Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

tysdag 19. mai 2009

Foreldrevit

Noregs Fotballforbund skriv på sine nettsider at dei reknar med om lag annakvar husstand på eitt eller anna vis har eit aktivt forhold til fotballen. Dette skuldast i stor grad born og unge si deltaking i ulike fotballaktivitetar. Foreldre og besteforeldre deltek i samband med treningar, reiser og kampar. Mange går gjennom periodar som trenarar, lagleiarar, tillitsvalde i idrettslag eller har andre funksjonar i samband med fotballen. Friviljug innsats utgjer sjølve fundamentet som norsk fotball byggjer på, og det synest som det går greitt å rekruttere friviljuge inn i alle dei naudsynte posisjonane der ein treng folk.
..........Som føresette og foreldre kan me medverke til å gjere barne- og ungdomsfotballen til ei kjekk oppleving for alle som er med. Miniputturneringane er godt i gang for året og dei aldersbestemte fotballseriane har vore i gang sidan slutten av april. Like mykje for min eigen del som for andre, vil eg minne om NFF sine hugsereglar – ja, kall dei gjerne foreldrevitreglar:

1. Møt opp til kamp og gjerne på treningar – borna ynskjer at me er med
2. Gje oppmuntring til alle spelarane under kampen – ikkje berre dei du kjenner best
3. Oppmuntring høyrer med både i medgang og motgang – unngå kritikk frå sidelina
4. Respekter lagleiar si disponering av spelarar – ikkje prøv å påverke han/ho under kampen
5. Sjå på domaren som ein rettleiar – respekter avgjerslene!
6. Stimuler og oppmuntre borna til å vere med – ikkje press dei
7. Spør om kampen var morosam og spanande – ikkje berre fokuser på resultatet
8. Syt for riktig og fornuftig utstyr – ikkje overdriv
9. Vis respekt for arbeidet klubben gjer – delta på foreldremøte for å avklare haldningar og ambisjonar
10. Tenk på at det er borna som spelar fotball – ikkje du
11. Vis respekt for andre – ikkje røyk på sidelina
12. Hugs at borna gjer som du gjer – ikkje som du seier

Det er fort å bli riven med på sidelina, og det kan vere ei utfordring å bli minna på nokre av desse reglane under kveldsmaten etter ein tett og beinhard miniputtkamp på 2x12minuttar mellom Syril IL og Sogndal i klasse G99. Og på seg sjølv kjenner ein gjerne andre!

tysdag 5. mai 2009

Champions League

Tysdag kveld. Dommaren set i gang kampen på Emirates Stadium i London. I stova er me klare for kveldens returoppgjer i semien, og det slær meg at det er min tur til å støvsuge popcorn frå sofaen etter bataljen. Manchester United vann fyrste semifinalekampen heime på Old Trafford 1-0. Media har analysert forma til samtlege spelarar og nærast predikert alle tenkjelege scenario etter matchen for ei veke sidan. Siste halvtimen før avspark har det sige på med tilskodarar frå grannelaget. Ei gjensidig oppdatering på skadesituasjonen og aktuelle lagformasjonar, og ei rekkje framlegg til kva som no bør vere laga sine strategiar, utgjer støyen.
..........Arsenal startar best. -Typisk, kjem det frå eine sakkosekken, -men dei slit med å bryte forsvarsmuren til serieleiaren frå nordvest. Etter dryge åtte minuttar kjem portugisaren Cristiano Ronaldo rundt på kanten for United. Innlegget er hardt. Når den unge Arsenalbacken Kieran Gibbs er uheldig og sklir, dundrar J. Sung Park United i leiinga. Yngstemann, no halvt ståande i sofaen, halvt hengjande på skuldra mi, oppfattar pronto at United akkurat har fått det viktige bortemålet som ein av naboane håpa så sterkt på. -Jepp, eit kvart uavgjortresultat vil no sende mænju vidare! -Samanlagt står det 2-0, og Arsenal må skåre tre, forklarer grannen frå sakkoen. -Så dette er bortemålsregelen, altså, slær ein annan fjerdeklassing fast.

