Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

laurdag 29. mars 2008

Olympisk standpunkt

Olympiaden i antikkens Hellas var ein serie atletiske konkurransar som gjekk føre seg i Olympia, mellom ulike bystatar, frå rundt 775 f.Kr. til 390 e.Kr. I samband med dei olympiske leikane skulle usemjer og krigshandlingar stoggast for å sikre ein fredeleg kappestrid mellom utøvarane - og for at tilskodarar skulle kunne ta seg til og frå idrettsleikane den månaden dei varte.

Men det var det olympiske idealet, då... Det synest å vere lite å sjå til dette framføre sommarens OL i Beijing. I Tibet fer styresmaktene hardt fram mot demonstrantar som protesterer mot kinesisk undertrykking. Dei som sit med makta i Kina undertrykker tibetanarane og dissidentar i eige land på det grovaste. Me anar truleg ikkje omfanget. Samstundes støttar dei Burmajuntaen si grove undertrykking av det burmesiske folket. Og så slit Kina med å forsvare barnearbeid, nedsetjande haldningar overfor kvinner og eg veit ikkje kva.

Dei 27 EU-landa er splitta i synet på korleis dei skal reagere mot Kina, og dei er usamde om kva konsekvensar situasjonen bør få for OL. Det er klart etter EU-toppmøtet i Slovenias hovudstad Ljubljana denne veka. Frankrike sin president, Nicolas Sarkozy, som skal ta over leiinga av EU-formannskapet 1. juli, gjekk denne veka lengst i å tale for ein sportsleg boikott av leikane. Litt overraska der, eg, men bra! Då held det ikkje at dei norske styresmakter kvir seg for å delta i debatten om ein mogleg boikott av Kina-OL. Ved å gå i bresjen for ein brei og real boikott kan me medverke til at verdssamfunnet pressar Kina til å stogge overgrepa i Burma, Kina og Tibet.

Eller kan me eigenleg det? Slikt vert det diskusjon av under vitjing i heimen, gitt. Eller eigenleg mest semje, faktisk. –Det er jo no me har moglegheita for å frigjere desse folkegruppene frå undertrykking og totalt fråvere av demokrati! –Når er neste sjanse til verkeleg å presse Kina på noko så prestisjefylt som eit OL–arrangement? –Ja, kva hjelper det å boikotte opningsseremonien, hæ? –Ja, nei, eh, det vert vel kanskje for puslete.

–Men høyr, spørsmålet er vel om idretten skal lide for storpolitikken? Kva om me hadde boikotta Albertville-OL i 1992 på grunn av franske prøvesprengingar på byrjinga av 90-talet? Kva har ikkje dei leikane gjort for Dæhlie, Ulvang, Skjeldal og eh, den norske sjølvkjensla? For nokre år sidan ville eg garantert ha sagt at ein ikkje bør blande saman idretten og internasjonal politikk. Eg ville spurt om symjetalentet Aleksander Dale Oen og syklisten ’Tour’ Hushovd og fjørlette Susanne Vigene, som set Noreg på verdskartet på ein så framifrå måte, ikkje skal få delta på grunn av brutale regime som i all tid har gjort mykje urett. –OL vert jo så lite i den store samanhengen likevel, og det å øydeleggje for idrettsutøvarane og alle oss som er ivrige frå sofaen er berre tull, ville eg sagt med engasjement. Men nei, no gjeld det faen meg å få sagt i frå!

Måndag denne veka prøvde demonstrantar å sabotere den høgtidlege seremonien i Olympia der den olympiske elden skulle tennast. Anten me vil eller ikkje, er OL blitt ein arena for politisk diskusjon og motsetjingar. Nesten meir det enn eit fredeleg friminutt i ei verd som framleis er prega av usiviliserte konfliktar og dei mest utspekulerte krigshandlingar. Kvar er det elles rett å setje inn støyten i den seige og langvarige kampen for menneskerettane? –Nei, seier eg, sjølvsagt er det ikkje meir enn rett og rimeleg at eit land som skal arrangere OL, i dette tilfellet Kina, skal måtte svare for si handsaming av eigne innbyggjarar. Det gjeld no anten dei bur i Tibet, i andre provinsar eller i Beijing. –Nettopp, for det er heilt uhøyrt at menneskerettar skal trampast på samstundes som verdas fremste og best løna idrettsutøvarar konkurrerer med kvarandre på nybygde og prestisjetunge arenaer! –Kva kunne ikkje pengane vore nytta til?

