Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

tysdag 22. september 2009

Treningshelga

I helga hadde eg planar om å jobbe. Dagane var rydda. Ambisjonen var lange, samanhengande arbeidsøkter. Både faglege og administrative oppgåver har lide under eit aldri så lite arbeidspress så langt denne hausten, og m.a. ein rapport (som hadde leveringsfrist førre veke!) skulle finpussast. Alt låg til rette: Halve huslyden fór på hytta, ein representant hadde fotballtreningshelg i regionhovudstaden – og eg altså; i fullt skrivemodus heime. Planen var vasstett, oppgåvene nøye gjennomtenkte og alt fredagskvelden, rett nok zappande mellom Skavlans comeback på NRK1 og Senkveld på Tv2, var pc-en på plass på fanget. Ei real arbeidshelg var i gang, og no var det Bokbindaren sin fredagsdiett med kaffi, Smash og Sørlandschips som gjaldt. Så kom laurdagsmorgonen.
Alt då eg bråvakna av den betre halvdelen si biletmelding frå morgontreningstur til kjend fjelltopp i Dovrefjella, ante eg uråd. At 3,2 megapixel på ein 3x4 cm. mobilskjerm kan formidle så mykje storstilt norsk natur, er nesten ikkje til å tru. Betre vart det sjølvsagt ikkje då eg trekte til sides gardinene på soverommet og glytta ut. Der formeleg slo ein av dei mest fantastiske haustlaurdagane eg nokon gong har sett imot meg. Eh, skrivehelg i loftsstova? Inne? Med haustklår luft ute og utsikt mot Fresvikbreen badande i sol ut glaset? Gode råd var brått dyre. Plan B, C og D var alt utarbeidde før eg hadde tusla opp trappa og inn på badet.
..........Helga vart sjølvsagt tilbrakt med terreng– og fjellsko. Og med pc-en på fanget innimellom. Kjeringafjell var fyrste post laurdag. 1t. og 35 min. frå Kleppahytta til fremste varden er meir enn godkjent. 3t. tur/retur er faktisk pers, må eg vedgå. Merka tidleg at eg hadde bak meg ei særs roleg treningsveke (jf. fokuset på nemnde rapport), og ved passering Fagereggi skjønte eg at moglegheita var til stades for å perse til topps. Sundag vart det roleg langkøyring ilag med Husbyggjaren. Kvålen–Hottadalen–Lusaskard–Skagasete–Kvålen er ein fin rundtur, og han vart gjort unna på om lag 2t. 40 min.
Særleg stien ned att frå Lusaskard er verkeleg kjekk å springe, sjølv om han no er blaut og gjørmete mange stader. Her har eg forresten ofte tenkt at det er mogleg å rigge til eit nærast optimalt motbakkeløp: Start ved grinda på Kvålen og målgang ved varden. Samla stigning i motbakkeløpet Lusaskard Opp vil vere på over 800 m. Juni 2010? 
Så til dei som trur eg sleit med rapportskriving, tolking av innsamla datamateriale og opptak frå kvalitative intervju med informantar i dansk vindkraftbransje heile helga, har eg hermed røpa meg. Helgas einaste gjeremål som i etterkant står i fare for å hamne i kategorien 'bortkasta tid', var oppgjeret mellom Sogndal og Mjøndalen på Fosshaugane Campus. Pføy!

