Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

måndag 15. juni 2009

Vindenergidagen

I dag, 15. juni 2009, er historias fyrste verdsomspennande vindenergidag: Global Wind Day. Dagen skal nyttast til å syne det omfattande kraftpotensialet som vindenergi representerer. European Wind Energy Association (EWEA) nyttar høvet til å synleggjere at vindkraft og annan fornyeleg energi representerer ei løysing for fleire samfunnsutfordringar.
……….Erkjenninga av at ressursane i verda er avgrensa, samt at verdas avhengigheit av fossile energikjelder må reduserast, har aukande oppslutnad i befolkninga. Fokuset på menneskeskapte klimaendringar, miljøvern og framtidsvyer knytt til ein meir offensiv miljø- og klimapolitikk er difor ei av dei mest sentrale politiske kampsakene fram mot stortingsvalet til hausten. Sterk vekst i folketalet i verda kombinert med ein særs uviss energisituasjon, gjer at fokuset på fornyeleg energi aukar også globalt. Markeringa av vindenergi som ein del av løysinga fortener difor all mogleg merksemd. Ambisjonen er at markeringa fører oss eit steg nærare ein situasjon der fornyeleg energi og teknologiske løysingar for energisparing får same langsiktige økonomiske insentiv og regelverk som fossil brenselindustri lenge har vore tilgodesett med. Politikarar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå bør snarast starte konkurransen om å utvikle dei beste og mest føreseielege ordningane for ei framtidsretta og berekraftig energiforsyning.

Europas største landbaserte vindkraftverk, 322-MW Whitelee-prosjektet i nærleiken av Glasgow, opna no i mai. Den skotske regjeringa har ei målsetjing om å dekke minst 50% av det skotske elektrisitetsbehovet frå fornyeleg energi innan 2020, og hovuddelen av dette vil kome frå vindkraft. Whitelee-prosjektet produserer så mykje kraft at det sparer oss for utslepp av meir enn 500000 tonn CO2 i året. Skottland er såleis eit utstillingsvindauge på området!
President Arthouros Zervos i EWEA opplever at etterspurnaden etter fornyeleg energi i Europa no er i ferd med å ta skikkeleg av. - Det er gjerne dette som skal til for å trigge den politiske handlingsviljen, seier han, og no står me framføre eit globalt gjennombrot. Me vonar han får rett, og ynskjer tillukke med dagen!

søndag 7. juni 2009

– Er du for eller mot?

