Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

søndag 2. mai 2010

Marathon des Sables

Dagens Næringsliv dumpar ned i postkassa vår kvar fredag og laurdag. Særleg fredagsutgåva sitt D2-magasin har mykje interessant reportasjestoff. Fredag 30. april lot eg meg nærast trollbinde av ein reportasje frå det prestisjetunge etappeløpet Marathon des Sables. Ultraløpet inneber ikkje mindre enn seks lange etappar i løpet av ei veke i Sahara – med ein tolvkilos ryggsekk. Løparane får utdelt dagsrasjonar med drikke, men må bere med seg mat, klede, kokeapparat og overnattingsutstyr for ei veke på tur. Solfaktor 35 er obligatorisk vare, og det same er hovudlykt til dei mørke kveldane med sein målgang. Alle stiller med fastsydde kalosjar på joggeskoa for å halde gnagsårframkallande sandkorn ute (så langt det let seg gjere…). Arrangøren tilrår at ein brukar halvtanna nummer for store sko – slik at det skal vere plass til hovne føter, blemmer og gnagsår. Det er også påbode å ha med naudrakett i sekken, i fall ein går seg vill i ein sandstorm undervegs. Du finn ein stemningsrapport her.
  
Som einaste deltakar frå Noreg, stilte råsterke Nina Annette Hongseth (36) på startstreken 4. april i år saman med godt over 1000 andre ultraløparar. Ho har ei solid merittliste frå både maraton- og ultraløp, og har gjennomført 33 maraton og elleve ultraløp sidan debuten for seks år sidan. Etter å ha fullført tre av fire løp som ho dei siste åra har drøymt om: Swiss Alpine, Lapland Ultra og Wien-Budapest, bar det i år i veg på det siste og mest krevjande med joggesko på beina: Marathon des Sables (MdS). Løpet er 243 km, med start i Marokko og etappar på mellom 25 og 90 km. Løpet går i ørkenlandskap med sandstormar og ekstrem varme som ein del av moroa. Temperaturen kan kome opp i mot 50 varmegrader om dagen – og ned mot null om natta. Ekstremt regnver førekjem, og her skal sanddyner, steinvegar, toppar opp til 1000 m, uttørka elvar og oasar forserast. Navigasjon er naturleg nok ei utfordring, og ein må kunne stole på eiga evne med kart og kompass undervegs for å finne fram. Nina fortel at ho m.a. har førebudd seg ved å springe dryge 32 mil gjennom tre land på fem dagar…
..........Etter ein prologetappe på 29 km på dag 1 under årets MdS, gjekk den andre etappen over 40 km. Tredje etappen skulle vise seg å bli ein av dei tøffaste, med ein nådelaus varme der mange måtte bryte på grunn av dehydrering og heteslag. I tillegg var etappen svært monoton med stort sett reinspikka ørkensletter og solsteik. Den lange fjerdeetappen var meir variert, både med ein del bakkar over sanddyner og småskog. Det var innlagt ein kviledag etter denne lengste etappen på 90 km. Kviledagen kom tydelegvis vel med, for mange av deltakarane måtte nytte mykje av dette pausedøgeret til å fullføre etappen skulle det syne seg. Etappe 5 var ein heilmaraton på 42 km med krav om fullføring innan 12 timar. Med fem harde løpedagar, blemmer og kroppen full av sand vart også dette ein krevjande dagstur. Noreg sin deltakar greidde likevel etappen på solide 5.54, og ho kom til slutt i mål laurdag 10. april på ein sterk 17. plass i kvinneklassen.
..........I boka ’Ultramarathonman – confessions of an all-night-runner’ skildrar løparfenomenet Dean Karnazes korleis kroppen kan trenast opp til å springe 400 km nesten samanhengande. Ein viktig del av svaret ligg, ikkje uventa, i evna til å tenkje positivt og hente fram fullføringsvilje. Karnazes tvingar seg gjennom brottsjøane ved å omfamne eit mantra som er ein sann masochist verdig: Smerte er kroppens måte å kvitte seg med veikskap på. Nina Annette Hongseth har nok lese boka, for hennar neste mål er Nordpolen Marathon.

