Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

onsdag 25. februar 2009

Søre Ål-runden - rapport frå eit seedingsrenn

Kjensla kvelden før er kjend, sjølv om det, som far min har peikt på, er nokre år sidan eg sist stilte med startnummer i eit langrenn. Diskusjon i smørjebua på hotellet. Fyrst om matinntaket veka før rennet, så om bunkring av saltvassløysing og karbohydratar i skrotten døgeret før start og til slutt om trongen for skikkeleg svevn siste natta. Temaet framskundar oppbrotet. Med nypreppa ski under armen tuslar me på rommet. Søre Ål-runden er eitt av seedingsrenna for Birkebeinarrennet. Løypa er på dryge 40 km, veit me, etter at arrangøren i 2007 gjorde fleire utbetringar av den opphavlege traseen. Start og mål er på Flugsrudjordet rett sør for Lillehammer sentrum. Herifrå går løypa i flott skogsterreng i Søre Ål-marka over mot Lismarka og Brøttum. Lange, slake diagonalbakkar i kombinasjon med meir travle springeparti og skarpe utforkøyringar skal gjere løypetraseen perfekt for pleie og testing av forma ein månad før Birken. Med startnummer 183 startar eg i pulje 2. Romkameraten kjem i pulja bak.

Startskotet går og eg summerer opp: God gli og brukbart feste på skia, kroppen såvidt over forkjølingskneika, jotakk, og i mølja av ski, stavar og travle likesinna slær eg fast at dette iallfall vert eh, interessant... Me får drikke og bananer etter 10, 22 og 30 km. Eg har bestemt meg for berre å ta inn det eg greier ete og drikke i fart. Ein stoggar ikkje i skirenn, må vite! Fyrste mila er langt meir krevjande enn eg har greidd å lese ut frå løypeprofilen på nettet. Bratte motbakkar, få kvileparti. Løypa buktar seg deretter av garde i lett kupert terreng over myrer, mellom små vatn og i vakker, snødekt granskog. Før den andre drikkestasjonen når løypa sitt høgste punkt, og no kjenner eg betre att det memorerte løypekartet og -profilen i høve traseen me går i. Ei mor i raud Swix-dunjakke smiler til meg når ho rekkjer meg eit plastkrus med Maxim-drykk. Dottera peikar på han som nektar å stogge heilt opp, og ropar: -Trur du dem er slitne, ell? Eg prøver å få alt ned i ein slurk, og hiv etter pusten då eg kastar koppen frå meg og ropar takk tilbake. Takk for serveringa, tenkjer eg etterpå, slett ikkje ein ironisk takk for spørsmålet hennar - for det var truleg heilt på sin plass...

Frå om lag 25 til 35 km kjem lange, flate parti for dobbeltak. Det er umogleg å ikkje kjefte på seg sjølv for manglande trening av overkropp generelt og armar spesielt. Eg tolkar det elles som eit godt teikn at eg irriterer meg over løypemannskapet som ikkje har kasta på nok snø to stader der løypa kryssar ein skogsveg. Eg fryktar at strukturen under skia skal få rundjuling av sandkorna som er virvla opp i sporet - ergo er eg ikkje heilt likegyldig der eg pressar vidare heilt oppunder den 'anaerobe terskelen'. Eg har prøvd å drive litt terskeltrening med høg intensitet. Då jobbar kroppen like under og på den intensiteten der kroppen sin produksjon av mjølkesyre overstig evna kroppen har til å eliminere ho. Akkurat under terskelen unngår ein opphoping av laktat i muskulaturen, heiter det seg, og det er å håpe det beste så lenge som råd er...

Klokka fortel meg at eg har pressa i over to timar no, og løypa har for lengst snudd nordover att. Då ho slepper seg ned i ein frisk utforbakke, kjenner eg brått att terrenget der me testa ski i dag tidleg. Attende på Flugsrudjordet går løypa i lange sløyfer før eg endeleg stakar forbi målseglet. Jækla irriterande at startnummer 202, som eg har sett både framføre og bak meg undervegs, slær meg i spurten, men akkurat det treng jo aldri nokon få vite... På parkeringsplassen bestemmer eg meg for å sende heim eit sjølvportrett og skryte av plasseringa mi. Ein splitter ny skismurning er premien for å vere inne blant den beste tredjedelen i klasse M36-40. Huhei, og så vert arbeidsdagane til veka truleg nytta til hyppig oppdatering av seedingsida til rennet med stor førebokstav...

onsdag 18. februar 2009

Litt enkelt (men la gå...)