Sognekraft As planlegg kraftutbygging med utgangspunkt i vassressursar frå Henjaelvi og Grindselvi: Leikanger kraftverk. I bygda er engasjementet rundt ei felles sak attende. Det er ikkje så lenge sidan sist bygda var delt i for og mot. Og det er i grunnen moro medan det står på. Diskusjonane går. Grannen stoggar meg midtvegs i plenslåtten for å argumentere, fotballgutar meiner sterkt i Syrilbussen heim frå bortekamp og stemninga under grillfesten på verandaen står i fare for å bli øydelagd ein sein nattetime. Eg sluttar ikkje å bli overraska over kor mange som set seg skikkeleg inn i sakene.
..........Sist handla det om plassering av idrettshallen. Foreldre gav seg i kast med opprop i Sogn Avis (sjølv knota eg ned eitt av dei!) for å få hallen plassert ved idrettsbana og barneskulen - og ikkje mellom bankbygg og fylkeshus. Alle kanalar vart nytta for å påverke kommunestyret. I går opna Saften, eller Leikangerhallen som han offisielt heiter. Mellom bankbygg og fylkeshus. Med butikkar, avisredaksjon og flotte trenings- og kulturhusfasilitetar. Sentrum er vitalisert med nybygget, Café Herman og nye utandørs møtestader. I vinter trur eg nærast alle som var på dugnad i hallen opphavleg var motstandarar av han. Bygda står samla - ingen sure miner. Men så har altså kraftutbyggingsplanane kome valsande som ei stor, støyande og skiten anleggsmaskin inn i bygdeidyllen...
..........Etter friidrettskarusellen på idrettsbana førre kvelden byrja foreldre og tilskodarar å diskutere. -Men er du for eller mot? Før debatten var i gang kom spørsmålet. Det er sunt å bli pressa til å ta stilling, men meir interessant er det sjølvsagt når folk fortel kvifor dei meiner som dei gjer. -Landskap og friluftslivopplevingar heng saman. Dette er gjerne den mest sentrale utfordringa ved den planlagde vasskraftutbygginga, opna eg. -Ei anna er det biologiske mangfaldet, la ein granne til.
..........Leikanger er ein liten kommune med tett busetnad. Mange er flittige brukarar av tilstøytande utmark til fritidsføremål. Båe elvane renn gjennom populære friluftsområde. Henjaelvi ligg særleg strategisk til like ved bustadområde, barneskulen og det daglege trenings- og friluftslivet. Områda vidare innover fjellandskapet er lokalt og regionalt viktige som friluftsområde. Eit seterområde har status som eitt av seks nasjonalt verdfulle kulturlandskap i Sogn og Fjordane. Nytte skal setjast opp mot kostnad, og ein skal jamen vite kva ein gjer dersom ein vel å endre noko av dette.
..........Om utbygginga var planlagt i eit liknande friluftsområde på Voss, veit eg at det ville vere lettare å vere for. -Herregud, kommunen treng inntektene, kvar ei krone, ville eg kanskje seie. Og med det faderlege opphavet strategisk plassert i energibransjen gjennom 40 år og i kraftpartiet framfor nokon, Ap, like lenge, ville ingen heve augnebrynene over standpunktet.
..........Så, kva skil Leikanger frå Voss? Voss er ein stor kommune med utallige trenings- og friluftsområde som er fullt på høgde med Henjadalen. Enkelt framstilt kan eg fort ramse opp 99 sentrumsnære treningsruter som eg vil behalde der. Så kunne Statkraft, BKK eller Voss Energi fått greie ut nr. hundre til utbyggingsføremål. Leikanger har ein treningstrasé med eit underlag og eit stigningsforhold som gjer han aktuell for ALLE. Ein tilfeldig onsdagskveld i Henjadalen mellom april og oktober, uansett ver, treffest syklistar, joggarar med iPod på øyret, prategjengar på tur, barnevogner og syklar med støttehjul, pensjonistar med sekk og stokk, meir eller mindre ambisiøse birkebeinarar, unge og eldre med fiskestong og kven som helst med hund i band.
..........Vil me behalde dette fantastiske velferdstilbodet dersom Sognekraft byggjer ut? Vassføringa nedanfor vassinntaka i elva blir redusert med 90%, les me i ei kommunal saksutgreiing. Henjaelvi har fleire parti med grov steinmasse som gjer at elva då vil sjå heilt turrlagt ut. -Godt å sleppe elvasusen, mann, kjem det frå nedre delen av tribuna. Men i Henjadalen vil ei slik utbygging krevje i overkant av 4 km heilt ny veg i tillegg til ei omfattande opprusting og dels omlegging av eksisterande veg inn til Flya. Nokon talar jamvel om oljegrus eller asfalt. Det er planlagt å ta ut 130000 m³ massar ved kraftstasjonen. Fleire store massedeponi vil ruve, det skal byggjast fleire damanlegg og kraftliner skal strekkjast. Korleis vil dette i røynda sjå ut til slutt?
..........Eg er for utvikling på bygda, og eg tykkjer det høyrest interessant ut med hyttefelt og skiheisar og afterski og nye sosiale relasjonar utvikla ein stad i dei unike og vakre sidedalane i Leikanger. Slike planar kan gje nye lyft i eit kvart bygdesamfunn, og må ikkje avvisast utan vidare. Men når eit kulturlandskap truleg vert dramatisk endra og fullgode alternative trenings- og friluftsmoglegheiter absolutt ikkje finst i heile kommunen, er det umogleg å vere for kraftutbygginga slik ho no er førespegla. Særs usikre inntektsutsikter og mildt sagt uavklara tilhøve rundt framtidig drikkevassforsyning for bygda styrkar standpunktet. Det er mange gode grunnar til å bu og leve i landets nest beste kommune. Har me råd til å setje ein av dei viktigaste på spel?