onsdag 24. mars 2010

Birken 2010

Ei blanding av tørr snø og islagde løyper gjorde føret lunefullt for dei fleste under årets Birkebeinarrenn. To tunne lag tørrvoks utanpå Start Wide Universal-klisteren var truleg minst eitt for mykje her i garden. Skia hadde sine glepptak oppover mot Skramstadsætra, ja vel, men enn så lenge var det tørt nok til at eg hadde brukbart feste fyrste 10. Nok til å springe bakkane og hengje brukbart med midt i pulje 2. Grei start. Utfordringa fyrste mila var faktisk at ”alle” ville halde venstresporet oppover. I kampen om det frie spor skjønte eg fyrst ved passering 48-km-til-mål-skiltet at høgrespora var tingen - sjølv om det der var ein del pensjonistar å forsere. Erfaringa frå mine to Birken-startar tilseier i grunnen at eg neste år må skaffe meg ein betre startposisjon i puljen. Må rett og slett vere vaken og springe inn med skia når startbåsane opnar, for køgåing og hundre sporskifte oppover mot Skramstad stel sekundar, kanskje minuttar! Passerte fyrste offisielle drikkestasjonen på 41 minuttar, fair enough, for dagane då turen opp til Skramstad i konkurransemodus går skikkeleg ’lætt’ er uansett svært få… Alt frå Dambua og oppover mot Raudfjellet skjønte eg at det ville bli springing mellom spora og staking store delar av resten av turen.
..........Frå Kvarstaddammen og opp byrja Birken på ordentleg. Her var det sol, og innimellom var is blitt til slush. Takka høgt O-løparen for solide sirkeltreningar dei siste månadane, for her skulle det bli bruk for armane, gitt. Vel oppe dei fyrste kneikane mot Midtfjellet starta stakegeneralprøva mot Vasan 2011. Hadde svært god gli, og fekk opp brukbar marsjfart med parallelle armar og beina nærast fråkopla. Trur faktisk 1 mm-rillen på bakskia gjorde susen i dei blaute partia, og må sjekke Teknekten sine erfaringar der. Frå passering Sjusjøen og inn gjekk det unna på dryge 35 minuttar. Nokre løparar måtte i bakken nedover dei skarpe utforkøyringane. Det slapp eg. Full speed!
……….Forma kjendest om lag som under Holmenkollen Skimaraton og Søre Ål-runden tidlegare i vinter. Det er bra med 2-3 veker mellom langløpa, for det gjev tid til restitusjon, litt trening og ny opplading. Det vert likevel mildt sagt spennande å sjå korleis Vasaloppet neste år påverkar forma berre to veker før Birken.
……….Birkebeinarrennet er eit utruleg flott arrangement. Det er og blir årets sportslege ’høidare’. Grattis med flott innsats til alle i lauget; med og utan merke, med og utan premie, med så-som-så-ski, men med ein strålande prestasjon bak seg i herleg vårver. Håpar på ynskereprise og fleire persar til neste år. For min del ventar Skarverennet siste laurdagen i april, så no er det fram att med skøyteskia, joggeskoa og kanskje rulleskia. Skal det bli slik at me må stake Birken kvart år, svarar det seg uansett å få gått nokre mil på rulleski før snøen kjem ;o)

