Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

tysdag 25. august 2009

Barcelona

Augustmorgon. Sola gjer seg klar til å trengja gjennom den linne morgondisen. Skal ein sommarbleik nordmann trena her nede på denne tida av året, er det no eller aldri. Dei seine, mørke sommarkveldane er så varme etter dagar med blank sol, og skrotten er så heit etter både by- og strandliv, så trening freistar ikkje då. Den betre halvdelen er klar alt, ja nesten litt rastlaus etter å koma i gang. Sjølv skal eg berre finna minibykartet og bretta det slik at det ligg fint i neven på turen. Klare.
..........Treningsturen går føre seg med dei lettaste joggeskorne, den tynnaste trøya og den kortaste shortsen som er med. Fyrste etappe går frå hotellet, som ligg ved den langstrekte stranda eit stykke forbi Parc del Poble Nou, opp til Gaudikatedralen La Sagrada Familia.
..........
Knappe tjuefem minuttar seinare står me midt i den vesle parken på austsida av bygninga og knipsar mobiltelefonbilete. Så tidleg på morgonen er det særs få turistar her, og det er fint å stogga litt for verkeleg å studera arkitekturen. Kunsten. Historia. Fantastisk å studera han frå alle kantar i ro og mak i morgonljoset!
..........Neste mål er ein snart 900 år gamal katedral; Katedralen ved havet. Me byrjar bli kjende i byen etter fleire slike morgonturar, men må finlesa kartet for å finna den litt meir smålåtne kyrkja. Nyfikne joggar me nedover gjennom Arc de Triomf, triumfbogen, til Parc de la Ciutadella. Forbi Museo Picasso. Brått ser me skiltet på veggen som fortel at me står på baksida av Església de Santa Maria del Mar. Kartet har losa oss inn i stadig trongare gater, og eg tvilte ei kort stund på om me faktisk var på rett veg... Men her er han altså.
..........Fort å bli heilfrelst på akkurat denne bygninga etter å ha lese romanen 'Havets katedral' av Ildefonso Falcones. Handlinga gjev eit levande bilete av Barcelona si stordomstid som livleg sjøfartsby prega av store sosiale skilnader og kampen om materiell rikdom. Ei gripande historie om ukueleg fridomstrong. Og sjølvsagt grenselaus kjærleik. I dag er Barcelona hovudstaden i regionen Catalonia. Byen har om lag 1,6 millionar innbyggarar, medan Stor-Barcelona til saman har over 5 millionar. Dette utgjer rundt 70 % av Catalonia si befolkning.
..........Dørene er opne, og berre nokre få personar er inne i den svale katedralen så tidleg. Mange raude ljos er tende. Lukta av smelta stearin forsterkar den høgtidlege stemninga, og det er heilt stilt der me treningssveitte ruslar ein rundtur inne i katedralen. Tida står på eit vis stille i slike stunder. Det er her og no som gjeld. Intervalldrag i Henjadalen, turar til Raudmålsgrinda, birkebeinargjengen og motbakkeløparar, ja norsk valkamp og heile pakka for den del, kjennest utruleg fjernt.
..........Ein annleis treningsrunde vert avslutta med tjue nye minuttar roleg jogging på strandpromenaden attende til hotellet. Byen har vakna. Og sola er for lengst heilt gjennom.

søndag 9. august 2009

Buff Fanaråken Opp 2009

..........
Fanaråkhytta 08.08.2009. Fire slitne Syril-karar endeleg på toppen: ein bergensar og ein nordfjording flankert av to blide vossingar. Alle tungt sponsa av Powerade.
..........
Motbakkeløp. Berre ordet skulle i utgangspunktet gjere at ein held seg langt borte. Men trass nerver i høgspenn, steile motbakkar og eit beinhardt felt, vart dette i grunnen ei ny og interessant erfaring. Buff Fanaråken Opp gjekk føre seg på laurdag, og om lag 400 løparar stilte i konkurranseklassane. Fanaråkhytta (2068 moh.) er den høgastliggjande turisthytta i Nord-Europa og eit særs populært turmål. I helga var altså den vakre turstien frå Turtagrø (884 moh.) til toppen av Fanaråken arena for den største folkefesten så høgt til fjells i Noreg i år. Så langt.
..........Løypa er krevjande saker. 700 meter på asfalt i dei fyrste stigningane opp frå Turtagrø Hotell vert etterfulgt av om lag 3,5 km. på grusveg inn Helgedalen. Deretter startar motbakkane opp mot toppen. Restaureringa av den historiske stien frå Helgedalen opp til Fanaråkhytta er utførd av sherpaene Dawa og Taphen frå Nepal. Dei er ekspertar på å byggje stiar med berre hendene. Resultatet er store utbetringar særleg på fyrste delen av stien i Steindalen.
...........Me var sånn nokonlunde samla rundt fyrste drikkestoggen inst i Helgedalen, alle fire. Med Torunn, merkesetjaren, ikkje langt bak. Derifrå og opp handla turen for min del om å finne ryggar med passeleg fart. Finne einkvan å hengje seg på, få kontroll på farten og forsere når sjansen baud seg. No fekk liksom kvar og ein tenkje på seg sjølv. Ei blanding av skigang og freistnadar på springing i dei lettare partia oppover enda til slutt i eit realt spurtoppgjer - rett nok godt i overkant av 20 minuttar etter at dei to kenyanarane Richard Bartale og Henry Kiplagat passerte målseglet...
..........Turen nedatt handla om å diskutere treningsprinsipp og -metodar for oss som (berre) kjem oss ut på treningstur 3 gonger i veka. Det vart òg mykje snakk om motbakkeløpet Skåla Rett Opp som går føre seg i Loen neste helg. God tur til dei som stiller til start der!