tysdag 19. mai 2009

Foreldrevit

Noregs Fotballforbund skriv på sine nettsider at dei reknar med om lag annakvar husstand på eitt eller anna vis har eit aktivt forhold til fotballen. Dette skuldast i stor grad born og unge si deltaking i ulike fotballaktivitetar. Foreldre og besteforeldre deltek i samband med treningar, reiser og kampar. Mange går gjennom periodar som trenarar, lagleiarar, tillitsvalde i idrettslag eller har andre funksjonar i samband med fotballen. Friviljug innsats utgjer sjølve fundamentet som norsk fotball byggjer på, og det synest som det går greitt å rekruttere friviljuge inn i alle dei naudsynte posisjonane der ein treng folk.
..........Som føresette og foreldre kan me medverke til å gjere barne- og ungdomsfotballen til ei kjekk oppleving for alle som er med. Miniputturneringane er godt i gang for året og dei aldersbestemte fotballseriane har vore i gang sidan slutten av april. Like mykje for min eigen del som for andre, vil eg minne om NFF sine hugsereglar – ja, kall dei gjerne foreldrevitreglar:

1. Møt opp til kamp og gjerne på treningar – borna ynskjer at me er med
2. Gje oppmuntring til alle spelarane under kampen – ikkje berre dei du kjenner best
3. Oppmuntring høyrer med både i medgang og motgang – unngå kritikk frå sidelina
4. Respekter lagleiar si disponering av spelarar – ikkje prøv å påverke han/ho under kampen
5. Sjå på domaren som ein rettleiar – respekter avgjerslene!
6. Stimuler og oppmuntre borna til å vere med – ikkje press dei
7. Spør om kampen var morosam og spanande – ikkje berre fokuser på resultatet
8. Syt for riktig og fornuftig utstyr – ikkje overdriv
9. Vis respekt for arbeidet klubben gjer – delta på foreldremøte for å avklare haldningar og ambisjonar
10. Tenk på at det er borna som spelar fotball – ikkje du
11. Vis respekt for andre – ikkje røyk på sidelina
12. Hugs at borna gjer som du gjer – ikkje som du seier

Det er fort å bli riven med på sidelina, og det kan vere ei utfordring å bli minna på nokre av desse reglane under kveldsmaten etter ein tett og beinhard miniputtkamp på 2x12minuttar mellom Syril IL og Sogndal i klasse G99. Og på seg sjølv kjenner ein gjerne andre!

tysdag 5. mai 2009

Champions League

Tysdag kveld. Dommaren set i gang kampen på Emirates Stadium i London. I stova er me klare for kveldens returoppgjer i semien, og det slær meg at det er min tur til å støvsuge popcorn frå sofaen etter bataljen. Manchester United vann fyrste semifinalekampen heime på Old Trafford 1-0. Media har analysert forma til samtlege spelarar og nærast predikert alle tenkjelege scenario etter matchen for ei veke sidan. Siste halvtimen før avspark har det sige på med tilskodarar frå grannelaget. Ei gjensidig oppdatering på skadesituasjonen og aktuelle lagformasjonar, og ei rekkje framlegg til kva som no bør vere laga sine strategiar, utgjer støyen.
..........Arsenal startar best. -Typisk, kjem det frå eine sakkosekken, -men dei slit med å bryte forsvarsmuren til serieleiaren frå nordvest. Etter dryge åtte minuttar kjem portugisaren Cristiano Ronaldo rundt på kanten for United. Innlegget er hardt. Når den unge Arsenalbacken Kieran Gibbs er uheldig og sklir, dundrar J. Sung Park United i leiinga. Yngstemann, no halvt ståande i sofaen, halvt hengjande på skuldra mi, oppfattar pronto at United akkurat har fått det viktige bortemålet som ein av naboane håpa så sterkt på. -Jepp, eit kvart uavgjortresultat vil no sende mænju vidare! -Samanlagt står det 2-0, og Arsenal må skåre tre, forklarer grannen frå sakkoen. -Så dette er bortemålsregelen, altså, slær ein annan fjerdeklassing fast.