torsdag 18. mars 2010

Birkebeinarrennet 2010 - prolog

Norsk presse vier Birkebeinarrennet merksemd i desse seinvintertider – i år som i fjor. Finansavisen slo tysdag 16. mars fast at Birkebeinarrennet omset for 70 mill. kr. i påmeldingsavgift, sponsorinntekter m.m. i 2010. Inntekter frå overnatting og transport på 150-180 mill. kr. kjem i tillegg. Adresseavisa skreiv 23. januar om utstyrshysteri og dei store summane den nye “treningsoverklassen” legg att i løypa. Dei som veit skilnaden på VR45 og FC8 er nærast for sjølvgode og ekstreme galningar å rekne… Elles presenterte både den uavhengige helseavisa Dagens Medisin og Aftenposten fredag 12. mars ei gransking som syner at deltakarar i Birkebeinaren har langt større sjanse for å få hjarteflimmer enn resten av befolkninga. Ein av åtte birkebeinarar trenar på seg hjarteflimmer, vart det hevda. Idrettsmedisinar Jostein Grimsmo ved Feiringsklinikken meiner at det å vere godt trena, ha størst idrettshjarta (?) og lågast kvilepuls kan gje negative effektar på sikt.
……….Vel, me nøyer oss med å slå fast at Birkebeinararrangementa samlar i overkant av 55.000 entusiastiske deltakarar i år. Trening mot nye mål og draumar, sosial trivsel og sunne haldningar pregar dei aller fleste som er med; dette er eit kjekt og tradisjonsrikt høgdepunkt for mange nordmenn! Rena Idrettslag, Lillehammer Skiklubb og Lillehammer Cykleklubb gjer ein flott innsats for å få alt til å gå knirkefritt. Økonomisk forteneste i samband med arrangementa vert forvalta på ein god måte, der mykje går inn att i planlegging, førebuing og drift av komande konkurransar. Skulle nokon tene pengar på Birkebeinararrangementa, er det heilt enkelt vel unt.
……….Media får skrive kva dei vil, for me har fokus på rennet no. Kjennest forma litt i ulage under dei siste finpusstreningsturane? Er skistallen god nok? Er eigenleg kaldsnøskia stive nok til fråsparket mitt, tru? Burde me hatt Swix sitt nye rillejarn med oss i smørjekofferten viss det vert skikkeleg blautføre? Og den strekken i ryggen, skulle eg hatt ein tur innom kiropraktoren for å løyse litt opp der, tru? I år som i fjor.
..........Høyr; det er her me berre må bestemme oss no: For me veit at forma er kanon, steinslipen og strukturen i skia nærast perfekt for føret som er meldt til helga – og litt forkjøling i skrotten dei siste dagane er jo berre bra. Ja, for me gler oss til å stå opp kl. 04.00 på Lillehammer for å stappe i oss havregraut og brødskiver med honning og brunost. Gler oss til den sovande og spente stunda på bussen som tek oss til smørjeinnspurt, sekkeveging og oppvarmingsdans på Rena. Me kvir oss slett ikkje til å endeleg velje ski og skistruktur. Og me ser iallfall fram til å kome i gang med sjølve løpet! Klart me ordnar godt feste og god gli til dei lange motbakkane oppover mot Skramstadsætra. Og hektiske mat- og drikkestasjonar undervegs taklar me like godt som kven som helst. Full kontroll.
..........For me har jo køyrt dei intervalløktene me treng, har me ikkje? Iallfall dei me fekk tid til. Me har sprunge Henjadalen på langs og på tvers, gått langturar og kortøkter både på for glatte og knallgode ski. Det har nesten ikkje vore ein einaste fredagskveld utan at store og små mellom 7 og 70 har delteke på O-løpar'n sine morosame og effektive sirkeltreningar til hårete musikk i 30x30-intervallar. Me berre veit det går bra, ja, betre enn i fjor.
..........Endå meir gler me oss til å fylle oppatt karbolagra med fenalår, sild, heimabrygg, sjokolade, cola og potetgull til høgrøysta deling av dagens gode og dramatiske opplevingar under banketten. Til å dele felles skjebnar på grunn av eit lurvete skiføre, javel, eller felles opplevingar av solskin, samarbeid og superglid dei siste 14. Fellesstart i puljer på klassiske skirenn er utruleg kjekt, og me fryktar ikkje dette meir enn det nokon av dei andre 14.500 deltakarane gjer. Nei, dette fiksar me fint, folkens. Me gler oss fordi me er trygge på oss sjølve og på gjengen som er med. For Birkebeinarrennet 2010 blir all time high!