Snaue tre minuttar seinare får United frispark på om lag tjuefem meter. Skrått hald. Ronaldo tek sine faste fem steg bakover frå der ballen er lagt til rette, stiller seg breibeint for å finne optimal balanse, set god fart og regelrett bankar ballen i mål. Sjølv om det kan setjast eit spørjeteikn ved målmannen Almunia der, er prestasjonen så stor at to kommentatorar og tre mann i studio pratar i munnen på kvarandre, og på oss, i fleire minuttar. Stemninga er god. Eg tenkjer at dette er uendeleg mykje betre enn å stå trongt på Andys Pub i Oslo og fylgje europacupen på storskjerm. Nittitalets soundtrack. Kjekt med Rosenborg og alt det der, jadå, og det vart mykje som skulle feirast. Ikkje like kjekt med Brann alltid. Der vart det suter som måtte døyvast. Gjerne same stad som der RBK vart feira.
..........Åtte- og niåringane tykkjer tida flyg altfor fort. Den italienske dommaren Roberto Rosetti blæs laga inn til pause, og karane innser at dei er henta inn av Avtalen. For pause betyr leggjetid, og litt romslegare plass i sofaar og sakkosekkar for resten. Dette med romslegare plass varer forresten ikkje lenge, for fjorten og femtenåringane dukkar brått opp – ferdige med kveldens fellestrening. Vaktskifte, på eit vis. Og kunnskapen om aktuelle overgangar, spelarkjøp og spelarane sine ferskaste fest-og-damer-på-byn-historiar vert monaleg heva i stova.
..........Arsenal stangar og manager Arsene Wenger gnir seg hardt i andletet. United-sjef Sir Alex Ferguson tygg tyggis (nokon veit at det brukar gå med fire tyggispakker i snitt per kamp) og ser coool ut. Når Ronaldo (verdas desidert beste fotballspelar, meiner fleire), etter vel seksti minuttar hælsparkar til Park, som slær ein glimrande (-sinnsjuk!) pasning motsett til Wayne Rooney, som i sin tur legg inn att til Ronaldo som kjem i fullt firsprang og punkterer kampen med eit sikkert skot i lengste hjørnet, byrjar heimepublikumet på Emirates å tusle heim. Med eit drygt kvarter att av kampen får Arsenal straffe. Den trufaste United-slitaren Darren Fletcher får feilaktig det raude kortet, og må stå over neste kamp. Det faktum at neste kamp er CL-finalen i Roma 27. mai skaper kollektiv irritasjon. – Ufortent, mann, *x#¤!
..........I stova held me ut til alle høgdepunkta er synte om att fire-fem gonger, alle dei viktige intervjua er unnagjorte og programleiar Jan Åge Fjørtoft har understreka at det alt i morgon kveld er returkamp i den andre semifinalen mellom Chelsea og Barcelona. Nokon må handle popcorn og nye støvsugarposar…

tysdag 28. april 2009

Kondis

Meir enn 12.000 Kondismedlemar mottok i går Kondis nr. 3-2009 i postkassa. Som framsida indikerer, har bladet omfattande dekking av Birkebeinarrennet. Mellom anna er det intervju med årets vinnar, Jerry Ahrlin. Det er også med ein fyldig rapport frå ein debutant av året. Fylgjande bilettekst står å lese under biletet av ein noko forkomen debutant på veg over Dæhliehaugen (etter om lag 53,5 km.!): Ole I. Gjerald er frå Leikanger i Sogn og Fjordane og går for Syril IL. Den ski- og skriveglade 37-åringen skildrar korleis han opplevde sitt første forsøk på å klare merket i Birken. Biletet er om lag dobbelt så stort som det freshe biletet av vinnar Hilde Gjermundshaug Pedersen på same sida, og det er vel æh, heilt på sin plass...
..........Kondis drøftar elles påstanden som vart framsett i programmet Puls på NRK1 om at birkebeinarar trenar seg hjartesjuke. Er dette verkeleg tilfelle? Artikkelen vert å dele ut til nye og gamle birkebeinarar på fyrste fellestreninga over sommarferien, for me satsar på å ha alle med også i 2010!
..........Bladet har ikkje mindre enn 12 treningssider med alt frå treningsprogram til haustens maratonløp til tips om korleis skiløparar kan fikse overgangen frå skisesong til barmarkssesong. Lærerike artiklar om oppvarming, uttøying og nedjogging er også med. Fyldige reportasjar frå Holmenkollen Skimaraton, La Transjurasienne og Flandern Rundt høyrer med, og endå er det mykje som ikkje er nemnt. Er du ein av dei som ikkje får Kondis gjennom postgangen, er det fullt mogleg å gjere noko med det her!