Utanriksminister Jonas Gahr Støre og kultur- og idrettsminister Trond Giske har nyleg lova å ta opp Kinas menneskerettsbrot direkte med kinesiske styresmakter. –Aj, men lyttar mektige Kina til desse karane då? Huskona er skeptisk. Støre, ja, jo, men Giske, sa du? –Ja, rett og slett fordi Kina ikkje kan setje seg utanfor den verda landet er ein viktig del av, ropar ein statsvitar med tviiilande røyst frå tannpussen på badet. Og så må Noreg faktisk boikotte OL denne gongen, fyl han kviskrande opp, og kjenner på det ubehagelege i erkjenninga av å ha skifta meining...

torsdag 20. mars 2008

Skjærtorsdag = Bjønnarennet

- Kjenner meg framleis blytung etter Birken. Merka jo det på treningsturen i dag, men jamen trur eg at eg melder meg på Bjønnarennet i morgon likevel. Huskona sitt initiativ er ikkje direkte overraskande. Nettopp Birken synte at ho slett ikkje er i så verst form for mosjonist å vere, og sjølv er eg igrunn litt nyfiken på Jostedalen. Dalføret som stadig vert nemnt som 'dalen der dei har lukkast', 'staden der det faktisk er tilflytting for tida', 'bre-/fjellføring og ekstremsport' - og 'bygda der yngre par med småborn, høg utdanning og ambisjonar satsar på å bu og leve'. Og den mest snøsikre staden i fylket. Flott alt det. Og så bra med optimisme og tru på bygda! -Ja, klart me tek turen.

Eldsteson kunngjer tidleg at prioriteringa går i retning av trening med gutelaget Skjærtorsdag. Fotballsesongen står for tur, Bjønnarennet får vere. Yngsteson tykkjer derimot det høyrest kult ut å reise til Breheimsenteret som i innbydinga reklamerer med 2 meter snø. Minst. På nippet til å vilje delta sjølv. -Høyr, kan me ikkje berre vere med og heie, då, for verken Markus, Andreas eller Robin skal? -Jau, heilt greitt. Og; då får eg berre huskona sine to skipar å preppe...

Dalføret er lenge langt og smalt, og me undrar oss over kor lite det tilsynelatande stig innover. Jostedalen går frå kommunesenteret Gaupne i Luster kommune innover mot Jostedalsbreen. Riksveg 604 går langs elva Jostedøla, og endar opp, etter å ha delt seg til fleire sidevegar, ved Breheimsenteret innunder Nigardsbreen. Elva er 50 km lang, og spring ut frå eh, vakre Styggevatn (1157 moh.). Kraftutbygging pregar elva - og kommuneøkonomien. Eg har lese at breen strekkjer seg heilt ned til om lag 330 moh. Hm... me er ikkje høgt over havet, men eg skal seie det er mykje snø her. -Herleg, seier me i kor!

Nok ein gong skapar snøen stemninga. Klimadivisjonen ved Meteorologisk institutt på Blindern i Oslo har skrive fram moglege vintertilstandar nasjonalt, basert på FNs klimapanel sine scenario globalt. Snøsesongen i denne framtidsmodellen er stuttare over heile fjøla. Ser me på tilstanden i 2071 (då eg er 100 år) finn me at det i ei nord-sør-sone mellom fjordane i Vest-Noreg synest å vere meir enn 80 dagar innskrumpa vinter av det gode, gamle slaget. Eg deler Gudmund Skjeldal sin uro over dette scenariet, som han omtalar i nyeboka si Fallande snø. Og eg vert på ein måte litt i tvil om me gjer rett når me i familien legg vinn på at borna skal dele den store gleda over snø som lavar ned. Og som vert liggjande på bakken fordi det norske klimaet tillet det.

Med sine dryge 2 meter snø som utgangspunkt og god preparering er løypene fyrsteklasses. Sjøl om snøveret gjer sitt til å utfordre skismørjaren monaleg, er me på heimvegen samde om at vèret, føret og heile arrangementet Bjønnarennet har vore nærast perfekt. IL Bjørn kan dette, sler me fast, og gjestfrie vener som tok i mot oss på Breheimsenteret etter målgang gjer at me allereie har ringa av datoen til neste år òg. Løyndomen med Jostedalen har me ikkje heilt funne ut av, men me er på sporet. Og det har me no endeleg tid til å orientere oss nærare om.

