Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

måndag 29. desember 2008

Heimejol

Det tok litt tid i år før det vart skikkeleg skiføre, men i jola har parkeringsplassen på Kleppa pinadø vore full att. Alle aldrar, ambisjonar og aktivitetar har vore representerte i skiløypa, og løypenettet på Øvstestølen er hermed kåra til den mest sosiale arenaen i bygda. –Må du stogge for å prate med alle, då? Yngstesonen oppgjeven over tyting om trening, skismurning, Tour de Ski, den britiske dramaserien Cranford, siste nytt om israelske åtak på palestinske område på Gazastripa, løysinga på gårsdagens Julenøtter (eit kjekt program som eg aldri rekk å få med meg!) – og nye målingar om kva fogderistrid(ane) har å seie for utviklinga i Sogn og Fjordane. Berre ordet gjer meg nærast kvalm... –Nei, du har rett, slær eg fast, frå no av seier me berre 'hei', hæ? –Ja, bra!

Etter fleire æh, sosiale dagar på ski, er det til gangs fint å oppsøkje dei finfine langrennsløypene på eit tidspunkt nesten ingen andre er der. Uansett om ein planlegg å delta i skirenn eller om ein brukar skia for å halde seg i form, er det viktig å beherske ski og teknikk slik at ein får størst mogleg glede av turane, må vite. Difor tidleg opp sundag for å trene – utan å måtte stogge. Midtvegs ute i tredjerunden, litt over kl. 09.30, slit ei oransjeraud sol seg såvidt opp over Fresvikbreen på andre sida av fjorden.

Så vert det ein stogg likevel. Ikkje for å prate, nei, men for å lene seg på stavane og ta inn soloppgangen midt i økta. Laaange skuggar buktar seg bortover utanfor løypa, og eg knipsar trasèen med tomegapixeltelefonen. –Nei, vidare! No med tankane festa til Kristen Aaby sine tips for dei fyrste skiturane til lesarar av bladet Kondis. To hovudfaktorar tel; god teknikk og gode ski. –Det viktigaste i starten er å gå roleg, veldig roleg, seier han. –Difor er det ein føremon å gå dei fyrste skiturane åleine. Jau, eg veit så vel, for konkurranseinstinktet gjer at me gjerne har lett for å mase einannan opp utan å tenkje på teknikken når me går i flokk.

–Hugs; ikkje springe oppå skia med høge skuldrer, men finne roen og gli på skia, held han fram. Hm, nett det med å gå roleg er eg iallfall med på, merkar eg, for balansen tillet ratt ikkje noko anna. Og så langt i jola har den andre faktoren lete seg løyse med tynne lag Swix VR50 under skia. Greitt slik.
Etter lang skiøkt ber det heim til førebuing av stor fellesmiddag og kjekke aktivitetar som høyrer jola til – og som gjer at det heller ikkje i kveld vert høve til å konkurrere i stova om å vere best på Roald Øyen sin faste jolequiz...

søndag 21. desember 2008

Den siste bilvasken

Skitnesundag vert han gjerne kalla, siste sundagen før jol. Namnet er vanleg i vossamålet, og det fortel oss at dagen tradisjonelt vert nytta til arbeid i staden for kvile. Pynting og jolerigging inne og ute står på programmet. Skitnesundag er elles dagen då dei siste smalahova skal etast. Neste gong ein et slik festmat er tidlegast i slutten av september neste år, i fylgje tradisjonen. Hovuda kan bli harske og ikkje ha same kvaliteten dersom dei ligg over nyåret. Ikkje bra. I år vert dagen nytta til å sove frampå (for fyrste gong på lenge, merka eg), avslutte joleverkstad og jolekortskriving i stova som starta tidleg i desember (men som liksom aldri heilt vart runda av i år), kople opp ny vaskemaskin (då den ni år gamle vaskemaskina pumpa ut sitt siste skyljevatn laurdag) – og til årets siste bilvask (den tredje heile hausten!). Fyrst fjerning av sykkelstativ, sitjeunderlag og mykje anna fast inventar i bagasjerommet, plater, gule lappar, kvitteringar og snopepapir i hanskerommet, parkeringsbillettar, refleksar og fleire gule lappar i sidelommene i dørene og tom tursekk, ballpumpe, tre golvlister og eit klatretau i skiboksen. Puh...

Rart med det; bilen er faktisk eit slags eh, nav som svært mange aktivitetar krinsar rundt. Dette slær meg i det eg skrur opp Pearl Jam i bilanlegget. Store og små hendingar i løpet av året – og bilen er med. Stappfull i skrålande, skrattande, diskuterande, engasjerte og tekstande tenåringar eine dagen, og like full av litt mindre, like energiske, tredje- og fjerdeklassingar den neste. Til eller frå trening, kino, bursdag eller hyttetur. Etter at bilen er heilt tømd, føregår grovreingjeringa med støvsugar. Fyrste køyreturen i 2008 var heim frå Bergen etter nyttårsfeiring i England. Vinteren førde vidare med seg turar til og frå skiløyper. Den galeien kulminerte med skismørjingsoppdrag på Birkebeinerrennet; bilen stappfull i varme klede, treningsklede og skismurning. Seinare kom ein mild april med kjekke turar med kaffi på termos, bollar i sekken og vårsol i andletet. Utpå sumaren kom gloheite turar med klimaanlegget på fullt etter fotballkampar eller jobbmøte. Under førre runde med bilreingjering fann eg forresten att ein falma konsertbillett frå Springsteen-show på Valle Hovin under førarsetet. Bretta saman med ein like sliten 50-lapp. Ei lomme vart vrengd i juli ein gong. –Trur det var meg, kom det i kor då eg nemnde saka, hehe.

No; lynkjapp støvturk til Linkin Park. Kladdemerka på vindauga får ein omgang med same filla (har ikkje pusseskinn, nånei). Bilen vert jo òg innimellom nytta som arena for nøye planlegging av komande vekes aktivitetar. Ja, iblant gjerne som ein stad for gode samtalar og for vaksne avgjerder. Og ikkje sjeldan til telefonsamtalar, med eller utan handsfree. Salt er, som kjent, aggressivt på metall og er også med på å binde opp all driten som sprutar opp på bremseskivene, har eg lese. Etter innvendig bilvask av den raske sorten, køyrer eg bilen gjennom vaskehallen nedi bygda. Vaskeprogram med underspyling må vere bra, tenkjer eg, og då rekk eg ein kaffi før sjølve spylejobben tek til. Då me endeleg er samla for å ete dei siste smalahova, kjem diskusjonen rundt bordet fort inn på kva me, i lag med bilen, har vore med på siste året...

–Hm, hadde me berre hatt denne praten sist helg, ville det vore fort gjort å kome på åtte oppsummerande liner til alle julekorta, kjem det frå kone. –Men no er dei iallfall sende, og snart har me sagt god jul til alle me kjenner, slær yngstesonen fast, –og bra er det, for no er det berre tre - 3 - dagar att!
Takk for laget i 2008, då, anten du har vore med på biltur eller ikkje. Og nyt jola, for ho varer pinadø ikkje til påske!

tysdag 16. desember 2008

70-talsbilete

Ole Aleksander bur saman med foreldra sine og hunden Puffen i ei ekte byblokk. Han er ein grei kar med mange tankar i hovudet – og han meiner det godt når han let Puffen ta oppvasken. Like eins tykkjer han det må vere rimeleg å invitere nokre, eh, mange fleire born heim i bursdagen sin enn det foreldra veit om. Ein dag kjem det ein ny gut i gata, og Ole Aleksander og kompisane hans er sikre på at han er slem. Det må han vere, for han skular slik på dei. Og så stel han trehjularen til Ole Aleksander. Men så syner det seg etter kvart at Oliver ikkje er så verst likevel. Det finn dei ut når mor til Ole Aleksander ber han heim på middag. Me skjønar fort at Oliver er einsam, og at han ikkje har råd til trehjular. Gjengen riggar basar, og med litt sparepengar i tillegg vert det sykkelkjøp, gitt.

Bestemora til Ole Aleksander har aldri reist med fly og aldri overnatta på hotell. Når ho finn ut at det er på tide å gjere noko med det, inviterer ho med seg Ole Aleksander på tur. Turen er vent skildra, og det ber av garde til ein norsk kystby. Det vert lagt ut spor i boka om kva for by det er tale om, og for ein byvand vossing er oppgåva grei – me har for lengst svara Bergen når boka til slutt røpar kvar dei er! Men kven er mannen som dukkar opp på flyplassen og som sit bak dei på flyet – gøymd bak ei avis?

Eg hugsar ikkje heilt om me las boka Ole Aleksander og bestemor til værs eller om me såg kinofilmen om mormor og Maren tolv, Martin ti, Marte ni, Mads åtte, Mona seks, Milly fem, Mina fire og Morten tre fyrst. Hm, og så gjekk jo etterkvart Guro på Tirilltoppen som TV-serie, ja. Og skreiv ikkje faren til Aurora på ei avhandling, tru - medan han var heimeverande? Men alt dette frå Anne Cath. var vel før me såg Flåklypa på bygdekinoen i dalen, eller...? Vel, det kan vere det same med heile rekkefylgja. Alt dette var iallfall way before E.T...

måndag 8. desember 2008

Mette Marit og eldstesonen

–Viss eg ikkje svarar med det same, er det fordi eg har musikk i øyrene! Me køyrer langs Jølstravatnet, og no eh, litt over fartsgrensa. Linkin Park surrar lint frå øyreproppane. Ute er det for lengst bekmørkt, slik det også var då me køyrde hin vegen. Siste kampen i flaumljos og lette sluddbyer på Florø Stadion. Ei fotballhelg er over. Treningssamling laurdag, krinsturnering sundag. Seinare i kveld ventar konfirmantljosmesse. Me innser at me er i tidsnaud. Godt nøgde etter flott spel, to scoringar og ein målgjevande (gutane sjølve nyttar konsekvent hockeyuttrykket 'assist'!). Sonen entusiastisk for at det alt neste helg er ny bylagsturnering – ei turnering som mildt sagt har prega helgene denne hausten. Alt vel. Småprating i bilen ein sein kveldstime er kjekt, og eg gløymer meg. –Hæ, kva sa du? Han freistar leggje ned framsetet. Gøymer seg liksom inni den nye hettegenseren. Kroar seg saman med nylasta musikk i øyreproppane. No Metallica.

Tenkje, tenkje, tenkje; driv me det litt langt no? Me tok jo eigenleg teikninga då siste seriekampen for gutelaget, der eldstesonen har spelt på lisens sidan i april fordi han eigenleg er for ung, gjekk seint fredag 17. oktober. –Puh, hugsar eg datt or meg, endeleg er ein lang fotballsesong over! Kjekt, jovisst, men bra travelt. Smågutelagsspel, Sognefjord Cup, Norway Cup, minst fire-fem treningar i veka og dobbel serie med gutelaget. –Puh, puh, puh! Men så kom eg i same augneblinken på at fyrste uttakssamlinga for krinslaget for 2009-sesongen vel var lagt til laurdag 18. oktober, var ho ikkje? I morgon føremiddag, altså? –Jau, pina, eh, ferien for sonen vert på om lag 14 timar. Ei dryg natt, for svarte!

