Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

måndag 27. september 2010

Kom susande, seinhaustnatt -

Ved oppdaginga av at ein ny haust er i ferd med å slå inn over oss, tenkjer eg alltid at no går me inn i den vakraste av dei fire årstidene. Alltid. For kvifor gå nedtrykt rundt og klage over at sommaren er forbi? Nei, eg set slik pris på Noreg sine fantastiske årstider - også hausten. Det lunefulle vêret og variasjonane som gjer at ein slett ikkje veit kva klede ein skal ta på seg frå morgonen av. Overgangen mellom årstidene våre er så tydelege, ja tydelegare enn svært mange land nokon gong får oppleve.
..........For ja, det vert kaldare no. Og ja; piggdekk, isskraping, frosne bildører og beinklaka lås på skiboksen ventar. Isvinden kjem snart susande frå nordvest. Han vil ruske i deg på veg til jobb dei haustmørke og grytidlege morgonane, og han vil tvinge deg til å dra opp glidelåsen og krype saman under hetta, inni dunjakka, på veg heim ein sein oktoberkveld.
..........Men så vil du kan hende oppdage at seinsommaren si trykkande og klamme atmosfære glir over i ein frisk bris av ny giv òg? Lufta kjennest annleis. Klar og rein. Gløym sommaren sine lukter av regnvått, nyslege gras og blaute lam langs turstiar i vene skogar og fjell. For her kjem lukta av forblåste tre som tviheld på sine siste, raude lauv. Her er lukta av glasklart regn, nyimpregnerte fjellsko, vått hår under hua og glovarm kaffi frå termosen. Gløym sommaren sine lydar av sein skåling på altanen, for her kjem i staden raslinga av lauv, uling i pipa og sluddet si hamring på vindauga medan du sit innanfor og sjekkar e-posten din i fleece. Gløym jamvel sommaren sine turar berrføtt til postkassa dei fine sundagsmorgonane som var, for no er det vinterdyna, ullgenseren og vottane som gjeld. I år som i fjor.
..........Hausten er over oss, og om ikkje lenge skin vinteren opp det kjende landskapet me er glade i. Han er alt å sjå på toppane rundt oss, ja, langt nede i liene enkelte morgonar. Og då dukkar det brått opp nye mål i horisonten. Med snøen kjem dei faktisk farande med sjumilssteg.
..........
Ikkje fortvil. Sommaren kjem att, han. Men akkurat no kan du like godt gle deg over den mørkaste årstida, og nyte det gode ved å oppleve hausten i Noreg. Hausten og vinteren vil gje deg mange gode stunder, tru meg, ja kanskje augneblinkar av pur glede og lukke? Du må berre vere vaken i år òg – og open for å sjå dei.