Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

laurdag 6. mars 2010

Vasan 2011

Vasaloppet er verdas eldste og største turrenn, og akkurat no er det berre nokre timar til start i årets utgåve. Rennet går fyrste sundagen i mars kvart år frå Sälen til Mora i Dalarna i Sverige – eit strekk på 90 km. Rennet vart fyrste gongen gjennomført i 1922, men berre tre nordmenn har greidd å gå til topps: Ole Ellefsæter (1971), Anders Aukland (2004) og Jørgen Aukland (2008). I 2006 var Vasaloppet inkludert i sjølvaste verdscupen i langrenn, etter å ha vore ein del av Worldloppet for lange langrennsløp i 1975-2005.
..........I 1520 var Gustav Vasa på flukt frå troppane til danskfødde Christian II, kongen av Sverige og dei andre landa i Kalmarunionen. Ein stor del av den svenske overklassen var i opposisjon til kongen, som dei hadde gjeve tilnamnet Christian tyrannen. I ein freistnad på å stogge opposisjonen inviterte Christian det svenske aristokratiet til ein storslagen forsoningsfest i Stockholm, berre for å få dei, inkludert Gustav og foreldra hans, massakrerte i det som seinare har vorte kjent som det stockholmske blodbadet. Gustav kom seg unna og flykta gjennom Dalarna i frykt for livet sitt. Undervegs freista han å overtyde folk i Mora til å gjere opprør mot kongen, men han lukkast ikkje.
..........Gustav drog vidare mot Noreg på ski, fram til han vart teken att av to raske skiløparar i Sälen. Det synte seg at folket i Mora hadde endra meining, og dei to karane ynskte at djerve Gustav skulle leie opprøret mot kongen. 6. juni 1523 vart Gustav Vasa krona til konge av Sverige, etter å ha slått danske kong Christian og oppløyst Kalmarunionen. Vasaloppet har sidan 1922 vorte halde til minne om flukta hans i januar 1521.
..........19. mars 1922 starta 119 menn frå Olnispagarden på vestsida av elva i Sälen det fyrste Vasaloppet. 117 av dei fullførde løpet. Den fyrste vinnaren kom i mål på tida 7:32:49. Den raskaste sluttida har framleis Peter Göransson frå 1998, då han gjekk dei 9 mila på 3:38:57.
..........Mørke krefter er i sving for å mobilisere til fellestur til Sverige fyrste helga i mars 2011... Rykta fortel at Lauget har minst fem håp på startstreken i Vasaloppet neste år. Den lokale stayeren Elvelyen testar løypetraseen som pilot alt i år, og me vonar han er klar att om 52 veker (truleg noko avhengig av opplevinga i morgon…). I tillegg er me no fire andre som har byrja planleggje tur i lånt bubil eller minibuss for å gjennomføre ni stakemil i svenske skogar. Ein triggande smakebit finn de her! 

