Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

onsdag 1. juni 2011

Utemagasinet 3/2011

Siste utgåva av friluftsmagasinet UTE set mellom anna fokus på dei tre drøymefjella Romsdalshorn, Stetind og Store Skagastølstind. I den samanhengen er turen som eg var med på til topps på Storen hausten 2008 teken med i bladet. Me korta turskildringa noko ned for å få plass i bladet, men her på bloggen er det saktens plass. So here it goes!

Utemagasinet (3/2011)
Det handlar jo på ingen måte om dykk, slett ikkje, men frå mi side er det uaktuelt med ein høg sosial faktor når me treffest att kl. 04.15 i matsalen. Ok? Fjellførar Sverre frå Norgesguidene veit kva han snakkar om. Tidleg opp er ein del av gamet, og dette er 15. turen hans på Storen sidan juni. Det har bikka september, og me får vere med på årets siste.
..........Etter kunngjeringa om at draumen om Store Skagastølstind no skulle realiserast, vart det hektiske planleggingsveker. Ein periode var me i alt åtte aktuelle deltakarar, og såleis fleire taulag. Til slutt var det tre av oss som fekk det til å klaffe med topptur denne seinsommarstysdagen. Sverre altså akkurat ferdig med briefing, utlevering av isøks, tau, stegjarn og hjelm klokka 20.30. Me stiller kollektivt mobilane på vekking. Så er det tid for sein middag og dei siste telefonar før soving og æh…, ekspedisjonsstart.
..........Etter ei god natt i køyesenga i Sveitservillaen frå 1888-89, og ein (likevel!) svært humørfylt frukost i matsalen frå 04.15-04.45, er det godt å kome i gang i høg marsjfart innover Skagadalen. Tolv sirleg pakka nisteskiver i sekken, etter regelen om ei per berekna time, saman med ekstra hue, ulltrøye, buff, hanskar og nemnde klatreutstyr. Abfahrt 05.04. Sverre i front, tett fylgd av Kari på 40 – med Gunnar på 50 og meg på 37 halsande like bak. Lett yr, blautt på stien og det bleike lyset frå Petzl-hovudlykta gjer at me akkurat ser nok til å treffe rett på steinar og tuer. Heile laget har lese seg opp på temaet Store Skagastølstind dei siste dagane. (Med over middels turinteresserte foreldre har eg i grunnen både lese og høyrt om Storen sidan eg var liten). Me veit at turen er krevjande og at det har vore ei rekkje uhell på veg både opp og ned. Mykje på grunn av laust fjell. Faren for at ein fjellklatrar utløyser steinsprang er stor. Men mørkret, det lune yret og lyden av lette steg i fjellsko gjer at ei overtydande kjensle av tryggleik likevel har eit klart overtak.
..........Aj, er farten for høg, tru? Sverre veit ikkje kor gode eller svake me er på klive- og klatredelen, og vil ha marginar. Tindeklubbhytta passert. Eg overtek beringa av det tyngste tauet, og me hastar vidare langs Heimste og Fremste Skagastølsvatnet (1370 moh.) etter merka sti. Over morener og gjennom ur. Laget kryssar nedste delen av Skagastølsbreen inst i dalen over eit nyleg nedkome steinras. Mot slutten av kryssinga vert akkurat det ei utfordring, fordi det renn overflatevatn og isen er spegelblank. Tau og øks må til, og me er straks ved hytta på Bandet (1758 moh.). Kl. 07.20 no. –Nokre drikkeflasker vert att her ved Skagastølsbu, for dei er kjekke å finne når me kjem ned att, eg lovar. Sverre veit, og er nøgd så langt.
..........Frå Bandet lettar veret, og yret gjev seg. Eit lite solstreif lyser brått opp ein av dei nære toppane. Store Dyrhaugstinden ser mektig ut der han liksom heng over oss. Utsikta er storslagen ned Midtmaradalen. Tåka løyser seg meir opp, og i brotstykke dukkar mektige Storen fram. Sverre gjev ei kort innføring i ruta opp fyrste delen. Brattura er i gang, og me tek mange høgdemeter på snø. Skaftet på isøksa fungerer som stav. Den varsame trekken har tørka fjellet. Fotfestet er godt. Me sikrar med tau over Svaa, og vekslar mellom kliving og klatring oppover til me når Hjørnet som ligg på høgresida av toppen sett frå hytta på Bandet. –Skjønar jo kvifor fjellet vert kalla ein real grushaug, kjem det frå lett andpustne Gunnar i det han sklir nokre meter nedover. –Fort det kan kome steinsprang her, og med fleire taulag over kvarandre... –Jepp, Gunnar har skjønt det, konstaterer Sverre.
..........Me heng ikkje lenge på Hjørnet før me gjer oss klare til klatring vidare. Sverre føreslær Heftyes renne litt lenger oppe sidan det er så turt. Traversen over Galleria heng meir enn 600 meter over Slingsbybreen, og turen til neste standplass, like under Heftyes renne, går føre seg utan eit einaste ord i gruppa. Sjølve renna byrjar høgt oppe på veggen, og det er skikkeleg kinkig å kome seg opp til innsteget. –Her snudde ein kompis av meg i fjor…, røper eg.
..........–Me gjer som dei gjorde for hundre år sidan, me hjelper kvarandre, motiverer Sverre. Skoen til Kari kiler seg limfast nedst i renna. Den tøffe dama får for fyrste gong panikk der ho står i slette veggen over meg. –Dette må du jaggu fikse fort, Ole! Eg greier snøgt å slå foten hennar laus med venstrehanda, der eg sjølv heng med høgrefoten på innsteget. Eg er mest letta over å sleppe ein ny tirade av kjende ukvemsord frå Kari. Sverre siterer Thomas Heftye, som fyrst klatra renna, når alle er oppe: –Lætt! Frå toppen av renna går det i lettare kliving, og Gunnar går sist og løyser sikringa etter oss. Adrenalinet fossar i tre klatredebutantar. Og no lettar verkeleg alt av skyer og tåke rundt og under oss!
..........Kl. 10.55 står me på toppen, 2405 m.o.h., og det er brått heilt slutt på den svake trekken. Ja, for det er vel sola som gjer at det brått er så heitt under hjelmen der me kikkar over kanten? Utsikta kjennest i alle fall fullstendig overveldande: Store Ringstinden, Austabotntindane, Soleiebotntind og Dyrhaugsryggen er nære oss. Hotellet på Turtagrø meir fjernt. –Hm, så var me halvvegs, kjem det tørt frå førar Sverre. Han understrekar at det kvar gong er like stasleg å vere her. –Vert ikkje mett av Storen, nei! Så kveilar han i hop taua, og me førebur oss på klatredelen ned mot fyrste rappellpunktet. Etter ein solid mat- og tekstepause, ein sms frå toppen hadde eg lova mange!, byrjar me klatringa nedover til standplass. Sverre styrer farten på rappellen, slik at me kan konsentrere oss om å vere ”tunge” i selen, ha strake, ledige bein og liggje godt bakover.
..........Eg er sistemann ut, frivillig, og kjenner at dagens makspuls er nådd. Og han skuldast aldeles ikkje hard klatring! Og eg veit sanneleg ikkje om det er til hjelp når eg høyrer tøffe-Kari si røyst midtvegs nede i rappellhenget, heller: –Men dette er jo bare utrolig gøy! Sjølv kjenner eg at eg helst vil sjå ned med berre eitt auge i det eg legg tyngda bakover, for eg er uviss på om eg vil ha den aller råaste høgdeeksponeringa skikkeleg festa på netthinna for ettertida. Etter om lag 45 meter hengjande i tauet, står heile laget like ved Hjørnet att. –Litt letta, jau eg er jo det, men fy faan så moro det var! Det dirrar i skrotten, og etter bratt sti og lett klyving kjem snart rappell nr. to over Svaa.