laurdag 6. mars 2010

Vasan 2011

Vasaloppet er verdas eldste og største turrenn, og akkurat no er det berre nokre timar til start i årets utgåve. Rennet går fyrste sundagen i mars kvart år frå Sälen til Mora i Dalarna i Sverige – eit strekk på 90 km. Rennet vart fyrste gongen gjennomført i 1922, men berre tre nordmenn har greidd å gå til topps: Ole Ellefsæter (1971), Anders Aukland (2004) og Jørgen Aukland (2008). I 2006 var Vasaloppet inkludert i sjølvaste verdscupen i langrenn, etter å ha vore ein del av Worldloppet for lange langrennsløp i 1975-2005.
..........I 1520 var Gustav Vasa på flukt frå troppane til danskfødde Christian II, kongen av Sverige og dei andre landa i Kalmarunionen. Ein stor del av den svenske overklassen var i opposisjon til kongen, som dei hadde gjeve tilnamnet Christian tyrannen. I ein freistnad på å stogge opposisjonen inviterte Christian det svenske aristokratiet til ein storslagen forsoningsfest i Stockholm, berre for å få dei, inkludert Gustav og foreldra hans, massakrerte i det som seinare har vorte kjent som det stockholmske blodbadet. Gustav kom seg unna og flykta gjennom Dalarna i frykt for livet sitt. Undervegs freista han å overtyde folk i Mora til å gjere opprør mot kongen, men han lukkast ikkje.
..........Gustav drog vidare mot Noreg på ski, fram til han vart teken att av to raske skiløparar i Sälen. Det synte seg at folket i Mora hadde endra meining, og dei to karane ynskte at djerve Gustav skulle leie opprøret mot kongen. 6. juni 1523 vart Gustav Vasa krona til konge av Sverige, etter å ha slått danske kong Christian og oppløyst Kalmarunionen. Vasaloppet har sidan 1922 vorte halde til minne om flukta hans i januar 1521.
..........19. mars 1922 starta 119 menn frå Olnispagarden på vestsida av elva i Sälen det fyrste Vasaloppet. 117 av dei fullførde løpet. Den fyrste vinnaren kom i mål på tida 7:32:49. Den raskaste sluttida har framleis Peter Göransson frå 1998, då han gjekk dei 9 mila på 3:38:57.
..........Mørke krefter er i sving for å mobilisere til fellestur til Sverige fyrste helga i mars 2011... Rykta fortel at Lauget har minst fem håp på startstreken i Vasaloppet neste år. Den lokale stayeren Elvelyen testar løypetraseen som pilot alt i år, og me vonar han er klar att om 52 veker (truleg noko avhengig av opplevinga i morgon…). I tillegg er me no fire andre som har byrja planleggje tur i lånt bubil eller minibuss for å gjennomføre ni stakemil i svenske skogar. Ein triggande smakebit finn de her! 