onsdag 9. september 2009

Valkampen - ein kommentar

Sist fredag var eg i Bergen. I bilen nedover E16, etter overnatting på Voss, lyttande til morgonsendinga frå NRK Hordaland, slo det meg at eg måtte leggje ein strategi for dagen. Eg veit nemleg at eg har ein lei tendens til å stogge litt for lenge, litt for høfleg og interessert, for å prate med politikarar på veljarsanking siste vekene før valet. Og no er dette feil bruk av tida, for eg har jo bestemt meg, har eg ikkje? Nyhenda på lokalradioen vitna om ein intensiv valkamp i Bergen, så... Etter møtet med gode samarbeidspartar på universitetet, var det tid for rusle- og handlerunde. Veret var lyst og fint, og det var rett og slett ein herleg fredagsstemning i byn. Strategien var klar. Nyfiken på å gå ein runde rundt valkampteltet midt på Torgallmenningen, ja visst, men ikkje klar for å stogge. Ikkje lenge, i alle fall.
..........Politikarar i valkampmodus ynskjer helst å prate om saker som mobiliserer mange veljarar og om tema dei har gode kunnskapar om. Dei mest drivne politikarane opnar gjerne med å spørje kvar ein bur, kva yrke ein har og slikt, slik at dei kan gå laus på den delen av partiprogrammet dei trur interesserer oss. Nokre legg jamvel til grunn eigne målingar som syner kva veljarane generelt er mest opptekne av, og legg inn støyten der. -Så, kva saker avgjer valet ditt i år, tru? Senterpartiet sin ambassadør på Torgallmenningen spør. -Tja, eg legg i grunnen vekt på heilskap og politisk ideologi, og så er eg jo oppteken av kva for parti som har vyer på vegne av både bygd og by, inviterer eg. Eg vert raskt forsikra om at den raudgrøne regjeringa vil halde fram med å bygge samfunnet nede frå. Dei vil ha levande distrikt og bygder og trygge lokalsamfunn prega av samhald, samvirke og jamstilling mellom ulike grupper. Og så vil dei ha ei betre samferdsle akkurat der eg bur; vegar og kollektivtilbod. -Me har jo Liv Signe, veit du! Eg veit.
..........Etter å ha gjort greie for kva eg jobbar med, får eg frå Venstre vite at kunnskapsutvikling på energiområdet er heilt avgjerande. -Kloden skal forvaltast for etterkomarane våre, langsiktige omsyn til naturgrunnlag og miljø må difor vere overordna andre og meir kortsiktige omsyn. -Utviklinga skal vere berekraftig slik at me dekkar dagens behov utan å øydeleggje framtidige generasjonar sine moglegheiter til å få sine behov dekte, kjem det like etter frå Ap sin mann på standen. -Jens er ekstreeemt oppteken av dette!
..........Eg let det liksom stå til då eg mottek faldaren frå SV: -No, korleis løyser regjeringa spørsmålet om europatilknytinga, då, med Jens, Kristin og Liv Signe grunnleggjande usamde? -Varig fred mellom folkeslag og nasjonar byggjer på gjensidig respekt og toleranse, får eg vite, -og vår nasjonale sjølvråderett er eit godt grunnlag for aktivt internasjonalt engasjement, held dama fram. Ei vidare utbygging av det internasjonale samarbeidet må tuftast på sosial utjamning og respekt for kvar einskild nasjon sin kultur og eigenart. Ho forsikrar at dei tre partia går til val på at Noreg ikkje skal sende EU-søknad den komande fireårsbolken.
..........Ein halvtimes valkamp i byn var kjekt å ta med seg, men påfylgjande kafébesøk med kjendsfolk var kjekkare. Lang biltur heim venta, med passasjersetet fullt av cd-plater. -Norske politikarar er i høg grad mediestyrte, uttalte Tore Slaatta, professor i medievitskap ved Universitetet i Oslo til avisa Ny tid (28.08.09). Han viste til at det er stor grad av konsensus i norsk politikk, og at det difor er vanskeleg for partia å trekkje opp dei store debattane med tydelege skiljeliner. I valkampen 'innfrir' partia valløfte på løpande band: Grøne sertifikat, varm skulemat, gul midtstripe på riksvegane. Alle får… I tillegg let nokon seg truleg påverke av lågmålstema som ikkje høyrer heime i politikken: Då Erna sin utsjånad vart eit tema i den offentlege debatten, nådde galskapen eit nytt høgdepunkt. Ikkje bra.
..........Eg meiner i alle høve det er ein føremon om folk flest bestemmer seg ved å fylgje den politiske debatten over tid - og ikkje (berre) let seg overtyde av veltalande og rundkanta partiambassadørar på Torgallmenningen ein vakker fredagsettermiddag. Valkamp er likevel spanande, og ikkje minst tv-sendingane valnatta er noko eg alltid ser fram til - sjølv om eg merkar at det røyner litt på no. Og korleis vert forresten valnatta dersom Framstegspartiet ikkje snublar i innspurten? Og Sogn og Fjordane vert eit endå større Frp-fylke? Om ikkje anna, så får eg nytte alle høve til å oppmode om Frp-boikott, slær det meg. For eg trur ikkje at store skattekutt fører til betre velferdsordningar, sentralisering til større effektivitet og rettferd eller privatisering til større og meir reell valfridom for innbyggjarar flest. Eg skrur opp lyden då eg passerer Voss att, og syng med på Odd Nordstoga sin fine pilegrimsong:

Dette er ein gamal veg
der fut og fant fór fram ein gong:
no ber vegen mine steg
og røysta mi ber fram ein song.