Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

torsdag 19. august 2010

Kvifor flyttar nordmenn?

Det er ikkje ferie utan at det vert diskusjonar om eitt og hitt, gjerne i seine kveldstimar, og sjølvsagt hamnar ein uti dei mest interessante diskusjonane når ein er avskoren frå å sjekke fakta på internett. Difor ei kort oppsummering av sak 19 her no. Nordmenn sin flyttemotivasjon, og i kva grad flytting vert utløyst av behovet for å skaffe seg jobb, kom brått på saklista her ein kveld. Mange meiningar likeså. Er arbeidsmarknaden mest avgjerande, eller vel nordmenn bustad ut frå kva slags liv me vel å leve, til dømes i nærleik til naturen og familien og med ei aktiv deltaking i lokalmiljøet som viktig ingrediens?
..........Norsk institutt for by- og regionsforsking (NIBR) la ved inngangen til 2009 fram ei bu- og flyttemotivundersøking (det var ho eg så gjerne ville ha googla fram frå nettet, for eg vakla i hovudkonklusjonane her...). Undersøkinga gav ny kunnskap om kva for motiv som ligg bak avgjerder om flytting og busetjing. Den førre store flyttemotivundersøkinga vart utført i 1972, og sidan den gongen har samfunnet gått gjennom store endringar som pregar svara i den nye undersøkinga. Bu- og flyttemotiva er i rapporten grupperte i seks hovudkategoriar; utdanning, arbeid, bustad, helse, familie og stad- og miljøfaktorar.
..........Ein markert skilnad frå 1972 er at arbeidsmotivet no er langt mindre dominerande som avgjerdsfaktor, medan familie og stad– og miljøfaktorane vert vektlagt i større grad. Årsakene til dette kan vere fleire: Valfridomen på arbeidsmarknaden har auka og ulike typar arbeid finst fleire stader no. Større aksept for å pendle langt og det at ein større del av innbyggjarane bur i sentrale strok gjer også at mange ikkje treng flytte ved skifte av arbeid. Ein generelt god arbeidsmarknadssituasjon gjer at folk kan leggje vekt på andre motiv for val av bustad. Arbeidsmotiva trer såleis særleg fram når relevant arbeid ikkje er tilgjengeleg over alt. Mange små arbeidsmarknader i Nord-Noreg og i noka grad på Vestlandet kan difor forklare kvifor arbeidsmotivet er meir dominerande ved flytting her. Arbeidsmotivet er også tydeleg i flyttinga frå utkantregionar til små og mellomstore byregionar, og kan innebere at færre tilbod om arbeid gjer at folk må flytte til nærliggande byområde for å få seg jobb.
..........Stad- og miljømotiva er særleg sterke ved flytting i desentraliserande retning, til utkantområda, og opptrer ofte i kombinasjon med familiemotiva. Innanfor denne hovudgruppa ligg fleire faktorar. Det gjeld til dømes tilgang til varer og tenester, kultur og fritidssyslar, kommunikasjonar og avstandsulemper og fysiske og sosiale tilhøve ved nærmiljøet. Og: kjensla av å høyre til på ein stad. Særleg det å høyre til, og fysiske og sosiale tilhøve ved nærmiljøet, er kvalitetar som trekkjer oss i desentraliserande retning. Kombinasjonen av bustad- og arbeidsmotiva som ligg i utnyttinga av ressursane knytte til fast eigedom er viktig for flytting til utkantområda. For flytting frå storbyar til periferiregionar er også eit anna arbeidsmotiv viktig: Forklaringa på dette kan vere den relativt store delen av høgt utdanna frå dei store byane som bur og arbeider ein kortare periode i eit utkantområde. I stad- og miljømotiva kjem også det ein reknar for urbanitet inn. Desse faktorane ser ut til å vere lite vektlagde ved flytting i sentraliserande retning. Arbeidsmotivet står klart sterkare enn urbanitet ved flytting til storbyane.
..........Flyttemotivundersøkinga syner altså at individuelle preferansar er viktigare ved val av bustad no enn tidlegare. Val av bustad har stor innverknad på kva slags liv ein vel å leve. Mange føretrekkjer det rike tilbodet av tenester i storbyane, kulturelle opplevingar og varierte arbeidsplassar. Andre vil gjerne bu på ein mindre stad der dei har nærleik til naturen og familien, og kan delta aktivt i lokalmiljøet. Dette er på mange måtar også eit verdival, og for mange handlar desse vala om kva som passar best i ulike livsfasar. Dei aller fleste flyttingane skjer i åra mellom 18–35 år. I byrjinga av denne aldersperioden flyttar mange unge til storbyar for å ta utdanning eller arbeid. Mange vert buande, men over halvparten av dei som flyttar til storbyane, flyttar før eller seinare ut igjen. Denne flyttinga skjer gjerne i samband med familieetablering. Ein faktor som også påverkar sentraliseringa, er at ungdomstida har vorte lengre dei seinare tiåra! Folk nyttar lengre tid på å fullføre utdanninga og etablere seg med familie. Dette fører til at den tida folk bur i storbyane, har vorte tilsvarande lengre. So seier iallefall utgreiinga.