søndag 14. februar 2010

Holmenkollen Skimaraton 2010

Laurdag var det duka for eitt av vinterens store høgdepunkt: Holmenkollen Skimaraton. Noregs tredje største turrenn er ein klassikar. Turen frå Hakadal til Holmenkollen, gjennom lettkuperte og vintervakre Nordmarka, er på mange måtar ei historisk reise for alle som er glade i skisporten. For 35. og aller siste gong gjekk løparane originaltraseen – bortsett frå at mål denne gongen var flytt opp til Frognersetra. Dette skuldast byggeaktivitet i Holmenkollen i samband med VM 2011. Frå neste år vil rennet gå i ny trasé, med start i Sørkedalen og målgang i ’nye’ Kollen. Løypa vil altså framleis gå gjennom nokre av dei flottaste områda i Nordmarka, og sveipe innom den tradisjonelle 5-milstraseen.
..........Mange nytta det drygt 41 km lange turrennet til å forbetre startposisjonen sin i Birken. Det var ambisjonen også her i garden, men det står no att å sjå om eg lukkast med det... Gradestokken i bilen synte
-22°C på parkeringsplassen på bøane ved Hakadal ungdomsskule i Nittedal ein time før start. Sola og stemninga varma likevel då underteikna og den betre halvdelen pakka bytekleda i sendesekken til målområdet og gjorde dei siste førebuingane. Festesmurningen, Toko base, Swix VR40 (to tynne strøk), Rode Blå Super Ekstra (to syltynne), kom på skia alt i kjellaren hjå svigermora i Bærum. No stod berre eit nervelag med VR45 på toppen att for å ha noko å stå imot med når sola byrja få tak. Så fekk det berre stå til!
..........Dei fyrste 5 km går løypa i lett terreng gjennom öppna landskap i nordre del av Hakadal, før ho kryssar Gjøvik-bana ved Elnes og held fram sørvestover i Nordmarka. I dei jamne stigningane opp mot Langvann og fyrste drikkestasjonen ved 10 km var farten farleg høg. Tid: 41:40. Eg starta i fyrste startpuljen, samstundes som eliteklassane, og merka fort at dette var eit sterkt startfelt. Hadde bestemt meg for at ein kontrollert start ville vere lurt. Men då startskotet gjekk, tok adrenalinet over for fornufta – og eg gjekk hardt ut i fremste halvdelen av puljen. Kanskje ikkje det luraste eg har gjeve meg i kast med, for her brukte eg sanneleg mykje krefter…
..........Langs skogsvegen forbi Gørjavannet, Helgeren og Fortjern låg eg stort sett i eit 8-10 mannsfelt fram til matstasjonen ved Kikutstua. Halvveges til mål. Tid: 1:22:46. Merka undervegs at eg har mykje å lære på drikkestasjonane, for her går tida frå meg – og det røyner på å gå inn att 'feltet mitt' med 50-100 meter kvar einaste gong. Etter høgste punktet på turen ved Øyvannet (450 m.o.h.) og tredje drikkestasjonen ved Kobberhaugmyra på 30 km, tid: 1:57:15, gjekk turen i særs kupert terreng over Blankvannsbråten til Tryvannstua. Det hjelper å vite at høgste punktet er passert. Siste dose med sportsdrikk gjorde seg også her, kan eg love. Etter Tryvann og Frønsvolltråkka er det om lag 150 meter (!) stigning opp til mål ved Frognesetra. Det får vere ei slags trøyst at løypa fylgde dei nye løypene til Ski-VM 2011, og at eg fekk vere ein av dei aller fyrste til å gå denne traseen med makspuls, hehe! Sluttid: 2:35:37. Resultatlista synte 64. plass i M35-39; ein klasse med 436 deltakarar i mål. Greitt nok.
..........Etter månader med sein kveldsjobbing – og aldeles ikkje sein kveldstrening – stilte den betre halvdelen opp i K35-39. Ho gjekk svært kontrollert ut frå start i pulje 3, og avanserte gjennom heile løypa. Ein solid 14. plass i ein klasse der bortimot 90 fullførte. Fantastisk fin gjennomkøyring i årets vakraste skirenn!