Snaue tre minuttar seinare får United frispark på om lag tjuefem meter. Skrått hald. Ronaldo tek sine faste fem steg bakover frå der ballen er lagt til rette, stiller seg breibeint for å finne optimal balanse, set god fart og regelrett bankar ballen i mål. Sjølv om det kan setjast eit spørjeteikn ved målmannen Almunia der, er prestasjonen så stor at to kommentatorar og tre mann i studio pratar i munnen på kvarandre, og på oss, i fleire minuttar. Stemninga er god. Eg tenkjer at dette er uendeleg mykje betre enn å stå trongt på Andys Pub i Oslo og fylgje europacupen på storskjerm. Nittitalets soundtrack. Kjekt med Rosenborg og alt det der, jadå, og det vart mykje som skulle feirast. Ikkje like kjekt med Brann alltid. Der vart det suter som måtte døyvast. Gjerne same stad som der RBK vart feira.
..........Åtte- og niåringane tykkjer tida flyg altfor fort. Den italienske dommaren Roberto Rosetti blæs laga inn til pause, og karane innser at dei er henta inn av Avtalen. For pause betyr leggjetid, og litt romslegare plass i sofaar og sakkosekkar for resten. Dette med romslegare plass varer forresten ikkje lenge, for fjorten og femtenåringane dukkar brått opp – ferdige med kveldens fellestrening. Vaktskifte, på eit vis. Og kunnskapen om aktuelle overgangar, spelarkjøp og spelarane sine ferskaste fest-og-damer-på-byn-historiar vert monaleg heva i stova.
..........Arsenal stangar og manager Arsene Wenger gnir seg hardt i andletet. United-sjef Sir Alex Ferguson tygg tyggis (nokon veit at det brukar gå med fire tyggispakker i snitt per kamp) og ser coool ut. Når Ronaldo (verdas desidert beste fotballspelar, meiner fleire), etter vel seksti minuttar hælsparkar til Park, som slær ein glimrande (-sinnsjuk!) pasning motsett til Wayne Rooney, som i sin tur legg inn att til Ronaldo som kjem i fullt firsprang og punkterer kampen med eit sikkert skot i lengste hjørnet, byrjar heimepublikumet på Emirates å tusle heim. Med eit drygt kvarter att av kampen får Arsenal straffe. Den trufaste United-slitaren Darren Fletcher får feilaktig det raude kortet, og må stå over neste kamp. Det faktum at neste kamp er CL-finalen i Roma 27. mai skaper kollektiv irritasjon. – Ufortent, mann, *x#¤!
..........I stova held me ut til alle høgdepunkta er synte om att fire-fem gonger, alle dei viktige intervjua er unnagjorte og programleiar Jan Åge Fjørtoft har understreka at det alt i morgon kveld er returkamp i den andre semifinalen mellom Chelsea og Barcelona. Nokon må handle popcorn og nye støvsugarposar…