I bilen på veg til jobb. Ein sms minner meg på at eg har ein lunsjavtale på kafé. Eg kjem på den enkle filosofien i ei soge eg høyrde i helga: Ein britisk filosofiprofessor stod tidleg ein morgon framføre ei gruppe studentar i auditoriet. Presis klokka 08.15 tok han, utan å seie eit ord, fram eit tomt syltetyglas av det store slaget. Han fylde det opp med golfballar før han spurde studentane om glaset var fullt. Det var semje om at det ikkje var plass til fleire, så dei slutta opp om at glaset var fullt. Så tok professoren fram ei øskje med småstein som han òg hadde nedpå glaset. Han rista lett på det slik at småsteinen fordelte seg fint mellom golfballane. Nok ein gong meinte dei glaset var fullt. Etter at han også hadde fylt glaset heilt opp med finkorna sand, såg det ikkje ut til at det var meir luft att i glaset. No måtte han vel snart kome til poenget... Til slutt helte professoren to koppar kaffi på glaset, noko som effektivt fylte opp alle holrom mellom golfballar, stein og sand. –No, sa filosofen då den oppgjevne latteren la seg, sjå føre dykk at glaset representerer livet. Golfballane er dei verkeleg viktige faktorane; familien, kjærastar, borna, vener og meiningsfulle og engasjerande fritidsaktivitetar. Ja, rett og slett dei tinga som, sjølv om de mista alt anna, framleis ville gjere livet dykkar fullkome. Småsteinane kan vere jobben dykkar og heimen de har jobba så hardt for, medan sanden kan hende er den nye sykkelen eller dei dyre alpinskia de endeleg har teke dykk råd til.

Om de hellar sanden fyrst i glaset, vil det ratt ikkje vere plass korkje til småsteinane eller golfballane. Greia er sjølvsagt at dersom de brukar all energien dykkar på relativt små og uvesentlege ting, vil det vere hardt å rydde plass til dei faktorane som verkeleg betyr noko. Ver merksame på dei tinga som er kritiske for om de faktisk er lukkelege. Leik med borna, ta vare på helsa og inviter kjærasten på middag eller ein heidundrande fest. Kliv ein fjelltopp saman, for det vil alltids ordne seg med tid til reingjering i huset. Få styr på det de vil prioritere, for resten er jo berre eh, sand. Ei av studentane var nyfiken på det me kaffien, og ho spurde kva han representerte? Professoren la andletet i alvorsame falder. –Hm, jau, eg er glad du stilte det spørsmålet der. Det er berre for å understreke at sjølv om livet synest vere stappfullt av jobb, dugnader, treningar, skyssing av borna til alle døgeret sine tider, ja krav frå alle kantar samstundes, så er det som oftast plass til eit par kaffikoppar ei avslappande stund saman men ein god, god ven

måndag 16. februar 2009

Om å høyre til

Eg trur det er rett at motstridande interesser mellom bygder og grender, kampen for å få sin rettkomne del av kommunekaka (minst!), forklarer mange bygdestridar. Bygdestriden botnar ikkje i (fråvere av ein felles) identitet, men i interessemotsetnader, skriv Jostedalsrypa (11.02.09) i eit blogginnlegg til identitetsdebatten i Luster i Sogn and Fjordane. Fenomenet bygdestrid er det langt fleire meiningar og erfaringar med enn forskingsbasert kunnskap om. Men kan det tenkjast at me somme stader i dag har bygdemotsetnader som heilt enkelt botnar i tradisjonar? Altså noko anna enn dei intense stridane som handlar om nedlegging av skular og lokalisering av kommunen sine nye eldrebustader? Noko meir enn dei stridane som ofte har høgsesong seinhaustes - sidan hausten er budsjettid og budsjettprioriteringar er politikk? Og vil verkeleg ei felles identitetsbygging, med fleire felles lag og organisasjonar i den store kommunen, kome slike tradisjonsbundne bygdestridar til livs?