søndag 14. februar 2010

Holmenkollen Skimaraton 2010

Laurdag var det duka for eitt av vinterens store høgdepunkt: Holmenkollen Skimaraton. Noregs tredje største turrenn er ein klassikar. Turen frå Hakadal til Holmenkollen, gjennom lettkuperte og vintervakre Nordmarka, er på mange måtar ei historisk reise for alle som er glade i skisporten. For 35. og aller siste gong gjekk løparane originaltraseen – bortsett frå at mål denne gongen var flytt opp til Frognersetra. Dette skuldast byggeaktivitet i Holmenkollen i samband med VM 2011. Frå neste år vil rennet gå i ny trasé, med start i Sørkedalen og målgang i ’nye’ Kollen. Løypa vil altså framleis gå gjennom nokre av dei flottaste områda i Nordmarka, og sveipe innom den tradisjonelle 5-milstraseen.
..........Mange nytta det drygt 41 km lange turrennet til å forbetre startposisjonen sin i Birken. Det var ambisjonen også her i garden, men det står no att å sjå om eg lukkast med det... Gradestokken i bilen synte
-22°C på parkeringsplassen på bøane ved Hakadal ungdomsskule i Nittedal ein time før start. Sola og stemninga varma likevel då underteikna og den betre halvdelen pakka bytekleda i sendesekken til målområdet og gjorde dei siste førebuingane. Festesmurningen, Toko base, Swix VR40 (to tynne strøk), Rode Blå Super Ekstra (to syltynne), kom på skia alt i kjellaren hjå svigermora i Bærum. No stod berre eit nervelag med VR45 på toppen att for å ha noko å stå imot med når sola byrja få tak. Så fekk det berre stå til!
..........Dei fyrste 5 km går løypa i lett terreng gjennom öppna landskap i nordre del av Hakadal, før ho kryssar Gjøvik-bana ved Elnes og held fram sørvestover i Nordmarka. I dei jamne stigningane opp mot Langvann og fyrste drikkestasjonen ved 10 km var farten farleg høg. Tid: 41:40. Eg starta i fyrste startpuljen, samstundes som eliteklassane, og merka fort at dette var eit sterkt startfelt. Hadde bestemt meg for at ein kontrollert start ville vere lurt. Men då startskotet gjekk, tok adrenalinet over for fornufta – og eg gjekk hardt ut i fremste halvdelen av puljen. Kanskje ikkje det luraste eg har gjeve meg i kast med, for her brukte eg sanneleg mykje krefter…
..........Langs skogsvegen forbi Gørjavannet, Helgeren og Fortjern låg eg stort sett i eit 8-10 mannsfelt fram til matstasjonen ved Kikutstua. Halvveges til mål. Tid: 1:22:46. Merka undervegs at eg har mykje å lære på drikkestasjonane, for her går tida frå meg – og det røyner på å gå inn att 'feltet mitt' med 50-100 meter kvar einaste gong. Etter høgste punktet på turen ved Øyvannet (450 m.o.h.) og tredje drikkestasjonen ved Kobberhaugmyra på 30 km, tid: 1:57:15, gjekk turen i særs kupert terreng over Blankvannsbråten til Tryvannstua. Det hjelper å vite at høgste punktet er passert. Siste dose med sportsdrikk gjorde seg også her, kan eg love. Etter Tryvann og Frønsvolltråkka er det om lag 150 meter (!) stigning opp til mål ved Frognesetra. Det får vere ei slags trøyst at løypa fylgde dei nye løypene til Ski-VM 2011, og at eg fekk vere ein av dei aller fyrste til å gå denne traseen med makspuls, hehe! Sluttid: 2:35:37. Resultatlista synte 64. plass i M35-39; ein klasse med 436 deltakarar i mål. Greitt nok.
..........Etter månader med sein kveldsjobbing – og aldeles ikkje sein kveldstrening – stilte den betre halvdelen opp i K35-39. Ho gjekk svært kontrollert ut frå start i pulje 3, og avanserte gjennom heile løypa. Ein solid 14. plass i ein klasse der bortimot 90 fullførte. Fantastisk fin gjennomkøyring i årets vakraste skirenn!