tysdag 28. april 2009

Kondis

Meir enn 12.000 Kondismedlemar mottok i går Kondis nr. 3-2009 i postkassa. Som framsida indikerer, har bladet omfattande dekking av Birkebeinarrennet. Mellom anna er det intervju med årets vinnar, Jerry Ahrlin. Det er også med ein fyldig rapport frå ein debutant av året. Fylgjande bilettekst står å lese under biletet av ein noko forkomen debutant på veg over Dæhliehaugen (etter om lag 53,5 km.!): Ole I. Gjerald er frå Leikanger i Sogn og Fjordane og går for Syril IL. Den ski- og skriveglade 37-åringen skildrar korleis han opplevde sitt første forsøk på å klare merket i Birken. Biletet er om lag dobbelt så stort som det freshe biletet av vinnar Hilde Gjermundshaug Pedersen på same sida, og det er vel æh, heilt på sin plass...
..........Kondis drøftar elles påstanden som vart framsett i programmet Puls på NRK1 om at birkebeinarar trenar seg hjartesjuke. Er dette verkeleg tilfelle? Artikkelen vert å dele ut til nye og gamle birkebeinarar på fyrste fellestreninga over sommarferien, for me satsar på å ha alle med også i 2010!
..........Bladet har ikkje mindre enn 12 treningssider med alt frå treningsprogram til haustens maratonløp til tips om korleis skiløparar kan fikse overgangen frå skisesong til barmarkssesong. Lærerike artiklar om oppvarming, uttøying og nedjogging er også med. Fyldige reportasjar frå Holmenkollen Skimaraton, La Transjurasienne og Flandern Rundt høyrer med, og endå er det mykje som ikkje er nemnt. Er du ein av dei som ikkje får Kondis gjennom postgangen, er det fullt mogleg å gjere noko med det her!

tysdag 21. april 2009

Kjeringi Open 2009

Laurdag 25. april er det klart for vårens vidlaste eventyr i Sogn; Kjeringi Open. Sjølv nådde eg fremste toppen på Kjeringafjellet i Leikanger saman med yngstesonen for nokre dagar sidan, og eg er imponert over snøforholda. Det er framleis utruleg flott på fjellet. Med over 600 påmelde vert dette truleg ein beinhard konkurranse også i år.
..........For utanbygds lesarar må me informere om at Kjeringi Open går frå ein av dei høgste fjelltoppane i Leikanger kommune og ned til kaia ved Sognefjorden. Rennet byggjer på eit multisportkonsept som har i seg heile fire disiplinar: Den krevjande fjelltelemarketappen fører løparane frå toppen av Kjeringi (1314 moh.) ned til området ved Damefall (om lag 500 moh.). Her står det ei rekkje ivrige langrennarar klare til å ta over stafettpinnen. Eller rettare sagt; den digitale stafettbrikka. Langrennsløypa er ei relativt lett, men svært naturskjøn sløyfe i området ved lysløypa på Øvstestølen. Her kjem me fleire stadar frampå kanten, slik at ein overveldande utsikt mot Sognefjorden ligg under oss. Etter 4-5 km. er det veksling til überklare nedoverspringarar. Springeetappen startar i år truleg eit lite stykke ovanfor parkeringsplassen på Kleppa Skisenter (om lag 300 moh.), fordi snøen ikkje ligg heilt ned dit no. Siste etappe er veg- og terrengsykling. Vekslinga her er lagt til Leikanger barneskule. Eit lettare kaotisk og overfylt sykkelstativ vert på ein halvtimes tid tømt når løparane grapsar tak i næraste sykkelstyre og set utføre ned mot Henjaelva.
..........Rennet er krevjande for deltakarane, og særleg for dei som skal starte på toppen. Ein tretimars skitur på feller og med solid sekk på ryggen startar for dei fleste ved 09.00-tida. Dei som er påmelde som 'superkjering', og som altså skal ta alle fire etappane åleine, må plassere ut sykkel, joggesko og ferdigsmurde langrennski på turen oppover.
..........Når fyrstemann ned frå Kjeringafjell nærmar seg fyrste veksling, og speaker melder frå med dramaturgisk røyst, brukar det gå eit lettare angstprega sus gjennom hopen av spente langrennarar. Korleis ligg me an, tru? Moment of truth, korkje meir eller mindre.
..........Etter ein lang og kronglete sykkeletappe kjem anten fyrste superkjeringa eller ankerkvinna/-mannen på det fyrste laget i mål på ærverdige Hanahaug som vinnar av Kjeringi Open 2009. Så vil eg nytte høvet til å protestere på at den offisielle badesesongen i Sognefjorden startar nett denne dagen - sjølv om nokon har funne ut at rennet ikkje er heilt, heilt over før ein er nedi fjorden (som må seiast å vere nærast full av smeltevatn no!) med heile sin vinterbleike corpus...

