Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

tysdag 5. januar 2010

Vinterfotball

Mange er godt i gang med skisesongen. Sjølv om det gjerne kunne vore meir snø, er det no fine forhold både for langrenn og telemarkkøyring på Øvstestølen. Likevel rullar fotballen i Sogn! Syril Fotball arrangerer i vinter fotballskule for årskulla 1996-1999 i Leikanger Idrettshall (Saften). Fotballskulen kjem til å fokusere på basisferdigheiter og teknikktrening, og vert gjennomførd med fire treningsøkter fordelte på to dagar. Fyrste samling er alt komande laurdag (9. januar). Den andre er sundag 7. mars. Fotballskulen tek til kl. 10.00 og er slutt kl 13.30. Me avsluttar kvar samling med å servere lunsj til deltakarane.
         
I samband med gjennomføringa av fotballskulen vil me òg leggje opp til ei samling for trenarane i klubben og andre interesserte. Nils Tore Krosshaug har det fotballfaglege ansvaret, og han orienterer oss om den såkalla Coerver-modellen komande fredag kl. 19.00. Coerver er eit teknikkutviklingsprogram for unge spelarar. Ei målsetjing med modellen er å gjere den einskilde tryggare på eigne ferdigheiter gjennom leik og øvingar med mykje ballkontakt. Systemtenking og formasjonstrening vert altså ikkje sett fokus på her. Fyrst når spelaren er trygg på eigne ferdigheiter og kjend med spelarane rundt seg vil ho eller han trivast og vere kreativ på fotballbana. Sentralt i Coerver-metoden står også spel i mindre grupper. Metoden rettar seg særleg mot aldersgruppa 6 til 14 år, men vert i mange klubbar nytta også på juniornivå. Me ser fram til lærerike fotballdagar - ein glitrande start på tjueti!

tysdag 22. desember 2009

God jol!

Gåvene er kjøpte, pakka og sende. Julekorta er komponerte med sine faste, tilklypte turbilete og meir eller mindre gjennomtenkte formuleringar. Pinnekjøtet er salta og røykt, kappa og klart – eller i alle fall kjøpt inn... Juletreet står på fot i garasjen, klart til å bli pynta i stova på vetlejulaftan. Ski til store og små, til fjellturar og langrennsløyper, både til mose-og-lyng-skitilhøve og til praktfulle snøforhold, står preppa og klare i kjellaren.
..........For dei yngste går dagane trått no, men for andre av oss fyk tida så det neimen ikkje er riktig klokt. Sist veke var eg på fire juleavslutningar på to dagar, og ein kollega sa det rett ut: 'Denne veka har eg rett og slett ikkje tid til å gå på jobb'. Jula er altså like om hjørnet, og me kan like godt gjera det beste ut av ho. Me tek sats og fyller opp bilen frå golv til skiboks, og køyrer heim til farmor og tradisjonsrik julefeiring denne gongen.
..........Det er ikkje anna å gjere enn å takke alle, kjende og litt mindre kjende, for kjekke kommentarar og synsmåtar og gode møte i året som har gått, og vone at me får eit like godt 2010 som 2009. Huhei!

God jol til deg
og god jol til din bror,
god jol til di syster
og til far og til mor.
God jol til ein nabo
og han utpå fyret.
God jol til ein sjømann
og til ein utan hyre.
God jol til dei små og
til dei som er store.
God jol til dei snille
og dei under bordet.
God jol til dei fire
som syng bass i koret,
og god jol til han polske
som vaskar kontoret.
    
God jol, Arne Hjeltnes (Sumaren eg fylte diesel, 1993)