tysdag 21. april 2009

Kjeringi Open 2009

Laurdag 25. april er det klart for vårens vidlaste eventyr i Sogn; Kjeringi Open. Sjølv nådde eg fremste toppen på Kjeringafjellet i Leikanger saman med yngstesonen for nokre dagar sidan, og eg er imponert over snøforholda. Det er framleis utruleg flott på fjellet. Med over 600 påmelde vert dette truleg ein beinhard konkurranse også i år.
..........For utanbygds lesarar må me informere om at Kjeringi Open går frå ein av dei høgste fjelltoppane i Leikanger kommune og ned til kaia ved Sognefjorden. Rennet byggjer på eit multisportkonsept som har i seg heile fire disiplinar: Den krevjande fjelltelemarketappen fører løparane frå toppen av Kjeringi (1314 moh.) ned til området ved Damefall (om lag 500 moh.). Her står det ei rekkje ivrige langrennarar klare til å ta over stafettpinnen. Eller rettare sagt; den digitale stafettbrikka. Langrennsløypa er ei relativt lett, men svært naturskjøn sløyfe i området ved lysløypa på Øvstestølen. Her kjem me fleire stadar frampå kanten, slik at ein overveldande utsikt mot Sognefjorden ligg under oss. Etter 4-5 km. er det veksling til überklare nedoverspringarar. Springeetappen startar i år truleg eit lite stykke ovanfor parkeringsplassen på Kleppa Skisenter (om lag 300 moh.), fordi snøen ikkje ligg heilt ned dit no. Siste etappe er veg- og terrengsykling. Vekslinga her er lagt til Leikanger barneskule. Eit lettare kaotisk og overfylt sykkelstativ vert på ein halvtimes tid tømt når løparane grapsar tak i næraste sykkelstyre og set utføre ned mot Henjaelva.
..........Rennet er krevjande for deltakarane, og særleg for dei som skal starte på toppen. Ein tretimars skitur på feller og med solid sekk på ryggen startar for dei fleste ved 09.00-tida. Dei som er påmelde som 'superkjering', og som altså skal ta alle fire etappane åleine, må plassere ut sykkel, joggesko og ferdigsmurde langrennski på turen oppover.
..........Når fyrstemann ned frå Kjeringafjell nærmar seg fyrste veksling, og speaker melder frå med dramaturgisk røyst, brukar det gå eit lettare angstprega sus gjennom hopen av spente langrennarar. Korleis ligg me an, tru? Moment of truth, korkje meir eller mindre.
..........Etter ein lang og kronglete sykkeletappe kjem anten fyrste superkjeringa eller ankerkvinna/-mannen på det fyrste laget i mål på ærverdige Hanahaug som vinnar av Kjeringi Open 2009. Så vil eg nytte høvet til å protestere på at den offisielle badesesongen i Sognefjorden startar nett denne dagen - sjølv om nokon har funne ut at rennet ikkje er heilt, heilt over før ein er nedi fjorden (som må seiast å vere nærast full av smeltevatn no!) med heile sin vinterbleike corpus...

