Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

tysdag 30. juni 2009

Supernaiv sommarhelsing

Det er ikkje alltid verda snur seg til slik me helst vil. I mylderet av situasjonar og relasjonar som me er innom i løpet av eit år, eller eit liv, for den del, må det vel nesten vere slik. Det skulle teke seg ut om ein kunne leggje seg kvar einaste kveld og tenkje med seg sjølv: –Nok ein dag med full kontroll. Eg formulerte meg jo akkurat slik eg no i ettertid ser var rett. Eg gav berre fin respons og kloke innspel til ting som vart meg fortalt. Jamen gjorde eg rett i dag òg.
..........Nei, slik er det sjølvsagt ikkje, og slik kan ein ikkje vente at det skal vere heller. Likevel plagar det meg slik når relasjonar ikkje er, kva skal eg seie, i orden. Eller avklara. –Hm, det ligg liksom eitkvart i lufta mellom oss og dei, kan eg tenkje. Ja, mellom meg og han. Eller meg og ho. Korleis uttrykte eg meg eigenleg siste gongen me snakka saman? Og korleis skal eg tolke kroppsspråket hennar i det eg gjekk hin dagen? Tok eg altfor lett på det heile når han eigenleg ville fortelje meg om noko som han verkeleg grublar på? Lo eg det berre bort fordi eg har meir enn nok å grunne på sjølv? Og så var det den tekstmeldinga, då; korleis skal eg tolke ho? Ikkje for å snakke om den e-posten eg sende frå meg seint i går kveld; han kan vel mistydast så det held, kan han ikkje? Tek mottakaren han opp i beste meining, tru? Og kva meinte ho eigenleg med den musikklenkja ho sende meg? Skal teksten lesast bokstavleg, eller var dette berre ein flott song frå 90-talet – send på impuls?
..........Slik går me gjerne og kvernar over tusen situasjonar og relasjonar som er viktige for oss. Eller over den eine relasjonen som akkurat her og no, eller der og då, ser ut til å vere sett litt på prøve. For det er vel kan hende akkurat det dette handlar om; me vil så gjerne at alt skal vere vel i dei relasjonane som verkeleg er viktige for oss?
..........Eg meiner ikkje at me skal vere samde i alt. Det handlar ikkje om det. Nei, at alt er vel betyr strengt teke ikkje noko meir enn at me forstår, gjer det ikkje? Eller at me iallfall prøver å skjøne. –Visst er me usamde, kan me seie, ja i den saka er du faktisk heilt koko! Men eg skjønar likevel korleis du tenkjer. Klart det! Og så veit eg òg at du er ærleg og kunnskapsrik og kjekk å prate med i mange andre saker. For eg har tillit til deg, du lyttar og spør – og jamen vil eg at me skal kunne leve godt i lag sjølv om me akkurat no ikkje finn heilt ut av det… Slikt.
..........Det er sommar og snart ferietid. Trongen for at alt skal vere vel er liksom ekstra stor, merkar eg. Så slær det meg at borna er ekstremt gode på dette. Dei gler seg over å ha fri no. Over å kunne gjere som dei vil heile dagen. Jamvel dei som har sommarjobb gler seg over å gjere noko anna enn det vanlege – gjerne ilag med nokon dei elles sjeldan er saman med. Visst støyter dei òg borti mange situasjonar og relasjonar, og i blant kjelkar det seg skikkeleg til. Men når kvelden kjem og det er leggetid, er det som oftast i orden att. Og i alle fall når morgonsola kikkar ned gjennom dei raude, tynne United-gardinene slik at heile etasjesenga badar i lyseraudt; og einkvan oppdagar at det har tikka inn ei ukomplisert melding på mobilen frå ein god ven; Kom! Då er dagen i gang, og relasjonane startar opp att med eit positivt forteikn.
..........Nei, det er ikkje alltid verda snur seg til slik ein helst vil, og det er vel ikkje alle relasjonar eller situasjonar me kan vente å finne heilt ut av – sjølv om me så gjerne vil. Men før eg kjøper meg ein raud ball og eit bankebrett frå Brio, vil eg berre seie at det er supert å vere litt naiv. For eg trur at alt kan vere vel viss me berre prøver så godt me kan og viss me faktisk vil at det skal vere det. Og eg vil. God sommar!