måndag 14. desember 2009

For å seia det sånn

I år har eg hatt mange kjekke samtalar med leiarar og tilsette i bedrifter som på eitt eller anna vis arbeider med energisparing eller produksjon av fornybar energi. Eg har vore ute etter deira, respondentane, sine syn på tema eg er oppteken av. Då er det viktig å nytta tida godt, tenkjer eg alltid i slike settingar, sidan eg endeleg har greidd å stabla på beina eit møte med dei. Me har ikkje tid til så mykje utanomsnakk, travle som me er. Lista over spørsmål, intervjuguiden, er utforma slik at eg skal hugsa å sveipa innom flest mogleg tema i timen som er sett av. Sidan eg tek samtalane opp på band, kan eg liksom dura i veg med problemstillingar og oppfylgingsspørsmål – utan å tenkja på at svara skal hugsast eller noterast undervegs.
..........Til saka: For å få fullt utbyte av intervjua, og for å kunne bruka sitat, brukar me som regel å skriva dei ut. Dette er ein tidkrevjande jobb. Difor nyttar forskarar iblant studentar eller andre til å gjera jobben for seg. Eg har bestemt meg for å gjera dette sjølv, og har i løpet av fyrste halvdel av adventstida oppdaga at hovudfrustrasjonen min ikkje handlar om at jobben er tidkrevjande. Nei, det verste er nemleg å oppdaga alt eg sjølv har sagt undervegs i desse samtalane. Sa eg det verkeleg slik, tek eg meg i å tenkja. Arrgh, men kvifor sa eg ikkje heller…? Det er nærast uuthaldeleg å få greie på korleis eg eigenleg uttrykkjer meg i enkelte samanhengar. Og eg tenkjer berre ein ting: Dette må eg då læra av! 
..........Ta til dømes frasa ’for å seia det sånn’. Sjølvsagt har eg ofte tenkt at andre slengjer ut denne frasa i aust og vest. Dei hengjer ho gjerne på til slutt i ei setning, som ein vindskeiv, utsliten og haltande tilhengjar på ein elles moderne og elegant køyredoning. Enkelte har jamvel late ho falle ned på papiret gjennom pennen eller inn i pc-skjermen via tastaturet. Då burde dei heller ha skrive det sånn, då, har eg tenkt. No har eg altså avslørt meg sjølv: Eg er ein av dei som nyttar mange fyllord, og eg veit sanneleg ikkje om eg likar det.
..........At det munnlege språket er prega av spontanitet er kanskje det som skil det mest frå skriftspråket. Me tenkjer ikkje like mykje over korleis me formulerer oss når me pratar som når me skriv. Det fører ofte med seg mange fyllord, eller pragmatiske partiklar og uttrykk som dei gjerne vert kalla i språkvitskapen. Men dersom me seier noko på ein så uklar måte at me er nøydde til å slengja på desse orda, burde me vel heller bruka fem sekund ekstra på tankeverksemd, burde me ikkje? Me ville finna ein rettare måte å seia det på, og trongen for slike innhaldslause ord og fraser ville opphøyra? Sjølvsagt ser eg verdien av slike fraser i enkelte samanhengar, men då må det vera i fråsegner som tillet slikt. Til dømes når me beskriv eitt eller anna ved hjelp av metaforar. Då set me gjerne på ’for å seia det sånn’ for faktisk å forklara at me seier noko på ein alternativ måte. kan me seia det sånn. Me seier kanskje at 'det vert som å setja bukken til å passe havresekken, for å seia det sånn', viss me talar om å låne bort nyesykkelen til ein notorisk kjeltring som me slett ikkje stolar på. Ei viss mengde fyllord er elles naudsynte i talemålet vårt. Berre tenk på kor slitsamt det ville vera å halde praten i gang med einkvan som korkje nøla eller la inn forsterkande eller dempande fyllord mellom dei målretta innhaldsorda!
..........Det har nærast vorte ein mote å setja på dette forklarande, eller endå verre; orsakande, tillegget når me snakkar. For min eigen del trur eg det i tillegg har vorte ein real uvane. Gjennom å skriva ut nokre av intervjua mine har eg altså bestemt meg for å slutta å seia det sånn i tide og utide. Frå no av skal eg heller bruka hjernens funksjon til å luka ut både denne og andre keisame fraser der dei ikkje trengst. Spark meg på leggen og køyr olbogen hardt inn i sida mi, alt du berre greier, neste gong du høyrer meg seia: 'liksom', ’skulle eg til å seie’ eller ’viss du skjønar kva eg meiner'. Skjønar?

onsdag 2. desember 2009

Vinterlengt

Sjeldan har huslyden stått meir samla og sterkt bak kravet om snø som no. Hausten har vore finfin, han, men dei siste vekene har me stadig oftare slege eit slag for kvite vidder, faste skispor og kuldegrader. For snøen på tunet, nedpressa av trakk og breie piggdekk. For snøen på tunbjørka attom garasjen, og for snøen som nyfallen heng på skogen mellom husa i bygda. Jamvel for snømåkedugnad i blåtimen nede på fellesplassen og dugnad for å få i gang skitrekket på Kleppa har me slege eit slag. Det var difor jubel i heimen måndagskvelden, for under kveldsmaten kunne me tydeleg sjå at det snødde under gateljoset nedom huset. Jess!
   