måndag 13. april 2009

Turproviant

Til saman fire turalternativ vart lanserte til utflukta påskeaftan. Under drøftingane i hyttestova langfredag, valde me turen Antonbua+. Kanskje ikkje det lengste turalternativet sånn i utgangspunktet, men alle var samde om at me ville vere særs godt nøgde dersom me nådde fram til den halvt nedsnødde bua. Og; den plussen antyda varsamt at skituren kunne bli lenger om den lovande vermeldinga skulle slå til. Yngstemann tok difor, rutinert og rettkome, opp diskusjonen kring turprovianten. Kva skulle me ha med innover?
..........Under frukosten
laurdagsmorgonen vart arbeidsdelinga klar; nokon smurde matpakke, nokon gjorde klar termosar med kakao, nokon pakka sekkar, nokon sette skia inn med isklister og universalklister (jepp, du tippar rett!) medan andre fyrst og fremst var ansvarlege for eigne klede. Sistnemnde gruppe tok i tillegg på seg sjølvpålagde tilsynsoppgåver i høve proviantpakkinga. Prinsippet om felles planlegging, rigging og gjennomføring vert ikkje alltid følgd, det skal seiast, men det er som regel eit mål at det skal vere slik. Turen vert gjerne kjekkare då.
..........Det er vidare ein uttalt ambisjon å ta med sunn og næringsrik mat og drikke når me skal ut på tur. Brød med godt pålegg, frukt, vatn og varm drikke er lurt veit me, men så var det dette med eh, premiar då. Sjokolade og kjeks hjelper på humøret når universalklisteret ikkje sit. Det er jo noko alle veit, og her syner empirien at det er relativt liten skilnad mellom born og vaksne når det gjeld å setje pris på slikt. I tillegg er det ein påsketradisjon som sjeldan slær feil på turar som varer heile dagen: Grillpylser. Pylsegrilling på sirleg uthogd eingongsgrillhylle i snøhole er bra saker. Og her er me raffinerte; ketchup og sennep er obligatorisk, og helst både lomper og pylsebrød òg. Merk: Nokre turopplevingar har lært oss at det løner seg å ha med nokre dråpar ekstra tennveske til grillen. Då slepp ein bruke opp reserven med dopapir for å ha oppkveiksved for ein elles uberekneleg og lunefull eingongsgrill frå coopen nedi bygda.
..........Antonbua+ vart ein flott skitur på om lag 16 km. Med tanke på at sjølve bua vert passert etter dryge 4 km på veg innover, må me kunne seie at den plussen vart godt ivareteken. Laget sette enkelt til livs 30 grillpylser i lun snøhole som yngstemann var innreiingsarkitekt for. Grovbrød med godt pålegg, frukt, rosiner, nøter, vatn, resten av varm (les: lunken) kakao og annan sirleg pakka turproviant vart henta fram frå sekkar, rompetasker og sidelommer og gjorde nytte som sein nattmat i hyttestova for dei av oss som var sist i seng. Også det er vel etterkvart ein påsketradisjon.

måndag 6. april 2009

Førpåskeskitur

Kjeringafjellet (1314 moh.) er innbydande i april, og førre sundag var det tjuvstart på påska med topptur for yngstesonen og meg. Flotte snøforhold, sol og vindstille - og nedfarten frå toppen av Bratthenget til Damefall på medbrakte alpinski var heilt super.


God påske!