Bladet SkiSport har dei siste åra køyrt med ei fast spalte der tidlegare (nokon seier 'avdanka') langrenns-, alpint-, skiskyttar- og hoppstjerner fortel om sin favorittskistad. Elegante portrett av gamle heltar med morosame, og somme tider sentimentale, minne vert servert. Reit im Winkl, Ramsau, Anterselva, Seiser Alm og Castelrotto vert presenterte som reine drøymestadane. Glansa bilete og kreative reportasjar frå endelause løyper og snøkledde fjellsider, harde skiøkter og idylliske kveldar i landsbyar som meir eller mindre lever av skiidretten og skituristar. Difor vekkjer det oppsikt når langrennar Marit Myrmæl i siste utgåve av bladet (SkiSport 7/2008) kliner til med alpinbakkane i Kvitfjell som ’mitt skisted’. Korkje Falun, Lahti, Oberstdorf eller Holmenkollen når opp. Kvitfjell punktum. Etter at ho sette frå seg skia i uthuset 23. april 1984 (!), hadde ho ikkje ski på beina før ho vart invitert til eit seminar i Kvitfjell vinteren 1989. Langrennsski prøvde ho ikkje att før sist vinter! Lese, lese, lese; men kva er forklaringa? For det må då finnast ei plausibel forklaring på at Marit så til dei grader var eh, metta på langrenn våren 1984? Arrgh, sett utanfor stafettlaget, altså! Etter stafettbronse i OL i Lake Placid (1980), saman med Brit Pettersen, Anette Bøe og Berit Aunli, bar det ut av laget, gitt. Korkje langrennsjentene sitt stafettgull i VM i Holmenkollen (1982) eller OL i Sarajevo (1984) fekk ho vere med på. Men så hevdar ho at ho eigenleg ikkje var sur lenge. Ikkje dritlei. Ikkje klar for å gjere heilt andre ting, heller... Og jobba innanfor idretten har ho jo gjort!

–Uff, du er vel bra sliten etter ei hard helg, vel? –Jau, det kjennest i grunnen som ekstra sterke veksesmerter. –Du er ikkje litt lei alt dette, no då? Eg meiner, du seier vel ifrå viss du merkar at det vert tungt... –Lei nei, nei, ikkje lei, berre pumpa. Såg du forresten frisparket mitt? Skal du nærare krysset, endå tettare opp i vinkelen, må du fyrst skaffe deg ein mindre ball, hehe...

søndag 30. november 2008

Sundagsfrukost

Ein sundagsmorgon tidlegare i haust var det også slik: Bergens Tidende hang på tverrbjelken fremst på postkassestativet i staden for å vere oppi postkassa. Tenkte liksom ikkje over det då. Det vart berre nemnt - og gløymt att med det same. I dag kjende eg det vart freistande å sjekke korleis BT i grannepostkassene hadde det. Og jau; dei låg oppi kassene sine, slik aviser vanlegvis gjer! Kylte nedi i full fart av eit travelt avisbod ein svart novembermorgon, gjerne i lag med andre aviser, reklame og ymse brevskap frå laurdagen (grannar på helgetur, altså). Hm, men her hang altså sundagens avis. Sirleg bretta. Truleg etter at einkvan har teke ein rask tur gjennom ho på morgonkvisten. Klar for at nyfikne bebuarar i huset 25 m. unna skal kunne gje seg i kast med hovudoverskrifter, kommentarar, magasindel, TV-programoversyn - men aller fyrst krangle om kven som fyrst får sportssidene til slutt i hovuddelen.

No er den vesle aviskrigen på kjøkenet kanskje ikkje fullt så intens som eg kan hugse han var laurdagsmorgonane då eg sjølv var 12-14 år, før sundagsavisene si tid, må vite, men han er her. Kvar gong. Og eg kjenner eg likar han. For det skapar diskusjonar om kven som vann aviskrigen sist, og enno viktigare fører han med seg disputtar om ulike oppslag inne i bladet. På 80-talet lurde eg meg til å hente avisa for å leite etter stoff om Eirik Kvalfoss og andre vesser på idrettsbana, Neil McLeod og andre tøffe Brannstjerner og elles ski- og fotballstoff godt dekka i by- og regionavisene. Gjerne både BT og BA. Ho eller han som henta hadde makta. Broderen sur. På veg innatt i dag. Uknytte fjellsko i glatt oppkøyrsle. Før eg stikk avisa under armen for å få plass til nokre vedskier frå garasjen, konstaterer eg at avisa ser heilt urørd ut. Ingen har bølla med ho. Det er korkje rive i ho eller lagt att tyggis, snus eller eh, noko anna i ho. Einkvan har heilt enkelt bladd gjennom og hengt ho fint opp. Som sist.

Alt er vel, og eg byrjar tenkje på kva det no var for ein diskusjon som la beslag på bortimot heile frukosten sist sundag, då eldstesonen vel hadde kome inn med BT. Ahh, jau, det stemmer jo; med røynsler frå ungdomstid i Hardanger og på Voss sette me vel nærast opp ei lita liste over motargument mot sundagsspaltist Georg Arnestad sitt positive innlegg om konsekvensane av bygdekranglar. Intense og sterke bygdestridar i Hordaland på 80- og 90-talet handla m.a. om nedlegging av skular, jepp, med ukvemsord og høg temperatur. Men mykje verre var det når personar vart hengde ut i politisk nominasjonsstrid med bakgrunn i bygdemotsetnader. Og borna deira fekk ein stempel i panna på ungdomskulen i kommunesenteret - der bygder og dalføre møt(t)est kvar dag. Det verka som 'alt' var lov å seie om ho eller han frå motstandarbygda – med heimel i at vedkomande kom frå eh, motstandarbygda! Og; konsekvensar av konfliktfylde nominasjonsprosessar er det forska på.

Det stemmer truleg at kommunereforma i 1964 må bere mykje av skulda for dagens bygdestridar. Talet på kommunar vart redusert frå over 700 til 454, og det gjekk ikkje føre seg utan sverdslag. I mange kommunar på Vestlandet er gamle grenser nærast forsterka, og me opplever vel, etter 8 år i fjordfylket, at dei er minst like synlege her som i fylket i sør. Kva skal vere i sentrum og i periferi i kommunen? Kva skal vere i den indre eller ytre delen, i dei lange dalane eller ved fjorden, på aust- eller vestsida? Generelle rammer for bygdestrid. Nei, kan hende er ikkje bygdestridane berre eit vonde, dei kan truleg føre med seg sunn konkurranse og mang ein kime til by- og bygdeutviklingsarbeid lokalt. Men mange stader er dei aller mest eit vonde. Bygdestridar som går i arv frå generasjon til generasjon, trass i innflytting og utflytting, høgare utdanning, glokaliserte bygder og eit moderne næringsliv, syner at striden ofte stikk djupt. Striden vert eit uoverstigeleg hinder mot utviklinga av framtidsretta samarbeidsløysingar lokalt - og byane ler av naboar i distrikta som tilsynelatande hatar einannan for bagatellar sett i ein nasjonal og global samanheng. Om Høgre kjem til makta etter Stortingsvalet, vert kommunesamanslåing eit heitt tema. Kva vil ikkje kunne blusse opp av gamalt agg? I alle høve trur eg det er duka for mange og opprivande bygdestridar også dei neste 20 åra, og det uroar meg. Det gjev meg slett ikkje ei trygg kjensle av at 'jau, men det er jo nett dette som skal til for å skape ei sunn bygdeutvikling her hjå oss!' Og så diskuterte me om det er by(gde)strid når det 23 år gamle stortalentet Tomasz Sokolowski nyleg mottok drapstruslar frå Lyn-bastionen etter å ha hatt lunsj med ein oppkjøpar frå erkerivalen Vålerenga?

Men kvar var eg? Jau, på veg innatt med avis og bjørkeved. Noko saknar eg ved tida i lågblokk i Groruddalen. Men eg saknar ikkje låste postkasser, låste lofts- og kjellarboder, to ulike låsar på ein og same sykkel (ikkje berre fordi han var dyr, ny og kul, men fordi nokon uansett ville ta han om han stod laus!).
-Men det er vel å gå for langt å seie at det er difor me har valt å bu i ei vestlandsbygd, fordi det er koseleg at ein av grannane våre tjuvles avisa vår på veg heim frå Cafe Herman, meiner eg? Berre nokre dagar sidan temaet var framme under vitjing i stova, og fleire var inne på avgjerande faktorar som jobb, vener, trivsel for borna og ei rekkje gode bygdekvalitetar. Ho held fram: -Ja, for ingen snakka vel om postdelingsmodellen hin kvelden, her? -Nei, eg veit, men det er pinadø ein grunn til å bli - og du; kven trur du det er? Sundagsfrukost i enden av november...

søndag 23. november 2008

Snødokumentasjon

Vinteren er endeleg komen til Sogn, og fyrste skiøkta er altså bak oss. Huslyden på skøyteski på knitrande kaldt føre i Leirdalen laurdag. Flotte tilhøve for langrenn og leiking, noko dei frammøtte stadfesta. Yngstesonen kommenterte nett det i bilen heim. -Her var mange som var skikkeleg proffe på ski, og så var her ganske mange som hadde akebrett. Me er liksom ein stad midt i mellom, me... Ein god observasjon.

Halve huslyden på fjellsko til Kalbakk sundag. Sundagsturen for å undersøkje, og etterkvart slå fast, at nokre rundar med snøscooter ville ha gjeve fine tilhøve for langrennstrening også i heimbygda. For over 4-500 moh. er det faktisk bra med snø no!

-Men de veit, dei er så ivrige inne i Bjørn IL, kjem det frå ein Syril-veteran, iført fjellski, då han høyrer at det har vore delegasjon til Jostedalen laurdagen. -Ja, ivrige tilretteleggjarar og verkeleg store talent i sporet, mann, kjem det frå ein annan som korkar ut blåswixen. -Ja, jo, de har jo rett i det, for all del, men snart er me vel i gang i nypreparerte løyper her òg, er me ikkje? Høyrer sjølv vona i røysta mi. -Jau, men då må me alle syne overfor løypeprepparane våre at snøen er her, for vanlegvis er dei ikkje seine om å vere på plass når dei vert merksame på at den kvite heilagdomen har passert 35 cm. oppe i Kjeringi Open-traseen! Herved freista dokumentert med æh, telefonkamera.

Kjekt på ski, sjølvsagt, faktisk veldig moro - men også ei grusom påminning om at langrenn inneber noko meir enn springing. Det impliserer nemleg bruk av armar, og korkje biceps- eller tricepstreninga har vel vore eh, prioritert i haust. Og morgonen etter fyrste skiøkta er det som regel hardt nok å lyfte kaffikoppen og ostehøvelen. Slik også i år.
Og då var det kanskje like greitt at sundagsturen innebar snøstibrøyting til fjells i djup nysnø? For då fekk iallfall armane konsentrere seg om snødokumentasjonen! Og så lurde eg litt på om eg ratt skulle sitere Petter Northug jr., som i helga opna verdscupsesongen med ein gnistrande pallplass i Gällivare. Venlegvis så sjølvsikre Petter vedgjekk at han mot slutten denne gongen: 'var helt svimmel og helt i ørska, og jeg måtte helt ned i kjelleren'. Så gale var det ikkje med oss på laurdag, langt i frå. Det kjem vel endeleg fleire høve til å bruke nett det sitatet framover, er eg redd...

søndag 16. november 2008

Sesongpremiere

Las i veka at ho har sigra i minst eitt av renna under opningshelga dei siste seks sesongane, og jamen vann Marit Bjørgen, Rognes IL, både 10 km skøyting og 5 km klassisk på Beitostølen i helga òg. Og så er det moro at eh, gamle Geir Ludvig Aasen Ouren, Oddersjaa SSK, vann 15 km skøyting – for han er jo fødd i ’73. På trass av at eg ikkje har sett renna laiv, har eg alt fått med meg opningsfart, mellomtider, smørjeevalueringar, formvurderingar og sjølvsagt ei mengd resultat. Eldar Rønning, Skogn IL, vann 10 km klassisk sundag (etter ein ti-dagars mageinfeksjon) og Petter Northug, Strindheim IL, og mangeårig skijente i talentskorpa, Marthe Kristoffersen, IL Varden, vann sprintkonkurransane fredag. Talentfull vossing, Sjur Røthe, Voss IL/Team Manpower, innfridde i konkurranse med dei beste. Det same gjorde Roger Aa Djupvik, Hyen IL og Odd Bjørn Hjelmeset, Fjellhug/Vereide IL. Lovar godt. Formstadfesting. Skremmevarsel til Italia, Sverige, Finland og Tyskland, jepp! Og sjølvsagt er trua fram mot verdscupopninga i Gällivare og VM på ski i Liberec i Tsjekkia i månadsskiftet februar–mars styrkt. Alt vel.