Tingen er kvar dag å ha,
eit eventyr på gang som endar bra,
finne seg ei gåte stor,
å leita etter svaret langs eit spor,
og i det skal du sjå at eventyret gror.

Frå Svingensongen, Odd Nordstoga (Linus i svingen, 2004)

torsdag 25. juni 2009

Reisa i fornybarland

Tror ikke vi kan ha for mange av dem, nei. Reiseleiaren har ei blanding av spøk og alvor i røysta. Han er førstemann tilbake i minibussen der eg er sjåfør. Me har akkurat hatt ein stogg på Moskog fordi journalisten ville ha fleire bilete av brusande fossefall. Fem minuttar fotosesjon vert fort til femten når me først stoggar. Reiseleiaren er ein smule uroleg for avtalane som ventar lenger framme i løypa. Med tolv bedriftsbesøk på tre dagar er programmet heller stramt. I det skyvedøra på bilen slær att, tenkjer eg at parallellane til tv-serien Gutta på tur er fleire. Me er fem karar på tur gjennom Sogn og Fjordane sin mangfaldige og vakre natur. Rett nok i bil, ja vel, og rett nok på jakt etter bedrifter som vil satse på fornybar energi, men; stemninga er særs lystig og me er fullt klare over at me har ulike roller å fylle undervegs. Tre av oss er forskarar på jakt etter gode case og nyttige informantar til eit framtidig studieopplegg ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ein samfunnsengasjert bankmann leitar etter næringspotensiale, marknadsutsikter og regionale utviklingsvinstar i kjølvatnet av investeringar i fornybar energiteknologi. Journalisten jaktar på dei gode historiene. Alt skal me fange i eit fylke som har ambisjonar om å ta føringa i det fornybare energikappløpet.
..........Me ligg ikkje så verst an når me svingar inn på gardstunet ved Erikstad i Jølster. To gardbrukarar står klare til å vise oss rundt på dei to småkraftverka i Daleelva. Dei bedyrar at dei ikkje har venta lenge, og set umiddelbart i gang med si historie. Investeringskostnader, risikovilje, energiuttak og lønsemd. Etter kvart går nokre av tala i ball for meg, men eg lærer at grunneigarane deler utbytet etter elva sine fallmeter på sin eigedom. –Artig at dem som nå tjener mest penger er dem med forfedre som måtte nøye seg med å ta landområder i de bratteste skråningene, konkluderer journalisten. Godt poeng.
..........Fram til no har rundturen i fylket, med arbeidstittelen Reisa i fornybarland, ført oss innom fire verksemder med visjonar om ei fornybar energiframtid. I NorSun sine moderne fabrikklokale i Årdal kommune studerte me første dagen produksjonen av einkrystall silisiumskiver (wafers). Desse vert vidare utvikla til solcellepanel. Vidare fekk me omvising i Statkraft sitt moderne vasskraftanlegg i fjellet ved Myklemyr i Luster kommune og informasjon om Sogndal kommune sine planar for nytt trafoanlegg i enden av den mykje omtala 420 kV-lina frå Ørskog til Fardal. Første stogg på dag to informerte næringssjefen i Høyanger kommune om bedrifta Nordic Power Systems sitt innovative prosjekt for å utvikle eit system for energiproduksjon basert på flytande drivstoff kombinert med høgtemperatur brenselceller.
..........Innimellom møta siste døgeret har me ete sein middag på
Kafé Marifjøra i Luster og sove på Kviknes Hotell i Balestrand. Etter inspeksjonen av småkraftverka set me kursen mot Stryn Fjernvarme AS og Fjordane Biovarme i Stryn og Fjordvarmeprosjektet på Nordfjordeid. Tidsskjemaet tillet ein velfortent kaffi- og bollestogg ved Byrkjelo på vegen. Bioenergianlegget i Stryn leverer varmt vatn, oppvarma av flis, gjennom røyrleidningar på om lag 2200 meter. Fjordvarmeanlegget på Eid inneber ein sjøvassleidning som hentar opp fjordvatn på 50 meter djupn. Vatnet, på mellom 8-12 grader, vert nytta til oppvarming og kjøling i større bygg ved at varmevekslarar overfører sjøtemperaturen til bygningar på land, får me vite.
