Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

onsdag 20. august 2008

Nöjd med silver

Lister er jo kult, og som fersk, om svært sporadisk, Facebook-vitjar har lister og rangeringar i allslags variantar strøymd forbi i aukande tempo siste året. Tidlegare var det i grunnen resultatlister frå skirenn og BillboardsHot100 som var dei viktigaste. Seinare vart årvisse lister som t.d. SN sin Human Development Index, som fortel at Noreg er eitt av verdas beste land å bu i, interessante. I sistnemnde kåring hamnar Noreg år om anna heilt på toppen, m.a. fordi me er eit rikt og homogent land. Det er fort, ja nærliggjande, å peike på at Leikanger og Luster toppar Dagens Næringsliv (DN) si kommunekåring frå 11.08. av same årsaka. Skal vakte meg vel for å gje meg i kast med ei storstila analyse av kåringa, men dei to kommunane i Sogn har gode ressursgrunnlag i høve kvalitet i tenestetilbodet så vel som flinke, ressurssterke og samfunnsbyggjande innbyggjarar. Og begge er homogene i tydinga at det er langt mindre skilnad på folk enn det t.d. er i hovudstaden.

Men; sjølv om Noreg er verdas beste land å bu i, flyttar nokon ut. Sofie Mathiassen i DN skriv laurdag 16.08. at sjølvsagt fer nokre til finanshovudstader for å tene pengar og andre til eit hippietilvere i India. Professor i samfunnsøkonomi, Steinar Strøm, som har ytra seg ytst kritisk til kåringa, fer sjølv til espresso og raudvin i Italia for å jobbe på eit universitet i ein europeisk storby. Personlege val, og heilt ok. Strøm meiner folk sine val i stort syner kvar det er best å bu. The public choice tek ikkje feil; Oslo er der folk vil bu – og då er det per def. feil at hovudstaden hamnar på 417.plass (!). Han peikar på at verdiar som fridom, moglegheita til ikkje å vere definert inn ei fasttømra rolle, anonymitet, moglegheita for stadig å kunne fornye seg gjennom nye miljø og moglegheita for heile tida å treffe nye menneske burde vore omsyntekne.

Verdiar som dette, som eg sjølv i gilde lag for så vidt likar å trekkje fram som gode etter åtte knallkjekke Oslo-år, er ikkje tekne særskilt høgde for i kommunekåringa. Men det synest som Strøm meiner tilgjenge til kaffe lattè er ein meir meiningsfylt indikator enn bustadprisane, og han gløymer at svært mange menneske her til lands stiller seg fullstendig likesæle til om det er ein kaffibar i nærleiken – så lenge dei kan nyte kaffien sin i, eller utanfor, einebustaden sin med borna leikande i nabolaget i trygge (og naturskjøne, ja!) omgjevnader. Strøm tek vidare feil når han døyper kåringa om til ein rein kostnadsindeks fordi 1 av 29 indikatorar er prisnivået på bustader. Strøm meiner at dersom denne indikatoren skal vere med, så må han i så fall snuast på hovudet; bustadprisen er høg nettopp fordi det er her folk vil bu...

Ok, lat oss vedgå at lista kunne sett annleis ut med andre indikatorar. Sjølvsagt ville ho det, og kåringa kunne hatt høgare kvalitet dersom ho hadde vore gjennomført som eit heilårsprosjekt med omfattande spørjegranskingar. Eit 100% objektivt svar finst likevel ikkje på spørsmålet, og så lenge me evnar å leggje det rette i ei slik liste har ho verdi. Lista fortel korleis dei som bur ein stad har det med omsyn til økonomi, helse, familie, nærmiljø og det kommunale tilbodet. Ho fortel ikkje at dei som flyttar til Leikanger eller Luster vil skilje seg mindre, få høgare inntekt eller eit rikare liv, om nokon trudde det. Korkje DN eller andre vil kunne utarbeide ei kåring som syner kvar det vil vere best å bu for alle. Det må folk finne ut sjølve. Og heldigvis har nordmenn så ulike oppfatningar om temaet at eg har trua på at Leikanger og Luster vil hamne langt opp på lista også i 2071.

Men kva skal til for at me held posisjonen på dei viktigaste indikatorane? Korleis formidle kvalitetane ved det gode livet på bygda til alle dei som berre fyl dragsuget mot storbyane? Personlege val gjort utan å vurdere/sjå alternativa er jo ikkje ok! I byråkratbygda får me gjere den sympatiske langrennaren Vladimir Smirnov sine ord (på kazakhstansk-svensk) til våre; ’Jag är mycket nöjd med silver!’. For han visste at andreplass var bra så lenge hovudkonkurrenten heitte Bjørn Dæhlie…

4 kommentarer:

  1. Har sjekka ut den kåringa i Dagens Næringsliv her no, og let meg imponere over kor de lukkast i Sogn. Her er Noregs ti beste kommunar å bu i, og berre ein er altså i Hordaland:

    1. Luster, Sogn og Fjordane
    2. Leikanger, Sogn og Fjordane
    3. Forsand, Rogaland
    4. Suldal, Rogaland
    5. Masfjorden, Hordaland
    6. Sirdal, Vest-Agder
    7. Hjelmeland, Rogaland
    8. Siljan, Telemark
    9. Tydal, Sør-Trøndelag
    10. Lærdal, Sogn og Fjordane

    Og så Voss då, som soleklart og utan tvil var nr. 1 frå 1971 til rundt 1990, er altså no nede på 252.-plass! What happened?