Det er iallfall snø her til Bjønnarennet 2009. Men det får halde at eg har lova for allverda å stille til start på Birken...

søndag 16. mars 2008

Birken II

Opp av soveposen 03.45 for kjapp dusj og frukost på Birkebeineren Hotell ved Håkonshallen og Stampesletta. Kort natt for skismørjaren (i smørjebua fram til 23, minst), ei lenger natt for løparen som hadde vit til å leggje seg før 21.30. Smørjaren litt uroleg fordi løparen ikkje vil ha havregraut, men 'vanleg frukost'. -Du må jo ha havregraut! Hugs at alle lager må fyllast no. -Høyr, eg må gjere dette til ein vanleg dag, eit vanleg renn, og eg et vel aldri havregraut før eit skirenn?! -Men dette er jo Birken, og då et alle havregraut! -Nei, men fint du eh, passar på meg... Kons på skia mine, du, der er du god!

Sognedelegasjonen sin buss, med privatsjåfør Arne Egil, avgarde 04.30. Framme ved startområdet på Rena to timar seinare. Tid for veging av sekk, påfyll av karbohydratar og vatn, siste toalettbesøk (for nokre bak bussen), på med startnummer (for dei som fann det i sekken, puh...) - og skismørjing. Swix isklister i botn, syltynt, deretter Ski'Go sin lillaklister, syltynt, og til slutt tynne innpakkingslag med tørrvoks. Vik-Asbjørn som rettleiar. Min variant; Swix VR50 og VR55. Annakvart lag, fire av kvart, varsamt innkorka. Mildt sagt spent, gitt. -Det viktigaste er å bestemme seg, gjere eit val og stå for det. Vik-Asbjørn nok ein gong.

Huskona stiller til start i sein pulje (15). Utan seederenn bak seg, og som Birkendebutant, vert jobben difor å forsere ein endelaus kø. Smørjaren følgjer uroleg med på alle passeringstider på sms, og 50.17 til Skramstadsætra lovar godt! Seinare 2t.19min. ved Kvarstad og 3t.26 min. ved Sjusjøen. Sluttida 4t.12 min. er meir enn godkjent. 62.plass av i alt 247 i K35 (kvinner f. 69-73). Merkekravet vert rekna ut ved å legge til 25% av snittida til dei fem beste i klassen. 3t.58 min. Definitivt mogleg om ho hadde starta ti puljer lenger framme. -I kveld sovnar eg pinadø FØR eg legg meg, kjem det med innleving.

Samling for sognegjengen i loftsstova på Birkebeineren Hotell før festmiddag. Magne med medbrakt spekjesild frå Måløy, Nils med godt heimebrygga 'kodnøl' - det same frå Lars Magnar i ein diger karaffel. Sistnemnde brygg nyleg premiert av lokal Leikanger-jury som best i bygda. Det kalde, mørke heimebrygget 'set' liksom stemninga for kvelden. Og ja, då saman med andre ting. Høglytte diskusjonar om smurning, løypeprofil, puljeinndelinga sine svake sider og feiring av Torunn si bronsemedalje. Knall! Og eg som trudde eg slett ikkje likte Jägermeister. Takk til Vik IL der og...

10.426 løparar tok seg over fjellet frå Rena til Lillehammer laurdag 15. mars. Ein meir strålande laurdag skal ein leite lenge etter. Berre det å vere skismørjar og støtteapparat på Rena, og seinare heiagjeng, sekundant og til slutt lapskausberar til Monica huskone og Nils i området rundt Birkebeineren Skistadion på Lillehammer var nærast utruleg. Å 'sense' ei slik stemning... Positive skientusiastar i hopetal, nokre har nettopp gjennomført sjølvaste Birken, andre, sånne som meg sjølv, er der for å hjelpe til, heie og ta imot sine. Neste år er eg i den fyrste kategorien, veit eg. Du òg, Jarle, sant?

Greitt å ta kvelden etter nærast eit døger med aktivitet, og ei ekte Birkendame sovnar neimen ikkje SÅ fort heller...

måndag 10. mars 2008

Nynorskbyråkrat

– Så, kva slags utdanning har du? Var det samfunnsfag eller norsk eller nordisk du nemnde ein gong? For du skriv faktisk litt sånn konservativ nynorsk, tykkjer eg. Ja, og så er det noko sånne politikk- og økonomigreier, vel? Spørsmåla kjem med ujamne mellomrom, og dei er faktisk ikkje alltid like enkle å svare på. Det kjem langt an på kven som spør. – Grad: Cand.polit. Frå Universitetet i Oslo. Det betyr for min del hovudfag i statsvitskap. Støtta av ein gjevande dose sosialøkonomi og historie. Og så heldt eg på å byrje på norsk grunnfag i Volda… Om det er ein kollega som spør, hender det at eg forklarer ved å seie: – Eg er vel ein sånn som blir glad når Kommunal Rapport ligg rykande fersk i papirutgåve på avisbordet i pausekroken. Så er naturlegvis statsvitskap mykje meir enn offentleg politikk og administrasjon på kommunalt nivå, men eg tenkjer dette får halde – iallfall i denne omgang.

