Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

søndag 30. november 2008

Sundagsfrukost

Ein sundagsmorgon tidlegare i haust var det også slik: Bergens Tidende hang på tverrbjelken fremst på postkassestativet i staden for å vere oppi postkassa. Tenkte liksom ikkje over det då. Det vart berre nemnt - og gløymt att med det same. I dag kjende eg det vart freistande å sjekke korleis BT i grannepostkassene hadde det. Og jau; dei låg oppi kassene sine, slik aviser vanlegvis gjer! Kylte nedi i full fart av eit travelt avisbod ein svart novembermorgon, gjerne i lag med andre aviser, reklame og ymse brevskap frå laurdagen (grannar på helgetur, altså). Hm, men her hang altså sundagens avis. Sirleg bretta. Truleg etter at einkvan har teke ein rask tur gjennom ho på morgonkvisten. Klar for at nyfikne bebuarar i huset 25 m. unna skal kunne gje seg i kast med hovudoverskrifter, kommentarar, magasindel, TV-programoversyn - men aller fyrst krangle om kven som fyrst får sportssidene til slutt i hovuddelen.

No er den vesle aviskrigen på kjøkenet kanskje ikkje fullt så intens som eg kan hugse han var laurdagsmorgonane då eg sjølv var 12-14 år, før sundagsavisene si tid, må vite, men han er her. Kvar gong. Og eg kjenner eg likar han. For det skapar diskusjonar om kven som vann aviskrigen sist, og enno viktigare fører han med seg disputtar om ulike oppslag inne i bladet. På 80-talet lurde eg meg til å hente avisa for å leite etter stoff om Eirik Kvalfoss og andre vesser på idrettsbana, Neil McLeod og andre tøffe Brannstjerner og elles ski- og fotballstoff godt dekka i by- og regionavisene. Gjerne både BT og BA. Ho eller han som henta hadde makta. Broderen sur. På veg innatt i dag. Uknytte fjellsko i glatt oppkøyrsle. Før eg stikk avisa under armen for å få plass til nokre vedskier frå garasjen, konstaterer eg at avisa ser heilt urørd ut. Ingen har bølla med ho. Det er korkje rive i ho eller lagt att tyggis, snus eller eh, noko anna i ho. Einkvan har heilt enkelt bladd gjennom og hengt ho fint opp. Som sist.

Alt er vel, og eg byrjar tenkje på kva det no var for ein diskusjon som la beslag på bortimot heile frukosten sist sundag, då eldstesonen vel hadde kome inn med BT. Ahh, jau, det stemmer jo; med røynsler frå ungdomstid i Hardanger og på Voss sette me vel nærast opp ei lita liste over motargument mot sundagsspaltist Georg Arnestad sitt positive innlegg om konsekvensane av bygdekranglar. Intense og sterke bygdestridar i Hordaland på 80- og 90-talet handla m.a. om nedlegging av skular, jepp, med ukvemsord og høg temperatur. Men mykje verre var det når personar vart hengde ut i politisk nominasjonsstrid med bakgrunn i bygdemotsetnader. Og borna deira fekk ein stempel i panna på ungdomskulen i kommunesenteret - der bygder og dalføre møt(t)est kvar dag. Det verka som 'alt' var lov å seie om ho eller han frå motstandarbygda – med heimel i at vedkomande kom frå eh, motstandarbygda! Og; konsekvensar av konfliktfylde nominasjonsprosessar er det forska på.

