Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

fredag 11. mars 2011

Vasaloppet – tur, arrangement og langrenn

Eg vaknar med eit rykk. Mobilen til austlendingen Stein har ikkje spytta frå seg mange tonane frå 2008-hiten Ambitions før eg er fullvaken. Det tek likevel nokre sekundar før det går opp for meg at dagen for Vasaloppet er her, og at det frå no av truleg vil gå i eitt køyr dei neste tjuefire timane. Minst. To netter med ei litt for kort dyne på Hemfjällsgården i Sälen er over. Og dagen mellom dei to nettene har også vore fullstappa av aktivitetar: Ski- og løypetesting frå startsletta og 3-4 km ut i løypetraseen har gått føre seg samstundes med at ein av favorittane, svensken Jerry Ahrlin, gjorde det same. Respekt! Shopping av energibarar, Ekströms blåbersoppa og obligatorisk Vasan-t-skjorte har vorte kombinert med VM-sending frå Holmenkollen på storskjerm. Johaug! Skipreppinga utover ettermiddagen har vorte berga av Stein I. Eigen smørjebukk er greia i slike samanhengar. Hugs!
..........Eg gnir bokstaveleg tala svevnen utor augene, og på turen mot badet sjekkar eg gradestokken. Lukkeleg slær eg fast at det er 12 blåe ute. Kaldare enn meldt. Innvarma grunnvoks frå Toko og lag-på-lag med ei Swix-blå-ekstra-liknande blanding høyrest framleis rett ut. Her i garden vert det difor ikkje gjort justeringar på smurningsfronten. Skiene er klare til å finne vegen til startläd 2 på sletta.
..........Det er ca. 1500 meter å gå til starten, og klokka viser framleis ikkje meir enn 04.45 når Trond K., Stein I., Stein austlending og eg togar i veg mot inngangskøen til startlädet. Me er framme eit lite kvarter seinare, og det vert ein dryg halvtime i kald kø før me slepp inn slusa for å leggje på plass skiene. Eg spurtar inn og sikrar meg ein startposisjon i tredje rekkja. Med femti spor ved sida av einannan ser eg at avstanden fram til der eliteløparane vil stå kl. 08.00 er forsvinnande kort. Berre läd 1 er i mellom, og dei tradisjonsrike flagga som vert heva nøyaktig når startskotet går er nesten utidig nære. Bakover ser sletta uendeleg ut, og også i startläda bakover tek det til å fyllast opp med ferdigsmurde ski. Lett jogg tilbake til Hemfjällsgården. Frukosten ventar. Under to timar til start.
...........---
Logistikken imponerer meg. Rett etter målgangen tek arrangøren hand om ski og stavar, og ein vert losa rett på bussen som tek ein til garderobe, utlevering av plastsekk med byte- og overtrekksklede og dusj. Frå garderoben ber det rett i matsal for servering til alle utøvarar. Ein ny buss tek deg så tilbake til målområdet for utlevering av skiene. Alt går på skinner, alle gjer dette heilt likt og eg vert ikkje forundra om nokon på bussen seier "Bæ!" På veg mot PWT-bussen som skal ta oss tilbake til Gardermoen stoggar eg opp for å sjå straumen av løparar som renn gjennom oppløpssida og i mål. Stemninga er herleg, og slik vil det halde på timevis endå.
..........Heimturen handlar utelukkande om løpet. Erfaringsutveksling med kjende og ukjende på bussturen fram til bilen ved Gardermoen. Om dei fyrste kilometerane i motbakkekø, om mil etter mil med staking, om opplevinga av å kome til dei kjende og ærverdige matstasjonane undervegs (nesten som små stølstun), om næringsinntak i fart og om kjensla av å stake det siste stykket inn mot Mora og målseglet med den kjende påskrifta ”I Fäders spår för framtids segrar”. Kort oppsummert kan eg utan tvil seie meg nøgd med sjølve prestasjonen. Respekten for distansen prega i stor grad løpet dei fyrste sju mila. Det er generelt vanskeleg å sleppe seg skikkeleg laus når ein passerer skilt der det står 81 km til mål. Frå passerte 70 og inn var Vasaloppet rein stakejobbing, og då sola tok tak i den turre og finkorna kaldsnøen var det lite å få gratis. Ryggen jubla mest over endeleg å vere i mål kl. 13.11.
..........Tjuefire timar etter at vekkjarklokka til austlendingen bråvekte oss, sit tre fyrstegangsreisande i bilen på ein ferjekai ved Sognefjorden og sjekkar plasseringar til kjende og ukjende. Ferdige for denne gong.