onsdag 25. mars 2009

Birkebeinarrennet - rapport frå ein debutant

Lyseblå morgonhimmel. Eg er endeleg på plass i startbåsen, klokka har så vidt passert 08:00 og dei seier det vil bli mildare i lufta enn gårsdagens prognosar anslo. Sekk og ski vert plasserte midt inne i det tilmålte området til startpuljen. Oppvarmingsjogginga med stavar er nærast for ei rituell handling å rekne, men dei neste minuttane gjev meg i det minste tid til å summere opp morgonen: Ut av soveposen 03:45. Kjapp dusj på Birkebeineren Hotell. Ned i matsalen, saman med sambygdingar, for å hyve innpå stor frukost. Brødmat, frukt og havregraut. Pakking av ski og utstyr i bussen og avreise frå Lillehammer 04:30. Etter to timars slumring i monoton bussdur var me framme ved startområdet litt vest for Rena sentrum.
..........Her venta finishen med festesmurning som fyrste gjeremål. Eit tunt lag grunnvoks, det er grøn Toko som gjeld, vart varma inn i skia i smørjebua på hotellet i går kveld. Og eg kan love det var diskusjonar i den smørjebua! Mest om smurningsval, men også om matinntaket veka før rennet, bunkring av saltvassløysing og karbohydrat døgeret før start og til slutt om behovet for skikkeleg søvn siste natta. Det siste temaet framskunda oppbrotet frå smørjeøkta. Med nypreppa ski under armen tusla me på rommet, vel vitande om at mobilen ville vekkje oss dryge fem timar seinare.
..........Ei raud sol kikka fram då me steig or bussen på Rena, og eg merka så vidt eit svakt drag i lufta. Nokon nemnde at det truleg var motvind på fjellet, men eg lest som eg ikkje høyrde det. Tunne innpakkingslag med turrvoks stod altså no for tur: valet fall på ein Swixmix. VR55, VR60 og VR65. Til slutt veging og tilpassing av sekken (3,6 kg!), ei siste brødskive og nokre nervøse vasslurkar, det siste toalettbesøket (for mange av oss bak bussen), på med startnummer og leggbrikke (for dei av oss som til slutt fann dette i sekken, puh...) og så endeleg finne rett puljeinngang.
..........Sidan eg er debutant i Birken, frykta eg lenge at eg skulle hamne i ei av dei siste startpuljane. Nokre dagar før seedingsrennet på Golsfjellet dundra nemleg årets influensa inn i heimen. I febertåke og med pledd heilt opp på bringa, tyggjande på ei blanding av rosiner, turmiks og salmiakkdrops, såg eg meg sjølv trygt plassert i pulje 16. I lag med dei som har med appelsin og mjølkesjokolade i tursekken, og som tykkjer det skal bli fint å kome seg av garde fordi det brukar vere slikt eit folkeliv på matstasjonane. Saman med dei som er opptekne av å prate jovialt om at me femten kilometer før mål passerer hytta dei brukar vere på i påska. – Eg må sjå etter hytta før eg passerer Sjusjøen, seier dei kanskje, litt oppe i lia etter ein kvass venstresving. Sesongen baud på fleire seedingsrenn. Sjølvhøgtidlege birkebeinarar med merkeambisjonar og fluor under skia fekk såleis rikelege høve til å sikre seg ei meir attraktiv starttid...
..........Fire minuttar til start og brukbar kontroll på sjekkpunkta. – I alle høve for seint å gjere endringar no, kjem det turt frå sidemannen, – god tur, forresten! Klare? Klare! Startskotet går presis 08:20. Leggbrikka startar tida fyrst når kvar einskild passerer ’matta’ ved enden av Tingstadjordet. Ingen tendensar til konfliktar eller kaos i mølja. Opningsfarten er til å leve med, og det kjennest greitt å leggje seg litt til venstre i køen i det jamt stigande skogsterrenget opp mot Skramstadseter (9 km). Sola varmar, sveitten siler og fire koppar varm sportsdrikk glir ned på veg gjennom den fyrste matstasjonen. Eg har bestemt meg for å få i meg det eg greier i fart, ein stoggar jo helst ikkje i skirenn, må vite!, men erfaringane frå Søre Ål-rennet før i vinter gjer at eg likevel gjev meg sjølv litt tid.
..........Litt for mjuk festevoks? Vel, tråe ski er vel nokre hakk betre enn dårleg feste, trøystar eg meg med. Skyvet er tungt i motbakkane, men det gjeld å tenkje positivt. Me held fram i glissen lauvskog oppunder Dølfjellet (13 km). Framleis ingen teikn til den lokale konkurrenten Langpendlaren som starta i min pulje. Heldigvis ikkje til sambygdingane Teknekten eller O-løpern som kjem halsande i puljen bak heller. Nordvestover til Dambua (15 km) går det etter kvart kvast nedover. Fyrste energibaren blir fortært i stor fart i utforstilling. Så freistar eg å skru opp takten i dei kuperte stigningane opp til Raudfjellet (20 km). No får det bere eller breste, det er dette me har trena for, er det ikkje? Frå Nysætra (23 km) ber det gjennom småkupert og skoglendt terreng ned til Kvarstaddammen (27 km). Halvveges til mål! Kjeks, bollar og ein halv banan går ned medan eg speidar etter kjende andlet – som eg helst ikkje vil sjå no! Framleis er korkje Meklaren eller Langpendlaren å sjå, og eg bestemmer meg for å slutte å leite. Frå no av må eg halde fokus. Gå mitt eige løp, som det heiter i sportsjournalistikken sine termar.