Sein sundagskveld. Pc-ar i fanget. Frå kvar sin sofa. Eg fyrst ut:
–Eh, du, den Skippagurra-videoen, tykte du han var morosam?
–Nei, det kan eg vel kanskje ikkje seie, akkurat. Men han var jo ikkje veeeldig morosam den der Brå-etterlikninga til Petter Northug, heller. Kva tykte du om russarvideoen, då?
–Nei, tja, eg har jo berre sett nokre få glimt. Tenkjer vel at dei gjer seg sjølve ei bjørneteneste ved på denne måten å stadfeste at toppidrettsfolk kan verke ein smule, kva skal eg seie, enkle og lite reflekterte. Det var vel eit par av desse unge skidamene som ikkje akkurat hadde historia om grensetrafikken i Finnmark klart føre seg her, var det ikkje? Og Tana-samfunnet har vel etter kvart fått nok pes?
–Men er det ikkje berre eit teikn på å vere humørlaus og lite open for spenstige sprell frå trauste og kjernesunne langrennsjenter dersom du no skuldar dei for å medverke til stigmatiseringa som mange russarar vert utsette for her til lands?
–Hæ, humørlaus og gamaldags syting over at skidamer skal te seg sømeleg, meiner du? Æsj, men eg har jo mange med meg som meiner det same, då. Du fekk vel med deg Yvonne Algrøy og Vekevridd i BT-magasinet laurdag?
–Ja, men ho meinte jo at skidamer berre skal gå fort å ski, og ikkje prøve og gjere seg gjeldande på andre område i det heile, gjorde ho ikkje?
–Verka nesten sånn, ja, og det kan jo faktisk synast som ho har eit vesentleg poeng der, gitt, høhø...
–Dessutan meiner 89% av VG sine lesarar at me må tole såpass... Men det er jo kanskje mest komisk at skiforbundet overser heile greia medan dei med alvorsam røyst tek føre seg ein av heltane i heimen, Petter Northug, fordi han hadde feil sponsor på genseren hjå Grosvold fredagskvelden.
–Men var det ikkje ein overreaksjon å gje stakkaren to månadsløner i straff, då?
–Hm, det er iallfall bra dei sentrale kreftene i langrennssporten er medvitne kva bodskap dei fremjar som verkeleg viktige i media...

måndag 10. november 2008

Allsong i seinhaustnatt

Ordet motivasjon kjem av det latinske ordet movere som tyder å røre seg. Motivasjon er sjølve grunnlaget for det å lære, trivast og prestere – både i idrett og livet elles. Om ein skal oppnå dei resultata ein vil, må i tillegg motivasjonen vere til stades over tid. For uthaldande og sportsinteresserte sambygdingar var det ein herleg dose motivasjon i å dele historier frå 2008 med einannan på haustens store Kleppafest sist helg. Langrenn i inn- og utland, sykkelritt, meir eller mindre spektakulære fjellturar og jamvel maratonløp vart skildra med stor innleving til festmiddag, vin og jolegløgg. Mellom mange høgdepunkt, var den etterkvart så tradisjonsrike songen skriven til festmiddagen etter Birkebeinerrennet i 2001:

Tekst: Jan R.
Melodi: Å eg veit meg eit land (trad.)

Å eg veit meg ein stad, der eg kan slappa a’
Der eg møter ein ven
Der eg slepp klyppa plen
Der eg gjerne er gjest,
der eg kan ta ein fest
Der eg slit meg, og kanskje skal døy
Det er Kleppa, det er Kleppa, det er Kleppa i hylande storm,
Det er Kleppa, det er Kleppa, det er Kleppa som gjer meg i form!

Å eg veit meg ein dal
Der eg møter ein vegg
Veggen slær meg knock out
berre tanken er nok
Der eg likevel går,
gjekk i fjor, går i år
Der eg slit meg, og kanskje skal døy
Orradalen, Orradalen, denne dalen vi elskar så høgt,
Orradalen, Orradalen, kan du tenkja deg venare dal?

Å eg veit meg eit renn,
der eg sjølv gjev meg skjenn
Der eg piner meg fram,
for å få øl og dram
Renn eg atter går att,
mine draumar kvar natt
Der eg slit meg, og kanskje skal døy
Birkebeinar, Birkebeinar, heidersplassen i vårt liv du har,
Birkebeinar, Birkebeinar, det var til deg vi livet vårt gav!

Og ved neste krossveg må nokon ta på seg å skildre heimturen, der me vandra i lag i beksvarte natta - med eller utan hovudlykt...

onsdag 5. november 2008

Forandring frydar

Barack Hussein Obama tiltrer 20. januar 2009 som USA sin 44. president. Han har ambisjonar om å endre, seier han, både USA og verda. Me ynskjer, som alle andre eg har diskutert valet med i dag, endringa velkomen til The White House i Washington. Obama har lova skattelette for unge og familiar i etableringsfasen, ein slutt på krigen i Irak og monalege investeringar i fornybar energi. Bra! I tillegg lovar han langt lågare prisar på helsetenester.

16. januar 2007 tok Obama det fyrste steget mot å erklære sitt presidentkandidatur. Då sette han nemleg i sving ein komitè som skulle undersøkje moglegheitene for å nå fram som demokratane sin kandidat. Frå 10. februar i år vart det eit meir eller mindre realt kappløp mot Hillary Clinton om kandidaturet. Etter ein konfliktfyld nominasjonsprosess mellom kvinne og svart vart han 27. august, etter framlegg frå Hillary, vald til å vere demokratane sin kandidat til vervet. Og så vann han heile greia i dag med absolutt fleirtal! Me gratulerer sjølvsagt med den historiske sigeren og ynskjer tvi-tvi med jobben.

Hm, det slær meg at endring jo kan vere så mangt. Frå dei store orda og særs velformulerte, ja utruleg presise talane frå Barack Obama og komande visepresident Joseph Biden, tek me like godt steget heilt ned til kvardagen i Sogn. For endringar skjer jo her òg!

Det var nesten så det var eit snev av vemod då eg tidlegare denne veka kom over ein trufast birkebeinar som monterte ny trepostkasse på det store tøygetreet ved før nemnde Fivelshòla i Henjadalen. Tenkte liksom ikkje over det der og då, for sjølvsagt var den nye solid og flott. Men jamen vart det til at eg, saman med treningsgrannen, var innat i går kveld og henta nedatt den gamle, gitt. Ho låg liksom litt for seg sjølv bak ein stein, inni låg det restar frå ei forlengst arkivert notisblokk - og det heile var no ratt for gale... No ventar turking, liming og enkel restaurering av eit smålåte, men kjempetriveleg, landemerke for trimmarar og turgåarar langs Henjaelvi. –Men du, henta du verkeleg ned den gamle kassa, du då? Turking i kjellaren, seier du? Kan me bruke ho til noko vettugt, då? –Eh, øh, hrrrm, yes, we can...

torsdag 30. oktober 2008

Påmeld!

–No, er de påmelde? Utan å kommentere det særskilt mykje, er det fleire no som byrjar tenkje på påmeldinga til Birkebeinerrennet. Framleis 143 dagar att til 21. mars, og ja; svært langt fram. På mange, mange vis. Spørsmålet kjem likevel då me er tre springarar som stoggar for å skrive oss inn i boka ved Fivelshòla. Jepp, skriv meg som regel inn i boka som ligg i den gamle trepostkassa. Iallfall dersom me er fleire. På turane åleine droppar eg det gjerne. Ser litt drygt ut om namnetrekket mest står på kvar bidige ei av dei etter kvart fuktige og slitne sidene i den lurvete notisblokka.

Det minner meg på at soga fortel om arge konkurrentar som stadig skulda Harald Grønningen, då han i perioden frå 1960 til -70 fekk med seg fem OL- og to VM-medaljar!, for å overdrive treninga. Det fekk vere måte på, liksom.

Men altså, spørsmålet er nærast uunngåeleg, fordi påmeldingsvindauget på vevsida birkebeiner.no opna 15. oktober kl. 09.00. Birkebeinertrippelen var utseld kl.09.11 same dag. Då var heile 2500 startnummer rivne vekk! Alle som fullfører Birkebeinerrennet, Birkebeinerrittet og Birkebeinerløpet same kalenderåret er med i den høgthengjande trippelen. Syklinga er flaskehalsen, for der er det plass til færrast deltakarar. Til rennet og løpet er det visstnok rikeleg med plassar. Arrgh, kan altså ikkje håpe på at det skal vere utselt, heller...

Kva eg svara? –Neeei, eg veit nokje heilt, eg... Må vel endeleg bestemme meg ein dag, ja... Den røynde birkebeinaren gjev seg likevel ikkje med det. –Men kva i heite helsike er det for svar? Kom an! Du set deg vel like godt opp på venteliste på trippelen, du, eller kva? Eg vert litt eh, sett ut med det same. Tidleg å starte med ei slags psykologisk krigføring no, tykkjer eg. –Nei, veit du kva, det får halde å krekse seg gjennom langrennet, kompis. Har vore lausmunna nok no, kan eg vel trygt seie, og meir enn rennet blir det iallfall ikkje i 2009! Trur eg.

Og så er det altså gjort. På kontoret i går ettermiddag. Både innregistrert OG betalt nettgiro - for rennet. Utan å ta bryet med å betale avmeldingsforsikring. Det vert i alle høve fint å ha Birken å trene fram mot. Og så vert det ein fin fest utpå kvelden der; denne gongen som mødd deltakar. Far beyond the point of no return er det vel på tide å sjekke Steinar Mundal sine velmeinande treningstips.

søndag 26. oktober 2008

I bakspegelen

Når kan me eigenleg seie at me saknar noko? Når me i eit brøkdels sekund tenkjer attende på noko av det som har hendt sidan med skrudde klokka ein time fram sist vår? Eller saknar me fyrst når me ikkje heilt greier å svelgje, for noko i halsen stengjer litt for når me tenkjer attende? Sjølv har eg ikkje svaret, og problemstillinga er i seg sjølv ikkje så viktig. I studentavisa Under dusken ved NTNU las eg her om dagen ein fin tekst om temaet. Og sidan det er føremiddagen for å ta runden i huset og skru klokker av ulike slag framover til vintertid, vert temaet aktuelt. Tankane surrar liksom bakover i litt meir systematiske krinsar enn dei gjer til kvardags.

For tida kjem jo ikkje att. Alt som har vore er på eit vis berre bilete som stirer fram på deg og seier; men jamen var det no fint! Ja, var det ikkje heilt fantastisk, kanskje? Fotballturneringar, konsertar, fjellturar, festar – og vanlege, hektiske kvardagar. Det vert gjerne sagt at eit bilete seier meir enn tusen ord, og det kan eg til ei viss grad vere med på. Men samstundes er det jo eh, tusen ting eit bilete ikkje seier òg. Til dømes det som hende der og då, når biletet vart teke. Kanskje var du sliten, lei og kald, ja, og både svolten, tyrst og utilpass? Du ville eigenleg ikkje vere der på det biletet. Men likevel smilte du. Mest fordi det er sånn ein gjer. Det er det som sømer seg. Du vil jo ikkje akkurat skuffe fotografen heller, og du vil slettest ikkje vere sur. For det er du jo heller ikkje. Kanskje kjenner du deg berre litt utilpass med stoda, du er ikkje heilt komfortabel, tankane dine er gjerne ein annan stad. Du gjer likevel så godt du kan.