torsdag 3. mars 2011

Vasaloppet

Set meg i bilen i morgon tidleg, fredag, for å køyre til Gardermoen saman med Trond K. og Stein D. Derifrå går turen med buss til Sälen i Sverige. Park World Tour sitt turopplegg verkar bra. Sundag skal alle tre gå Vasaloppet for fyrste gong.
..........For oss er det ein gutedraum som vert realisert når startskotet går av for om lag 16.500 skiløparar tidleg sundagsmorgonen - og me er med. Korkje meir eller mindre. Har til gode å ha full klaff med ski og kropp på skirenn i år, og må vedgå at tid og plassering denne gongen heller ikkje er det viktigaste. Forkjølinga som har herja med meg dei siste 3-4 vekene (!) sit nok litt i framleis, og fyrst no på måndag opplevde eg at skrotten lystra bra på hardøkta på Øvstestølen. Dei neste dagane vert som følgjer:
-  Fredag: Reisedag med lett løpetur på ettermiddag/kveld.
-  Laurdag: Skitesting og nokre drag for å "vekke" kroppen.
-  Sundag: Vasaloppet.

Følg oss på TV2 og ev. SVT på nettet frå kl 07.30 på sundagsmorgonen: premie til den som greier å få auge på ein Syril-løpar! Sjå etter i startläd 2, 3 og 4. Ni mil klassisk ventar, vêrmeldinga er kjempefin og varslar VR45-føre, og me trur det vert ein strålande tur frå Sälen til Mora. Målet er å rekke siste timen av VM-femmila i Holmenkollen som startar kl. 13.00. Satsar på at det er ein storskjerm i målområdet i Mora. Etter det skal dagen toppast med Man.Utd.-siger over Liverpool på Anfield Road.

torsdag 10. februar 2011

Hallingrennet 2011 (Golsfjellet rundt)

Eg er på mange måtar samd med Lynet. Ser poenget hans, og har vore inne på desse tankane sjølv: Det er liksom for gale å berre sleppe teten med det same startskotet går. Berre sjå dei beste skyte fart ut frå startrekkene, for så å forsvinne rundt den tredje svingen i løypa. Godta at ein kjempar om smulane. Kvifor ikkje prøve å bli med dei av garde? Eit stykke, i alle fall? Dra til frå start? Kort og godt sjå korleis farten og stemninga er ”frammi der”? Er det slik at desse racerane dreg til i starten berre for å gjere seg utilnærmelege, medan farten eigenleg roar seg ned etter kvart? Desse elitenære løparane skal jo òg halde ut i 45 blytunge kilometer, skal dei ikkje? Og kva er forresten tjejdeng for noko? Lauget sine utsende var i det offensive hjørnet på Golsfjellet sundag – i alle fall før start. Meklaren mest edrueleg i tilnærminga, sidan han alt komande helg skal gå tradisjonsrike La Transjurassienne. Skiene til Lynet og underteikna vart eitt kvarter før start lagt på plass i andre – andre – rekkja i startboksen. Her skulle spørsmåla finne sine svar…
........Hallingrennet er det nye namnet på det som før heitte Golsfjellet rundt. Rennet sundag var første arrangement i nyskapinga Hallingtrippelen - eit nytt konkurransekonsept der Gol Idrettslag og reiselivsnæringa lokalt arrangerer tre årlege tevlingar: langrenn, sykkel og løp. Rennstarten er flytt frå Solsetra til Oset. Fyrst etter å ha svinga av frå rv. 51 i retning Storefjell og køyrt ei mil nordover, kjem ein fram til det flotte turområdet som altså skulle vere åstad for vinterens fyrste seedingsrenn for min del. Traseen for Hallingrennet har mange parti som Golsfjellet rundt nytta i sine 25 år som fast innslag i terminlista. Men særleg siste delen i nyerennet peikar seg ut som tøffare og meir krevjande enn gamletraseen – med fleire seige motbakkeparti. 