Meir eller mindre språkmedviten er eg ein nynorsk statsvitar og byråkrat. Og jo eldre eg blir, dess meir oppteken blir eg av målformer og målføre. Og her kjem ei kopling mellom fagstoff og språk som brått vart skarpstilt for meg her om dagen. Kommunal Rapport skal bli betre til å formidle stoff på nynorsk! Dagsaktuelt fagstoff formidla av dyktige journalistar på nynorsk skulle vel vere sjølvsagt, men likevel kjende eg at eg vart glad. Britt Sofie Hestvik er meir enn den nye redaktørdama i KR; ho er ein redaktør som legg vinn på språkleg mangfald og ivaretaking av nynorskkommunane også i språkleg tyding. Slikt kan ein like!

Så kva er historia? Frå 1500-talet fekk dei skandinaviske språka ei form som dagens skandinavar ville kunne forstå. Dette stadiet av norsk språk vert kalla nynorsk. Den fyrste systematiske granskinga av det nynorske språket vart utførd av Ivar Aasen, som på 1840-talet reiste rundt i landet og studerte dialektane. I 1848 kom Det norske folkesprogs grammatik og i 1850 kom Ordbog over det norske folkesprog. Med desse verka vert Ivar Aasen rekna for å vere grunnleggjaren av norsk språkvitskap.

I 1852 skapte Aasen målstrid då han uttrykte ynske om å utarbeide ei normalform av folkespråket til ålmenn bruk. Nokon skriftnormal fanst ikkje då. Aasen var likevel ikkje klar for kamp og prøvde å avdramatisere saka. Den fyrste skissa av ein skriftnormal kom i 1853 med Prøver af landsmaalet i Noreg. Den fyrste verkeleg store striden oppstod hausten 1858 då journalisten og diktaren Aasmund Olavsson Vinje starta opp vekebladet Dølen. Dette var den fyrste periodiske publikasjonen på det nye landsmålet, og motstanden var stor. Men dei arbeidde trottig vidare. Ivar Aasen fullførte landsmålsnormalen med publiseringa av Norsk Grammatik i 1864 og Norsk Ordbog i 1873. Partiet Venstre tok etterkvart også opp målsaka, og i 1885 vart landsmålet sidestilt med det danske skriftspråket. Den fyrste offisielle rettskrivinga kom i 1901, og i 1907 vart det innført obligatorisk eksamen i landsmålet ved examen artium. Sjå der, engasjementet gav resultat!

Sjølvsagt skal moderne, granskande og samfunnskritisk journalistikk kunne gå føre seg på nynorsk. Sjå berre på BT - for ikkje å snakke om lokalavisa mi, Hordaland! Og det rettkomne kravet frå Landssamanslutninga for nynorskkommunar, som vart stilt straks Hestvik vart tilsett som sjefredaktør, nådde fram. – Språkbruken medverkar til nærleik mellom lesaren og stoffet, og bør varierast, svara ho. Den nye redaktøren si haldning er at ingen les Kommunal Rapport av plikt, men av lyst og fagleg interesse. – Å engasjere er grunnleggjande for meg som journalist, seier ho. – Eg er oppteken av både språk og journalistikk som drivkraft i samfunnsdebatten, og eg ser fram til å kommunisere med lesarane våre – på begge målformer. Velkomen på post, Britt Sofie, fyrste siger innkassert!

torsdag 6. mars 2008

Birken

Birkebeinerrennet er 54 km langt med start på Rena og målgang på Birkebeineren skistadion på Lillehammer. Alle deltakarar må bera sekk på min. 3,5 kg. Birkebeinerrennet, heretter kalla Birken, er skirennet med stor S. Det knyter seg tradisjon og historie til rennet - og eg har alltid drøymt om det. Monica huskone er påmeldt i år - eg er i smørjeteamet. No er målet mitt å gå rennet, veltrent, klar og kjekk, eh, i 2009...