søndag 31. januar 2010

Langrennskurs: skøyting

Langrennsgruppa i Syril arrangerer skøytekurs for alle over 16 år på Øvstestølen onsdag 3. februar kl. 18.15-20.00. Føremålet er å heve skøytekompetansen i Birkebeinar- og longsyklarlauget, hjå skitrenarane og andre skiinteresserte i klubben. Instruktørar for kurset vert tidlegare landslagsløpar Ingrid Narum (Sogndal IL) og underteikna. Rens skia for festesmurning og ta gjerne med skistavar som er om lag 20 cm. kortare enn kroppslengda di (ikkje noko krav!). Føremålet med kurset er at flest mogleg skal få med seg gode teknikkråd på vegen mot større glede av skøyting på ski - og at me vidare gjev god rettleiing til alle løparane våre i aldersbestemte klassar.
..........Anten du alt har lært deg dei tre grunnteknikkane i skøyting; padling, enkeldans og dobbeldans, og du har gått ein del skøyteøkter, eller du er heilt nybyrjar i skøyting, er du velkomen til ei artig langrennsøkt på Øvstestølen. Ta med dunjakka og ein termos med varm drikke, for på teknikktreningar er tempoet lågare enn på vanlege treningsøkter.
..........Me kjem til å leggje vekt på dei tre nemnde hovudteknikkane. Alle får rikeleg med tid til å prøve ut både enkeldans, dobbeldans og padling, og me gjev individuelle tilbakemeldingar og rettleiing i høve arbeidsoppgåver for teknikkforbetring.
..........Enkeldans brukar ein gjerne i slakt terreng, flatt og slakt utfor. Dette er teknikken du brukar når du har god fart. Teknikken inneber eitt stavtak for annakvart skyv; til dømes på kvar høgrefot. Balanse er viktig for å meistre enkeldansen, for det er ein føremon med god tyngdeoverføring i kvart skøytetak. I starten er det lurt å ikkje ha før høg takt/stakefrekvens, og det er nyttig å øve utan stavar. Dobbeldans vert brukt i slakt terreng, flatt og slakt oppover. Denne teknikken skil seg frå enkeldansen ved at du her tek eit stavtak for kvart skyv. Du stakar og glir på skia mot venstre og stakar og glir på skia mot høgre. Fokuser på tyngdeoverføringa også her, og tenk at kroppen helst skal ’kvile’ kort over skia før neste stavtak/glifase. Hugs; det er lurt å øve i lett terreng, for dess tyngre parti dobbeldansen vert nytta i, dess kortare stavtak og hyppigare skifte frå side til side. Padling brukar du i motbakkar. Dette er ’klatreteknikken’. Ein nyttar den eine skistaven å henge på (’hengarm’) og den andre armen til å skyve med.
..........Det er aldri nokon fasit på kvar i terrenget du nyttar dei tre skøyteteknikkane, men det er lurt å jobbe med å tilpasse teknikken til terrenget når du likevel er ute på skitur. Sjekk gjerne ut nokre teknikktips frå Team Xtra Personell her. Sjåast i løypa!

onsdag 20. januar 2010

Den neste er den beste

Då Kjetil André Aamodt var landslagsløpar, fekk han nærast dagleg spørsmål om han sette ei nyleg oppnådd topplassering høgare enn medaljar han før hadde hausta. Er dette din beste konkurranse?, høyrde han stadig journalistar spørje. Ein gong spørsmålet kom, vart han ståande lenge og tyggje på det før han svarte. Til slutt kom det: Den neste er den beste! Vegen framover mot nye mål og konkurransar var dei viktigaste drivkreftene i treningsarbeidet hans. Dette gjennomtenkte svaret vart i 2006 nytta som tittel på boka om skikarrieren hans; ei bok eg trygt kan tilrå – anten du er sportsinteressert eller ei.
..........Sist haust lanserte Haugtussen sine sportslege målsetjingar for året som akkurat har byrja på fellesbloggen til Birkebeinar- og longsyklarlauget. Fleire heiv seg på, og gjennomtenkte og meir eller mindre realistiske mål såg dagens ljos. Sjølv har eg prøvd å formulere tilsvarande målsetjingar – førebels utan heilt å lukkast. Dei er der nok ein stad, målsetjingane om plasseringar, om å greie merkekrav og å oppnå visse konkurransetider. Likevel ligg det ei sperre i meg som gjer at eg ikkje annonserer at målet for Birken er å passere mållina mindre enn 3 timar og 25 minuttar etter passering startmatta ved enden av Tingstadjordet på Rena. Eg får meg heller ikkje til å kunngjere for all verda at målet er å klive Fanaråken Opp på under 1 time og 15 minuttar frå startstreken på Turtagrø; eller at Blomstringsløpet helst bør vere unnagjort på under 14 minuttar (og revansje over nemnde Haugtussen eventuelt er eit hardtslåande faktum!). Nei, det viktigaste er faktisk å vite at ein er påmeld til nye konkurransar, tenkjer eg. Ei kvar samanlikning med Aamodten er sjølvsagt å tøyge dette med trening og målsetjingar altfor langt, eg veit. Det fell på si eiga urimelegheit. Men eg trur likevel mange deler synet hans om at det viktigaste er å glede seg til den neste økta og den neste konkurransen og sjå framover mot nye mål. Individuelt eller på lag med fleire. Treningstimar på blaute stiar og økter med ivrige, unge fotballspelarar er viktige deler av målet - resultat i form av prestasjonar får vere for reinspikka bonusar å rekne.
    
