Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

søndag 18. mai 2008

Festivalsommar

–Då eg las ein kommentar frå Sigrid Hvidsten i Dagbladet førre dagen slo det meg jamen at eg tenkte nett som ho i januar. Norsk musikk vert fort tema i møte med gamal studiekamerat under Balejazz i Balestrand ei tidleg maihelg. Han held fram: –Då såg det nemleg ut til å bli ein storslagen norsk musikkvår. På listene over komande utgjevingar kunne me lese, og byrje gle oss til, solide og storseljande norske kvalitetsartistar. Det skulle starte med eit kommersielt storeslem med Madrugada si sorginnhylla nyplate som berre heiter ’Madrugada’ og halde fram med mjuke Ane Brun og hennar ’Changing of the seasons’. –Ja, og så var eg vel litt nyfiken på vemodige Elvira Nikolaisen si oppfylgjarplate til suksessdebuten ’Quiet exit’, vedgår han vidare. –Døh, ikkje gløym eitt av mine store favorittband då, Kaizers Orchestra og plata ’Maskineri’, ho vart varsla før jul. Forresten ho eg høyrer mest på for tida, supplerer eg.

–I tillegg vart det ein liten hype rundt debutanten Ingrid Olava og hennar ’Juliets Wishes’. Og gjort eit nummer av at veteranen Thom Hell skulle kome med ’God If I Saw Her Now’. –Utpå våren var det endå til varsla at Espen Lind skulle røre på seg. Kompisen har pinadø koll på norsk musikk, tenkjer eg, medan eg såvidt heng med. –Me låg liksom så jækla godt an, sler han fast, men kva hende eigenleg etterpå? Kvifor slik ein mangel på eh, temperatur? Norsk musikk står jo knallsterkt, og me er mange som fylgjer med her.

Om me ser vekk frå Madrugada og den massive hiten ’Look Away, Lucifer’, ser eg i grunnen at det kan synast som dei norske artistane har vore litt anonyme. Både på salslistene og på radiokanalane. Etter runden med lanseringsintervju, innpass på ’Senkveld’ og huogheiogstorståhei har artistane ratt forsvunne frå offentlegheita. Viraken og merksemda har uteblitt, og det saknar eg beint.

Gode avismeldingar og fine kritikkar til trass (og eg merka meg sjølvsagt at Ane Brun vart tilgodesett med terningkast seks (!) i Dagbladet) kan det synast som dei norske platene er heilt overskugga av internasjonale artistar. Både nye og gamle. Rett nok kan me skulde på pressa som skal dekke musikk-Noreg, og på dårlege prioriteringar hjå dei som set opp speleplanen (heiter det forresten det?) i norske radiostasjonar, men lell... Eller er det rett og slett slik at hitane har mangla? Kvar er det blitt av låtane me rett og slett ikkje kjem utanom? Songane me ikkje greier å frigjere oss frå når me har høyrt dei nokre gonger (som nett når platene er sleppte)?


Døme dei sist åra? Hard to stay awake, Morten Abel, Lift me, Madrugada/Ane Brun, Floden (koffor, koffor, koffor, du veit), Bjørn Eidsvåg/Elvira Nikolaisen, Ompa til du dør/Di grind/Maestro, Kaizers Orchestra og ikkje minst Grisen står og hyler frå luringen Odd Nordstoga.

Av dei norske artistane som gjer det bra nett no, er kan hende Kurt Nilsens Lost Highway og Maria Haukaas Storengs Hold on, be strong dei mest spelte. Rett nok rir dei på ei Willie Nelson-/Melodi Grand Prix-bylgje, men greitt nok. Og så trur eg faktisk Morten Harket-plata ’Letter from Egypt’ er bra på øyret (singelen Movies er iallfall finfin).

–Trøysta får vere at norske artistar er mest etterspurde i den norske festivalsommaren. Jim Stärk og The National Bank med Thomas Dybdahl i spissen sat som skot på Balejazzen, og festivalsommaren trur eg faktisk den norske musikken vinn. Me er samde der. Me har billettar til Bruce på Valle Hovin, javel, og REM på Koengen, men jamen skal me oppsøkje Dum Dum Boys, Kaizers Orchestra – og sognebaserte The Generous Days, for den del – på ein festival nær deg dei næraste vekene og månadane. God festivalsommar, då!


torsdag 8. mai 2008

No livnar det i lundar

Elias Blix (1836-1902) var både teolog, politikar og salmediktar. Han var fødd i Gildeskål i Nordland, og fullførde teologisk embetseksamen i Oslo i 1866. Seinare vart han professor i hebraisk, sjå der!, og kyrkjestatsråd og ein ettertrakta samfunnstopp i siste delen av det 19. hundreåret.

Elias var konservativ innan teologien, greitt nok, men radikal i sine politiske standpunkt. Og særleg radikal var han når det gjaldt målsaka! Mest kjend er han truleg i dag som salmediktar. Og når fylkestinget samlast i desember skal eg jamen leggje ut ’Gud signe vårt dyre fedreland’, som altså òg vert kalla 'Fedrelandssalmen', sjølv om nokon meiner han har i seg for nasjonalistiske drag. Rett nok vart han målrørsla og motkulturane sin nasjonalsong etter 1905, men jamen ville han vere eit godt alternativ til 'Ja, vi elsker' òg. For det er den nest vakraste salmen frå Blix, tykkjer eg. Nest etter 'No livnar det i lundar':

No livnar det i lundar,
no lauvast det i li,
den heile skapning stundar
no fram til sumars tid.

Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.

Du vår med ljose dagar,

med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar
ein betre vår ein gong.

Då me med vigsla tunge,
med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunge
skal lova Herren vår.

Han/ho som no ikkje tenkjer på 17.mai-førebuingane i åra i grunnskulen, han/ho må stå!

torsdag 1. mai 2008

Fyrste mai

Den internasjonale arbeidarkongressen kom saman i Paris i 1889 for å stifte Den annen Internasjonale. Etter framlegg frå dei fagorganiserte i USA vart 1. mai vedteken som internasjonal demonstrasjonsdag. Frå Noreg deltok formannen i Arbeidarpartiet og seinare ordførar i Christiania, Carl Jeppesen, på kongressen. Han sytte i etterkant for at mange starta opp demonstrasjonar og markeringar for arbeidarane sine rettar også her til lands på denne dagen.

Allereie i 1890 vart dagen markert mange stader i Noreg. I Christiania (som Oslo heitte frå 1624 til 1925, hugsar?) og Kristiansand vart det arrangert demonstrasjonstog. Arbeidarar i Fredrikshald (Halden) feira dagen med ein stor og lysteleg fest, huhei, medan det i Skien og Hønefoss var engasjerte møte med flammande innlegg. Enkelte stader valde arbeidarane å utsetje markeringa til næraste helg – for å unngå konflikt med arbeidsgjevarane!

Fram til i 1919 var kravet om ein lovfesta normalarbeidsdag på 8 timar markeringa sitt fremste, og somme hevdar einaste, verkeleg viktige krav. Dette skuldast sjølvsagt at det var eit konkret krav om kortare arbeidstid. Men kravet var også av nærast symbolsk karakter, slagkraftig formulert i den kjende tredelinga: ’8 Timer arbejde, 8 Timer frihed, 8 Timer hvile’. Slik det sto på det fyrste norske 1. mai-merket i 1892. I 1947 vedtok Stortinget at 1. mai skal vere offentleg høgtidsdag.

–Men kva kan me nytte 1. mai til i dag, då? –Kva er liksom kampsakene som kan få deg til å hengje ut verandaflagget? Eg spør. –Døh, høyr her; kampen mot barnearbeid, miljø-/klimakampen, likestillingstema på alle nivå og sveltekrisa i den tredje verda er alle tema som appellerer til internasjonal solidaritet, kjem det spontant frå huskona. Ho ser ut som ho kan halde fram med ytterlegare 10 tema, men stoggar der. –Såg du forresten kommentaren frå han Asbjørn Kristoffersen i BT på onsdagen? –Jau, fekk såvidt med meg den. –Då las du jo at Verdas Matvareprogram no appellerer om 2,5 milliardar kroner til naudhjelp som fylgje av den sterke auken i matvareprisane. 40 land er så hardt råka at dei må ha hjelp utanfrå snarast råd, hevdar FNs organisasjon for mat- og landbruksspørsmål. Ho held fram; –I fleire av desse landa har det vore store demonstrasjonar og opprør, seinast denne veka. –Ikkje rart svolt er eit farleg utgangspunkt for konflikt, og særleg når dei som svelt har kraft til politisk kamp, sler eg fast.

Grunnen til at Rema 1000 nyleg hamstra ris er at konkurransen om maten er skjerpa, mellom anna som fylgje av større etterspurnad etter kjøt og meieriprodukt. I tillegg kjem overgangen til produksjon av biodrivstoff som går på kostnad av matproduksjonen. Det er jo meir lønsamt å nytte store landbruksareal til dette. Og reservelagra av mat på verdsbasis er små! Prisstiginga reflekterer dessutan sterk auke i prisane på olje, transport og gjødning, innsatsfaktorar som bøndene må betale. Mat er blitt ei strategisk vare, slik det historisk har vore i krisesituasjonar. Slik det var under krigen her til lands.

Det er mykje som talar for at matvarer vil bli varig dyrare. Klimaendringar er ein av dei viktigaste grunnane til det. Kvifor? Det skal ikkje store temperaturendringane til før dei rammar verdas viktigaste kornkammer, og då går kornproduksjonen drastisk ned. Det blir dessutan fleire munnar å mette, prognosane syner ein årleg auke på 75 millionar menneske i verda. Mindre mat + fleire munnar å mette = større etterspurnad = seljars marknad = prisstiging.

I beste fall vil prissjokket medføre ei sterkare satsing på landbruket! Betre prisar vil gje bøndene pådriv til auka produksjon og dermed betre inntekter. Så jamen sit eg her på loftet, fyrste mai, og kjenner at den raudgrøne regjeringa har ein jobb å gjere internasjonalt også på dette området. –Kom an no, Jonas, me ventar initiativ, og særleg nett i dag! –Men kvar sette me verandaflagget etter bursdagen til eldstesonen, då?

Kjelde: Norsk historie 1870-1905, Jostein Nerbøvik, Det norske samlaget, (1990)