Lat det vere sagt med ein gong: Hallingrennet 2011 vil bli hugsa som eit fantastisk flott renn. Sol frå blå himmel, faste spor, nokre få minusgrader, lite vind og særs greie smørjeforhold. Alt vel. Snøen rett nok såpass fersk og finkorna at det aldri vart den heilt store gliden, men ikkje noko å klage for. Klare!
........Etter åtte kilometer med råstaking og rask diagonalspringing i nesten flat løype, byrja ei dryg mil med samanhengande stigning. Løypa snor seg oppover frå Oset Høgfjellshotell, om lag 800 moh., mot Appelsintreet og dagens andre drikkestasjon ved Tryguhaugen, drygt 1100 moh. Overgangen til stigningspartiet gjorde at teten, som så langt hadde vore mogleg å skimte i svingane framom meg, forsvann. Det same gjorde Lynet. Eg helsa han i mitt stille sinn lukke til med resten av løpet. I ettertid tenkjer eg at det burde vore mogleg å disponere slik at eg kunne ha følgt vinnar Marthe Katrine Myhre heilt til mål. Me gjekk båe i eit fire-femmannslag oppover frå 8 til 18 km. Men den tøffe stakerunden i opninga og den harde motbakkemila sette meg fullstendig ut av spel. Hammaren sveipa like over hovudet. Unødvendig tidsbruk ved drikkestasjonen på toppen gjorde attpåtil at eg miste "toget" mitt. Her måtte fokus setjast på å kome såpass til hektene at gjennomføring med stil igjen vart realistisk.
........Herifrå og inn gjekk eg praktisk talt åleine. Etter stigningsparti nr. 2 for dagen, vart lange utforkøyringar nedover frå høgfjellet mot Storefjell nytta til inntak av energibarar. Fyrst siste fire kilometerane vakna skrotten til live att. Tre mann vart passerte her, og etter målpasseringa kjende eg at eg alt i alt var nøgd. Nøgd fordi eg fekk meg ei fin gjennomkøyring, nøgd for resultatet og nøgd fordi eg trass alt hadde ei ålreit avslutning på løpet. Erfaringa var likevel at det denne dagen tok laaang tid å kome seg att etter ei i overkant hard opning. Taktikken neste gong vert neppe å bli med teten frå start. Og så har eg altså framleis til gode å unngå tjejdeng på eit langløp...

torsdag 18. november 2010

Novemberkveld

Kl. 22.45
Ute snøar det. Trea er alt dekte, og gatelyktene nedom huset lyser matt mot flaka. Inne er det fyr i omnen. Og sjølv om det er meir enn varmt nok i loftsstova, har eg på den lune og tjukke fleecejakka frå Bergans. Kaka og all kaffien som har gått med i løpet av kvelden gjer at eg utset å gå til sengs. Sundagskveld er vekeplanlegging saman med resten av huset, lesing av slitne helgeaviser, litt jobbførebuing og eit kapittel eller to i den til ei kvar tid gjeldande nattbordboka. Noko slikt. Trufaste innslag i fleire år no. Slik er det i kveld òg.
  