Og kanskje er nettopp dette årsaka til at eg ser på den lokale nyvinninga Giro Sogn som ein knallgod idé. Giroen handlar om å arrangere, og delta på, ein serie lokale konkurransar innanfor fleire ulike greiner. Mange i Birkebeinar- og longsyklarlauget seier no at dei vil hyve seg på den uformelle touren som ein lekk i treningsarbeidet utover i 2010. Kjekt!
Sjølve utforminga av konseptet går i desse dagar føre seg på nemnde fellesblogg: Bør me leggje opp til at t.d. 5 av 10 konkurransar tel i samandraget? Bør alle som deltek uansett oppnå minst 3 poeng? Skal me leggje opp til ei eiga konkurransehelg med jaktstart på sykkel fredag og laurdag - og ølbrygging/-smaking laurdagskvelden? Kva farge skal 'Eg-deltek-på-GIRO-de-SOGN-t-skjortene' (som alle deltakarane sjølvsagt får) ha? Alle synsmåtar og kommentarar vert sjølvsagt tekne imot med takk her. Me treffest på den neste!

tysdag 5. januar 2010

Vinterfotball

Mange er godt i gang med skisesongen. Sjølv om det gjerne kunne vore meir snø, er det no fine forhold både for langrenn og telemarkkøyring på Øvstestølen. Likevel rullar fotballen i Sogn! Syril Fotball arrangerer i vinter fotballskule for årskulla 1996-1999 i Leikanger Idrettshall (Saften). Fotballskulen kjem til å fokusere på basisferdigheiter og teknikktrening, og vert gjennomførd med fire treningsøkter fordelte på to dagar. Fyrste samling er alt komande laurdag (9. januar). Den andre er sundag 7. mars. Fotballskulen tek til kl. 10.00 og er slutt kl 13.30. Me avsluttar kvar samling med å servere lunsj til deltakarane.
         
I samband med gjennomføringa av fotballskulen vil me òg leggje opp til ei samling for trenarane i klubben og andre interesserte. Nils Tore Krosshaug har det fotballfaglege ansvaret, og han orienterer oss om den såkalla Coerver-modellen komande fredag kl. 19.00. Coerver er eit teknikkutviklingsprogram for unge spelarar. Ei målsetjing med modellen er å gjere den einskilde tryggare på eigne ferdigheiter gjennom leik og øvingar med mykje ballkontakt. Systemtenking og formasjonstrening vert altså ikkje sett fokus på her. Fyrst når spelaren er trygg på eigne ferdigheiter og kjend med spelarane rundt seg vil ho eller han trivast og vere kreativ på fotballbana. Sentralt i Coerver-metoden står også spel i mindre grupper. Metoden rettar seg særleg mot aldersgruppa 6 til 14 år, men vert i mange klubbar nytta også på juniornivå. Me ser fram til lærerike fotballdagar - ein glitrande start på tjueti!

tysdag 22. desember 2009

God jol!

Gåvene er kjøpte, pakka og sende. Julekorta er komponerte med sine faste, tilklypte turbilete og meir eller mindre gjennomtenkte formuleringar. Pinnekjøtet er salta og røykt, kappa og klart – eller i alle fall kjøpt inn... Juletreet står på fot i garasjen, klart til å bli pynta i stova på vetlejulaftan. Ski til store og små, til fjellturar og langrennsløyper, både til mose-og-lyng-skitilhøve og til praktfulle snøforhold, står preppa og klare i kjellaren.
..........For dei yngste går dagane trått no, men for andre av oss fyk tida så det neimen ikkje er riktig klokt. Sist veke var eg på fire juleavslutningar på to dagar, og ein kollega sa det rett ut: 'Denne veka har eg rett og slett ikkje tid til å gå på jobb'. Jula er altså like om hjørnet, og me kan like godt gjera det beste ut av ho. Me tek sats og fyller opp bilen frå golv til skiboks, og køyrer heim til farmor og tradisjonsrik julefeiring denne gongen.
..........Det er ikkje anna å gjere enn å takke alle, kjende og litt mindre kjende, for kjekke kommentarar og synsmåtar og gode møte i året som har gått, og vone at me får eit like godt 2010 som 2009. Huhei!