.........En ting er teknologien, men jeg er imponert over den lokale entusiasmen vi møter her. Det er blitt kveld, dag to nærmar seg slutten og me er endeleg på veg ut mot kysten og Vågsøy kommune. Journalisten summerer opp besøka våre så langt. Her bygger altså fylkeskommunen to nye, moderne videregående skoler i Nordfjord og flere andre nybygg kommer til – og alle satser på ny fornybar energi til oppvarming og kjøling! Dei andre i bussen er samde. Den lokale fellesskapen omkring prosjekta er ein interessant observasjon. Ja, eg anar ei stoltheit når bankmannen stadfestar at mange i Sogn og Fjordane har ein eigarskap til nye prosjekt som kan føre med seg både ny næringsverksemd og ein meir miljøvenleg energiproduksjon.
..........Eit bilete av den solnedgangen er vel den sikre screensaveren på pc-en min! Eg tek meg i å nemne ordet klisjé, for opplevinga er nesten for perfekt. Vel framme ved Kråkenes fyr i Vågsøy kommune rekk me akkurat solnedgangen lengst vest i havet denne Jonsokaftan. Bileta me tek liknar mistenkjeleg på hybelplakatar frå 80-talet, og to hjortar i horisonten gjer ikkje saka betre. Eller verre. –Alt dette er nøye planlagt, det sier seg selv, kjem det med begeistring frå reiseleiaren. To blide vertinner syner oss romma våre og eit lite kjøkenbibliotek. Det er seint. Eg sovnar før eg rekk lese ferdig føreordet.
..........Måløy Vekst innleiar dag tre med tidleg frukost på Kråkenes fyr før ferda går opp til Kvalheim Kraft sin vindmøllepark på Mehuken. Bankmannen og journalisten er dei heldige som får med seg klatreetappen opp i toppen av vindmølle fem i finveret. Vindparken vart etablert i 2001, og i 2008 vart det gjeve konsesjon til ei utviding til tretten vindmøller. Mehuken II
skal vere i full drift frå 2010. Det er eit høgdepunkt på rundreisa å studere dei mektige monumenta på nært hald.
..........Etter at Måløy vidaregåande skule har teke oss med på prøvetur med interaktiv ferje mellom svaiande frålandsvindmøller, og tapas er innteken på øya Silda etter lynrask båttur, er siste stoggen verksemdene Easy Form AS og Stadt Towing Tank. Sistnemnde er ein 182 meter lang hydrodynamisk testtank til over 30 millionar kroner. Der kan alle typar farty testast ut. Det siste no er supplyskip og frålandsvindmøller. Easy Form er eit nyetablert selskap som har utvikla ein fresproduksjon av former til plast- og komposittindustrien. Ambisjonen er å medverke i produksjonen av vindturbinar.
..........Journalisten ruslar inn på flyplassen på Anda for retur til Oslo og takkar reisefylgjet for lærerike dagar. Brått kjem eg på at einkvan ein gong har sagt at Chamonix vart skapt den åttande dagen – til glede for skikøyrarar, klatrarar, tindebestigarar, terrengsyklistar, paraglidarar, motbakkeløparar og basehopparar. Etter 85 mil på farten gjennom den fantastiske landskapen dei siste tre dagane, har eg nok ein gong fått stadfesta at det same gjeld Sogn og Fjordane. Her veit me i tillegg å nytte den flotte naturen og dei fornybare ressursane til å produsere rein energi. –Når studentane på fornybar energistudiet skal reise gjennom fornybarland treng du vel ein lokalkjend sjåfør, gjer du ikkje?