Kl. 02.40
Fjellklatraren, polfararen og friluftselskaren Cecilie Skog gav i fjor ut boka om ektemannen; Til Rolf, tusen fine turer og én trist. Årets farsdagsbok her i garden. Vener av Rolf Bae skriv om han og turopplevingar dei har hatt saman med både han og Cecilie. Rolf og Cecilie står for fleire av dei største polar- og klatrebragdene nordmenn har gjennomført, og dei lettlesne tekstane i boka formidlar gleda ved å planlegge, drøyme om og gjennomføre turar av mange slag. Ein ting er å formidle kryssing av Antarktis, slitet gjennom skruis på veg til Nordpolen, klatringa til topps på Great Trango Tower og opplevingar av fugle- og dyreliv i spektakulær natur verda over. Ein annan ting er å få fram entusiasmen og gleda ved å vere nær naturen og elementa, tenkjer eg i det eg oppdagar at det er blitt seint. Gleda ved å planlegge og sjå framover mot nye mål går att i livet til Mr. og Mrs. Roof, som dei vert kalla av kokken dei har med seg til K2-ekspedisjonen.
..........Rolf Bae omkom 1. august 2008 på fjellet K2 i Pakistan. Skildringa frå den siste turen dei fekk i lag får eg lese ein annan kveld, kjenner eg. Først vil eg bli betre kjend med dei.

måndag 27. september 2010

Kom susande, seinhaustnatt -

Ved oppdaginga av at ein ny haust er i ferd med å slå inn over oss, tenkjer eg alltid at no går me inn i den vakraste av dei fire årstidene. Alltid. For kvifor gå nedtrykt rundt og klage over at sommaren er forbi? Nei, eg set slik pris på Noreg sine fantastiske årstider - også hausten. Det lunefulle vêret og variasjonane som gjer at ein slett ikkje veit kva klede ein skal ta på seg frå morgonen av. Overgangen mellom årstidene våre er så tydelege, ja tydelegare enn svært mange land nokon gong får oppleve.
..........For ja, det vert kaldare no. Og ja; piggdekk, isskraping, frosne bildører og beinklaka lås på skiboksen ventar. Isvinden kjem snart susande frå nordvest. Han vil ruske i deg på veg til jobb dei haustmørke og grytidlege morgonane, og han vil tvinge deg til å dra opp glidelåsen og krype saman under hetta, inni dunjakka, på veg heim ein sein oktoberkveld.
..........Men så vil du kan hende oppdage at seinsommaren si trykkande og klamme atmosfære glir over i ein frisk bris av ny giv òg? Lufta kjennest annleis. Klar og rein. Gløym sommaren sine lukter av regnvått, nyslege gras og blaute lam langs turstiar i vene skogar og fjell. For her kjem lukta av forblåste tre som tviheld på sine siste, raude lauv. Her er lukta av glasklart regn, nyimpregnerte fjellsko, vått hår under hua og glovarm kaffi frå termosen. Gløym sommaren sine lydar av sein skåling på altanen, for her kjem i staden raslinga av lauv, uling i pipa og sluddet si hamring på vindauga medan du sit innanfor og sjekkar e-posten din i fleece. Gløym jamvel sommaren sine turar berrføtt til postkassa dei fine sundagsmorgonane som var, for no er det vinterdyna, ullgenseren og vottane som gjeld. I år som i fjor.
..........Hausten er over oss, og om ikkje lenge skin vinteren opp det kjende landskapet me er glade i. Han er alt å sjå på toppane rundt oss, ja, langt nede i liene enkelte morgonar. Og då dukkar det brått opp nye mål i horisonten. Med snøen kjem dei faktisk farande med sjumilssteg.
..........
Ikkje fortvil. Sommaren kjem att, han. Men akkurat no kan du like godt gle deg over den mørkaste årstida, og nyte det gode ved å oppleve hausten i Noreg. Hausten og vinteren vil gje deg mange gode stunder, tru meg, ja kanskje augneblinkar av pur glede og lukke? Du må berre vere vaken i år òg – og open for å sjå dei.

torsdag 19. august 2010

Kvifor flyttar nordmenn?