God jol til deg
og god jol til din bror,
god jol til di syster
og til far og til mor.
God jol til ein nabo
og han utpå fyret.
God jol til ein sjømann
og til ein utan hyre.
God jol til dei små og
til dei som er store.
God jol til dei snille
og dei under bordet.
God jol til dei fire
som syng bass i koret,
og god jol til han polske
som vaskar kontoret.
    
God jol, Arne Hjeltnes (Sumaren eg fylte diesel, 1993)

måndag 14. desember 2009

For å seia det sånn

I år har eg hatt mange kjekke samtalar med leiarar og tilsette i bedrifter som på eitt eller anna vis arbeider med energisparing eller produksjon av fornybar energi. Eg har vore ute etter deira, respondentane, sine syn på tema eg er oppteken av. Då er det viktig å nytta tida godt, tenkjer eg alltid i slike settingar, sidan eg endeleg har greidd å stabla på beina eit møte med dei. Me har ikkje tid til så mykje utanomsnakk, travle som me er. Lista over spørsmål, intervjuguiden, er utforma slik at eg skal hugsa å sveipa innom flest mogleg tema i timen som er sett av. Sidan eg tek samtalane opp på band, kan eg liksom dura i veg med problemstillingar og oppfylgingsspørsmål – utan å tenkja på at svara skal hugsast eller noterast undervegs.
..........Til saka: For å få fullt utbyte av intervjua, og for å kunne bruka sitat, brukar me som regel å skriva dei ut. Dette er ein tidkrevjande jobb. Difor nyttar forskarar iblant studentar eller andre til å gjera jobben for seg. Eg har bestemt meg for å gjera dette sjølv, og har i løpet av fyrste halvdel av adventstida oppdaga at hovudfrustrasjonen min ikkje handlar om at jobben er tidkrevjande. Nei, det verste er nemleg å oppdaga alt eg sjølv har sagt undervegs i desse samtalane. Sa eg det verkeleg slik, tek eg meg i å tenkja. Arrgh, men kvifor sa eg ikkje heller…? Det er nærast uuthaldeleg å få greie på korleis eg eigenleg uttrykkjer meg i enkelte samanhengar. Og eg tenkjer berre ein ting: Dette må eg då læra av! 
..........Ta til dømes frasa ’for å seia det sånn’. Sjølvsagt har eg ofte tenkt at andre slengjer ut denne frasa i aust og vest. Dei hengjer ho gjerne på til slutt i ei setning, som ein vindskeiv, utsliten og haltande tilhengjar på ein elles moderne og elegant køyredoning. Enkelte har jamvel late ho falle ned på papiret gjennom pennen eller inn i pc-skjermen via tastaturet. Då burde dei heller ha skrive det sånn, då, har eg tenkt. No har eg altså avslørt meg sjølv: Eg er ein av dei som nyttar mange fyllord, og eg veit sanneleg ikkje om eg likar det.
..........At det munnlege språket er prega av spontanitet er kanskje det som skil det mest frå skriftspråket. Me tenkjer ikkje like mykje over korleis me formulerer oss når me pratar som når me skriv. Det fører ofte med seg mange fyllord, eller pragmatiske partiklar og uttrykk som dei gjerne vert kalla i språkvitskapen. Men dersom me seier noko på ein så uklar måte at me er nøydde til å slengja på desse orda, burde me vel heller bruka fem sekund ekstra på tankeverksemd, burde me ikkje? Me ville finna ein rettare måte å seia det på, og trongen for slike innhaldslause ord og fraser ville opphøyra? Sjølvsagt ser eg verdien av slike fraser i enkelte samanhengar, men då må det vera i fråsegner som tillet slikt. Til dømes når me beskriv eitt eller anna ved hjelp av metaforar. Då set me gjerne på ’for å seia det sånn’ for faktisk å forklara at me seier noko på ein alternativ måte. kan me seia det sånn. Me seier kanskje at 'det vert som å setja bukken til å passe havresekken, for å seia det sånn', viss me talar om å låne bort nyesykkelen til ein notorisk kjeltring som me slett ikkje stolar på. Ei viss mengde fyllord er elles naudsynte i talemålet vårt. Berre tenk på kor slitsamt det ville vera å halde praten i gang med einkvan som korkje nøla eller la inn forsterkande eller dempande fyllord mellom dei målretta innhaldsorda!
..........Det har nærast vorte ein mote å setja på dette forklarande, eller endå verre; orsakande, tillegget når me snakkar. For min eigen del trur eg det i tillegg har vorte ein real uvane. Gjennom å skriva ut nokre av intervjua mine har eg altså bestemt meg for å slutta å seia det sånn i tide og utide. Frå no av skal eg heller bruka hjernens funksjon til å luka ut både denne og andre keisame fraser der dei ikkje trengst. Spark meg på leggen og køyr olbogen hardt inn i sida mi, alt du berre greier, neste gong du høyrer meg seia: 'liksom', ’skulle eg til å seie’ eller ’viss du skjønar kva eg meiner'. Skjønar?