Yngstemann var kjapt ute, grytidleg i går, i berre boxeren, for å sjekke snøstatus på tunet. Etter kvart som det byrja lysne og gjengen kava ut dørene for å oppsøkje jobb og skule, kunne også me andre slå fast at det iallfall var kvitt ute. Rett nok ikkje mange centimetrane med snø, ok, men kvitt. Og kontrasten frå dagen før på same tida var så utruleg stor. Vekslinga mellom årstidene er jo halve moroa her til lands, og særleg når ein mørk haustkveld over natta vert forvandla til ein ljos og vakker vintermorgon er endringa enorm. Overgangen frå november til desember kunne knapt vore betre. Smørjekofferten står klar og skikleda er henta fram. Og det vert hyppig sjekk av snøtilhøva på lokale skidestinasjonar sine vevsider i dagane som kjem, kan eg love...
  
Julemånaden er altså godt i gang alt, og Man.United-kalenderen på kjøkenet er for lengst bladd over på siste arket (yngstemann lovleg tidleg ute der òg). No tek julerushet for alvor til, og eg merkar at folk rundt meg, både på jobb og på fritida, ikkje køddar med jula. Korte leveringsfristar i jobbsamanheng er berre for barnemat å rekne når eg tenkjer meg om. Då er det viktig å manøvrere skuta slik at ein får gjort dei rette prioriteringane: Juleshopping eller ælghufs med teknekten? Julereingjering eller intervalløkt ilag med husbyggjaren? Julekortskriving eller prøvesmaking av årets juleøl med gode grannar i stova? Det er vel tida for å gjere litt av alt, ikkje anten/eller - og det er mange av oss som gjerne supplerer lista over viktige gjeremål med snømåking i oppkøyrsla og skiprepping i kjellaren. Men då held det altså ikkje med fagre lovnader om ein blå desemberhimmel og tindrande klare netter heile veka til endes. Nedbør!
  
Vinterlengt
  
snart kjem snøsneglane
fram att
spiralkrulla ligg dei og ventar
på måneskinnet
og knitreglitresnøen
  
Snart vinter, Fjordsymjaren (24.11.2009)

