I år er me mange som skal i veg. Akkurat kva som fekk oss til å melde oss på, kan vere alt frå eit veddemål med kompisar eller jentegjengen, kollegialt gruppepress på jobben, ynskje om eit langsiktig treningsmål, helsevinstar gjennom jamn trening eller om å prestere betre enn i fjor. I alle høve har me gjort eit val som gjer at me no truleg har komande laurdag i tankane meir eller mindre konstant. For lat oss no berre innsjå realitetane her. Lat oss ta innover oss situasjonen me står i. Stikke fingeren i snøen og starte den endelege nedteljinga. Det er mindre enn tre døger til starten går på Rena...........I desse dagar er det visstnok svært vanleg å kjenne at ei lett forkjøling er i emning. Forma kjennest litt i ulage under dei siste finpusstreningsturane, og ein byrjar tvile på om skistallen er god nok. Er eigenleg kaldsnøskia stive nok til fråsparket mitt, tru? Burde me hatt Swix sitt rådyre rillejarn med oss i smørjekofferten, eller held det med Red Creek sitt strukturjarn dersom det vert skikkeleg blautføre? Og den strekken i ryggen, burde eg hatt ein tur innom kiropraktoren for å løyse litt opp der, tru?
..........Høyr; det er her eg trur me berre må bestemme oss no: For me veit at forma er kanon, steinslipen og strukturen i skia er nærast perfekt for føret som er meldt til helga og litt forkjøling i skrotten dei siste dagane er jo berre bra. Ja, for me gler oss til å stå opp kl. 04.00 på Lillehammer for å stappe i oss havregraut og brødskiver med honning og brunost under den viktige frukosten. Gler oss til den sovande og spente stunda på bussen som tek oss til smørjeinnspurt, sekkeveging og oppvarmingsdans på Rena. Me kvir oss slett ikkje til å ta viktige avgjerder; me gler oss til å endeleg velje ski og skistruktur. Og me ser iallfall fram til å kome i gang med sjølve løpet! Klart me ordnar godt feste og god gli til dei lange motbakkane oppover mot Skramstadsætra. Og hektiske mat- og drikkestasjonar undervegs taklar me like godt som kven som helst. Full kontroll.
..........For me har jo køyrt dei intervalløktene me treng, har me ikkje? Iallfall dei me fekk tid til. Me har sprunge Henjadalen på langs og på tvers, gått langturar og kortøkter både på for glatte og på knallgode ski. Det har nesten ikkje vore ein einaste fredagskveld utan at store og små mellom 7 og 70 har delteke på O-løper'n sine morosame og effektive sirkeltreningar til hårete musikk i 30x30-intervallar. Og sanneleg har me ikkje henta fram gamle kunnskapar om anaerob terskel og sonetrening òg. Sesongen starta med skiøkter i rima løyper etter nattefrost (nesten utan snø!), men no veit me at me kan halde oppe eit skikkeleg driv gjennom 54 seige km. – sjølv om vinden ular og det lavsnøar heile vegen. Me berre veit det går bra.
..........Endå meir gler me oss til å fylle opp att alle karbolagra med fenalår, sild, heimabrygg, sjokolade, cola og potetgull under høgrøysta deling av dagens gode og dramatiske opplevingar på banketten utpå kvelden. Til å dele felles skjebnar på grunn av eit lurvete skiføre, javel, eller felles opplevingar av solskin, samarbeid og superglid dei siste 14. Fellesstart i puljer på klassiske skirenn er utruleg kjekt, og me fryktar ikkje dette meir enn det nokon av dei andre 14.500 deltakarane gjer. Nei, dette fiksar me fint. Me gler oss fordi me er trygge på oss sjølve og på gjengen som er med. For Birkebeinarrennet 2009 blir all time high!
Jobben inneber vekeopphald i Trondheim. Fint i Nidaros, jepp, men det er det no jamen mange andre stader òg. To faktorar gjer likevel Trondheim til ein ekstra flott stad å vitje; nemleg Lerkendal og Granåsen. Sist haust fekk eg med meg europacupspel på Lerkendal. Førre veke klaffa det med World Cup-sprint i Granåsen.



Kjekt å leggje ut bilete, kjekt å skrive tekstar i hytt og pine og moro med både morosame og meir alvorsame kommentarar. Men; kva kjenneteiknar eigenleg ein eittåring? Eittåringen er nyfiken og observerande. Han har bratt læringskurve når det gjeld kva som er rett og gale, og etter kvart som han rører seg i ein større radius må han passast nøye på slik at han ikkje skadar seg sjølv. Frå tida med ein stri son på helsestasjonen i Oslo hugsar eg godt trøystande ord frå ein velmeinande sjukepleiar: –Ettåringens viljekraft begynner jo for alvor å anes nå, og jeg kan love at den med tiden bare blir stadig mer tydelig! Kan vere greitt å hugse på når me durar vidare inn i år nr. 2...
