Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

tysdag 13. oktober 2009

Neste episode

Denne bloggposten skulle eigenleg dediserast til dei som enno er fortapte i draumen om sommaren som er forbi. Menneska som, nedtrykte over sola sitt fråvere store deler av seinsommaren, syt og klagar sin naud til alle som giddar høyre på eller berre tilfeldigvis er i nærleiken. I teksten skulle eg be desse folka ryke og reise, ta fart og sykle dit peparen gror eller iallfall bli stumme for ei stund. Med 1800 teikn på plass og siste avsnittet att, ombestemte eg meg. Eg vil jo ikkje be nokon forsvinne i ei sky av røyk berre fordi dei ikkje set pris på Noreg sine fantastiske årstider og det lunefulle veret som nokon av oss rett og slett berre diggar. Eg vil ikkje be dei søkkje ned i eit hòl i jorda og bli der til neste sommar berre fordi eg kvir meg til å høyre dei klage over neste episode òg. Eg bestemte meg heller for å påpeike at det er synd, trist og leitt at dei ikkje greier å setje pris på hausten.
..........For ja, det vert kaldare no. Og ja; piggdekk, isskraping, frosne bildører og beinklaka lås på skiboksen ventar. Og ja; isvinden kjem frå nordvest. Han vil ruske i deg på veg til jobb dei haustmørke og grytidlege morgonane, og han vil tvinge deg til å dra opp glidelåsen og krype litt saman under hetta, inni dunjakka, på veg heim ein sein novemberkveld...
..........Men så vil du kan hende oppdage at seinsommaren si trykkande og klamme atmosfære glir over i ein frisk bris av ny giv òg? Lufta kjennest annleis. Klar og rein. Gløym sommaren sine lukter av regnvått, nyslege gras og blaute lam langs turstiar i vene skogar og fjell. For her kjem lukta av forblåste tre som tviheld på sine siste, raude lauv. Her er lukta av glasklart regn, nyimpregnerte fjellsko, vått hår under hua og glovarm kaffi frå termosen. Gløym sommaren sine lydar av sein skåling på altanen, for her kjem i staden raslinga av lauv, uling i pipa og sluddet si hamring på vindauga medan du sit innanfor og sjekkar e-posten din i fleece. Gløym jamvel sommaren sine turar berrføtt til postkassa dei fine sundagsmorgonane som var, for no er det vinterdyna, ullgenseren og vottane som gjeld. Hausten er for lengst over oss, og om ikkje lenge skin vinteren opp det kjende landskapet me er glade i. Han er alt å sjå på toppane rundt oss, ja, langt ned i liene. Og då dukkar det brått opp nye mål i horisonten. Med snøen kjem dei faktisk farande med sjumilssteg.
         
Ikkje fortvil. Sommaren kjem att, han. Men akkurat no kan du like godt gle deg over den mørkaste årstida, og nyte det gode ved å oppleve hausten i Noreg. Hausten og vinteren vil gje deg mange gode stunder, tru meg, ja, kanskje augneblinkar av pur glede og lukke? Hey, du må berre vere vaken no – og open for å sjå dei.