onsdag 18. november 2009

Forsking og bygdeutvikling

Bjørn Egil Flø og Jostein Vik ved Norsk senter for bygdeforsking har i haust invitert til debatt om bygdeforsking og –utvikling her til lands. I Dagens Næringsliv 01.10.09 fyrer Flø laus mot ’middelklassebygda’ og alle som driv bygdeutvikling for det han kallar ein ’kulturkonsumerande middelklassemarknad’. Flø er, slik eg oppfattar han, særleg kritisk til korleis forskarar diskuterer denne utviklinga, og meiner at både bygdeutviklarar og –forskarar har forlese seg på ’kryptiske postmoderne teoriar’. Forskarane er mindre kritiske til bygdeutviklingsprosjekta dei studerer enn dei burde vere, og for opptekne av kultur som grunnlag for verdiskaping på bygda. Kombinert med ei elitistisk orientering, inneber dette i neste instans at bygdeforskinga anbefalar etablerarar og gründerar å tilby ’middelklassesymbol mest ingen er nemneverdig interesserte i’. Forskarane kastar såleis blår i augo på bønder og bygdeutviklarar som elles kunne ha satsa på noko meir berekraftig enn kortreist mat og norsk natur. Implisitt i dette argumentet ligg det at den norske middelklassen ikkje etterspør (nok av) det forskarane påstår me er opptekne av her til lands; mjuke ostar og flotte naturopplevingar i den rurale idyllen.
..........Den andre delen av argumentet til Flø er av meir generell og prinsipiell interesse. Han hevdar at det i dag er ei stor grad av gjensidig tilknyting mellom forskarar, brukarar av forskinga og prosjektmakarane. Dette er ei viktig årsak til at forskarane i for lita grad stiller seg kritiske til utviklinga innanfor bygdeutviklingsfeltet, hevdar han.
..........Jostein Vik går i Nationen 07.11.09 Flø i møte, og uttalar seg først og fremst på bakgrunn av kunnskap om den landbrukstilknytte næringsutviklinga. Han hevdar at forskarane ikkje konsumerer postmoderne teori i eit omfang som medfører problem – snarare tvert om. Dagens forskingsfinansiering har eitt overordna problem; oppdragsforskarar har i altfor lita grad kapasitet (tid!) til å oppdatere seg på teori. Meir kritisk postmoderne teori ville dessutan venteleg ha retta merksemda mot bygde- og matdiskursane sine maktaspekt, noko Flø også etterlyser, hevdar Vik. Dei fleste av dei knappe 60% av bøndene som har tilleggsnæringar driv verksemder som leigekøyring, snøbrøyting, vedhogst, tømrararbeid og grøn omsorg. Mindre enn 5% av bøndene driv eiga vidareforedling av mat, som til dømes produksjon av spekepølser og mjuke ostar. Symbolproduksjonen ser altså ikkje ut til å rå grunnen åleine i norske bygder. Vik understrekar forresten at det også er eit ope spørsmål i kva grad det er lurt/dumt å rette seg mot middelklassen, som vel etter kvart omfattar mange av oss…
..........Ein ting er at bygdeforskarane kan hende faktisk tek feil, og at dette skuldast overkonsumering av postmoderne teori. Den andre delen av argumentet til Flø er likevel langt verre. Gjensidig tilknyting mellom forskarar, brukarar av forskinga og prosjektmakarane gjer forskarane lite kritiske. Slike bindingar fører med seg forskingsetiske problemstillingar som forskingsinstitutta bør vere særs medvitne i kampen om lokale, regionale og nasjonale oppdragskroner. Forskingsmiljøa fungerer i eit samspel med oppdragsgjevarane og samfunnet rundt. Dei som finansierer forsking ynskjer gjerne å få noko att. Går oppdragsforskarar brukarane sitt ærend, og vil forskarar i for stor grad gje oppdragsgjevarane svaret dei vil ha? Ligg det i korta at me arbeider for vindkraft når me forskar på vilkår for, og ringverknader av, vindkraftutbygging? Driv forskinga innanfor geoturisme og opplevingar av lokal eigenart eigenleg marknadsføring av reiselivet i Sogn og Fjordane?
..........Særleg bygdeforskinga har vore skulda for å vere grunnleggjande normativ, i positiv tyding. Forskinga vil medverke til å utvikle bygdene og distrikta, og då kan det bli for lite plass for det kritiske blikket som Flø etterlyser og representerer. Eg er likevel samd med Jostein Vik i at forskinga korkje bør drive svartmåling eller overoptimistisk 'gladkonstruktivisme' for bygd og utkant. Forskinga bør streve etter å studere nyansar og vilkår for utvikling (og ja; avvikling) i distrikta med eit kritisk blikk. Men: Det er viktig å diskutere, og forske på, potensialet i dei ulike marknadane som nye næringar i distrikta rettar seg mot. Utvikling skjer der fleire ser moglegheiter ilag! 

måndag 9. november 2009

Haust i New York

I wanna wake up in a city that never sleeps… Ei kjend strofe sunge av Frank Sinatra surrar faktisk i hovudet med eg gnir den litt urolege svevnen ut av augo 05.27 på Milford Plaza Hotel ved Times Square. Eg vert liggjande og berre vente på at morgonen skal kome. Etter snart fem døger i USA, merkar eg at det framleis er ein god porsjon jetlag att i skrotten. Likevel er eg fast bestemt på å starte New York-opphaldet med ein treningstur i Central Park. Fram med kartet for å vere på den sikre sida. Planen er å fylgje 7th Avenue oppover til 59th Street ved Columbus Circle. Frå hjørnet sørvest i parken skal eg fylgje ei blanding av grus- og asfaltstiar nordover til eg rundar den vesle innsjøen med det overkomelege namnet The Lake. 
  