Det stemmer truleg at kommunereforma i 1964 må bere mykje av skulda for dagens bygdestridar. Talet på kommunar vart redusert frå over 700 til 454, og det gjekk ikkje føre seg utan sverdslag. I mange kommunar på Vestlandet er gamle grenser nærast forsterka, og me opplever vel, etter 8 år i fjordfylket, at dei er minst like synlege her som i fylket i sør. Kva skal vere i sentrum og i periferi i kommunen? Kva skal vere i den indre eller ytre delen, i dei lange dalane eller ved fjorden, på aust- eller vestsida? Generelle rammer for bygdestrid. Nei, kan hende er ikkje bygdestridane berre eit vonde, dei kan truleg føre med seg sunn konkurranse og mang ein kime til by- og bygdeutviklingsarbeid lokalt. Men mange stader er dei aller mest eit vonde. Bygdestridar som går i arv frå generasjon til generasjon, trass i innflytting og utflytting, høgare utdanning, glokaliserte bygder og eit moderne næringsliv, syner at striden ofte stikk djupt. Striden vert eit uoverstigeleg hinder mot utviklinga av framtidsretta samarbeidsløysingar lokalt - og byane ler av naboar i distrikta som tilsynelatande hatar einannan for bagatellar sett i ein nasjonal og global samanheng. Om Høgre kjem til makta etter Stortingsvalet, vert kommunesamanslåing eit heitt tema. Kva vil ikkje kunne blusse opp av gamalt agg? I alle høve trur eg det er duka for mange og opprivande bygdestridar også dei neste 20 åra, og det uroar meg. Det gjev meg slett ikkje ei trygg kjensle av at 'jau, men det er jo nett dette som skal til for å skape ei sunn bygdeutvikling her hjå oss!' Og så diskuterte me om det er by(gde)strid når det 23 år gamle stortalentet Tomasz Sokolowski nyleg mottok drapstruslar frå Lyn-bastionen etter å ha hatt lunsj med ein oppkjøpar frå erkerivalen Vålerenga?

Men kvar var eg? Jau, på veg innatt med avis og bjørkeved. Noko saknar eg ved tida i lågblokk i Groruddalen. Men eg saknar ikkje låste postkasser, låste lofts- og kjellarboder, to ulike låsar på ein og same sykkel (ikkje berre fordi han var dyr, ny og kul, men fordi nokon uansett ville ta han om han stod laus!).
-Men det er vel å gå for langt å seie at det er difor me har valt å bu i ei vestlandsbygd, fordi det er koseleg at ein av grannane våre tjuvles avisa vår på veg heim frå Cafe Herman, meiner eg? Berre nokre dagar sidan temaet var framme under vitjing i stova, og fleire var inne på avgjerande faktorar som jobb, vener, trivsel for borna og ei rekkje gode bygdekvalitetar. Ho held fram: -Ja, for ingen snakka vel om postdelingsmodellen hin kvelden, her? -Nei, eg veit, men det er pinadø ein grunn til å bli - og du; kven trur du det er? Sundagsfrukost i enden av november...

2 kommentarer:

  1. Jepp. No har eg lest første innlegg, og når eg vel har gjort det plar eg halde fram. Mest av alt fordi då ligg adressa lagra i URL-feltet i Firefox, men likevel. Tilbakemeldinga er: Litt omfattande, du kunne kanskje tent lesarar på å korte litt ned? Viss du vil vinne lesarar. Men det var morosamt, og du har jo utruleg flotte lenkjer! Grattis!

    SvarSlett
  2. Takk for konstruktiv kommentar, Marte! Ein frisk kveld eg var ute på ein liten treningstur, med skjerf i halsen og hua langt nedi augo, hoia ei møtande dame (som eg berre så vidt har snakka med i trivelege lag i bygda) at ho plar lese bloggen min. Ja, ho sa jamvel at eg er ein ekte treiging med å leggje ut nye bloggpostar og: at det er på høg tid med skjerpings! Og eg som trudde det berre var øh, foreldra mine, broderen, huslyden, fjordsymjaren, teknekten, o-løparen og nokre ytst trufaste skiløparar i bygda som lurra innom av og til... Treningskompisen merka at eg ratt vart forfjamsa, og han meir enn antyda at kommentaren hennar truleg gav utslag på pulsklokka. Hm, så vinne lesarar, du. Eit godt spørsmål, må eg vedgå. Men oppsummert; det er jo kjekt med respons – og det kjennest alltid like overraskande når 'nye' har vore innom!

    SvarSlett