fredag 2. oktober 2009

Snø på mars

DumDum Boys er ikkje berre eit rockeband; dei er rett og slett ei eiga musikalsk retning. Bandet starta opp i 1979 under namnet Wannskrækk, og var i byrjinga eit reinspikka punkband. I 1988 gav dei ut si fyrste plate som DumDum Boys: Blodig Alvor (NaNaNaNa). Alt året etter kom det store gjennombrotet med Splitter Pine-albumet, og i 1990 stod bandet for delar av filmmusikken til Ingvar Ambjørnsen-suksessen på kino, Døden på Oslo S. Pstereo-plata kom same året ut spekka med melodiøse rockelåtar perfekt tilpassa ei übersosial og heilag russetid. Spelemannprisane hagla.
..........
Og gruppa har verkeleg halde koken, for jamen er det ikkje DumDum Boys som fyrst dukkar opp i hovudet når eg tenkjer attende på livet i forsvaret òg. Ikkje for å snakke om konsertlivet undervegs i ein drøss med intense semester på Blindern. Og kven andre enn DumDum Boys blas hovudteltet nærast overende med ein villstyring av ein konsert under Ekstremsportveko på Voss i 2006? Kjartan og Prepple sin evigunge kreativitet er imponerande. Bandet har denne veka, nok ein gong, synt at dei har visjonar og ambisjonar. Dei held med nysingelen Snø på mars fram i eit drivande, litt rufsete, men aller mest melodiøst, lydbilete. Dette er lett fordøyeleg, gitartungt og haustsentimentalt på same tid. Eit herleg arrangement.
..........Medan Gravitasjon-plata frå 2006 var ei botnsolid rockeplate, peikar den nye singelen lenger attende, tykkjer eg. Songen låner stemning og uttrykk frå Pstereotida, og eg får assosiasjonar til godlåtar som Englefjes, Blind og Tusen etasjer høi.

Dette vert ein DumDum-klassikar som garantert vil gje massiv allsong på konsertar framover – og som skal pushe meg opp seige padlebakkar på turt sandpapirskiføre i Orradalen. Viss Snø på mars berre er litt representativ for den komande plata frå Aslak, Sola, Prepple og Kjartan, er det grunn til å skru opp forventningane. Brått var hanskerommet fylt opp med gamle DumDum-plater att. Hah, sjå opp for plateslepp i november - nedteljinga er i gang!

tysdag 22. september 2009

Treningshelga

I helga hadde eg planar om å jobbe. Dagane var rydda. Ambisjonen var lange, samanhengande arbeidsøkter. Både faglege og administrative oppgåver har lide under eit aldri så lite arbeidspress så langt denne hausten, og m.a. ein rapport (som hadde leveringsfrist førre veke!) skulle finpussast. Alt låg til rette: Halve huslyden fór på hytta, ein representant hadde fotballtreningshelg i regionhovudstaden – og eg altså; i fullt skrivemodus heime. Planen var vasstett, oppgåvene nøye gjennomtenkte og alt fredagskvelden, rett nok zappande mellom Skavlans comeback på NRK1 og Senkveld på Tv2, var pc-en på plass på fanget. Ei real arbeidshelg var i gang, og no var det Bokbindaren sin fredagsdiett med kaffi, Smash og Sørlandschips som gjaldt. Så kom laurdagsmorgonen.
Alt då eg bråvakna av den betre halvdelen si biletmelding frå morgontreningstur til kjend fjelltopp i Dovrefjella, ante eg uråd. At 3,2 megapixel på ein 3x4 cm. mobilskjerm kan formidle så mykje storstilt norsk natur, er nesten ikkje til å tru. Betre vart det sjølvsagt ikkje då eg trekte til sides gardinene på soverommet og glytta ut. Der formeleg slo ein av dei mest fantastiske haustlaurdagane eg nokon gong har sett imot meg. Eh, skrivehelg i loftsstova? Inne? Med haustklår luft ute og utsikt mot Fresvikbreen badande i sol ut glaset? Gode råd var brått dyre. Plan B, C og D var alt utarbeidde før eg hadde tusla opp trappa og inn på badet.
..........Helga vart sjølvsagt tilbrakt med terreng– og fjellsko. Og med pc-en på fanget innimellom. Kjeringafjell var fyrste post laurdag. 1t. og 35 min. frå Kleppahytta til fremste varden er meir enn godkjent. 3t. tur/retur er faktisk pers, må eg vedgå. Merka tidleg at eg hadde bak meg ei særs roleg treningsveke (jf. fokuset på nemnde rapport), og ved passering Fagereggi skjønte eg at moglegheita var til stades for å perse til topps. Sundag vart det roleg langkøyring ilag med Husbyggjaren. Kvålen–Hottadalen–Lusaskard–Skagasete–Kvålen er ein fin rundtur, og han vart gjort unna på om lag 2t. 40 min.
Særleg stien ned att frå Lusaskard er verkeleg kjekk å springe, sjølv om han no er blaut og gjørmete mange stader. Her har eg forresten ofte tenkt at det er mogleg å rigge til eit nærast optimalt motbakkeløp: Start ved grinda på Kvålen og målgang ved varden. Samla stigning i motbakkeløpet Lusaskard Opp vil vere på over 800 m. Juni 2010? 
Så til dei som trur eg sleit med rapportskriving, tolking av innsamla datamateriale og opptak frå kvalitative intervju med informantar i dansk vindkraftbransje heile helga, har eg hermed røpa meg. Helgas einaste gjeremål som i etterkant står i fare for å hamne i kategorien 'bortkasta tid', var oppgjeret mellom Sogndal og Mjøndalen på Fosshaugane Campus. Pføy!