søndag 31. januar 2010

Langrennskurs: skøyting

Langrennsgruppa i Syril arrangerer skøytekurs for alle over 16 år på Øvstestølen onsdag 3. februar kl. 18.15-20.00. Føremålet er å heve skøytekompetansen i Birkebeinar- og longsyklarlauget, hjå skitrenarane og andre skiinteresserte i klubben. Instruktørar for kurset vert tidlegare landslagsløpar Ingrid Narum (Sogndal IL) og underteikna. Rens skia for festesmurning og ta gjerne med skistavar som er om lag 20 cm. kortare enn kroppslengda di (ikkje noko krav!). Føremålet med kurset er at flest mogleg skal få med seg gode teknikkråd på vegen mot større glede av skøyting på ski - og at me vidare gjev god rettleiing til alle løparane våre i aldersbestemte klassar.
..........Anten du alt har lært deg dei tre grunnteknikkane i skøyting; padling, enkeldans og dobbeldans, og du har gått ein del skøyteøkter, eller du er heilt nybyrjar i skøyting, er du velkomen til ei artig langrennsøkt på Øvstestølen. Ta med dunjakka og ein termos med varm drikke, for på teknikktreningar er tempoet lågare enn på vanlege treningsøkter.
..........Me kjem til å leggje vekt på dei tre nemnde hovudteknikkane. Alle får rikeleg med tid til å prøve ut både enkeldans, dobbeldans og padling, og me gjev individuelle tilbakemeldingar og rettleiing i høve arbeidsoppgåver for teknikkforbetring.
..........Enkeldans brukar ein gjerne i slakt terreng, flatt og slakt utfor. Dette er teknikken du brukar når du har god fart. Teknikken inneber eitt stavtak for annakvart skyv; til dømes på kvar høgrefot. Balanse er viktig for å meistre enkeldansen, for det er ein føremon med god tyngdeoverføring i kvart skøytetak. I starten er det lurt å ikkje ha før høg takt/stakefrekvens, og det er nyttig å øve utan stavar. Dobbeldans vert brukt i slakt terreng, flatt og slakt oppover. Denne teknikken skil seg frå enkeldansen ved at du her tek eit stavtak for kvart skyv. Du stakar og glir på skia mot venstre og stakar og glir på skia mot høgre. Fokuser på tyngdeoverføringa også her, og tenk at kroppen helst skal ’kvile’ kort over skia før neste stavtak/glifase. Hugs; det er lurt å øve i lett terreng, for dess tyngre parti dobbeldansen vert nytta i, dess kortare stavtak og hyppigare skifte frå side til side. Padling brukar du i motbakkar. Dette er ’klatreteknikken’. Ein nyttar den eine skistaven å henge på (’hengarm’) og den andre armen til å skyve med.
..........Det er aldri nokon fasit på kvar i terrenget du nyttar dei tre skøyteteknikkane, men det er lurt å jobbe med å tilpasse teknikken til terrenget når du likevel er ute på skitur. Sjekk gjerne ut nokre teknikktips frå Team Xtra Personell her. Sjåast i løypa!

onsdag 20. januar 2010

Den neste er den beste

Då Kjetil André Aamodt var landslagsløpar, fekk han nærast dagleg spørsmål om han sette ei nyleg oppnådd topplassering høgare enn medaljar han før hadde hausta. Er dette din beste konkurranse?, høyrde han stadig journalistar spørje. Ein gong spørsmålet kom, vart han ståande lenge og tyggje på det før han svarte. Til slutt kom det: Den neste er den beste! Vegen framover mot nye mål og konkurransar var dei viktigaste drivkreftene i treningsarbeidet hans. Dette gjennomtenkte svaret vart i 2006 nytta som tittel på boka om skikarrieren hans; ei bok eg trygt kan tilrå – anten du er sportsinteressert eller ei.
..........Sist haust lanserte Haugtussen sine sportslege målsetjingar for året som akkurat har byrja på fellesbloggen til Birkebeinar- og longsyklarlauget. Fleire heiv seg på, og gjennomtenkte og meir eller mindre realistiske mål såg dagens ljos. Sjølv har eg prøvd å formulere tilsvarande målsetjingar – førebels utan heilt å lukkast. Dei er der nok ein stad, målsetjingane om plasseringar, om å greie merkekrav og å oppnå visse konkurransetider. Likevel ligg det ei sperre i meg som gjer at eg ikkje annonserer at målet for Birken er å passere mållina mindre enn 3 timar og 25 minuttar etter passering startmatta ved enden av Tingstadjordet på Rena. Eg får meg heller ikkje til å kunngjere for all verda at målet er å klive Fanaråken Opp på under 1 time og 15 minuttar frå startstreken på Turtagrø; eller at Blomstringsløpet helst bør vere unnagjort på under 14 minuttar (og revansje over nemnde Haugtussen eventuelt er eit hardtslåande faktum!). Nei, det viktigaste er faktisk å vite at ein er påmeld til nye konkurransar, tenkjer eg. Ei kvar samanlikning med Aamodten er sjølvsagt å tøyge dette med trening og målsetjingar altfor langt, eg veit. Det fell på si eiga urimelegheit. Men eg trur likevel mange deler synet hans om at det viktigaste er å glede seg til den neste økta og den neste konkurransen og sjå framover mot nye mål. Individuelt eller på lag med fleire. Treningstimar på blaute stiar og økter med ivrige, unge fotballspelarar er viktige deler av målet - resultat i form av prestasjonar får vere for reinspikka bonusar å rekne.
    