Det er ikkje ferie utan at det vert diskusjonar om eitt og hitt, gjerne i seine kveldstimar, og sjølvsagt hamnar ein uti dei mest interessante diskusjonane når ein er avskoren frå å sjekke fakta på internett. Difor ei kort oppsummering av sak 19 her no. Nordmenn sin flyttemotivasjon, og i kva grad flytting vert utløyst av behovet for å skaffe seg jobb, kom brått på saklista her ein kveld. Mange meiningar likeså. Er arbeidsmarknaden mest avgjerande, eller vel nordmenn bustad ut frå kva slags liv me vel å leve, til dømes i nærleik til naturen og familien og med ei aktiv deltaking i lokalmiljøet som viktig ingrediens?
..........Norsk institutt for by- og regionsforsking (NIBR) la ved inngangen til 2009 fram ei bu- og flyttemotivundersøking (det var ho eg så gjerne ville ha googla fram frå nettet, for eg vakla i hovudkonklusjonane her...). Undersøkinga gav ny kunnskap om kva for motiv som ligg bak avgjerder om flytting og busetjing. Den førre store flyttemotivundersøkinga vart utført i 1972, og sidan den gongen har samfunnet gått gjennom store endringar som pregar svara i den nye undersøkinga. Bu- og flyttemotiva er i rapporten grupperte i seks hovudkategoriar; utdanning, arbeid, bustad, helse, familie og stad- og miljøfaktorar.
..........Ein markert skilnad frå 1972 er at arbeidsmotivet no er langt mindre dominerande som avgjerdsfaktor, medan familie og stad– og miljøfaktorane vert vektlagt i større grad. Årsakene til dette kan vere fleire: Valfridomen på arbeidsmarknaden har auka og ulike typar arbeid finst fleire stader no. Større aksept for å pendle langt og det at ein større del av innbyggjarane bur i sentrale strok gjer også at mange ikkje treng flytte ved skifte av arbeid. Ein generelt god arbeidsmarknadssituasjon gjer at folk kan leggje vekt på andre motiv for val av bustad. Arbeidsmotiva trer såleis særleg fram når relevant arbeid ikkje er tilgjengeleg over alt. Mange små arbeidsmarknader i Nord-Noreg og i noka grad på Vestlandet kan difor forklare kvifor arbeidsmotivet er meir dominerande ved flytting her. Arbeidsmotivet er også tydeleg i flyttinga frå utkantregionar til små og mellomstore byregionar, og kan innebere at færre tilbod om arbeid gjer at folk må flytte til nærliggande byområde for å få seg jobb.
..........Stad- og miljømotiva er særleg sterke ved flytting i desentraliserande retning, til utkantområda, og opptrer ofte i kombinasjon med familiemotiva. Innanfor denne hovudgruppa ligg fleire faktorar. Det gjeld til dømes tilgang til varer og tenester, kultur og fritidssyslar, kommunikasjonar og avstandsulemper og fysiske og sosiale tilhøve ved nærmiljøet. Og: kjensla av å høyre til på ein stad. Særleg det å høyre til, og fysiske og sosiale tilhøve ved nærmiljøet, er kvalitetar som trekkjer oss i desentraliserande retning. Kombinasjonen av bustad- og arbeidsmotiva som ligg i utnyttinga av ressursane knytte til fast eigedom er viktig for flytting til utkantområda. For flytting frå storbyar til periferiregionar er også eit anna arbeidsmotiv viktig: Forklaringa på dette kan vere den relativt store delen av høgt utdanna frå dei store byane som bur og arbeider ein kortare periode i eit utkantområde. I stad- og miljømotiva kjem også det ein reknar for urbanitet inn. Desse faktorane ser ut til å vere lite vektlagde ved flytting i sentraliserande retning. Arbeidsmotivet står klart sterkare enn urbanitet ved flytting til storbyane.
..........Flyttemotivundersøkinga syner altså at individuelle preferansar er viktigare ved val av bustad no enn tidlegare. Val av bustad har stor innverknad på kva slags liv ein vel å leve. Mange føretrekkjer det rike tilbodet av tenester i storbyane, kulturelle opplevingar og varierte arbeidsplassar. Andre vil gjerne bu på ein mindre stad der dei har nærleik til naturen og familien, og kan delta aktivt i lokalmiljøet. Dette er på mange måtar også eit verdival, og for mange handlar desse vala om kva som passar best i ulike livsfasar. Dei aller fleste flyttingane skjer i åra mellom 18–35 år. I byrjinga av denne aldersperioden flyttar mange unge til storbyar for å ta utdanning eller arbeid. Mange vert buande, men over halvparten av dei som flyttar til storbyane, flyttar før eller seinare ut igjen. Denne flyttinga skjer gjerne i samband med familieetablering. Ein faktor som også påverkar sentraliseringa, er at ungdomstida har vorte lengre dei seinare tiåra! Folk nyttar lengre tid på å fullføre utdanninga og etablere seg med familie. Dette fører til at den tida folk bur i storbyane, har vorte tilsvarande lengre. So seier iallefall utgreiinga.