..........I dei fyrste stigningane opp mot Midtfjellet (34 km) er det stadvis blank is i spora. Null feste, og ei snikande uro for at all festesmurninga er borte tek brått alt fokus. Skulle det verkeleg gå slik? Ei utsegn frå den amerikanske fotballtrenaren Joe Paterno står på repeat: – What counts in sports is not the victory, but the magnificence of the struggle. Jotakk! Heldigvis er det såpass stigning at me etter nokre kilometer kjem opp i turrare snø att. I dei lange stigningane med glatte ski er det umogleg å ikkje skjenne på seg sjølv for manglande trening av overkropp generelt og armar spesielt. Det kjennest som eit mirakel, men swixmixen under skia byrjar så vidt å virke att. Eg slær frå meg å supplere med klister. Svært letta over avgjerda, feirar eg det tilbakevendande festet med å nyte turen i det opne fjellterrenget. No er det dobbelttak med fråspark som gjeld. Han med dei oransje Rossignol-skoa, som lenge har gått heilt oppå bakskia mine, må sleppe. Huhei!
..........Kroppen er attende i flytsona, og tanken på å klare merket melder seg att. Det minner meg på merkedebatten som gjekk på e-post og på fleire skibloggar tidlegare i vinter. Innimellom heseblesande tjuvtrening, høgdeopphald på Storefjell, treningsleir på Beitostølen og eksperimentering med nye fluorbaserte gliprodukt, registrerte langrennsmiljøet i heimbygda at endringar var på gang: Arrangøren ville at fleire skulle greie merkekravet i Birkebeinarrennet! Då rennet gjekk over til seeda puljestart i 2005, vart det tøffare å klare merket. Dei siste åra har merkedelen gått ned med nesten 11 prosent. Nye retningsliner for utrekninga av merketidene inneber at dei best seeda i aldersklassar som startar i elitestartane ikkje lenger er med i berekningsgrunnlaget for maksimaltida. – Vel skal merket hengje høgt, men det har dei siste åra vore i overkant tøffe krav, var ein lokal konklusjon. Andre meinte at dei nye reglane kjem av at dei yngre generasjonane taper seg. Før gjekk ein med 5,5 kg på ryggen. No med 3,5. Ein klatra opp frå Lillehammer annakvart år, og køyrde slalåm med krampe i alle musklar ned til Stampesletta året etter. No går løpet berre frå Rena. – Og no? Lettare krav til merket? Kva blir det neste? Scootertransport opp frå Kvarstad? Nei, dette blir for ’lætt’, hevda dei tøffaste; – reine barneskirennet! For ein debutant som nærmar seg 4 mil, er det i grunnen greitt å vite at krava ikkje akkurat er skjerpa for året, og eg får ny motivasjon når eg registrerer at eg framleis ligg føre skjema ved passering Sjusjøen (41 km).
..........Etter siste drikkestasjonen syner løypeprofilen på birkebeinersidene at terrenget er lettare innover mot målområdet. Løypa buktar seg nedover slake lier. Nokre av utforkøyringane er skarpe, og eg tek meg for 10. gong (minst!) i å kjefte på løparar som skifter spor rett framom meg: – Hei, sjå deg føre, tulling! Stakinga i det flatare lendet innover mot Birkebeineren Skistadion i Lillehammer liknar ikkje heilt på vinnar Jerry Ahrlin sitt fryktelege rykk litt lenger oppe, eg veit jo det, men det går pokker ikkje så verst heller. Og det er stort å ta runden oppom Dæhliehaugen før sjølve oppløpet. Jobben er gjort, og på eit merkeleg vis er det både herleg og vemodig å passere skiltet som fortel at det berre er 300 meter att til mål.
..........13190 løparar tok seg over fjellet frå Rena til Lillehammer 21. mars, og ein meir strålande laurdag skal ein leite lenge etter. Med lommene fulle av bollar heia eg min betre halvdel i mål, og så vart det spanande å treffe att dei lokale konkurrentane i målområdet og i Håkonshallen. Dusj, premieutdeling og seinare samling på hotellet før festmiddagen er fast takst for gjengen frå Sogn. Høglydde diskusjonar om smurningsval, løypeprofil, merkekrav, puljeinndelinga, resultatlister og individuelle forbetringsplanar for neste års Birkebeinarrenn fylte lokalet. Det nyerverva merket vart ikkje akkurat hengt på jakkeslaget, men jamen var det med på innerlomma – heile kvelden. Takk for turen!