onsdag 9. september 2009

Valkampen - ein kommentar

Sist fredag var eg i Bergen. I bilen nedover E16, etter overnatting på Voss, lyttande til morgonsendinga frå NRK Hordaland, slo det meg at eg måtte leggje ein strategi for dagen. Eg veit nemleg at eg har ein lei tendens til å stogge litt for lenge, litt for høfleg og interessert, for å prate med politikarar på veljarsanking siste vekene før valet. Og no er dette feil bruk av tida, for eg har jo bestemt meg, har eg ikkje? Nyhenda på lokalradioen vitna om ein intensiv valkamp i Bergen, så... Etter møtet med gode samarbeidspartar på universitetet, var det tid for rusle- og handlerunde. Veret var lyst og fint, og det var rett og slett ein herleg fredagsstemning i byn. Strategien var klar. Nyfiken på å gå ein runde rundt valkampteltet midt på Torgallmenningen, ja visst, men ikkje klar for å stogge. Ikkje lenge, i alle fall.
..........Politikarar i valkampmodus ynskjer helst å prate om saker som mobiliserer mange veljarar og om tema dei har gode kunnskapar om. Dei mest drivne politikarane opnar gjerne med å spørje kvar ein bur, kva yrke ein har og slikt, slik at dei kan gå laus på den delen av partiprogrammet dei trur interesserer oss. Nokre legg jamvel til grunn eigne målingar som syner kva veljarane generelt er mest opptekne av, og legg inn støyten der. -Så, kva saker avgjer valet ditt i år, tru? Senterpartiet sin ambassadør på Torgallmenningen spør. -Tja, eg legg i grunnen vekt på heilskap og politisk ideologi, og så er eg jo oppteken av kva for parti som har vyer på vegne av både bygd og by, inviterer eg. Eg vert raskt forsikra om at den raudgrøne regjeringa vil halde fram med å bygge samfunnet nede frå. Dei vil ha levande distrikt og bygder og trygge lokalsamfunn prega av samhald, samvirke og jamstilling mellom ulike grupper. Og så vil dei ha ei betre samferdsle akkurat der eg bur; vegar og kollektivtilbod. -Me har jo Liv Signe, veit du! Eg veit.
..........Etter å ha gjort greie for kva eg jobbar med, får eg frå Venstre vite at kunnskapsutvikling på energiområdet er heilt avgjerande. -Kloden skal forvaltast for etterkomarane våre, langsiktige omsyn til naturgrunnlag og miljø må difor vere overordna andre og meir kortsiktige omsyn. -Utviklinga skal vere berekraftig slik at me dekkar dagens behov utan å øydeleggje framtidige generasjonar sine moglegheiter til å få sine behov dekte, kjem det like etter frå Ap sin mann på standen. -Jens er ekstreeemt oppteken av dette!
..........Eg let det liksom stå til då eg mottek faldaren frå SV: -No, korleis løyser regjeringa spørsmålet om europatilknytinga, då, med Jens, Kristin og Liv Signe grunnleggjande usamde? -Varig fred mellom folkeslag og nasjonar byggjer på gjensidig respekt og toleranse, får eg vite, -og vår nasjonale sjølvråderett er eit godt grunnlag for aktivt internasjonalt engasjement, held dama fram. Ei vidare utbygging av det internasjonale samarbeidet må tuftast på sosial utjamning og respekt for kvar einskild nasjon sin kultur og eigenart. Ho forsikrar at dei tre partia går til val på at Noreg ikkje skal sende EU-søknad den komande fireårsbolken.
..........Ein halvtimes valkamp i byn var kjekt å ta med seg, men påfylgjande kafébesøk med kjendsfolk var kjekkare. Lang biltur heim venta, med passasjersetet fullt av cd-plater. -Norske politikarar er i høg grad mediestyrte, uttalte Tore Slaatta, professor i medievitskap ved Universitetet i Oslo til avisa Ny tid (28.08.09). Han viste til at det er stor grad av konsensus i norsk politikk, og at det difor er vanskeleg for partia å trekkje opp dei store debattane med tydelege skiljeliner. I valkampen 'innfrir' partia valløfte på løpande band: Grøne sertifikat, varm skulemat, gul midtstripe på riksvegane. Alle får… I tillegg let nokon seg truleg påverke av lågmålstema som ikkje høyrer heime i politikken: Då Erna sin utsjånad vart eit tema i den offentlege debatten, nådde galskapen eit nytt høgdepunkt. Ikkje bra.
..........Eg meiner i alle høve det er ein føremon om folk flest bestemmer seg ved å fylgje den politiske debatten over tid - og ikkje (berre) let seg overtyde av veltalande og rundkanta partiambassadørar på Torgallmenningen ein vakker fredagsettermiddag. Valkamp er likevel spanande, og ikkje minst tv-sendingane valnatta er noko eg alltid ser fram til - sjølv om eg merkar at det røyner litt på no. Og korleis vert forresten valnatta dersom Framstegspartiet ikkje snublar i innspurten? Og Sogn og Fjordane vert eit endå større Frp-fylke? Om ikkje anna, så får eg nytte alle høve til å oppmode om Frp-boikott, slær det meg. For eg trur ikkje at store skattekutt fører til betre velferdsordningar, sentralisering til større effektivitet og rettferd eller privatisering til større og meir reell valfridom for innbyggjarar flest. Eg skrur opp lyden då eg passerer Voss att, og syng med på Odd Nordstoga sin fine pilegrimsong:

Dette er ein gamal veg
der fut og fant fór fram ein gong:
no ber vegen mine steg
og røysta mi ber fram ein song.

tysdag 25. august 2009

Barcelona

Augustmorgon. Sola gjer seg klar til å trengja gjennom den linne morgondisen. Skal ein sommarbleik nordmann trena her nede på denne tida av året, er det no eller aldri. Dei seine, mørke sommarkveldane er så varme etter dagar med blank sol, og skrotten er så heit etter både by- og strandliv, så trening freistar ikkje då. Den betre halvdelen er klar alt, ja nesten litt rastlaus etter å koma i gang. Sjølv skal eg berre finna minibykartet og bretta det slik at det ligg fint i neven på turen. Klare.
..........Treningsturen går føre seg med dei lettaste joggeskorne, den tynnaste trøya og den kortaste shortsen som er med. Fyrste etappe går frå hotellet, som ligg ved den langstrekte stranda eit stykke forbi Parc del Poble Nou, opp til Gaudikatedralen La Sagrada Familia.
..........
Knappe tjuefem minuttar seinare står me midt i den vesle parken på austsida av bygninga og knipsar mobiltelefonbilete. Så tidleg på morgonen er det særs få turistar her, og det er fint å stogga litt for verkeleg å studera arkitekturen. Kunsten. Historia. Fantastisk å studera han frå alle kantar i ro og mak i morgonljoset!
..........Neste mål er ein snart 900 år gamal katedral; Katedralen ved havet. Me byrjar bli kjende i byen etter fleire slike morgonturar, men må finlesa kartet for å finna den litt meir smålåtne kyrkja. Nyfikne joggar me nedover gjennom Arc de Triomf, triumfbogen, til Parc de la Ciutadella. Forbi Museo Picasso. Brått ser me skiltet på veggen som fortel at me står på baksida av Església de Santa Maria del Mar. Kartet har losa oss inn i stadig trongare gater, og eg tvilte ei kort stund på om me faktisk var på rett veg... Men her er han altså.
..........Fort å bli heilfrelst på akkurat denne bygninga etter å ha lese romanen 'Havets katedral' av Ildefonso Falcones. Handlinga gjev eit levande bilete av Barcelona si stordomstid som livleg sjøfartsby prega av store sosiale skilnader og kampen om materiell rikdom. Ei gripande historie om ukueleg fridomstrong. Og sjølvsagt grenselaus kjærleik. I dag er Barcelona hovudstaden i regionen Catalonia. Byen har om lag 1,6 millionar innbyggarar, medan Stor-Barcelona til saman har over 5 millionar. Dette utgjer rundt 70 % av Catalonia si befolkning.
..........Dørene er opne, og berre nokre få personar er inne i den svale katedralen så tidleg. Mange raude ljos er tende. Lukta av smelta stearin forsterkar den høgtidlege stemninga, og det er heilt stilt der me treningssveitte ruslar ein rundtur inne i katedralen. Tida står på eit vis stille i slike stunder. Det er her og no som gjeld. Intervalldrag i Henjadalen, turar til Raudmålsgrinda, birkebeinargjengen og motbakkeløparar, ja norsk valkamp og heile pakka for den del, kjennest utruleg fjernt.
..........Ein annleis treningsrunde vert avslutta med tjue nye minuttar roleg jogging på strandpromenaden attende til hotellet. Byen har vakna. Og sola er for lengst heilt gjennom.