Det fine med det, er at du seinare vil sjå attende på dette biletet og kanskje gløyme at du var sliten, lei og kald, eller til og med svolten, tyrst og utilpass. Du vil sjå at du smilte i lag med dei andre. Og så hugsar du at sola var framme akkurat då biletet vart teke, og du vil kan hende hugse menneska som var der. Også dei som, av ei eller anna årsak, ikkje vart med på biletet. Nei, eit bilete seier ikkje nødvendigvis meir enn tusen ord, men det seier oss ofte det me vil hugse. Det fortel deg kanskje at du saknar denne augneblinken. Så er det kan hende bra for oss menneske å sakne. For det minner oss på at me har opplevd augneblinkar som set spor, varige, og som me ynskjer ta vare på. Det gjev oss ei von om at slike augneblinkar vil kome att, og at dei vert skapte no òg. Heile tida. Me tenkjer gjerne ikkje på det der og då, men visse minne skal vare evig i oss. Sansane våre fangar opp augneblinkar og lagrar dei, gjerne ein stad langt, langt inne. Og når minna vert henta fram, gjerne ved at me kjenner ei lukt, høyrer ein fin, gamal song for fyrste gong på lenge eller får auge på eit bilete, så opplever me noko av augneblinken om att. Me minnest. Og det kan gjere både godt og litt vondt.

For me kjem aldri tilbake, men me kjem jo til så utruleg mykje anna. Og då kan me jo vere glade for at bileta hjelper oss til å hugse på noko me ratt hadde gløymt på vegen – og samstundes viskar vekk dei minna og dei tusen orda som kunne vore sagt om korleis det eigenleg var akkurat der og då.

laurdag 18. oktober 2008

Fornybar debatt?

Mange kritiserer satsinga på fornybar energi i statsbudsjettet. –Me hadde vona på eit lyft på to milliardar i friske midlar til forsking, utvikling og bruk av fornybar energi no, seier Bellona, for det har me høyrt har vore drøfta i regjeringa denne hausten. Vel, når mange så er vonbrotne over smular i budsjettframlegget, kjem det uventa hjelp frå verda rundt oss. For sjølvsagt; finanskrisa er jo ei ekte miljøbrekkstong!

Erik Solheim har halv stilling som miljøminister (halve tida nyttar han jo utanlands som bistandsminister, veit me). Han er kjapt ute og proklamerer høgrøysta at nedgang, jamvel krise, i den internasjonale økonomien vil redusere klimakrisa på kort sikt. Rett og slett fordi det då vert lågare industriell produksjon og mindre transportutslepp. –Krise fører til endring, nytenking og innovasjon, seier han, for det er nærast kapitalismens lov. Han legg til at finanskrisa difor kan nyttast til å leggje om til fornybar energi, som vindkraft og solenergi. Slik vil finanskrisa også kunne medføre ei sterkare miljøsatsing på lengre sikt. Intervjuet med deltidsstatsråden i Dagens Næringsliv vert sjølvsagt diskutert (og kritisert!) i lunsjen, klart det, men gjev likevel grunn til ein viss optimisme, merkar eg. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, liksom…

Sjølvsagt er eg framleis nyfiken på korleis statlege redningspakker fungerer rundt om i verda, og sjølvsagt ber me på ei von om at finanskrisa skal kome under kontroll. Men finanskrisa sine fylgjer for realøkonomien kan altså vere auka investeringar i fornybar energi og meir miljøretta strukturar. –Dei som lukkast med dette, blir dei mest konkurransedyktige i det lange løp, seier Solheim. Og peikar på at bilfabrikkar som held fram med å produsere store og bensinslukande bilar, som er avhengige av at me tømer kloden for fossile brennstoff, vert hardast råka av finanskrisa – og framtidige finanskriser. Fornybar energi og berekraftig teknologi vil løne seg i det lange løp.

Konsekvensane av finanskrisa er mange. Dagane går, og debatten snublar av garde. Bergens Tidende kommenterte fredag den italienske statsministeren, Silvio Berlusconi, sitt trugsmål om å leggje ned veto mot EU sin klimaplan. –Det er altfor dyrt å gjennomføre klimatiltak på eit tidspunkt då det fyrst og fremst er finanskrisa som må løysast, meiner han. Ja, han nærast brummar frå talarstolen når han hevdar at det beint fram er umogleg å handtere to så krevjande utfordringar samstundes. First things first! Optimismen frå førre dagen bleiknar. For kor alvorleg tek han og fleire framtredande statsleiarar klimatrugsmålet, tru? Han er vel ikkje heilt åleine om å tenkje slik, er han vel? Spørst om ein norsk miljøvernminister i halv stilling er tilstrekkeleg til å få Silvio og venene hans på andre tankar?

tysdag 7. oktober 2008

Dopingdebatten sett frå baksetet

I bilen denne gongen. På veg til synfaring ved Styggevassdammen. Fem søvnige karar på tur, tre store sit tett i baksetet. Det er framleis tidleg morgon. NRK-sporten surrar halvhøgt i bakgrunnen, og, ikkje overraskande, kjem også denne sportssendinga innom dopingutfordringa i sykkelsporten. Tour de France vart også i år stygt prega av dopingavsløringar. Jotakk, me veit, og konkluderer, nærast med ein gjesp, at arrangørane trass alt skal ha for at dei tek dopingproblemet på alvor. Herregud, det må koste å handtere same skandalane år etter år! –Langt frå den same dopingkjempande haldninga i Giro d’Italia, kjem det turt frå bilførar. Den behagelege roen i bilen, der me sig innover Jostedalen medan me ser at vèret klarnar opp til ein finfin haustføremiddag, vert rokka litt ved når passasjeren i framsetet pensar temaet over på skisporten. –Hm, kva sa du? Eg vaknar til og vert nyfiken. Og så nett no då me berre sat og skulle nyte ein roleg køyretur i vakre omgjevnader…

–Nei, det er heilt sant, banna bein. 35% av dei som jamleg vitjar den oppdaterte og fine vevstaden langrenn.com har nyleg sagt dei trur norske langrennsløparar var dopa på 1980- og 90-talet. 35%! Og han gjev seg ikkje med det, nei. –Kva får dykk til å tru at skisporten er så mykje betre enn sykkelsporten, då? Hugs berre kva landslagsløpar Jens Arne Svartedal uttalte då han gjekk inn til ein glitrande andreplass i vinterens Tour de Ski; ’Jeg vant tross alt klassen for human beings’, sa han. Og i klassen for dei litt mindre menneskelege vann altså råsterke Lukas Bauer heile fire av fem renn i skitouren. Eg veit jo det. Og slikt vert det dopingspekulasjonar av. Eg vedgår at eg så gjerne vil tru det beste om langrennssporten. Jepp, eg let hjarta styre. Mang ein gong har eg forsvart sporten generelt, og norske langrennarar spesielt i slike diskusjonar. Likevel demrar det jo for meg korleis det var under Tour de Ski, ja. Tsjekkaren Bauer vann 15 km klassisk med snaue halvminuttet, ein sigersmargin som trygt kan kallast utklassing. Aj, og han vann jo til og med det eine rennet der han synleg hadde håplause ski.

Langrennsstayeren Anders Aukland meinte Lukas Bauer har prova meir enn nok tidlegare år, og at det er urimeleg å mistenkje han for doping berre fordi han er god. I bloggen min skin det rett som det er gjennom at trua på Bjørn Dæhlie er, og alltid har vore, eh, til stades. –Men, for all del, kom no ikkje draksande med at Dæhlien òg var så god at også han må ha vore dopa. Om me skal fylgje same logikken her, meiner eg! Fallhøgda i Noreg er så stor ved å bli teken i doping, og det skil oss frå Finland, Italia og andre som for lengst er avslørte for systematisk juks. Verre gapestokk enn å vere dopingavslørt finst vel knapt her til lands.

I Finland veit me no at det var drive systematisk bruk av både EPO og ulike typar veksthormon fram til Lahti-skandalen i 2001. Jari Piirainen, som var finsk landslagssjef frå 1989 til 1997, har nekta for dette, medan andre har stått fram og vedgått at prosjektet vart halde skjult ved hjelp av dekkoperasjonar med høgdehus, bruk av råmjølk (!) og andre lure forklaringar. –Jau, slikt er utenkjeleg i det norske langrennsmiljøet, det er eg òg verkeleg overtydd om. Puh, endeleg får eg støtte frå venstre flanke i baksetet. –Men ein annan tidlegare finsk landslagstrenar, Kari-Pekka Kyrö, hevdar Noreg, Russland og Italia var dei verste dopingnasjonane i perioden 1987-97. Det er ofte kalla den svartaste tida for doping i langrenn. Særleg av di Noreg frå byrjinga av 90-talet fekk eigne folk i komitear og testorganiseringa, og me difor var særs godt skodde for å sjå kva som skjedde i antidopingapparatet, har det vore hevda at me var verstingar. Passasjersetet held ikkje fred. Endeleg framme ved Statkrafthytta, og doping får vere doping for denne gong. No gjeld det å finne fram til ein 'dödare' av ein forsvarstale til me skal køyre nedatt!


Frå venstre: Ole I., Thorbjørn, Erling og Geoffrey (framme) ved Styggevassdammen, 02.10.2008. Utan for høge reticolocyttverdiar (les: blodverdiar som antydar EPO-bruk).

torsdag 25. september 2008

71° Nord: Bergans-, Bavac- og bygdereklame

–Nesten alltid like tungt i starten, tykkjer eg. Ikkje verd å speede farten opp på meir enn 10 km/t fyrste fem. Velmeinande råd til treningskollega i NTNUi-trøye. Økta i gang, tidsinnstilt på 25 minuttar. Etter å ha bala fælt i årevis, har eg endeleg lært meg å like oppvarming på tredemølle. Noko skjer liksom med balansen når ein stig av, har eg merka. Litt same kjensla som etter eh, fjerde turen i ThunderCoasteren i Tusenfryd… Men seine, bekmørke haustkveldar på jobbreise er eg takksam for å ha eit treningssenter vegg-i-vegg med husværet. –Det blir jo my' sitting med penn’ i eine hånda og kaffekoppen i den andre slike kursdaga, liksom understrekar kollegaen. Som for å overtyde seg sjølv om at pinsla på mølla er naudsynt. Fem minuttar alt passert, og tankane flyr. Om sein september, og dei gode, mørke haustkveldane som er i emning. Tid for seine treningsturar, gjerne i piskande regnvèr og med hovudlykt. Jau, hakket kjekkare, det. Og så er me heldige som bur i ei gate! For det å gå siste hundremeteren av treningsturen og ha dei lune rekkjehusa i gata, som liksom vaktar litt over ein, i sidesynet, gjev tryggleik og ei fin kjensle av tilhøyrsle. Snart fyre i omnen, og sitje med pc-en i loftstova og høyre knitrande lyd frå peisen i etasjen under etter ei blaut treningsøkt. Rart, dette, for desse innleiande setningane må liksom tenkjast LIKT kvart år for at eg skal greie gle meg skikkeleg over at seinsommaren glir over i haust. Talet til venstre på den lysande tavla syner at oppvarminga rundar ti, og det slær meg at spytting og snyting og harking og hosting ikkje fungerer på same måten under løpetur på mølle. Inne...