måndag 13. april 2009

Turproviant

Til saman fire turalternativ vart lanserte til utflukta påskeaftan. Under drøftingane i hyttestova langfredag, valde me turen Antonbua+. Kanskje ikkje det lengste turalternativet sånn i utgangspunktet, men alle var samde om at me ville vere særs godt nøgde dersom me nådde fram til den halvt nedsnødde bua. Og; den plussen antyda varsamt at skituren kunne bli lenger om den lovande vermeldinga skulle slå til. Yngstemann tok difor, rutinert og rettkome, opp diskusjonen kring turprovianten. Kva skulle me ha med innover?
..........Under frukosten
laurdagsmorgonen vart arbeidsdelinga klar; nokon smurde matpakke, nokon gjorde klar termosar med kakao, nokon pakka sekkar, nokon sette skia inn med isklister og universalklister (jepp, du tippar rett!) medan andre fyrst og fremst var ansvarlege for eigne klede. Sistnemnde gruppe tok i tillegg på seg sjølvpålagde tilsynsoppgåver i høve proviantpakkinga. Prinsippet om felles planlegging, rigging og gjennomføring vert ikkje alltid følgd, det skal seiast, men det er som regel eit mål at det skal vere slik. Turen vert gjerne kjekkare då.
..........Det er vidare ein uttalt ambisjon å ta med sunn og næringsrik mat og drikke når me skal ut på tur. Brød med godt pålegg, frukt, vatn og varm drikke er lurt veit me, men så var det dette med eh, premiar då. Sjokolade og kjeks hjelper på humøret når universalklisteret ikkje sit. Det er jo noko alle veit, og her syner empirien at det er relativt liten skilnad mellom born og vaksne når det gjeld å setje pris på slikt. I tillegg er det ein påsketradisjon som sjeldan slær feil på turar som varer heile dagen: Grillpylser. Pylsegrilling på sirleg uthogd eingongsgrillhylle i snøhole er bra saker. Og her er me raffinerte; ketchup og sennep er obligatorisk, og helst både lomper og pylsebrød òg. Merk: Nokre turopplevingar har lært oss at det løner seg å ha med nokre dråpar ekstra tennveske til grillen. Då slepp ein bruke opp reserven med dopapir for å ha oppkveiksved for ein elles uberekneleg og lunefull eingongsgrill frå coopen nedi bygda.
..........Antonbua+ vart ein flott skitur på om lag 16 km. Med tanke på at sjølve bua vert passert etter dryge 4 km på veg innover, må me kunne seie at den plussen vart godt ivareteken. Laget sette enkelt til livs 30 grillpylser i lun snøhole som yngstemann var innreiingsarkitekt for. Grovbrød med godt pålegg, frukt, rosiner, nøter, vatn, resten av varm (les: lunken) kakao og annan sirleg pakka turproviant vart henta fram frå sekkar, rompetasker og sidelommer og gjorde nytte som sein nattmat i hyttestova for dei av oss som var sist i seng. Også det er vel etterkvart ein påsketradisjon.

måndag 6. april 2009

Førpåskeskitur

Kjeringafjellet (1314 moh.) er innbydande i april, og førre sundag var det tjuvstart på påska med topptur for yngstesonen og meg. Flotte snøforhold, sol og vindstille - og nedfarten frå toppen av Bratthenget til Damefall på medbrakte alpinski var heilt super.


God påske!