søndag 9. august 2009

Buff Fanaråken Opp 2009

..........
Fanaråkhytta 08.08.2009. Fire slitne Syril-karar endeleg på toppen: ein bergensar og ein nordfjording flankert av to blide vossingar. Alle tungt sponsa av Powerade.
..........
Motbakkeløp. Berre ordet skulle i utgangspunktet gjere at ein held seg langt borte. Men trass nerver i høgspenn, steile motbakkar og eit beinhardt felt, vart dette i grunnen ei ny og interessant erfaring. Buff Fanaråken Opp gjekk føre seg på laurdag, og om lag 400 løparar stilte i konkurranseklassane. Fanaråkhytta (2068 moh.) er den høgastliggjande turisthytta i Nord-Europa og eit særs populært turmål. I helga var altså den vakre turstien frå Turtagrø (884 moh.) til toppen av Fanaråken arena for den største folkefesten så høgt til fjells i Noreg i år. Så langt.
..........Løypa er krevjande saker. 700 meter på asfalt i dei fyrste stigningane opp frå Turtagrø Hotell vert etterfulgt av om lag 3,5 km. på grusveg inn Helgedalen. Deretter startar motbakkane opp mot toppen. Restaureringa av den historiske stien frå Helgedalen opp til Fanaråkhytta er utførd av sherpaene Dawa og Taphen frå Nepal. Dei er ekspertar på å byggje stiar med berre hendene. Resultatet er store utbetringar særleg på fyrste delen av stien i Steindalen.
...........Me var sånn nokonlunde samla rundt fyrste drikkestoggen inst i Helgedalen, alle fire. Med Torunn, merkesetjaren, ikkje langt bak. Derifrå og opp handla turen for min del om å finne ryggar med passeleg fart. Finne einkvan å hengje seg på, få kontroll på farten og forsere når sjansen baud seg. No fekk liksom kvar og ein tenkje på seg sjølv. Ei blanding av skigang og freistnadar på springing i dei lettare partia oppover enda til slutt i eit realt spurtoppgjer - rett nok godt i overkant av 20 minuttar etter at dei to kenyanarane Richard Bartale og Henry Kiplagat passerte målseglet...
..........Turen nedatt handla om å diskutere treningsprinsipp og -metodar for oss som (berre) kjem oss ut på treningstur 3 gonger i veka. Det vart òg mykje snakk om motbakkeløpet Skåla Rett Opp som går føre seg i Loen neste helg. God tur til dei som stiller til start der!

torsdag 30. juli 2009

Birken 2010 - talar me om trippelen?