måndag 15. juni 2009

Vindenergidagen

I dag, 15. juni 2009, er historias fyrste verdsomspennande vindenergidag: Global Wind Day. Dagen skal nyttast til å syne det omfattande kraftpotensialet som vindenergi representerer. European Wind Energy Association (EWEA) nyttar høvet til å synleggjere at vindkraft og annan fornyeleg energi representerer ei løysing for fleire samfunnsutfordringar.
……….Erkjenninga av at ressursane i verda er avgrensa, samt at verdas avhengigheit av fossile energikjelder må reduserast, har aukande oppslutnad i befolkninga. Fokuset på menneskeskapte klimaendringar, miljøvern og framtidsvyer knytt til ein meir offensiv miljø- og klimapolitikk er difor ei av dei mest sentrale politiske kampsakene fram mot stortingsvalet til hausten. Sterk vekst i folketalet i verda kombinert med ein særs uviss energisituasjon, gjer at fokuset på fornyeleg energi aukar også globalt. Markeringa av vindenergi som ein del av løysinga fortener difor all mogleg merksemd. Ambisjonen er at markeringa fører oss eit steg nærare ein situasjon der fornyeleg energi og teknologiske løysingar for energisparing får same langsiktige økonomiske insentiv og regelverk som fossil brenselindustri lenge har vore tilgodesett med. Politikarar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå bør snarast starte konkurransen om å utvikle dei beste og mest føreseielege ordningane for ei framtidsretta og berekraftig energiforsyning.

Europas største landbaserte vindkraftverk, 322-MW Whitelee-prosjektet i nærleiken av Glasgow, opna no i mai. Den skotske regjeringa har ei målsetjing om å dekke minst 50% av det skotske elektrisitetsbehovet frå fornyeleg energi innan 2020, og hovuddelen av dette vil kome frå vindkraft. Whitelee-prosjektet produserer så mykje kraft at det sparer oss for utslepp av meir enn 500000 tonn CO2 i året. Skottland er såleis eit utstillingsvindauge på området!
President Arthouros Zervos i EWEA opplever at etterspurnaden etter fornyeleg energi i Europa no er i ferd med å ta skikkeleg av. - Det er gjerne dette som skal til for å trigge den politiske handlingsviljen, seier han, og no står me framføre eit globalt gjennombrot. Me vonar han får rett, og ynskjer tillukke med dagen!

søndag 7. juni 2009

– Er du for eller mot?