Kulturhistorisk kunnskap er ikkje mangelvare hjå Sverre. På turen ned att frå Bandet får me info om Therese Bertheau og andre pionerkvinner i klatremiljøet som hadde med rideskjørt for fotografen då dei var på Storen for hundre år sidan. Praten løysnar. Vidare høyrer me om Ola Jensen Berge som bygde hotell på Turtagrø i 1888, og som gjorde pengar på fjellføring. Då Ola hadde siste turen sin på Storen i 1926, hadde han meir enn 130 turar opp!
..........Om lag kl. 16 er me attende ved bilen på Turtagrø Hotell, 884 moh. –Til saman har me teke 3042 høgdemeter i dag, folkens, reknar ingeniør Gunnar fort ut. Noko venstrekneet mitt aldeles ikkje treng overtydast ytterlegare om, tenkjer eg. Merkar det brått då eg reiser meg opp for å ta i mot 0,6l kaldt øl som vert langa over til meg på hotelltrappa. Frå Sverre. No heng tåka tungt rundt toppen av Storen att, og me anar lett yr i lufta. –Høyr folkens; då eg sat og venta på at det skulle bli min tur til å rappellere frå fyrste standplass, kom eg til å tenkje på Tigergutt. Med seks års avstand mellom borna, har eg kjensla av å ha sett Ole Brumm-dvdane samanhengjande i 10-12 år. Spretne Tigergutt sin filosofi sit difor som spikra; ’Det er egentlig ingen forskjell på å falle ut av senga og å falle ned frå toppen av treet. Den eneste forskjellen er klasket på slutten!’