Då skjer det; eg kjem på at eg har gått glipp av realityseriEN denne veka. For lengst kjekkare enn all verdas barne-tv, tykkjer nokon, langt kjekkare enn arrghh, gullrekkja på fredagskveldane, meiner andre – og jamvel kulare enn Senkveld på Tv2, vedgår eldstesonen: Reklamehardstappa 71° Nord med programleiar Tom Stiansen. Serien samlar heile huslyden framføre tv-skjermen dei måndagskveldane me har tid. Det vil seie; dei tre fyrste episodane såg me på web-tv. Nesten samanhengjande førre helg. Og TvNorge si storsatsing skuffar ikkje. For tiande året kan sjåarane fylgje ei gruppe innbitne deltakarar som skal freiste å fullføre eit kappløp frå Lindesnes til Nordkapp. Føremonen med web-tv er elles at ein kan sjå episoden utan reklameinnslag. Eh, øh, som om ikkje episoden i seg sjølv er ein einaste lang reklamepause, då… Åtteåringen oppdaga serien i fjor, og nemnde det alt ved frukosten hin dagen. –To dagar att no, til den der fjerde episoden, de veit!

Passerer atten minuttar og uvant treningstemperatur gjer seg gjeldande. Knottar farten opp på 12, 5 km/t. Sveitten renn. No viktig å konse skikkeleg på steget. Innimellom padlekappløp, kiting (alpinski og paraglider), rollerblades, klyving og klatring og allslags halsbrekkande øvingar der deltakarane gjerne hamnar i iskaldt vatn, får me morosame deltakarportrett og castingintervju. Rita (38) kjem frå Bergen, er arkitekt, gift og har to born. I fyrste episoden vart ho trekt ut til å konkurrere på gutelaget, og dama er så sympatisk og flink at huslyden unisont har sansen. Per Kristen (53) kjem frå Hakadal nord for Oslo, er sambuar og har to born. Lærar i vidaregåande, flink til å motivere dei andre – og i uforskamma god form. Mali (21) kjem frå Kongsberg, bur i Trondheim, er psykologistudent, singel, og merk; har 12 NM gull i orientering. Tek andre sin sekk når det knip. Tolv er også talet på deltakarane. Tøffe typar, javel, men pinadø ikkje verre enn at ein gjerne tenkjer det hadde vore kjekt å delteke sjølv òg, hehe. Favoritten i heimen så langt er vel utvilsamt Trym (34) frå Kirkenes. Trym bur for tida i Oslo, er salssjef og ugift. På spørsmålet om kvifor nett han kjem til å vinne 71º nord, svarar han; –Det e bare æ som e han Trym!

Eldstesonen har orientert meg om at deltakarane, inndelte i tremannslag, måtte bere 100 kg. sandsekkar mot Skålatårnet måndag. Programleiar Tom S. er alt sitert: –Dette er såpass hardt, så jeg har ordna det slik at alle skal få dusje etterpå! Ni dagar utan dusj har tydelegvis vore tema i heimen under episoden, og eg ana medkjensle i røysta til sonen. Tjuetre minuttar. Nedteljinga startar. Hm, men kven tenar eigenleg på dette programmet? Eg tek meg i å undre litt over saka. Jo, Bergans og Bavac nyttar serien som utstillingsvindauge for alt me ynskjer oss til jol. Kven andre? Eg kjem på ein til: Sogn og Fjordane! To spektakulære episodar frå kjende stader i fjordfylket er unnagjort. Glitrande innslag frå Tyinområdet, Årdalsfjella og vakre Jostedalsbreen – og sist fagre Stryn, Loen, Hotel Alexandra og Skåla. Kule tv-bilete kombinert med sunne, kule og risky aktivitetar. Og sørvisinnstilte innvånarar over alt. Reinspikka reklame for fylket, det, og med eit sjåartal på ein halv mill.! Og det hadde no berre trekt grusomt ned om serien skulle ha plaga oss med å informere om at me mange stader har full barnehagedekking og at me jamvel har høgt utdanningsnivå. Dette er ein arena for å vise heilt andre sider. That's it.

Dei tilmålte 25 på tredemølla tek slutt. Treningskollegaen gav seg etter tjue, og då knotta eg farten opp i 14 km/t. Bråsterkapparat, romaskin, situpsbenk og gudane veit kva, men det får eg fortelje om ein annan gong. Kollegaen ser det same som meg i det me gjev oss i kast med andre situpsrunden. –Æ har betterdø litt problema me å forstå koffor nån sminke sæ før'em kjem hit, ja! Og høyr; om nokon finn ein lur nettstad som røpar kven som vinn 71° Nord til slutt (merk; han gjekk jo føre seg på føresommaren!), så APPAPPAPP; ikkje ein knyst, ikkje ein lyd! Marsipangris til ho eller han som a) Kan sitere Trym sine velvalde ord då han endeleg kom i mål etter den beinharde kite-konkurransen, b) Greier GJETE kven som vinn til slutt (hugs; ikkje google!) og c) Finn ut at dei vil kjøpe Stranda-jakka frå Bergans til meg til jol. Huhei, heng på!
http://71nord.tvnorge.no/

måndag 15. september 2008

R.E.M i Bergen, tur/retur

Accelerate. Hastar frå kontoret om lag kl. 14. Rekk eg vere i Bergen i høveleg tid? Heimom for å hente varm jakke, just in case. Varierande meldingar, må vite. Overføre pengar frå felles sparekontor, òg just in case. Log on nettbank, log off. I bilen med brødskive i handa. Hjelpsam kone plasserer stor kaffiavtalekopp mellom setane. –Ah, nytrakta, den trengde eg, takker! –Arrgh, billett framleis på white-board-tavla i kjøkenet… –Hentar han, eg! Den hjelpsame inn att. –Hm, var det no noko meir, tru? –7 R.E.M-plater i hanskerommet skulle vel halde som reiselag?
---
Drive. Av garde. Ferja innanfor rekkevidde, så vidt. Vegarbeid? Flaks der; nett opna. Kaffistogg i fager heimbygd. Raskt vidare. Jepp, ledig plass i parkeringshus nr. 2 på Bryggen (etter å ha sirkla litt rundt). Teksting og avtalemekking. Endeleg klar for Koengen og R.E.M-konsert etter fin, hektisk køyretur.
---
You’re in the air. Endeleg innanfor, og ein herleg ro i skrotten. Kjekt å sjå vener og kjende. Bandet entrar scena. R.E.M auser snart av godbitar frå plater med meir enn tjuefem års mellomrom. Ei tett og tøff framføring, god klang i koringa, høg tenning hjå vokalisten – og eit kult videoshow på storskjerm innspelt undervegs. Låtar me ventar på kjem. What's the frequency, Kenneth? set punktum for ein rocka og kul fyrstedel. Nydelege Drive tek over – og eg tenkjer nesten at kvelden aldri må ta slutt. Ein bit seg i tunga for å vere viss på at det er nett no dette skjer. I’m here now! Ignoreland, Hollow man, The great beyond, Imitation of life – og før bandet dreg i gang Electrolite, låten med den særskilt gode og eh, dansbare rytmen, forlangar vokalist Michael Stipe lysande mobiltelefonar i vèret! Seinare The one I love, I’ve been high og Let me in. Vakkert og tøft om einannan. Koengen eignar seg verkeleg som konsertarena!
---
Leave. Før R.E.M forlet scena og Bergen for denne gong, er det tid for extras. Supernatural Superserious frå siste plata og the forever classic Losing My Religion kjem etter oppskrifta. Det vert nesten ratt for mykje når Mike Mills on piano toppar ein herleg kveld i bergensk haustsol med Beatles-inspirerte At my most beautiful frå 1998. Hadde ikkje trudd han skulle kome der under ekstranumra, neimen. Overraska og nøgd.
http://www.youtube.com/watch?v=IGpbsSQHluA
---
Departure. Fort å tenkje at dette godt kunne ha halde på ein halvtime til... Men ok; ut av transeliknande konsertrus. Hand-i-hand og tre på rekke mellom tjuetusen. Burger og triveleg, engasjert!, gjennomgang av låtar & lyd. Samanlikning med setlista frå Oslo-konserten kvelden før. Flaks at Up-plata var blant dei i hanskerommet, for då vert det gjenhøyr med Beatles-inspirert ballade og mange andre i sein biltur heimover. Sovestogg i heimbygda? Nei, vaken og high on life no. Køyrer like godt heim, eg. Då vinn eg heil arbeidsdag i morgon òg, må vite.
---
I don't sleep, I dream. Fjorten timar etter at eg forlot kontoret er det tid for soving. Om me har tilgang til kulturtilbod? Me som bur i Sogn? Alt me vil. No problem!

laurdag 6. september 2008

Store Skagastølstind, episode II

–Det handlar jo på ingen måte om dykk, slett ikkje, men frå mi side er det uaktuelt med ein høg sosial faktor når me treffest 04.15 i matsalen. Ok? Fjellførar Sverre frå Norgesguidene veit kva han talar om. Dette er (om lag) 15. turen hans på Storen sidan i slutten av juni, og truleg siste i år. Etter kunngjeringa av draumen om Store Skagastølstind har det vore kjekke planleggingsveker. Ein periode var me i alt åtte aktuelle deltakarar, og såleis fleire lag. Til slutt var det tre av oss som fekk det til å klaffe med topptur 02.09.08. Sverre altså nett ferdig med briefing, utlevering av isøks, tau, stegjarn og hjelm klokka 20.30. Me stiller kollektivt mobilen på vekking. Så er det tid for middag og dei siste telefonar før soving og eh, ekspedisjonsstart.

Etter ei god natt i køyesenga i Sveitservillaen frå 1888-89, og ein (likevel!) svært humørfylt frukost i matsalen frå 04.15-04.45, er det godt å kome i gang i høg marsjfart innover Skagadalen. Tolv sirleg pakka nisteskiver i sekken (etter regelen om ei per berekna time), saman med ekstra hue, ulltrøye, buff, hanskar og nemnde klatreutstyr. Abfahrt 05.04. Sverre i front, tett fylgd av Kari – med Gunnar og meg halsande like bak. Lett yr, blautt på stien og det bleike lyset frå Petzl-hovudlykta gjer at me akkurat ser nok til å treffe ’rett’ på steinar og tuer. Laget har lese seg opp på temaet Store Skagastølstind. Turen er krevjande, og det har vore ei rekkje uhell på veg både opp og ned mykje på grunn av laust fjell. Faren for at ein klatrar utløyser steinsprang er stor. Men mørkret, det lune yret og lyden av lette steg i fjellsko gjer at ei overtydande kjensle av tryggleik likevel har overtaket.

Aj, er farten for høg? Sverre veit ikkje kor gode/svake me er på klyve- og klatredelen, og vil ha marginar. Tindeklubbhytta passert. Me går vidare langs Heimste og Fremste Skagastølsvatnet (1370 moh.) etter merka sti, gjennom fleire morener og laget vert samde om å krysse nedste delen av Skagastølsbreen inst i dalen over eit nyleg nedkome steinras. På slutten vert det ei utfordring, fordi det renn overflatevatn og isen er i glattaste laget. Tau og øks må til, og me er straks ved hytta på Bandet (1758 moh.). Klokka er 07.20. –Nokre av drikkeflaskene vert att her ved Skagastølsbu, for dei er kjekke å finne når me kjem ned att. Sverre nøgd.

Frå Bandet lettar veret, og yret har gjeve seg. Eit lite solstreif lyser brått opp ein av dei nære toppane, og Store Dyrhaugstinden ser mektig ut der han liksom heng over oss. Utsikta er storslagen ned Midtmaradalen. Tåka løyser seg meir opp, og i brotstykke dukkar Storen fram. Sverre gjev ei kort innføring i ruta opp fyrste delen. Brattura er i gang, og me tek mange høgdemeter på snø. Skaftet på isøksa fungerer som stav. Den varsame trekken har turka fjellet, og fotfestet er godt. Me sikrar med tau over Svaa, og vekslar mellom klyving og klatring oppover til me når Hjørnet, som ligg på høgresida av toppen sett frå hytta på Bandet. –Skjønar jo kvifor fjellet vert kalla ein real grushaug, kjem det frå Gunnar i det han sklir nokre meter nedover. –Fort det kan kome steinsprang her med fleire taulag over kvarandre. –Jepp, Gunnar har skjønt det, konstaterer Sverre.