onsdag 2. desember 2009

Vinterlengt

Sjeldan har huslyden stått meir samla og sterkt bak kravet om snø som no. Hausten har vore finfin, han, men dei siste vekene har me stadig oftare slege eit slag for kvite vidder, faste skispor og kuldegrader. For snøen på tunet, nedpressa av trakk og breie piggdekk. For snøen på tunbjørka attom garasjen, og for snøen som nyfallen heng på skogen mellom husa i bygda. Jamvel for snømåkedugnad i blåtimen nede på fellesplassen og dugnad for å få i gang skitrekket på Kleppa har me slege eit slag. Det var difor jubel i heimen måndagskvelden, for under kveldsmaten kunne me tydeleg sjå at det snødde under gateljoset nedom huset. Jess!
   
Yngstemann var kjapt ute, grytidleg i går, i berre boxeren, for å sjekke snøstatus på tunet. Etter kvart som det byrja lysne og gjengen kava ut dørene for å oppsøkje jobb og skule, kunne også me andre slå fast at det iallfall var kvitt ute. Rett nok ikkje mange centimetrane med snø, ok, men kvitt. Og kontrasten frå dagen før på same tida var så utruleg stor. Vekslinga mellom årstidene er jo halve moroa her til lands, og særleg når ein mørk haustkveld over natta vert forvandla til ein ljos og vakker vintermorgon er endringa enorm. Overgangen frå november til desember kunne knapt vore betre. Smørjekofferten står klar og skikleda er henta fram. Og det vert hyppig sjekk av snøtilhøva på lokale skidestinasjonar sine vevsider i dagane som kjem, kan eg love...
  
Julemånaden er altså godt i gang alt, og Man.United-kalenderen på kjøkenet er for lengst bladd over på siste arket (yngstemann lovleg tidleg ute der òg). No tek julerushet for alvor til, og eg merkar at folk rundt meg, både på jobb og på fritida, ikkje køddar med jula. Korte leveringsfristar i jobbsamanheng er berre for barnemat å rekne når eg tenkjer meg om. Då er det viktig å manøvrere skuta slik at ein får gjort dei rette prioriteringane: Juleshopping eller ælghufs med teknekten? Julereingjering eller intervalløkt ilag med husbyggjaren? Julekortskriving eller prøvesmaking av årets juleøl med gode grannar i stova? Det er vel tida for å gjere litt av alt, ikkje anten/eller - og det er mange av oss som gjerne supplerer lista over viktige gjeremål med snømåking i oppkøyrsla og skiprepping i kjellaren. Men då held det altså ikkje med fagre lovnader om ein blå desemberhimmel og tindrande klare netter heile veka til endes. Nedbør!
  
Vinterlengt
  
snart kjem snøsneglane
fram att
spiralkrulla ligg dei og ventar
på måneskinnet
og knitreglitresnøen
  
Snart vinter, Fjordsymjaren (24.11.2009)