–No, stiller du på Birkebeinarløpet 19. september? Spørsmålet kjem frå lokal birkebeinar av det meir rutinerte slaget. –Hei, kjekt å sjå deg òg, prøver eg meg, men eg skjønar fort at eg ikkje slepp unna. –Nei, det får jamen halde at eg stiller opp att på rennet. 20. mars neste år, er det ikkje då? –Jau, og det er vel og bra det. Men du; skal me ikkje prøve oss på trippelen i 2010? Både rennet, rittet og løpet, meiner eg? –Høyrest lovleg ambisiøst ut, men eg høyrer at fleire i Birkebeinar- og longsyklarlauget på Systrondi siktar seg inn på heile greia neste år. Så det er vel kan hende ikkje veg utanom...
..........Praten fann stad i Saften ein dag tidleg i juli. Det var i grunnen fyrste gongen Birken 2010 har vore tema på bui. Utan at nokon av oss forplikta seg meir enn høgst naudsynt for det nye året, tok praten heldigvis ei ny og meir behageleg retning. –Høyrer forresten at Hilde Gjermundshaug Pedersen har runda 45, og at ho seier til langrenn.com at nok er nok når det gjeld konkurransar. –Eg er rett og slett dritlei startnummer, er den ærlege meldinga hennar.
..........Og jamen er det ein milestolpe at ho no legg opp. Langrennsjenta frå Nybygda debuterte i verdscupen alt vinteren 1984. Det er året då tikronesetlane vart erstatta av myntar, Preben Elkjær og Danmark tok bronse i fotball-EM i Frankrike, Ghostbusters og Ronja Røvardotter var to viktige kinoopplevingar, Eirik Kvalfoss - den store - tok gull, sylv og bronse i Sarajevo-OL, Lars Saabye Christensen gav ut Beatles, Åge Aleksandersen fekk Spelemannsprisen for Levva livet-plata, John McEnroe slo Jimmy Connors i Wimbledon-finalen, Per Egil Ahlsen vann cupfinalen saman med Fredrikstad og Alphaville herja hitlistene (og 2x40W-stereoanlegget i stova!) med Forever young, Summer in Berlin og Sounds like a melody. Eit stort år, med andre ord.
..........Det er berre ei ørlita hake ved at ho skal gje seg, tenkjer eg; ho går nemleg framleis utruleg fort på ski! Seinast i år vann ho Birken på ei uforskamma sterk tid, og på rulleski er det framleis ingen på landslaget som hamlar opp med henne. Når ho no likevel vel å setje strek for ei flott langrennskarriere, får me berre ta med oss hennar gode råd til alle skiløparar som no legg planane fram mot nettopp Birken 2010: Ho meiner nemleg at det ikkje er særleg lurt å gå på seg hjarteinfarkt i skiløypa (noko me finn det rett å slutte oss til), og ho rår oss til å vere nøye med å differensiere treninga vår. Langturar skal vere skikkeleg rolege og berre intervalløktene skikkeleg harde. Og; me skal halde meir på med det fyrste enn det siste dersom me vil prestere bra i Birken. –Ei fin birkenøkt kan vere å utvide ein totimars løpetur til ei lengre økt som òg inneheld både sykling og rulleski, seier ho til langrenn.com. –Det gjev god aerob trening og er meir skånsamt for kroppen, held ho fram, –og hugs: hald tempoet nede i langøktene!
..........Men er det no verkeleg slutt, tru? Ein tredje birkebeinar har kome til. –Kristen Skjeldal sprang sist helg inn til ein knallsterk andreplass i motbakkeløpet Kvasshovden opp i Ulvik. Dei greier jo ikkje slutte å konkurrere! Og eg har lese at det overhovudet ikkje såg ut som fysikken var falma sidan han la skia på hylla, der han gav landslagsløpar Martin Johnsrud Sundby stryk i liene opp frå ein spegelblank Hardangerfjord. –Eg har så stor glede av å springe, uttalte han nyleg til langrennsveven, –og så trur eg at eg framleis flyt på gamal trening... På spørsmålet om han vert å sjå på startstreken i eitt eller fleire skirenn til vinteren, vart bulkenløperen tydelegvis både stotrande og usikker: –Nåja, hm, nja, tja, jaudåkanskje, neivent, egtrurvelikkjedetakkurat, nja, me får no sjå.
..........Ja, me ventar og ser. Mitt tips er at både Hilde GP og Kristen vert å sjå ved sekkevekta i startområdet på Rena 20. mars neste år. Meir uvisst er det vel korleis alt dette preiket om trippelen 2010 endar...