I bloggposten Sundagsfrukost (30.11.08) slutta eg meg langt på veg til Georg Arnestad sin analysedel i kronikken Ja til fleire bygdekranglar (BT, 23.11.08). For truleg stemmer det at kommunereforma i 1964 må bere mykje av skulda for dagens bygdestridar. Fleire stader på Vestlandet vart dei gamle kommunegrensene nærast forsterka. Kva skulle no vere sentrum og periferi i kommunen? Kva skulle liggje i den indre eller ytre delen, i dei lange dalane eller ved fjorden, på aust- eller vestsida? Generelle rammer også for moderne bygdestrid. Kan hende er ikkje bygdestridar berre eit vonde. Dei som botnar i realpolitisk usemje kan truleg føre med seg ein sunn politisk debatt og mang ein kime til by- og bygdeutviklingsinitiativ lokalt. Men det var etter den erkjenninga eg og Arnestad skilde lag; for mange stader er bygdestrid aller mest eit vonde. Særleg der han kan synast å byggje på tradisjonar og eldgamal uvenskap. –Nei, eg handlar heller i Bergen enn nedi i kommunesenteret, veit du no kva, for DEI skal faan ikkje få ei krone frå meg…

Kva vil eigenleg Simonsen-komitèen (Sogn Avis, 10.02.09) til livs når dei gjer framlegg om at bygde- og grendefokuset i Luster skal tonast ned til fordel for den samlande lustraidentiteten? Bygdestrid som går i arv frå generasjon til generasjon, trass i innflytting og utflytting, høgare utdanning, glokaliserte bygder og eit meir moderne næringsliv? Djuptpløyande bygdemotsetnader som mest av alt botnar i tradisjon og vanetenking? Viss det er slikt dei tenkjer på, tykkjer eg framlegget bør få status som eit sunt debattutgangspunkt. Talar me derimot om interessemotsetnader der talskvinner og -menn med ulike ståstader byggjer opp forståelege og rasjonelle politiske argument (som fleirparten av oss fort ville vere samde i dersom me budde der) for å tale si bygd si sak, så er framlegget straks verre å skjøne. For kampen for å få sin rettkomne del av kommunepotten må vere der i eit levande lokaldemokrati – også i Luster. Politikk er nettopp ein sentral aktivitet innanfor eit sosialt system (statar, kommunar eller andre organisasjonar) som inneber at mål vert sette, prioriteringar ordna, verdiar fordelte og verkemiddel valde. I sitt vesen vil politikk generere motsetnader. Utan strid om mål, verdiar, knappe gode og verkemiddel vil politisk verksemd vere overflødig. Men; utan samarbeid, i alle fall om normer, prosedyrar og demokratiske spelereglar, vil politiske prosessar bryte saman.

Det står strid om den norske bygda, korleis ho skal bli oppfatta og korleis ho skal utvikle seg. Kampen om bygdene si sjel spelar seg ut på ei rekkje felt; i politikken, kulturlivet og i media. I boka Den nye bygda (2008) presenterer Reidar Almås m.fl. dei mest sentrale utfordringane som dei norske bygdesamfunna står framføre. Bidraga ser nærare på endringar i næringslivet og bygda sett frå ulike livsstil- og identitetsperspektiv. Ein oppdatert situasjonsrapport frå den nye norske bygda, empirisk så vel som teoretisk. Det er klart kommuneidentiteten toler at bygde- og grendeidentitetane er sterke! Men på eit (overordna?) nivå trur eg ei sams kjensle av fellesskap, samhald og lojalitet, ja kall no gjerne det òg identitet, til kommunen styrkjer merkjevara Luster. –Det me ikkje finn på bui i Skjolden, kjøper me så klart i Gaupne! Ulikskapar utfyller ofte kvarandre, og bygder med ulike kvalitetar vil til saman kunne dekke ei breidde av behov. Slik ville eg tenkt om eg var Lustrapolitikar. Trur eg.

fredag 6. februar 2009

Startpulje 16, ein episk tekst

Vel vitande om at eg aldeles ikkje vil vere særleg slagkraftig om eg stiller sundag, trur eg likevel eg må prøve. Frå vindaugskarmen i loftsstova ser eg meg sjølv trygt plassert i startpulje 16 på Birken. I lag med dei som har med seg appelsin og mjølkesjokolade i tursekken, og som tykkjer det skal bli fint å kome seg av garde fordi det brukar vere slikt eit folkeliv på matstasjonane. I lag med dei som er 50+ og som er opptekne av å prate jovialt om at me tolv kilometer før mål passerer hytta dei brukar vere på i påska. Eg må sjå etter ho før eg passerer Sjusjøen, seier dei, litt oppe i lia etter ein kvass venstresving. Merkar ein snev av panikk når eg ser meg sjølv omkransa av løparar som er i startpulje 16 SJØLV OM dei gjekk i fjor. Og året før der att. Det tyder heilt enkelt at det er her dei høyrer heime. Ikkje som kone, som truleg gjekk seg opp fem-seks startpuljer med eit bra løp sist. Nei, eg står og trippar saman med dei som har funne plassen sin. Nokre av dei kan jamvel skryte av at dei har gått alle dei siste sytten åra med same skiskoa eller nikkersen. Startskotet nærmar seg. Eg torer knapt sjå meg rundt i frykt for å oppdage fleire jentegjengar +/- 40 som spør om eg vert med på vorspiel og nattklubb på Lillehammer etter premieutdelinga. Det er berre å spørje etter Heidi på Rica-hotellet, for der er det storsamling av birkebeinarar frå Nannestadområdet. Pang!