onsdag 18. mars 2009

Birkebeinarrennet 2009 - prolog

I år er me mange som skal i veg. Akkurat kva som fekk oss til å melde oss på, kan vere alt frå eit veddemål med kompisar eller jentegjengen, kollegialt gruppepress på jobben, ynskje om eit langsiktig treningsmål, helsevinstar gjennom jamn trening eller om å prestere betre enn i fjor. I alle høve har me gjort eit val som gjer at me no truleg har komande laurdag i tankane meir eller mindre konstant. For lat oss no berre innsjå realitetane her. Lat oss ta innover oss situasjonen me står i. Stikke fingeren i snøen og starte den endelege nedteljinga. Det er mindre enn tre døger til starten går på Rena.
..........I desse dagar er det visstnok svært vanleg å kjenne at ei lett forkjøling er i emning. Forma kjennest litt i ulage under dei siste finpusstreningsturane, og ein byrjar tvile på om skistallen er god nok. Er eigenleg kaldsnøskia stive nok til fråsparket mitt, tru? Burde me hatt Swix sitt rådyre rillejarn med oss i smørjekofferten, eller held det med Red Creek sitt strukturjarn dersom det vert skikkeleg blautføre? Og den strekken i ryggen, burde eg hatt ein tur innom kiropraktoren for å løyse litt opp der, tru?
..........Høyr; det er her eg trur me berre må bestemme oss no: For me veit at forma er kanon, steinslipen og strukturen i skia er nærast perfekt for føret som er meldt til helga og litt forkjøling i skrotten dei siste dagane er jo berre bra. Ja, for me gler oss til å stå opp kl. 04.00 på Lillehammer for å stappe i oss havregraut og brødskiver med honning og brunost under den viktige frukosten. Gler oss til den sovande og spente stunda på bussen som tek oss til smørjeinnspurt, sekkeveging og oppvarmingsdans på Rena. Me kvir oss slett ikkje til å ta viktige avgjerder; me gler oss til å endeleg velje ski og skistruktur. Og me ser iallfall fram til å kome i gang med sjølve løpet! Klart me ordnar godt feste og god gli til dei lange motbakkane oppover mot Skramstadsætra. Og hektiske mat- og drikkestasjonar undervegs taklar me like godt som kven som helst. Full kontroll.
..........For me har jo køyrt dei intervalløktene me treng, har me ikkje? Iallfall dei me fekk tid til. Me har sprunge Henjadalen på langs og på tvers, gått langturar og kortøkter både på for glatte og på knallgode ski. Det har nesten ikkje vore ein einaste fredagskveld utan at store og små mellom 7 og 70 har delteke på O-løper'n sine morosame og effektive sirkeltreningar til hårete musikk i 30x30-intervallar. Og sanneleg har me ikkje henta fram gamle kunnskapar om anaerob terskel og sonetrening òg. Sesongen starta med skiøkter i rima løyper etter nattefrost (nesten utan snø!), men no veit me at me kan halde oppe eit skikkeleg driv gjennom 54 seige km. – sjølv om vinden ular og det lavsnøar heile vegen. Me berre veit det går bra.
..........Endå meir gler me oss til å fylle opp att alle karbolagra med fenalår, sild, heimabrygg, sjokolade, cola og potetgull under høgrøysta deling av dagens gode og dramatiske opplevingar på banketten utpå kvelden. Til å dele felles skjebnar på grunn av eit lurvete skiføre, javel, eller felles opplevingar av solskin, samarbeid og superglid dei siste 14. Fellesstart i puljer på klassiske skirenn er utruleg kjekt, og me fryktar ikkje dette meir enn det nokon av dei andre 14.500 deltakarane gjer. Nei, dette fiksar me fint. Me gler oss fordi me er trygge på oss sjølve og på gjengen som er med. For Birkebeinarrennet 2009 blir all time high!