onsdag 15. juli 2009

Dana Cup no.1

Syril G93-94 var mellom dei åtte laga som tok seg til kvartfinalen i A-sluttspelet i klasse G16. Dei to siste norske laga rauk ut i denne runden. Men laget deppa slett ikkje av den grunn; for dette var ein sportsleg opptur. Og me visste jo at motstandarane i sluttspelet ville bli råsterke! I semifinalane var det berre svenske Nästas SK frå Gøteborg og tyske STD Bremerhaven att frå Europa. I finalen slo Club Morumbi frå Mexico AD Cantolao frå Peru 2-0.

Midtvegs i andreomgangen i kvartfinalen la me om til eit ikkje tidlegare utprøvd 3-3-4-system for å få utlikninga me trengde mot Nästas SK. Ballen gjekk rett utanfor stolpen, like over tverrliggjaren og i nevane på ein langstrekt svensk målmann – men altså ikkje inn. Ikkje pokker! Etter ei ny solid turnering frå Syril IL sitt G16-lag, med halve laget frå 15-årsklassen, måtte me difor innsjå at laget var ute då domaren blas av kampen. Sjølv i ei jamn og tett gruppe med to norske, eit dansk og eit svensk lag, gjekk me gjennom dei innleiande rundane utan tap. Som puljevinnarar møtte me gruppetoar frå ei av dei andre gruppene; Trygg/Lade frå Trondheim i åttandedelsfinalen. Grei skuring. Så skulle det altså syne seg at svenskane vart eit nummer for store i kvarten.
..........Me var nok litt prega av turneringsnerver då domaren bles i gang fyrste kampen. Det tok såleis litt tid før me kom i gang med angrepsspelet me er kjende for. Turneringa har likevel gjeve trenarane svar på fleire spørsmål før haustsesongen tek til i fyrstedivisjon. Midtbana vår er godt organisert. Kristian S., Aslak og Eivind fordeler mange smarte pasningar på Marius og Benjamin og alternativt på Helge og Jaran ute på venstrekanten. Keeper Øystein kom særs godt frå Dana Cup. Særleg då svenskane hadde sin beste periode midtvegs i andreomgangen i kvarten, var feltarbeidaren Øystein god å ha. Kapteinen sjølv, Per Eirik, og Lars i midtforsvaret plukka det som kom i midten og i lufta, og Eirik og Jørgen takla skjorta av hurtige kantspelarar. Laget stod fram som defensivt godt organisert og midtbana fekk etterkvart fritt spelerom og dominerte med kreativt og variert angrepsspel. Olav tok godt vare på sjansane han fekk på høgrekanten, og slo gjennom fleire presise pasningar på førstetouch; til Anders, Kristian T. og Helge. Også Kim Andre sine innhopp på venstrebacken var solide. Bra! –Det er svært viktig å ha ein brei stall der fleire kan trø til når det røyner på utover i slike turneringar, konkluderte Per Eirik på ferja heim.
..........Handleturar i feriemodus i rolege gågater i Fredrikshamn, flotte treningsøkter på dansk gras mellom kampane, spelarmøte kvar kveld, sosiale stunder med laget, sysken og foreldre, bading og blogging heim til nyfikne sogningar undervegs. O-løparen hadde endåtil med seg kart frå eit nordisk orienteringsløp tidleg på 90-talet, og tok såleis med seg treningssvoltne foreldre på langtur gjennom danske skogar. Supert!