg verkeleg overtydd om. Puh, endeleg får eg støtte frå venstre flanke i baksetet. –Men ein annan tidlegare finsk landslagstrenar, Kari-Pekka Kyrö, hevdar Noreg, Russland og Italia var dei verste dopingnasjonane i perioden 1987-97. Det er ofte kalla den svartaste tida for doping i langrenn. Særleg av di Noreg frå byrjinga av 90-talet fekk eigne folk i komitear og testorganiseringa, og me difor var særs godt skodde for å sjå kva som skjedde i antidopingapparatet, har det vore hevda at me var verstingar. Passasjersetet held ikkje fred. Endeleg framme ved Statkrafthytta, og doping får vere doping for denne gong. No gjeld det å finne fram til ein 'dödare' av ein forsvarstale til me skal køyre nedatt!


Frå venstre: Ole I., Thorbjørn, Erling og Geoffrey (framme) ved Styggevassdammen, 02.10.2008. Utan for høge reticolocyttverdiar (les: blodverdiar som antydar EPO-bruk).