Og kanskje er nettopp dette årsaka til at eg ser på den lokale nyvinninga Giro Sogn som ein knallgod idé. Giroen handlar om å arrangere, og delta på, ein serie lokale konkurransar innanfor fleire ulike greiner. Mange i Birkebeinar- og longsyklarlauget seier no at dei vil hyve seg på den uformelle touren som ein lekk i treningsarbeidet utover i 2010. Kjekt!
Sjølve utforminga av konseptet går i desse dagar føre seg på nemnde fellesblogg: Bør me leggje opp til at t.d. 5 av 10 konkurransar tel i samandraget? Bør alle som deltek uansett oppnå minst 3 poeng? Skal me leggje opp til ei eiga konkurransehelg med jaktstart på sykkel fredag og laurdag - og ølbrygging/-smaking laurdagskvelden? Kva farge skal 'Eg-deltek-på-GIRO-de-SOGN-t-skjortene' (som alle deltakarane sjølvsagt får) ha? Alle synsmåtar og kommentarar vert sjølvsagt tekne imot med takk her. Me treffest på den neste!

tysdag 5. januar 2010

Vinterfotball

Mange er godt i gang med skisesongen. Sjølv om det gjerne kunne vore meir snø, er det no fine forhold både for langrenn og telemarkkøyring på Øvstestølen. Likevel rullar fotballen i Sogn! Syril Fotball arrangerer i vinter fotballskule for årskulla 1996-1999 i Leikanger Idrettshall (Saften). Fotballskulen kjem til å fokusere på basisferdigheiter og teknikktrening, og vert gjennomførd med fire treningsøkter fordelte på to dagar. Fyrste samling er alt komande laurdag (9. januar). Den andre er sundag 7. mars. Fotballskulen tek til kl. 10.00 og er slutt kl 13.30. Me avsluttar kvar samling med å servere lunsj til deltakarane.
         
I samband med gjennomføringa av fotballskulen vil me òg leggje opp til ei samling for trenarane i klubben og andre interesserte. Nils Tore Krosshaug har det fotballfaglege ansvaret, og han orienterer oss om den såkalla Coerver-modellen komande fredag kl. 19.00. Coerver er eit teknikkutviklingsprogram for unge spelarar. Ei målsetjing med modellen er å gjere den einskilde tryggare på eigne ferdigheiter gjennom leik og øvingar med mykje ballkontakt. Systemtenking og formasjonstrening vert altså ikkje sett fokus på her. Fyrst når spelaren er trygg på eigne ferdigheiter og kjend med spelarane rundt seg vil ho eller han trivast og vere kreativ på fotballbana. Sentralt i Coerver-metoden står også spel i mindre grupper. Metoden rettar seg særleg mot aldersgruppa 6 til 14 år, men vert i mange klubbar nytta også på juniornivå. Me ser fram til lærerike fotballdagar - ein glitrande start på tjueti!