fredag 11. juni 2010

Rulleskisesong

Eg har sagt det før og seier det att: Me treng fleire rulleskiløyper her til lands. Treningssituasjonen for langrennsløparar er i dag mykje lik den som var mot slutten av 1980-åra og fyrst på 1990-talet. Det inneber heldigvis springing og sykling på ujamne stiar og i djupe skogar, toppturar med fjellsko og sekk og passeleg lange kveldsturar med terrengsko og drikkebelte til lokale stølar, turpostar og notisblokker – men altså også; rulleskiturar langs trafikkerte vegar. No er me inne i dei lysaste sommarkveldane, og rulleskiløparane er lette å sjå. Men utover hausten er både rulleskiløparar og syklistane verre å få auge på i skumringstimane, etter middag, langs landevegane. Skøytande rulleskiløparar som stel halve vegbana skaper gjerne farlege situasjonar på dei svingete vegane her vest. Me som trenar rulleski må vera på allerten heile tida, fylgje med og halde sida vår når bubilar, bussar og hastige personbilar kjem forbi. Bilistane må på si side, etter mitt syn, vise omsyn og sjå på trenande skiløparar og ivrige syklistar som ein del av det norske trafikkbiletet. For slik er det i dag, og det må me leve med på beste måte.
..........Planen er å få til ei rulleskiøkt i snitt per veke framover til vegane vert glatte av nyfalne lauv og seinare is. Det vert ein kamp for å få låne ein del av vegbana mellom Hanahaug og Hella eller Campus Fosshaugane og Frudalstunnelen ein time eller to i veka dei neste månadane. Eg veit ikkje om eg likar det, og eg tenkjer med gru på korleis skigruppene landet over har det framover. Eg går som regel åleine på rulleski, og gjerne sundagsmorgonane når det er lite trafikk. I blant går me eventuelt ei lita gruppe i lag. På ettermiddagane i midtveka hender det at eg passerer grupper der det gjerne er 10-15 ungar i gang langs riksvegen. Eg skøytar av garde på rulleski, er merksam på andre trafikantar og kan trafikkreglene. Dei er i ein læringsprosess i høve alle desse tre kritiske punkta...
..........Men, berre så det er sagt, eg forstår bilistane godt; for det kan sjølvsagt vera irriterande å møte hindringar i vegen på veg heim frå ein lang dag på jobb. Kven har ikkje kjent på akkurat det? Samstundes håpar eg bilistane har same forståinga for rulleskiløparane. Det finst ikkje så mange alternativa for oss; me går langs landevegen for å få den treninga som skal til for å leggje grunnlaget for vinterens konkurransar. Og fordi rulleskitrening eigenleg er ei svært artig treningsform. Bruk gangvegen, ropar enkelte. På gangvegane kjem rulleskiløparane fort i nye konfliktar, for på dei få og korte gang- og sykkelvegane me har er det ofte mange som går tur, syklar eller er ute og luftar bikkja med slakk line.
..........Vik IL har bygd ei eiga rulleskiløype. Fleire i skimiljøet der har jamvel bede meg over fjorden for å teste løypa. Ho skal garantert testast neste gong eg skal forbi på veg heim til vossabygda. I mellomtida får me samarbeide på vegen som best me kan. Og du, eg lovar å ikkje veive med staven neste gong ein bil (som eg er fullt klar over er der!) bråfløytar når han er to og ein halv meter bak meg - og eg stakar utanfor kvitestripa for å sleppe han forbi.