På Hjørnet gjer me oss klare til klatring, og Sverre gjer framlegg om Heftyes renne litt lenger oppe sidan det er så turt. Traversen over Galleria heng 600 meter over Slingsbybreen, men turen til neste standplass, like under Heftyes renne, går greitt. Renna byrjar litt oppe på veggen, og det er litt kinkig å kome seg opp til innsteget. –Me gjer som dei gjorde for hundre år sidan, me hjelper kvarandre, motiverer Sverre. Skoen til Kari kiler seg limfast nedst i renna, men eg greier å slå han laus der eg heng med høgrefoten på innsteget. Sverre siterer Thomas Heftye, som fyrst klatra renna, når alle er oppe: –Lett! Frå toppen av renna går det i lett klyving, og adrenalinet fossar. Og no lettar verkeleg alt av skyer og tåke rundt, eh, under oss.

Kl. 10.55 står me på toppen, 2405 moh., og det er brått heilt slutt på den svake trekken. Utsikta kjennest overveldande. Store Ringstinden, Austabotntindane, Soleiebotntind og Dyrhaugsryggen er nære oss. Hotellet på Turtagrø meir fjernt. –Hm, så var me halvveges, kjem det turt frå Sverre. Han har sett alt dette før, men tykkjer det er like stasleg å vere oppe kvar gong. Så kveilar han i hop taua, og førebur seg til å rettleie oss ned mot fyrste rappellpunktet. Etter ein solid mat- og tekstepause (ein sms frå toppen hadde eg lovd mange!) på om lag tjuefem minuttar (!), byrjar me klatringa nedover til standplass for rappell. Sverre skal styre farten på rappellen slik at me kan konsentrere oss om å vere ’tunge’ i selen, ha strake, ledige bein og å liggje godt bakover. Eg er sistemann ut, og kjenner at dagens makspuls truleg er nådd. Og han skuldast ikkje hard klatring! Det hjelper litt når eg høyrer Kari si røyst midtvegs nede i rappellhenget; –Men dette er jo bare gøy! Sjølv kjenner eg at eg helst vil sjå ned med berre eitt auge i det eg legg tyngda bakover, for eg er uviss på om eg vil ha den aller råaste høgdeeksponeringa skikkeleg festa på netthinna. Etter om lag 50 meter hengjande i tauet, står heile laget like ved Hjørnet att. –Litt letta, jau eg er jo det, men faan så moro det var! Etter bratt sti og lett klyving kjem snart rappell nr. to over Svaa.

Kulturhistorisk kunnskap er ikkje mangelvare hjå førar Sverre. På turen nedatt frå Bandet får me info om kvinner i klatremiljøet som hadde med rideskjørt for fotografen då dei var på Storen for hundre år sidan. Vidare høyrer me om Ola Jensen Berge som bygde hotell på Turtagrø i 1888, og som gjorde pengar på fjellføring. Då Ola hadde siste turen sin på Storen i 1926, hadde han meir enn 130 turar opp! Og om lag kl. 16 er me attende ved bilen på Turtagrø Hotell, 884 moh. Til saman har me teke 3042 høgdemeter denne dagen, noko venstrekneet ikkje treng overtydast ytterlegare om. Merkar det då eg reiser meg opp for å ta i mot 0,6l kaldt øl som vert langa over til meg på hotelltrappa. No heng tåka tungt rundt Storen att. –Høyr folkens; då eg sat og venta på at det skulle bli min tur til å rappellere frå fyrste punktet, kom eg til å tenkje på Tigergutt. Med seks års avstand mellom borna, har eg kjensla av å ha sett Ole Brumm-dvdane samanhengjande i 10-12 år. Spretne Tigergutt sin filosofi sit difor spikra; ’Det er egentlig ingen forskjell på å falle ut av senga og å falle ned frå toppen av treet. Den eneste forskjellen er klasket på slutten!’

onsdag 20. august 2008

Nöjd med silver

Lister er jo kult, og som fersk, om svært sporadisk, Facebook-vitjar har lister og rangeringar i allslags variantar strøymd forbi i aukande tempo siste året. Tidlegare var det i grunnen resultatlister frå skirenn og BillboardsHot100 som var dei viktigaste. Seinare vart årvisse lister som t.d. SN sin Human Development Index, som fortel at Noreg er eitt av verdas beste land å bu i, interessante. I sistnemnde kåring hamnar Noreg år om anna heilt på toppen, m.a. fordi me er eit rikt og homogent land. Det er fort, ja nærliggjande, å peike på at Leikanger og Luster toppar Dagens Næringsliv (DN) si kommunekåring frå 11.08. av same årsaka. Skal vakte meg vel for å gje meg i kast med ei storstila analyse av kåringa, men dei to kommunane i Sogn har gode ressursgrunnlag i høve kvalitet i tenestetilbodet så vel som flinke, ressurssterke og samfunnsbyggjande innbyggjarar. Og begge er homogene i tydinga at det er langt mindre skilnad på folk enn det t.d. er i hovudstaden.

Men; sjølv om Noreg er verdas beste land å bu i, flyttar nokon ut. Sofie Mathiassen i DN skriv laurdag 16.08. at sjølvsagt fer nokre til finanshovudstader for å tene pengar og andre til eit hippietilvere i India. Professor i samfunnsøkonomi, Steinar Strøm, som har ytra seg ytst kritisk til kåringa, fer sjølv til espresso og raudvin i Italia for å jobbe på eit universitet i ein europeisk storby. Personlege val, og heilt ok. Strøm meiner folk sine val i stort syner kvar det er best å bu. The public choice tek ikkje feil; Oslo er der folk vil bu – og då er det per def. feil at hovudstaden hamnar på 417.plass (!). Han peikar på at verdiar som fridom, moglegheita til ikkje å vere definert inn ei fasttømra rolle, anonymitet, moglegheita for stadig å kunne fornye seg gjennom nye miljø og moglegheita for heile tida å treffe nye menneske burde vore omsyntekne.

Verdiar som dette, som eg sjølv i gilde lag for så vidt likar å trekkje fram som gode etter åtte knallkjekke Oslo-år, er ikkje tekne særskilt høgde for i kommunekåringa. Men det synest som Strøm meiner tilgjenge til kaffe lattè er ein meir meiningsfylt indikator enn bustadprisane, og han gløymer at svært mange menneske her til lands stiller seg fullstendig likesæle til om det er ein kaffibar i nærleiken – så lenge dei kan nyte kaffien sin i, eller utanfor, einebustaden sin med borna leikande i nabolaget i trygge (og naturskjøne, ja!) omgjevnader. Strøm tek vidare feil når han døyper kåringa om til ein rein kostnadsindeks fordi 1 av 29 indikatorar er prisnivået på bustader. Strøm meiner at dersom denne indikatoren skal vere med, så må han i så fall snuast på hovudet; bustadprisen er høg nettopp fordi det er her folk vil bu...

Ok, lat oss vedgå at lista kunne sett annleis ut med andre indikatorar. Sjølvsagt ville ho det, og kåringa kunne hatt høgare kvalitet dersom ho hadde vore gjennomført som eit heilårsprosjekt med omfattande spørjegranskingar. Eit 100% objektivt svar finst likevel ikkje på spørsmålet, og så lenge me evnar å leggje det rette i ei slik liste har ho verdi. Lista fortel korleis dei som bur ein stad har det med omsyn til økonomi, helse, familie, nærmiljø og det kommunale tilbodet. Ho fortel ikkje at dei som flyttar til Leikanger eller Luster vil skilje seg mindre, få høgare inntekt eller eit rikare liv, om nokon trudde det. Korkje DN eller andre vil kunne utarbeide ei kåring som syner kvar det vil vere best å bu for alle. Det må folk finne ut sjølve. Og heldigvis har nordmenn så ulike oppfatningar om temaet at eg har trua på at Leikanger og Luster vil hamne langt opp på lista også i 2071.

Men kva skal til for at me held posisjonen på dei viktigaste indikatorane? Korleis formidle kvalitetane ved det gode livet på bygda til alle dei som berre fyl dragsuget mot storbyane? Personlege val gjort utan å vurdere/sjå alternativa er jo ikkje ok! I byråkratbygda får me gjere den sympatiske langrennaren Vladimir Smirnov sine ord (på kazakhstansk-svensk) til våre; ’Jag är mycket nöjd med silver!’. For han visste at andreplass var bra så lenge hovudkonkurrenten heitte Bjørn Dæhlie…

torsdag 14. august 2008

Store Skagastølstind

Ein fager seinsommarkveld på Skogadalsbøen i Jotunheimen gjekk det opp for meg at det finst to typar fjellvandrarar; dei som har vore på Storen - og dei som ikkje har vore det. Store Skagastølstind (2405 moh.) er Noregs tredje høgste fjelltopp, og den høgste som krev klatring. Toppen ligg i Hurrungane, sørvest i Jotunheimen. Engelskmannen William Cecil Slingsby vart i 1876 fyrstemann opp. Sjølv har eg rett og slett drøymt om denne toppturen sidan eg sat på toget frå Oslo til Voss i 1998 saman med ei som då var lækjarstudent – og som skulle klatre Storen den same septembermånaden. Ho var på veg til Finse for turgåing, trening og overnatting i telt. Ho talte i levande bilete om turen frå Turtagrø til toppen som ho rett nok førebels berre hadde lese om og studert på kartet saman med gode klatrevener.

Eg hugsar godt ho forklarde at rutene som er hyppigast nytta ikkje er vanskelege, æh, reint klatreteknisk, men at ein må bu seg på å bli eksponert for stor høgde og luftige passasjar. Det same seier alle andre eg kjenner som har vore opp òg, og det byrjar bli irriterande mange! Sjølv las eg i farsdagsboka som eg fekk i fjor, Norges fjelltopper over 2000 meter, at ein må starte tidleg på morgonen frå Turtagrø fordi ein må pårekne ein del venting både på opp– og nedturen. Mange har som målsetjing å stige opp dei om lag 1600 høgdemeterane no i august og tidleg i september. Det er no snøsmeltinga er komen lengst, og det er truleg ikkje lenge til det på ny kjem nattefrost og is på svaa oppover. Timinga er altså ideell.

Turen startar frå Turtagrø og går inn Skagadalen opp til steinhytta på Bandet. Fyrste etappen greier me greitt under tre timar, men herifrå vert terrenget straks brattare. Det er fare for steinsprang særleg fyrste delen, og fleire passasjar krev lettare klyving opp til det kjende Hjørnet. Frå Svaet sikrar ein fylgjet med tau. Hjørnet er elles fyrste verkeleg luftige platå. Neste passasje er Galleriet som fører oss vidare opp til ei ny hylle. Frå Galleriet har turen to alternative ruter; Vigdals Sva og Heftyes Renne. Her er det om lag ti-femten bratte høgdemeter opp det som i boka vert definert som 3.-4.-gradsklatring. Når denne parsellen er unnagjort, er siste resten til toppvarden grei. Utfordringa på returen er ein 40-metersrappell nordvest for ruta me brukar på vegen opp. Rappellen tek oss nedatt til like ved Hjørnet. Nedturen til Turtagrø er elles den same som ruta opp.

Fort å vere kjepphøg, ovanpå, tøff og cool når ein sit i go’sofaen i den sørvende loftsstova – med flott fjordutsikt mot Feios, Fresvik og Vidasethovden på sørsida av Sognefjorden (skimtar me Rambera òg, tru?) – og skriv på bloggen sin. Kan hende er likevel hovudutfordringa høgda og den mentale øvinga som ligg i å forsere smale galleri og klyve 600 meter over Slingsbybreen?