Sognekraft As planlegg kraftutbygging med utgangspunkt i vassressursar frå Henjaelvi og Grindselvi: Leikanger kraftverk. I bygda er engasjementet rundt ei felles sak attende. Det er ikkje så lenge sidan sist bygda var delt i for og mot. Og det er i grunnen moro medan det står på. Diskusjonane går. Grannen stoggar meg midtvegs i plenslåtten for å argumentere, fotballgutar meiner sterkt i Syrilbussen heim frå bortekamp og stemninga under grillfesten på verandaen står i fare for å bli øydelagd ein sein nattetime. Eg sluttar ikkje å bli overraska over kor mange som set seg skikkeleg inn i sakene.
..........Sist handla det om plassering av idrettshallen. Foreldre gav seg i kast med opprop i Sogn Avis (sjølv knota eg ned eitt av dei!) for å få hallen plassert ved idrettsbana og barneskulen - og ikkje mellom bankbygg og fylkeshus. Alle kanalar vart nytta for å påverke kommunestyret. I går opna Saften, eller Leikangerhallen som han offisielt heiter. Mellom bankbygg og fylkeshus. Med butikkar, avisredaksjon og flotte trenings- og kulturhusfasilitetar. Sentrum er vitalisert med nybygget, Café Herman og nye utandørs møtestader. I vinter trur eg nærast alle som var på dugnad i hallen opphavleg var motstandarar av han. Bygda står samla - ingen sure miner. Men så har altså kraftutbyggingsplanane kome valsande som ei stor, støyande og skiten anleggsmaskin inn i bygdeidyllen...
..........Etter friidrettskarusellen på idrettsbana førre kvelden byrja foreldre og tilskodarar å diskutere. -Men er du for eller mot? Før debatten var i gang kom spørsmålet. Det er sunt å bli pressa til å ta stilling, men meir interessant er det sjølvsagt når folk fortel kvifor dei meiner som dei gjer. -Landskap og friluftslivopplevingar heng saman. Dette er gjerne den mest sentrale utfordringa ved den planlagde vasskraftutbygginga, opna eg. -Ei anna er det biologiske mangfaldet, la ein granne til.
..........Leikanger er ein liten kommune med tett busetnad. Mange er flittige brukarar av tilstøytande utmark til fritidsføremål. Båe elvane renn gjennom populære friluftsområde. Henjaelvi ligg særleg strategisk til like ved bustadområde, barneskulen og det daglege trenings- og friluftslivet. Områda vidare innover fjellandskapet er lokalt og regionalt viktige som friluftsområde. Eit seterområde har status som eitt av seks nasjonalt verdfulle kulturlandskap i Sogn og Fjordane. Nytte skal setjast opp mot kostnad, og ein skal jamen vite kva ein gjer dersom ein vel å endre noko av dette.
..........Om utbygginga var planlagt i eit liknande friluftsområde på Voss, veit eg at det ville vere lettare å vere for. -Herregud, kommunen treng inntektene, kvar ei krone, ville eg kanskje seie. Og med det faderlege opphavet strategisk plassert i energibransjen gjennom 40 år og i kraftpartiet framfor nokon, Ap, like lenge, ville ingen heve augnebrynene over standpunktet.
..........Så, kva skil Leikanger frå Voss? Voss er ein stor kommune med utallige trenings- og friluftsområde som er fullt på høgde med Henjadalen. Enkelt framstilt kan eg fort ramse opp 99 sentrumsnære treningsruter som eg vil behalde der. Så kunne Statkraft, BKK eller Voss Energi fått greie ut nr. hundre til utbyggingsføremål. Leikanger har ein treningstrasé med eit underlag og eit stigningsforhold som gjer han aktuell for ALLE. Ein tilfeldig onsdagskveld i Henjadalen mellom april og oktober, uansett ver, treffest syklistar, joggarar med iPod på øyret, prategjengar på tur, barnevogner og syklar med støttehjul, pensjonistar med sekk og stokk, meir eller mindre ambisiøse birkebeinarar, unge og eldre med fiskestong og kven som helst med hund i band.
..........Vil me behalde dette fantastiske velferdstilbodet dersom Sognekraft byggjer ut? Vassføringa nedanfor vassinntaka i elva blir redusert med 90%, les me i ei kommunal saksutgreiing. Henjaelvi har fleire parti med grov steinmasse som gjer at elva då vil sjå heilt turrlagt ut. -Godt å sleppe elvasusen, mann, kjem det frå nedre delen av tribuna. Men i Henjadalen vil ei slik utbygging krevje i overkant av 4 km heilt ny veg i tillegg til ei omfattande opprusting og dels omlegging av eksisterande veg inn til Flya. Nokon talar jamvel om oljegrus eller asfalt. Det er planlagt å ta ut 130000 m³ massar ved kraftstasjonen. Fleire store massedeponi vil ruve, det skal byggjast fleire damanlegg og kraftliner skal strekkjast. Korleis vil dette i røynda sjå ut til slutt?
..........Eg er for utvikling på bygda, og eg tykkjer det høyrest interessant ut med hyttefelt og skiheisar og afterski og nye sosiale relasjonar utvikla ein stad i dei unike og vakre sidedalane i Leikanger. Slike planar kan gje nye lyft i eit kvart bygdesamfunn, og må ikkje avvisast utan vidare. Men når eit kulturlandskap truleg vert dramatisk endra og fullgode alternative trenings- og friluftsmoglegheiter absolutt ikkje finst i heile kommunen, er det umogleg å vere for kraftutbygginga slik ho no er førespegla. Særs usikre inntektsutsikter og mildt sagt uavklara tilhøve rundt framtidig drikkevassforsyning for bygda styrkar standpunktet. Det er mange gode grunnar til å bu og leve i landets nest beste kommune. Har me råd til å setje ein av dei viktigaste på spel?