tysdag 1. juni 2010

Ein vakker dag

For ikkje mange vekene sidan vart eg merksam på at den siste romanen til Anna Gavalda, Ein vakker dag, var på plass i norske bokhandlar. Frå før har eg lese to av romanane hennar i tillegg til ei novellesamling, så her vart det snøgt bokkjøp.
..........Boka gjer oss kjende med syskena Garance, Simon og Lola og kona til Simon, Carine, som er på veg til eit familiebryllaup. Historia vert fortald i eg-form av Garance. Ho er ei jente i slutten av tjueåra som bur og jobbar i Paris. Då dei fire etter ein intens biltur endeleg kjem fram, vel dei tre syskena å ta ein kaféprat etter gamalt – før bryllaupsseremonien tek til. Alle er svært skuffa over at fjerdemann i syskenflokken, Vincent, ikkje har teke seg tid til å kome. Garance og Lola har i tillegg vondt av Simon, som dei meiner er fanga i ekteskapet med ultraperfeksjonisten Carine. Dei to vert likevel overraska når sindige Simon tek initiativet til at dei skal droppe heile bryllaupet for å dra på vitjing til Vincent.
..........Men; dei er slett ikkje seine å be, og bilturen med dei tre går vidare til Touraine på den franske landsbygda. Her jobbar yngstebroren på eit gamalt og ærverdig gods. Den sameinte syskenflokken gjenopplever i løpet av det neste døgeret gleda, men òg sårheita frå ein nedstøva barndom beståande av både foreldra sin skilsmisse, eit utal barnestrekar, ungdomeleg festing, nokturne betruingar og tapte kjærleikshistorier.
..........Tematisk og stilistisk liknar boka på dei andre bøkene til Anna Gavalda. Det er mange halve setningar, og dialogane tek som vanleg stor plass. Det gode livet er på bygda, og mellom blomstrar og dyr får syskenflokken ein fristad til å prate ut om både meininga og utfordringane med livet. Gavalda serverer eit lettbeint og humørfylt karakterrepertoar – ikkje heilt ulikt det me møter i romanen Saman er ein mindre aleine. Ho skildrar livet utanfor den franske metropolen, og ein vert snøgt forført av hennar velformulerte forteljing om musikken, stemninga og karakterane. Midt oppi dette står venskapen mellom syskena fram som eit pusterom frå eit daglegliv som me skjønar er prega av låg sjølvtillit, einsemd, anstrengde familieband og ikkje minst den tilsynelatande vellukka Lola sin opprivande skilsmisse. For ei stund legg dei bak seg tankane om barn og familie, kjærleikssakn og skilsmissesorg og kvardagens styr og gudveitkva for på eit vis å nyte barndomen att.
..........Det lukkast Anna G nok ein gong å skildre ei underfundig sinnsstemming som har i seg både melankoli og glede på same tid. Utan noko meir til eller frå tek ho oss med inn i ei lita boble i livet til dei fire, og her meiner eg boka definitivt hadde stått seg på å vere meir utfyllande og grundig. Historia er kort og fort gjort - men så er det kanskje eit sjølvstendig poeng å vise at denne befriande bobla er nettopp det; kort. Og me hadde jo unt dei mykje meir slik tid i lag... 
..........Tove Bakke si omsetjing til nynorsk utmerkar seg som vanleg med spenstige og til dels frekke språkbilete. Jaudå, visst er dette sjarmerande fransk landsbygdunderhaldning, komplettert med bygdeoriginalar og fest-på-lokalet-moro, men i motsetnad til ein del av litteraturkritikarane sine tilrådingar rår eg i all enkelheit alle leseglade til å spandere nokre kveldar med Ein vakker dag på nattbordet.