Kjekt å reise fire personar – førebels er me berre to. Kven vert med, og kven har gode råd til ekspedisjonen? To alternative datoar peikar seg ut; 30.08. eller 06.09. Bruk kommentarfeltet eller send ein e-post til oigjerald@gmail.com. Klar for årets luftigaste fjelltur?http://www.youtube.com/watch?v=kQm81XyzQfE

fredag 8. august 2008

Frå sidelina…

Det let ikkje vente lenge på seg. Kjende og ukjende systrendingar, ja indresogningar, kjem bort for å gratulere. Med triumfen. Den fyrste i Syril si soge! Korleis desse samtalane går? Praten med ein vaskekte Syril-veteran på bui hin dagen illustrerer. –Gratulerer, dette var kjempemoro! –Jau, æh, klart det var utruleg kjekt; både for gutane sjølve og for alle oss rundt laget... –Ja, hina deg, men kva har de eigenleg gjort for å lukkast, kva er oppskrifta? –Tja, det kan du sanneleg spørje om, dei er jo flinke å trene… –Hadde de eigenleg forventa å lukkast så bra, då? –Nja, eg var jo viss på at me hadde eit godt 7-arlag i Norway Cup i år, hadde trua, men eh, forventa, nei, ikkje sjølve sigeren iallfall… –Korleis kjendest det når fløyta gjekk og finalen var over – og: då gutane lyfte den store sylvpokalen? –Nei, det kan vel knapt beskrivast med ord, og eg får ei kjensle av korleis Sir Alex truleg kjende det i Moskva i mai, hehe! Vert ratt tjukk i røysta berre av å tenkje på det…

Så er det likevel ikkje så lett med sigersintervju. Og så eg som mange gonger har ergra meg over ’tomme’ fraser frå Petter Northug, Marit Bjørgen og Martin Andresen. Kafaan, må jo beint samanlikne meg med dei nett no, vel?

Litt lettare er det i lunsjen når dei som verkeleg ikkje veit mykje om fotball, men som er nyfikne etter store overskrifter, spør. Då kan eg lene meg på empiri. –Norway Cup vart arrangert for 36. gong frå 27. juli til 2. august. –Syril sine '94-gutar stilte lag, og eg er trenar. –I løpet av veka møttest 30.000 deltakarar frå om lag 50 nasjonar til 4000 kampar i det som er verdas største fotballturnering. –I år var det ny rekord med over 1500 påmelde lag – og i klassen G94 var rundt 70 av desse! –Me spelte åtte kampar, tre i gruppespelet og fem i A-sluttspelet; og gutane vann alle, gitt. Slikt.

To av laga Syril-gutane møtte var utanlandske, og særleg finalen mot Paces Palestine G94 vart ei utruleg fin oppleving på tvers av kulturelle skiljeliner og språklege barrierar. Nærast ei forbrødring med felles fotografering, briljering på sognaengelsk, no problem, utveksling av palestinaskjerf og gåver - og avtalar om å treffast att til neste år. Knallmoro – og fair play på alle, alle vis! I tillegg til trenarar og lagleiar var det mange foreldre, vener og ikkje minst småsysken som stod på sidelina under finalen. Alle medverka til god stemning før, under og etter kampen. Vetlebror i heimen ivrigast, og fleire av oss prøvde seg etterkvart som frivillige linedommarar, ja, jamvel som frivillige hovuddommarar, jf. Tv2-innslag frå finalen, arrrghh…

Media har stor interesse av Norway Cup. 750 journalistar, fotografar og TV-medarbeidarar frå heile verda er akkrediterte. Vår favoritt under Norway Cup i år var, i tillegg til Sogn Avis, Tv2-sendingane. Særleg finalesendinga der Syril-gutar (i alle aldrar, høhøhø) hamna på teip, slo an. Her har me henta ein passasje frå sekunda etter at finalesigeren var i hamn. Verd å ta med seg: Tv2-reportaren: –Anders, to mål i en Norway Cup-finale, hvordan føles det? Anders: –Da gaorkje an å beskriva ein gong, fy f…, åååh! Tv2-reportaren: –Akkurat nå, hva husker du av scoringene dine? Anders: –Ikkje so mykje, dei var berre j… viktige! –Fy f…! Eivind: –Ja, altso, me frykta dette laget på forhånd, for me høyrde dei var veldig gode, så me bestemte oss for å legga ut i eit hardt press – og da lukkast!!! Anders: –Ja, denne kampen var ein bonus for oss, og me skulle gå ut der i dag og vise kva me kunne. Me er best!
http://webtv.tv2.no//webtv/?progId=255608

Utrulege dagar ilag med 10 supre systrondgutar er over. Takker for innsatsen til alle som var med, og for opplevinga de gav oss. Som eg avslutta på bui hin dagen:
–Me fekk da jo pinadø te, me, karar!

søndag 27. juli 2008

Til topps

Ferieveka i Rondane og i Dovrefjella er utvilsamt eit årleg høgdepunkt. Då er det semje om at fjell er betre enn fjord, og om at nytrekt og –steikt fjellaure er betre enn nygrilla pylse. Og så medfører slike flotte opphald i fjellheimen at me oppdaterer oss på klassiske GENI-spørsmål. Greitt til seinare bruk, noko også yngstesonen har oppdaga. Ikkje noko å seie på konkurranseinstinktet, iallfall.

Døme? Rondane har vore nasjonalpark sidan 1962, og fjellområdet har heile ti - 10 - fjelltoppar over 2000 meter. Nasjonalparken vart utvida i 2003, og dekkjer i dag eit område på 963 kvadratkilometer i Oppland og Hedmark. Den høgste toppen er Rondeslottet, 2178 moh. Mellom fjelltoppane i Rondane går markerte dalar gjennom landskapet. Den djupaste dalen er fylt av Rondvatnet (1167 moh.), ein smal innsjø mellom Storronden (2138 moh.) og Rondeslottet på den eine sida og Smiubelgenområdet på hi. Rondane har ikkje nok nedbør til at isbrear har oppstått her, men ein finn mange isbreliknande snøfonner i dalane. Huhei, slik kunnskap er kjekk å kunne skilte med i rette selskapet.

Frå Rondvassbu i enden av Rondvatnet kan ein nå alle 2000m.-toppane på mindre enn ein dag til fots. I dette sentrale området og vidare nordover er området ganske høgreist og vilt samanlikna med dei flatare platåa lenger syd.

Veslesmeden (2015 moh.) er ein steil, markant og svært synleg topp som ein best kan nå frå Rondvassbu. Toppen ligg i den vestlege delen av Rondane, som vert kalla Smiubelgen. Turen opp på Veslesmeden inneber ei samla stigning på om lag 850 m., og det er reinspikka storsteinur på toppen. Me la i utgangspunktet opp til å bruke heile dagen på turen, endå Turistforeininga tilrår denne toppturen for alle som er i brukbar form – også born. Åtte- og fjortenåringen stilte med sykkel frå parkeringa ved Spranget. Dei vaksne gjekk dei dryge fire kilometerane inn til Rondvassbu.

Aj, dette hadde me gledd oss til – for nettopp Veslesmeden var årets hovudmål med sommarveka til fjells. Og dette vart ei spesiell turoppleving; spanande og mektig i storslått natur - og bokstavleg tala 'toppa' av nokre minuttar med heilt tåkefri utsikt mot Rondeslottet og Vinjeronden (ein tur me gjekk i 2006 med eldsteson!). Sjølv om toppen etter forholda er lett tilgjengeleg, vart dette spektakulært nok sidan topplatået er smalt, lite og trongt - og stupbratt utover på tre kantar. I blesten på toppen skreiv me oss sjølvsagt inn i boka før me returnerte nedover i lia for ein betre matstogg. Prov er viktig for ekte fjellvandrarar, må vite... Energibarar og svakblanda saft kan verkeleg smake godt på toppen av leverposteiskivene. Heimturen gjekk på litt over halve tida av det me brukte opp. Otta sentrum vart deretter letta for eitt kilo smågodt til bilturen oppatt til Dovre.

Mål nr. 2 for sumarveka i fjellheimen ligg midt inne i Dovrefjella og heiter Snøhetta, 2286 moh. Lokalt Sjohechta. Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark vart oppretta i 2002. Dovrefjell har vore eit nasjonalt symbol sidan karane på Eidsvoll i 1814 svor eiden Enige og tro til Dovre faller. Toppen ligg i Dovre kommune, og er det høgste fjellet i Noreg utanom fjella i Jotunheimen (merk: det er likevel ikkje meir enn den 32. høgste fjelltoppen i landet!). Det går fleire ruter opp, samtlege tek om lag fem timar tur/retur.

Traversen mellom hovudtoppen og Vesttoppen, 2253 moh., er ein klassisk klatretravers. -Med finare vèr kunne me vel ha teke den òg, hæ? Den betre halvdelen i heimen yppar seg for tida på desse toppturane, og no snakkar me ekte klyving i det eg vil kalle æh, steinbratt ur. -Det gjorde iallfall skiløpar Tor Arne Hetland og kona, sambuaren, dama eller kjærasten, for dei flaug forbi oss på veg opp. -Jau, men eg sa jo til han då dei fòr ifrå oss at me skulle ta dei i æh, spurten, fekk du med deg det? -Høhøhø, du er no vittig, er du... -Og så trur eg jamen at eg òg skal prøve meg med stavar neste gong, for du la vel merke til at Hetland hadde slike? Eg dristar meg frampå. -Slik som Hetland, du liksom, skjerpings no, utstyrsfrik!

onsdag 9. juli 2008

Om tidsskilje

Forandring frydar, er det noko som heiter. Og det stemmer jo eit stykke på veg. Du er lei av bunaden din, alle andre har jo ein nesten lik, og du kjøper deg ein ljos dress. Du kjøper nye joggesko og kjenner steget, forma, farten bli betre, heilt til du hamnar i ei myr, og skitnar til dei nye skorne. Du, eller ho eller han du bur saman med, står for tur når det skal kjøpast nye langrennsski. Sjølv om dei nye skia er heilt identiske under, og slipen er lagt i den same maskina, er det ei utruleg ny og god kjensle å prøve nyskia. –Ja, desse skia kjøpte eg jo den same hausten som eg gjorde det-og-det, kan me seie. Me har noko å knyte tida til, og for nokre av oss representerer nye ski eit slags enkelt tidsskilje.

Thomas Mann kommenterer dette i romanen Trolldomsfjellet frå 1924. Når mange etterfylgjande dagar og veker er like, skrumpar store tidsrom saman på ein måte som set skrekk i hjarta på ein, skriv han. Og når ein dag er som alle andre, så er alle dagar som ein; og ved fullkomen monotoni ville sjølv det lengste livet opplevast som ganske kort og borte før ein visste ordet av det. Slik talar ein ekte filosof, og eg merkar at eg er samd. Greier eg å skilje tydeleg mellom åra som student på Blindern, eller heng dei saman som ein einaste graut?

Det einaste middelet til å bremsa livet, så å seie, altså friske opp og forynge sjølve tidsopplevinga, er ved å leggje inn nye opplevingar og kanskje andre vanar. Skape tidsskilje. Gjerne ved å skaffe seg noko nytt som ein gler seg over. Det er difor me reiser, skriv Thomas Mann, og det er difor me skiftar opphaldsstad, fer på sommarferie, søkjer luftforandring. Åra me har attom oss skil me frå kvarandre ved å tenkje på kor gamle borna var, kvar me reiste på ferie og - for min del - kven eg var på konsertar med det-og-det året.

Temaet er relevant. 2008 vart året då familien tok med seg Bruce Springsteen-konsert på Valle Hovin, tjue år etter Tunnel of Love-konserten med gjengen frå Vossebygda (27.07.88). Og dei som i går kveld tok med seg ekstrakonserten i Oslo, fekk beint oppleve den legendariske Bobby Jean-låten frå Born in the USA-plata (1984).