Så kva er historia? Det var borgarkrig i Noreg kring år 1200. Under kvar sin høvding kjempa lag mot lag om herredømet over landsdelane og riket. Birkebeinarane sin strategiske førar, kong Sverre, greidde å kjempa til seg makta over det meste av landet før han døydde i 1202. Men i områda Viken og over Opplandene var baglarane dei sterkaste. Haakon Haakonsøn vart fødd i Østfold våren 1204. Faren hans, Haakon Sverresson døydde nyårsdagen i 1204, og kongssonen vart straks ein naturleg target-man for baglarane. Dei ville ha eit potensielt kongsemne or vegen. Og no nærmar me oss: Haakon måtte bringast i tryggleik. Nokre birkebeinarar flykta med barnet for å føra det til venen, kong Inge i Nidaros. Dei kom til Hamar på jolaftan i 1205, og fór vidare til eit mindre gardsbruk på Lillehammer. Då dei skulle vidare torde dei ikkje ta den vanlege vegen oppover Gudbrandsdalen. Dei tok fjellruta over til Østerdalen. Turen var knalltøff med mykje frostsmerte, styggever - og sjølvsagt mengder med snø. Dei to beste skiløparane, Torstein Skjevla og Skjervald Skrukka, drog i førevegen med Haakon-guten. Og, puh, nådde velberga ned i Østerdalen.

Bak denne soga ligg ei bragd som må tiltala norsk ungdom til alle tider. Me ser føre oss dei to sterke skikarane der dei kjempar seg fram over fjellet i forrykande uver uten å tenkja på å snu eller gje opp. Her gjaldt det framtida til landet, me veit, og målet var å føra i tryggleik det barnet som dei vona skulle bli Noregs konge. Og Haakon Haakonson vart konge og gjorde slutt på borgarkrigane, han! Under han hadde Noreg si absolutte stordomstid i middelalderen. Huhei, historie mellomfag demrar, gitt. Ideen til Birken er sjølvsagt henta frå denne bragda, og sekken på 3,5 kilo symboliserer kongssonen. Me ber han med glede!

Oj, kafan, her kom nett inn ein e-post om eit ledig startnummer. Ein ven som må trekkje seg. Om eg vil overta? Om halvanna veke, sa du?

onsdag 5. mars 2008

Fallande snø

No er eg godt igang med ei skikkeleg god bok, og det er noko av det kjekkaste eg veit. Fallande snø er attpåtil skriven av ein sambygding, ein vossing, som heiter Gudmund Skjeldal. Det høver liksom så godt, fordi bloggtittelen min har eg førebels kalla opp etter den førre boka hans. Ei bok om broren hans, Kristen, som med rette kan kallast den siste langrennaren. Iallfall ein av dei.

Fallande snø er god av mange grunnar. Det er kjekt å lesa når forfattaren tek meg med på ei lærerik og for så vidt nostalgisk historie samstundes. I den eine delen av boka skriv Gudmund både eh, nostalgisk og personleg om barndomsvintrar, snøen i kunst og kultur og om kva me kan mista om me berre står att med i praksis tre årstider. Han skriv om klimafrykta som mange lir av (som eg merkar er truleg heilt overdriven opphausa og angstdramatisert hjå mine to born) og om det dårlege samvitet ein får etter til dømes kvar flytur.

Og eg er så samd med han i at snøen er sjølve nykkelen til den fjerde årstida! Påstanden om at me med den globale oppvarminga er i ferd med å mista denne nykkelen er kanskje rett - og då er no eg fanga av resten av argumentasjonen. Og så tillet Gudmunden seg å vera kritisk mot statsminister Jens sin miljøpolitikk. Den andre hovuddelen er nemleg vigd innsatsen til norske styresmakter - det vil mest seia statsministeren - i klima- og miljøsaka. Det er i alle høve eit viktig poeng at nokon stiller kritiske spørsmål, tenkjer eg då. Han seier me sjølve, og statsministeren, er skurkane. Alle har ansvar.

Men han held fast på at han har skrive boka for dei som finn glede i at vi har fire årstider i Noreg. Dei som let seg begeistra over fargane om hausten, snøen om vinteren, og fuglesongen om våren. Og eg er no ein av desse, du veit... Velkomen til ein blogg frå ein vossing i Sogn!

Snø

Då eg vakna,
skein mitt rom
av den kvite
heilagdom

Blå var dagen.
Bjørki ute
risa rim på
himlens rute

Rjupa einast
kunde trø
i den kvite
skire snø!

Olav H. Hauge sitt vakre dikt 'Snø' finst i samlinga Under bergfallet frå 1951.