    SvarSlett
  2. Eg vart ganske "trigga" av denne bloggposten, så her får du mange tankar både innanfor og utanfor tema, frå meg:

    Så lenge eg har barn i grunnskulen, så er det viktigaste for meg at dei har gode vener, at dei trivst på skulen og har aktuelle fritidstilbod i nærmiljøet. Kva skal eg med kaffibarar, døgnåpne kjøpesenter eller polutsal i idrettshallen(!), dersom ungane mine ikkje trivest i nærmiljøet sitt og gruar seg til neste skuldag?

    Eg reflekterer ikkje så mykje over om Leikanger er den nest beste kommunen i Norge å bu i. Det er som sagt andre faktorar som styrer mi folkeregistrerte adresse: Om det berre handla om meg, så ville eg gjerne vere "anonym", ete tapas på Rust og kunne meiske meg med tanken på mange og ulike lokkande jobbtilbod, heile tida. Den tid får heller kome, for eg trur ikkje at eg blir pensjonist i Leikanger. Nett no er det viktigaste å sikre at 14-åringen vår har gode vener som går ut og inn av huset, som møtest til "Filmkveld" og til fotballøkter på bana og at (snart -1 mnd att!) 9-åringen vår har ein trygg skuleveg, får dusje etter gym'en på skulen på torsdagar og pleier omgang med sprudlande vener både med og utan intens fotballinteresse. Og at vi vaksne har interessante jobbar med ei brukbar inntekt, slik at vi kan gje ungane våre ein trygg heim.

    (Framhald i neste kommentar.)

    SvarSlett
  3. Politikarane i topp 10-kommunane tek sikkert resultata til inntekt for sitt arbeid. Det meste på Leikanger er dugnadsbasert pga skral kommuneøkonomi, noko det ikkje blir mindre av etter vedtaket om (ein malplassert) idrettshall (fleirbrukshall, ja vel). Og det er enkeltpersonar som har sikra nye og trygge arbeidsplassar her i bygda – ikkje lokalpolitikarane! Det er alle dei aktive og positive familiane i nærmiljøet vårt som gjer Leikanger til bygda der vi kjenner tilhøyrsle, ikkje dei politiske vedtaka og eit skrint tenestetilbod.

    Men, vi blir nok buande i "Depresjonsfylket" nokre år til. Det står å lese i BT i dag at Trivselsfylket kjem dårlegast ut i landet i Norsk Monitor si lykkegransking. Kjensla av lykke skal vere lågast her i fylket. Hallodama frå Lærdal (ja, Ragnhild Sæltun Fjørtoft) meiner at folk i Sogn og Fjordane kan ha større krav til lykka enn andre. (Oi!)Fylkeslege Petter Øgar kommenterer at forbruket av lykkepillar, antidepressiva og andre vanedannande medikament er under landsgjennomsnittet. (Greit å vite i eit fylke nesten utan fastlegar.)

    Ikkje veit eg kva som er den ”rette” definisjonen på lykke, men harmoni i heimen, eit smil og ein klem frå gutane mine, rungande tenåringslatter frå stova og barnsleg hyling frå trampolina gjev meg ein indre ro, som eg vel å tru at er lykke for meg. Trening 3-4 gonger i veka, fjellturar, tekopp og ”jentefilm” på loftet er egoisme som eg ikkje definerer som lykke, men nødvendig avkopling.

    Lykke for meg handlar òg om å få lov til å ha draumar om kva som kan vere mogeleg på sikt. Eg må ikkje bu i Barcelona no, for å kunne tenkje at det kan vere aktuelt ein gong. Eg må heller ikkje ha ein ”Ronja” eller ”Birk” no, men ha lov til å drøyme om å verkeleg kunne dyrke utelivs-interessa mi på heiltid. Men eg MÅ ha fritid og overskot til gutane mine og ekteskapet mitt no. Då trivst eg og kjenner lykke uansett kvar eg bur!

    SvarSlett
  4. Takk for kommentarar, folkens, både i bloggen og på e-post! Dei kom jamen tett på kvarandre, kåringane som syner kvar det er best å bu i Noreg. Ikkje før har me hengt opp sylvmedalja frå DN-kåringa på enden av gardinstonga (alltid der medaljene heng, for medaljer har merkeleg nok ikkje ratt same status som pokalane), før Aftenposten æh, 'torpederer' heile feiringa ein fin augustlaurdag:

    http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article2613927.ece

    Telemarksforskning har gjort undersøkinga på vegne av NHO. Faktorar som barnehagedekking, skuletilbod, gode kommunikasjonar til Oslo (!), greie tilbod av butikkar samt gode arenaer for både idrett og kultur er lagt vekt på. Sognekommunane hamnar samla midt på treet, og dette syner at subjektiviteten i utvalet av sentrale faktorar sjølvsagt avgjer. Til sjuande og sist eit spørsmål om verdiar, heile greia!

    NHO-rapporten finn du her:
    http://www.tmforskbo.no/mediafiler/fil.asp?id=223

    Legg særleg merke til faktoren 'kafètettleik':
    Høy kafétetthet virker tiltrekkende på alle aldersgrupper. Ikke overraskende er det sterk sammenheng mellom de unge voksnes flyttemønstre og kafétettheten, men også barnefamilier trekkes mot kommuner og regioner med mange kaféer. Høy kafétetthet vil være et resultat av at befolkningen i stor grad benytter slike. Vi kan derfor tolke høy kafétetthet med at det er mange sosiale møteplasser i området. Slike steder er også arenaer for ulike kulturelle tilbud, slik at kaféfaktoren også vil være en indikator for kulturtilbudet. Steder med høy attraktivitet, som vil ha mange innflyttere, får en høy kafétetthet på grunn av at innflyttere i større grad enn innfødte benytter slike tilbud. Dermed vil høy kafétetthet være like mye et resultat av attraktivitet som motsatt.

    Og 1. september opnar kafèkropuben CAFÈ HERMAN pao Leikanger - so me gle oss!

    SvarSlett