Det sit så jækla langt inne å vedgå det, du anar berre ikkje... Treninga har etter måten gått bra siste tida. Kan ikkje nekte for at forma beint har vore i emning. To rundar på Øvstestølen i skihælane på langpendlaren sundag stadfesta jo det. På spørsmålet om me er i rute har fleire av oss no byrja svare; –Tja, nei, det kjennest slett ikkje så aller verst... Og stort meir positiv enn det er ein sjeldan i skieliten, høhø. Heller ikkje i Sogn. Har liksom oversett at ei snikande forkjøling og ein tiltakande hovudverk har meldt seg siste dagane. Skøyteøkta onsdagskvelden, i nykøyrde løyper og med nysnø på tre og lysstolpar, var nærast perfekt. No er altså loftsstova omgjort til sjukestove. Med pledd heilt opp på bringa, finn eg trøyst i kaffitermosen full i gloheit Friele og den informative og motiverande boka Klatring av Jon Gangdal. Eg les om vinterklatring under Gjertvasstind i Vest-Jotunheimen (som snart skal prøvast!), og trekkjer Houdini-trøya lenger ned på armane sidan eg frys. Tyggjande på ei blanding av rosiner, turmiks og Läkerol bur eg meg på å ta ei snarleg avgjerd på om seedingrennet for betre startpulje på Birken, Golsfjellet Rundt, komande sundag skal gå føre seg med eller utan meg til start.

Eg kan heilt ærleg ikkje hugse sist eg var sjuk. Og eg må snarast slutte å tenkje på startpulje 16, merkar eg. I det eg ser meg sjølv starte frå Rena i lag med nokre hundre altfor smilande og blide folk som ikkje anar kva eg snakkar om når eg motvillig gjev til kjenne kva smurningsmiksen under skia mine består av (–VR50 mikset sammen med Toko sin nye lillavoks, sier du, og den nye fluorsåpa fra Maplus for bedre gli? –Nei, vi har nå smurt med klister vi da, universal!), kjem også kvalmen sigande. Etter å ha avklara kvar den nye vaskebytta vart sett sist helg, loggar eg meg på for å surfe etter fleire sorteringsrenn på skiforbundet sine vevsider. Og dei finst det framleis fleire av. Pfuh...

søndag 1. februar 2009

Tidene endrar seg

Debatt av det eksistensielle slaget i elitesjiktet på Systrondi. Innimellom heseblesande tjuvtrening, høgdeopphald på Storefjell og Beitostølen og eksperimentering med fluorbaserte gliprodukt i pulverform, har nemleg det mørke og konkurranseprega skimiljøet i bygda registrert at endringar er på gang. Endringar som kan få dramatiske konsekvensar. Og denne gongen har me ikkje Obama sine retoriske evner å takke: Arrangøren ynskjer nemleg at fleire skal greie merkekravet i Birkebeinarrennet! Dei siste åra har det blitt verre å greie merket, rett og slett fordi eliteklassane stadig spring fortare samstundes som eliten alltid har dei beste tilhøva. Merkeprosenten har gått ned med 11%, må vite, og eliteklassane skal no fjernast frå berekningsgrunnlaget. Utdrag frå e-postveksling fylgjer:

Sendt: 21. januar 2009 15:59
Emne: Nye merkekrav -> nye moglegheiter for heider
Tatt i betraktning dei nye merkereglane i Birken, er det greitt med eit oversyn på korleis merketidene ville ha vore i fjor med desse reglane. Då ville Monica, Rigmor, Ingar, Odd A. og Lars M. teke merke i tillegg til Magne, Vegard og Torunn. Glorien får dei likevel vente med å pusse til merket er teke i tråd med gjeldande regelverk. Det er grunn til å tru at fleire vil cruise inn til merket i år, og fleire andre får større motivasjon. Dette lover bra. Teknekten