På med treningsklede og hanskar, og av garde 07.05 på fyrste treningsturen utandørs etter at eg landa i USA. To 40-minuttarar på tredemølle på Hyatt Regency Hotel i Washington DC har så langt utgjort all fysisk fostring. Det er difor perfekt med ein kombinert bli-kjend- og treningstur i byn no. Vel passert porten ved Columbus Circle, kjenner eg at det er haust i New York. Lufta er morgonkald sjølv om sola byrjar kikke ned mellom høghusa. Lauv i alle fargar dekkar stiane eg spring på. Eg stirer på små og store, gamle og unge, seine og raske, ljose og mørke, dongeri og treningsklede, joggevogn og sykkel, ja, her er nærast alt ein kan tenkje seg av folk på farten. Men her er god plass til dei alle, slær det meg. Oss alle. Central Park ber preg av at New York Marathon gjekk i går. Eit stort mannskap held på med rydding og nedrigging av løypeskilt, salsboder, tribunar og eg veit ikkje kva. Greitt å springe her i dag, merkar eg. Og ikkje i går.
..........Turen til USA starta sist tysdag. Flyreisa gjekk til Washington DC, via Dublin og Boston, for å delta på ein forskarkonferanse som ber namnet Society for Social Studies of Science. Ein god kollega på NTNU i Trondheim inviterte tidlegare i år både meg og andre kollegaer med. Eg var ikkje sein å be. Etter eit tettpakka konferanseprogram i hovudstaden, er det no altså duka for blanke fridagar i NYC. Planlegginga har vore så som så, men ei vitjing til utsikta i 86. etasje i Empire State Building, fridomsgudinna på Liberty Island, Madison Square Garden – og obligatorisk middag og t-skjortehandling på Hard Rock Café skal gjennomførast dei neste dagane. Og så er det på sin plass med ei roleg økt på kafé og i bokhandel, med e-postlesing og kanskje litt kortskriving til vener og kjende heime. Kanskje.
..........Dette er fyrste møtet mitt med New York, og eg må vedgå at eg er overvelda. Eit ufatteleg syn møtte meg og ein gjeng skotske studentar (som eg tilfeldigvis kom saman med ut frå bagasjebandet på Kennedy International Airport) då drosja vår kryssa brua over East River og køyrde inn på Manhattan. Skyskraparane steig til værs, fleire og høgare enn eg hadde førestilt meg. Morten Harket si røyst dukka uunngåeleg opp i hovudet. A chance of a lifetime to see new horizons. On the front page a black and white picture of Manhattan Skyline… 
..........På veg nedover att etter rundturen i Central Park passerer eg både Trump Tower og Rockefeller Center, og byen har for alvor vakna no. Dresskledde på veg til kontoret med kaffi frå Starbucks Coffee Shop i eine neven og pc-veska i hin. Omgrepet 'urbant trøkk' får eit nytt innhald, merkar eg, og det er nesten så eg får kjensla av kaos. Men byen er fascinerande, stor og med mange utrulege bygningar og verdskjende landemerke. Tempoet verkar høgt, og eg kryssar kvar gate nedover mot 42nd Street i lag med hundre andre.
  
Tre dagar i New York gjekk som ein røyk. Og eg kjende ein snev av vemod då eg sat på bussen på veg ut til flyplassen. For byen skil seg ut frå alle andre storbyar eg har vitja. New York er den største byen i USA med over 8,5 millionar innbyggarar. Storbyområdet New York er eitt av dei mest folkerike byområda i verda, med om lag 20 millionar. New York er eit økonomisk og kulturelt knutepunkt, og byen ber verkeleg preg av å vere smeltedigelen der alle er velkomne. Same kva bakgrunn dei har.
..........Tekstmeldingane mine undervegs får fungere som postkort, tenkjer eg - og til dei som ikkje mottok smsar midt på svarte natta medan eg var på tur, kan denne lenkja kanskje vere ein liten smakebit.
  
Memory fuses and shatters like glass 
Mercurial future, forget the past
It's you, it's what I feel
You might have laughed if I told you
You might have hidden a frown
You might have succeeded in changing me
I might have been turned around
It's easier to leave than to be left behind
Leaving was never my proud
Leaving New York, never easy
I saw the light fading out
You find it in your heart, it's pulling me apart
You find it in your heart, change... 
  
Leaving New York, R.E.M (Around the sun, 2004)