Utvilsamt eit tidsskilje for nokre, og saxofonsoloen til Big Man på slutten der tok ratt pusten frå meg der er stod med 8-åringen på skuldrane. Og Bruce sine avsluttande liner om tapt kjærleik kan knapt gjevast att på ein rettvis måte, for dette er lyrikk av venaste sort; ... Maybe you'll be out there on that road somewhere, in some bus or train, travelling along, in some motel room there'll be a radio playing, and you'll hear me sing this song, well if you do, you'll know I'm thinking of you, and all the miles in between, and I'm just calling you one last time, not to change your mind, darlin', but just to say that I miss you baby, good luck, goodbye, my Bobby Jean...

I lenkja her er han frå den gongen då...:
http://www.youtube.com/watch?v=-pTukieURjQ

Bilete: Bruce Springsteen, Clarence 'Big Man' Clemonce (sax) og Max Weinberg (trommer) på Valle Hovin 08.07.2008.

måndag 30. juni 2008

Lascia ch'io Pianga

Georg Friedrich Händel (1685-1759) var fødd i Halle, Sachsen-Anhalt i det som då var det tysk-romerske rike (843–1806), og han byrja med musikk allereie som barn. Far hans var imot at han skulle satse på musikken som leveveg, og ville at han skulle skaffe seg ei skikkeleg utdanning i staden. Historia fortel at då ein tysk hertug høyrde Händel spele orgel som niåring, tilrådde han faren å la unge Georg Friedrich satse på ei karriere innanfor musikken. Faren lytta – og gav etter. Som tolvåring vart han tilsett som organist i kyrkja i Halle. Han var då godt i sving med både komposisjonar og fiolinspel. I 1710 flytta han til London, og frå 1719 var han musikksjef for den då nyleg grunnlagde Royal Academy of Music. Händel vert rekna som ein av barokktidas fremste komponistar, og han skreiv over 40 operaer og heile 23 oratorier.

Så er det fengande å lese og høyre om korleis den genierklærde arbeidde. Då han skreiv den kjende passasjen i operaen 'Rinaldo' som heiter 'Lascia ch'io Pianga', såg han føre seg ei enkel, men dramatisk, historie. Kort fortalt handlar dette om ein hertug i eit slott, oppe på haugen utanfor landsbyen, som vert så forelska i ei vakker, men svært fattig byjente. Han har sett ho fleire gonger i landsbyen, og forkledd som munk har han smugkikka på ho nedi gatene. –Hm, tenkjer han, korleis skal eg vinne ho, tru? Han tenkjer seg om, og rådfører seg med sine næraste. –Jau, jamen trur eg at eg skal kidnappe ho, og setje ho i fangekjellaren min. For før eller sidan, så lenge eg er den som gjev ho mat og eh, omsorg, skal du beint sjå at ho byrjar like meg. Og så gjer han nett det.

Men sjølvsagt er den fattige byjenta så glad i han bondesonen som skal overta eit lite småbruk utanfor byen. Ho tenkjer slik på han at ho berre av sakn og lengt held på å daue der nedi fangekjellaren. Ho nektar å ete, og ho gret kvar einaste natt. Og sjølvsagt er ’Lascia ch’io Pianga’ hennar såre song. Songen kan høyrast gjennom gittervindauget oppe på veggen. Ho syng han medan ho sit i måneskinet som strekkjer seg heilt inn i hennar vesle hjørne i kjellaren:

Lascia ch'io pianga la dura sorte (let me weep over my cruel fate), E che sospiri la libertà (and that I long for freedom)! E che sospiri, e che sospiri la libertà (and that I long, and that I long for freedom)! Lascia ch'io pianga la dura sorte (let me weep over my cruel fate), E che sospiri la libertà (and that I long for freedom)!

Og Sarah Brightman sin YouTube-versjon er så mjuk og dramatisk, og ho får fram lidinga og lidenskapen som eg ser føre meg fattigjenta strir med. Høyr han her!

Etter denne historia, på kva fest som helst, vert det diskusjonar i det vide og breie om kven som er flinkast til å formidle dette stykket: Sarah Brightman eller Kiri Te Kanawa. Då me for nokre år sidan vitja grava til Händel i Westminster Abbey i London, bestemte me oss for å oppsøkje operaen i Milano for å høyre ’Rinaldo’ (1711) ein gong sjansen byr seg. Til dess får me feire æh, kniplingbryllaupsdag fyrste juli med å høyre på Sarah sin vene song.

QUIZ: 1) Kor lenge har ein vore gift når ein rundar kniplingbryllaupsdag? 2) Skal ein kjenne seg gamal når ein har nådd eit slikt tal år som rette ektefolk, hæ? To be continued...

onsdag 25. juni 2008

Dei gamle skal ein æra, dei unge skal ein læra (Ivar Aasen)

Sundag kveld (20.37):
–Tek vel litt av no med det vitskaplege fokuset på treningsarbeidet i heimen, tykkjer du ikkje? Den betre halvdelen i heimen observerer husbonden i det han finjusterer pulsbeltet over bringa. Garmin si Forerunner 405-pulsklokke blir innstilt på ei treningsøkt i pulssone 2. Her skal gjennomførast ei restitusjonsøkt etter fredagens intervalltrening, må vite. Klokka gjev lyd; både om ein ligg over eller under sone 2. –Rett nok har du flagga for all verda at Birken står for tur utpå vårparten, men kafaan, mange av oss har no gått det lange rennet utan å ha tenkt ein augneblink på korkje pulsbasert trening, kilometerfart, tråkkfrekvens, temperatur, løypeprofilar for rundetrening, styrketråkk, tempoøkter, intervalltrening, rolege turar eller testrundar eller kva det no er alt eg høyrer snakk om for tida. Det er no vel berre å trene og sjå glad ut, vel…

–Jau, eg veit. Og det står sjølvsagt att å finne ut om det gjev seg utslag i betre prestasjonar, eg veit så vel. Men æh, pulsprat på altanen med treningskompisar seine sommarkveldar er jo så jækla interessant! Det vesle vitskaplege elementet som ligg i å hente ut grafar for snittpuls og fart og kaloriforbruk for den del, for kvar minste treningstur og kvart strekk mellom to mellomtider, gjev liksom heile treninga ein tilleggsdimensjon. I tillegg til at ein faktisk òg (helst!) skal observere framgang. Litt iallfall.

Aj, no kjenner eg att ein typisk inngang til diskusjon i heimen, merkar eg, og eg er snar å gruble ut ein teori om korleis framhaldet vert.

Tysdag kveld (19.53):
–No, korleis gjekk det? Eg er nyfiken. Ho må puste litt meir før ho svarar. – Jau, det gjekk jo for så vidt greitt nok dette, slær ho fast, men eg kjenner jo at det er litt avslørande på eit vis. Å leggje treningsturen MIN inn på pc-en DIN slik at DU kan analysere kvart steg EG har teke innover mot Flya. – For no sprang eg vel med GPS-en på og full pakke?

–Ja, hehe, men viktigast; då me snakka om dette sundag, kjende eg meg nokså viss på at du ville teste ut høgteknologien. Og det ofseleg fort. Me rundar snart 13 år etter inngått giftarmål, veit eg, og du er framleis nyfiken og innovativ. Likar det, eg! –Men dei gamle trenarane våre frå Hordaland Skikrins er nok truleg barka motstandardar av utstyrshysteriet. Ho verkar sikker, og sjølv må eg vedgå at eg òg har ein slags lojalitet til dei gamle karane oppi det heile. Og til treningsfilosofien deira. –Jo, eg veit jo kva dei fekk til med Kristen og Gudmund Skjeldal!

–Jepp, og nettopp difor har eg vel automatisk i meg ein slags umiddelbar motstand mot for mykje nytt og fancy på treningsfronten, legg ho til. Me var vel rundt 17 då me, etter ein times fellestrening i Songvesåsen, fekk fylgjande treningsfilosofi presentert frå skitrenar Wæhle: –Fyrste timen er oppvarming, andre timen er trim og fyrst den tredje langkøyringstimen er for trening å rekne. Meir treng ein ikkje vite! Ein enklare treningsfilosofi, javel, tenkjer eg, men moro?

–Dessutan stramma pulsbeltet litt slik at andinga vart tyngre når det verkeleg røynde på. Så eg trur du får trekke frå litt på snittpulsen, æh, kjære!

onsdag 18. juni 2008

Sumar og sigrar

Langrennsbloggen forfell, eg innser det. Det er for fint ver, og altfor mykje EM på fjernsynet. Og for freistande å teste den nye pulsklokka med GPS i fagert Sogneterreng. Eller det vil seie; ikkje altfor mykje tv-fotball sånn generelt, berre for mykje til at det let seg gjere å oppdatere ein samfunnsblogg på relevante saker som opptek huslyden. Samstundes. Og så kan eg like godt her og no love skjerpings på bloggen framover. Særleg vil eg reklamere for den månadlege serien som startar opp fyrste veka i august her: Vegen til Birken - 21. mars 2009. Her kjem både treningstips, lenkjer til artiklar på langrenn.com og skisport.no og referat frå eigne treningar fram mot Birken-debuten til husbonden i heimen. Tek i mot tips sjølv og, eg!

Medan bloggen forfell, og sumaren stel tida mi, tykkjer eg ratt det er på tide å trekkje fram nokre flotte eh, lat oss like godt kalle det sigrar som noko anna. Noko som berre er bra, og som det er brei semje om i nemnde huslyd. Fyrst sler Bergens Tidende stort opp at utflytt sogndalsjente Signy Fardal har valt å formidle eit portrett av syngjedamemodellkjendisen Jessica Simpson på nynorsk. -Ho kan like godt formidlast på nynorsk som på bokmål, seier Fardal til BT i dag. Fardal, som altså er redaktør i motebladet Elle, sler fast at ho kjem til å halde fram med å bruke nynorsk i bladet. Litt, iallfall.

Forfattaren Olaug Nilssen ('Få meg på, for faen', 2005, hugsar?) stiller generelt spørsmålet om kvifor me ikkje får lese om den siste Lancome-kremen på nynorsk, eller kvifor sjølv nynorske kjendisar så godt som aldri er siterte på sitt eige språk i media. Kan me i det heile sminke oss på nynorsk?, spør ho. Stoff om livsstil og motar pregar tida, og trend-, sports- og kvinnemagasina er med på å forme språket til unge og haldningane deira til språk. Motebladet Elle har gjort nybrotsarbeid når dei har trykt fleire artiklar på nynorsk siste året og dei har jamvel hausta svært god respons frå lesarane sine.

Og ikkje nok med det; i desse dagar kjem stadig meir av innhaldet på vevmøtestaden Facebook i nynorsk språkdrakt. Dette er eit viktig framsteg for nynorskbrukande ungdom, og leiaren i Norsk Målungdom (NMU), Jens Kihl, meiner sigrar som denne knapt kan overvurderast. –Me ser at nynorskbrukande ungdomar ofte slit med låg språkleg sjølvtillit, i tillegg til at dei møter målet sitt for lite. Då er det viktig at dei kan få populære ungdomstenester som Facebook på sitt eige mål, meiner han. Dette er med på å syne at nynorsk duger til all slags bruk, også til å formidle og beskrive det moderne samfunnet - om nokon altså skulle vere i tvil om det. NMU-leiaren meiner det er særskild gledeleg at det er ungdomen sjølve som står bak omsetjingsarbeidet.

I dag er truleg opp mot ein million nordmenn på Facebook. Statistisk sett vil kring 150.000 av desse vere nynorskbrukarar. Nynorsk vert no mellom dei 30 fyrste Facebook-språka i heile verda. Me gratulerer sjølvsagt målrørsla, men like mykje alle oss som er eh, menige nynorsktilhengjarar. Og så tek me oss ein tur ut i sumaryret i skogen. For det å trene naturleg intervall i vene vestlandsskogar går faktisk nesten berre an å gjere på nynorsk...