Sendt: 22. januar 2009 08:04
Emne: SV: Nye merkekrav -> nye moglegheiter for heider
Hei, eg bøyer meg i støvet med tanke på kor flink arrangøren er til å oppmuntre dei som i røynda ikkje er gode nok. Eg held på mitt: Merket er i grunnen noko jåleri som mannfolk må hengja på seg for å syna seg fram. Eg ser m.a. føre meg kollegaer gå rundt i vårt store kontorbygg med opp til fleire merke på seg … fy...f… Det neste er vel at dei som er 5 minutt frå merket får eit halskjede med birkebeinaremblem som dei kan sprade rundt med. Kan forresten informere om at eg har endå eit prinsipp, i tillegg til dei eg alt har nemnt: Eg går ikkje med kjede rundt halsen! Eg innser at dette kan verke som ein uttale frå ein dårleg tapar som ikkje har ein sjanse på merket, men likevel; no er det sagt… 10 startar - 0 merke

Sendt: 22. januar 2009 08:57
Emne: SV: Birkebeinarknappen
Denne løparen var i fjor i New Mexico, og reid inn i solnedgangen med hatt - og så var han på country & westernsaloon, og har difor ikkje talerett i denne sak. Men: Etter det eg kan sjå, gjev ’justerte merkekrav’ tilnærma same makstid i alle herreklassar (M20–M50 på 3.42). Konklusjon: Her har nokon vingla og dotte akkurat som LM, M, dommaren og Obama! Mvh. Busspassasjer i år til Lillehammer og Rena og MED ski. PS: Ser elles fram til ein kulturell kveld der borte!

Sendt: 22. januar 2009 09:12
Emne: SV: SV: Birkebeinarknappen
Ja, jeg er svært skuffa over disse nye reglene! Her har jeg lagt opp et stramt trenings-, kostholds- og livsstilprogram for å klare merket for første gang på over 20 år – nå ved opprykk til ny klasse, så ødelegger de hele greia ved å gjøre det enkelt! Mvh. Jålete birkebeiner med håp om flere merker. 9 starter, 1 merke PS1: Nå har jeg lagt hodet på blokka, fallhøyden er stor! PS2: Det var ikke store variasjonen i merketida fra M20 til M45 i fjor heller...

Sendt: 23. januar 2009 08:34
Emne: SV: SV: SV: Birkebeinarknappen
Nei, nei, nei... Her har eg stumpa røyken til inga nytte. No vil jo gud og kvarmann klare det; truleg også han med 10 startar og 0 merke, så kva er då vitsen med å gå Birken? To deltakarmerke? Nei, no vurderer eg å gjere som Rolfen; droppe heile greia. Heldigvis har eg 10 merke som det står ein viss glans av. 10 merke

Sendt: 25. januar 2009 20:36
Emne: SV: SV: SV: SV: SV: Birkebeinarknappen
Det er tydeleg at dei yngre generasjonane taper seg. Dei må ratt ha infiltrert rennstyret. Før gjekk vi med 5.5 kg på ryggen, no 3,5, Vi klatra opp frå Lillehammer annakvart år. Vi køyrde slalåm med krampe i alle musklane ned til Stampesletta året etter – og no; lempelegare krav til merket! Kva blir det neste, scootertransport opp frå Kvarstadammen? Er det nokon som blir med på ein tur over Grønland, merketid: to veker? 27 merke

Sendt: 25. januar 2009 23:07
Emne: SV: SV: SV: SV: SV: SV: Birkebeinarknappen
Hei, gutar! Merke eller ikkje merke, er det så farleg då? Ei helg i mars har me ein flott tur til Lillehammer. Ein lang ettermiddag med mange gode råd om smurning og alt anna ein kan spekulere på. Tidleg frukost og ein stille busstur, før me får bruke kroppen og nyte austlandsnaturen. Og så avluttar me dagen i kjekt lag med oppsummering av alt som har skjedd. Er ikkje det nok? I dei gode, gamle dagane som førre debattant skildra, var det nok høgare del av dei startande som greidde merket, men det var òg langt færre med! Det er berre fleire som prøver seg no. Og det er kjekt (elles hadde me vel hatt nok med ein personbil frå Syril). Takk til alle gode Birkebeinarar med godt humør og mykje pågangsmot. PS: Blir med over Grønland når eg blir pensjonist og har tid til slikt.