tysdag 13. oktober 2009

Neste episode

Denne bloggposten skulle eigenleg dediserast til dei som enno er fortapte i draumen om sommaren som er forbi. Menneska som, nedtrykte over sola sitt fråvere store deler av seinsommaren, syt og klagar sin naud til alle som giddar høyre på eller berre tilfeldigvis er i nærleiken. I teksten skulle eg be desse folka ryke og reise, ta fart og sykle dit peparen gror eller iallfall bli stumme for ei stund. Med 1800 teikn på plass og siste avsnittet att, ombestemte eg meg. Eg vil jo ikkje be nokon forsvinne i ei sky av røyk berre fordi dei ikkje set pris på Noreg sine fantastiske årstider og det lunefulle veret som nokon av oss rett og slett berre diggar. Eg vil ikkje be dei søkkje ned i eit hòl i jorda og bli der til neste sommar berre fordi eg kvir meg til å høyre dei klage over neste episode òg. Eg bestemte meg heller for å påpeike at det er synd, trist og leitt at dei ikkje greier å setje pris på hausten.
..........For ja, det vert kaldare no. Og ja; piggdekk, isskraping, frosne bildører og beinklaka lås på skiboksen ventar. Og ja; isvinden kjem frå nordvest. Han vil ruske i deg på veg til jobb dei haustmørke og grytidlege morgonane, og han vil tvinge deg til å dra opp glidelåsen og krype litt saman under hetta, inni dunjakka, på veg heim ein sein novemberkveld...
..........Men så vil du kan hende oppdage at seinsommaren si trykkande og klamme atmosfære glir over i ein frisk bris av ny giv òg? Lufta kjennest annleis. Klar og rein. Gløym sommaren sine lukter av regnvått, nyslege gras og blaute lam langs turstiar i vene skogar og fjell. For her kjem lukta av forblåste tre som tviheld på sine siste, raude lauv. Her er lukta av glasklart regn, nyimpregnerte fjellsko, vått hår under hua og glovarm kaffi frå termosen. Gløym sommaren sine lydar av sein skåling på altanen, for her kjem i staden raslinga av lauv, uling i pipa og sluddet si hamring på vindauga medan du sit innanfor og sjekkar e-posten din i fleece. Gløym jamvel sommaren sine turar berrføtt til postkassa dei fine sundagsmorgonane som var, for no er det vinterdyna, ullgenseren og vottane som gjeld. Hausten er for lengst over oss, og om ikkje lenge skin vinteren opp det kjende landskapet me er glade i. Han er alt å sjå på toppane rundt oss, ja, langt ned i liene. Og då dukkar det brått opp nye mål i horisonten. Med snøen kjem dei faktisk farande med sjumilssteg.
         
Ikkje fortvil. Sommaren kjem att, han. Men akkurat no kan du like godt gle deg over den mørkaste årstida, og nyte det gode ved å oppleve hausten i Noreg. Hausten og vinteren vil gje deg mange gode stunder, tru meg, ja, kanskje augneblinkar av pur glede og lukke? Hey, du må berre vere vaken no – og open for å sjå dei.

fredag 2. oktober 2009

Snø på mars

DumDum Boys er ikkje berre eit rockeband; dei er rett og slett ei eiga musikalsk retning. Bandet starta opp i 1979 under namnet Wannskrækk, og var i byrjinga eit reinspikka punkband. I 1988 gav dei ut si fyrste plate som DumDum Boys: Blodig Alvor (NaNaNaNa). Alt året etter kom det store gjennombrotet med Splitter Pine-albumet, og i 1990 stod bandet for delar av filmmusikken til Ingvar Ambjørnsen-suksessen på kino, Døden på Oslo S. Pstereo-plata kom same året ut spekka med melodiøse rockelåtar perfekt tilpassa ei übersosial og heilag russetid. Spelemannprisane hagla.
..........
Og gruppa har verkeleg halde koken, for jamen er det ikkje DumDum Boys som fyrst dukkar opp i hovudet når eg tenkjer attende på livet i forsvaret òg. Ikkje for å snakke om konsertlivet undervegs i ein drøss med intense semester på Blindern. Og kven andre enn DumDum Boys blas hovudteltet nærast overende med ein villstyring av ein konsert under Ekstremsportveko på Voss i 2006? Kjartan og Prepple sin evigunge kreativitet er imponerande. Bandet har denne veka, nok ein gong, synt at dei har visjonar og ambisjonar. Dei held med nysingelen Snø på mars fram i eit drivande, litt rufsete, men aller mest melodiøst, lydbilete. Dette er lett fordøyeleg, gitartungt og haustsentimentalt på same tid. Eit herleg arrangement.
..........Medan Gravitasjon-plata frå 2006 var ei botnsolid rockeplate, peikar den nye singelen lenger attende, tykkjer eg. Songen låner stemning og uttrykk frå Pstereotida, og eg får assosiasjonar til godlåtar som Englefjes, Blind og Tusen etasjer høi.

Dette vert ein DumDum-klassikar som garantert vil gje massiv allsong på konsertar framover – og som skal pushe meg opp seige padlebakkar på turt sandpapirskiføre i Orradalen. Viss Snø på mars berre er litt representativ for den komande plata frå Aslak, Sola, Prepple og Kjartan, er det grunn til å skru opp forventningane. Brått var hanskerommet fylt opp med gamle DumDum-plater att. Hah, sjå opp for plateslepp i november - nedteljinga er i gang!