Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

onsdag 28. mars 2012

Vasaloppet 2012 - nitti herliga kilometer...

Forma er kanskje ikkje heilt den same som dei siste 2-3 sesongane. Skiene er korkje slipte eller jobba godt med sidan seinvinteren 2010. Rulleskiene fekk ein særs roleg haust. Skiskorne er utslitne med teipa glidelås. Det vart med dei fem intervalløktene med skigruppa på gangvegen i haust. Folk seier jamvel dei har sett meg sjeldnare på Øvstestølen i vinter. Vel, ved avreise i retning Sälen og Vasaloppet fredag 2. mars var nok sjølvtilliten alt i alt ikkje fullt så høg som ved avreise til same stad for eit år sidan. Eg vedgår det. Likevel har eg altså tvihalde på den udelt positive opplevinga som loppet vart i 2011 på alle, alle vis (2011-turen kan du lese om her). Berre tanken på ”90 herliga kilometer gjenom dom svenska skogarna”, som speaker på startsletta har gjort til sitt varemerke å innleie med, har vore motivasjon god nok for bortimot samtlege treningsturar mellom dei to Vasaloppstartane.

Gjennom vår, sommar, haust og vinter har tanken på å spenne på seg skiene i den store folkemengda på startsletta i Sälen vore som mental flybensin. Råpigging over startsletta, kømanøvrering oppover fyrste trekilometersbakken. Og så endeleg; flyte i veg, langstaking i kameratslege og sykkelinspirerte ”tog” gjennom skogholt, over myrer, langsmed vatn og over åsar. 17.mai-stemning, smil og service på feststemde drikkestasjonar ved Smågan, Mångsbodarna, Risberg og Evertsberg. ”Heja Norje, heja Norje” fordi eg har norsk flagg i panna og knivar om ein plass blant dei tusen fremste. Vasaloppet er størst, best og folkefest – og noko eg unner alle glade skientusiastar å gje seg i kast med. Minst ein gong i livet.

Og tenkte eg det ikkje; rennet vart også i år ei eineståande oppleving. Då eg staka i mål, var det fyrste som slo meg at dette var litt over evne i forhold til treningsgrunnlag og forventningar. Under fem timar er kanskje ikkje ein like stor prestasjon når ein står i stålspor (også kalt "trikkeskinner") og stakar i meir enn 20 km/t over lange strekk. Men lell; 4:53 kjendest bra der og då… Firetalet var målet, og firetalet var nådd. Rekordføre fekk vere rekordføre, slo eg fast. For min del vart løpet aller kjekkast dei første 60-65 km. Då var det staking og offensiv springing av godt, gamalt merke som gjaldt. Så vart det langt meir kjemping dei siste 28 km frå drikkestasjonen i Oxberg, derom herskar ingen tvil. Dobbelttaka med fråspark MÅ sitje på Vasaloppet!

Tapte litt for mange plasser der, "tog" kom opp og seig forbi. Ein svenske i midten av 20-åra, som eg staka lenge ilag med, slo fast at glien vart "mycket semre" i dei varme og solrike milene til slutt. Han hadde rett i det. I skuggepartia slo ceraturboen inn att hjå meg, men dei partia var det diverre få av mot slutten denne fantastiske skidagen i den historiske traseen mellom Sälen og Mora (Vasaloppet sitt opphav kan du lese meir om her).
..........Uhell undervegs, seier du? Tja, det er vel verd å nemne at den uheldige løparen som starta seks-sju rekker framom meg i startled 2 like godt tryna då pulja vel var oppe i maksfart ute på startsletta. Fallet hans fekk som konsekvens for ein del av oss som kom bak at me opna Vasaloppet 2012 med å tryne i ein skikkeleg massevelt. Ikkje digg! Skiene må definitivt slipast etter den seansen... Men høyr: eg unngjekk trass alt stavbrot! Løparar rasa forbi, greitt nok, men det var jo framleis 89,8 km å gjere det på, slo det meg.

onsdag 9. november 2011

Lær betre langrennsteknikk!

Kva kan vere lurt å fokusere på når du spenner på deg skiene for å trene? Korleis finne rette skismurningen, og korleis få best muleg effekt og framdrift for kvart fråspark? Når fungerer diagonalgang best og når er det lurt å gå over til staking – med eller utan fråspark? Korleis angripe den vanskelege motbakken, og kva er lurt å tenkje på siste mila under eit krevjande langløp?
..........Vi i Learn2Ski vil hjelpe deg til å finne ein endå betre flyt i skiløypa. Vi har utvikla kurspakker for skiløparar på alle nivå, og legg stor vekt på individuell tilpassing til den enkelte sine behov. Gruppene vi jobbar med er difor aldri større enn 4 til 7 personar. Dette for at alle skal få individuell oppfølging i teknikkane vi går igjennom innanfor både klassisk langrenn og friteknikk/skøyting.
..........Langrenn har lange tradisjonar i Noreg. Nyleg viste ei undersøking, gjennomført av marknadsanalytikar Thomas Heiberg Johansen i Sponsor Insight, at langrenn er den mest populære idretten her i landet. Omdømet til langrennslandslaga er betre enn omdømet til alle andre norske idrettsutøvarar, og dei tre mest omtykte idrettsprofilane i landet er langrennsløparar. Og gjet kven dei er? Langrennssporten er til alt overmål i framvekst. Mange nyttar langrennsskiene til trening, rekreasjon, leik og konkurranse. Eit fullteikna Birkebeinarrenn på 97 sekundar seier sitt om den saka... Mange lærer tidleg å gå på ski. Seinare vert ofte ungdomsåra via til andre aktivitetar, til vi ein dag gjerne vender tilbake til skisporet som vaksne. For mange går det greitt å finne tilbake til den ein gong innlærde grunnteknikken. Og ikkje minst til gleda ved å gå på ski! Det er likevel slik at vi gjerne har litt "å gå på" reint teknisk – og først når teknikken fell på plass får vi verkeleg flyt og glede ved trening på ski.
..........Vi i Learn2Ski ønskjer å vidareformidle det vi kan om langrennsteknikk, og vi gir oss ikkje før du opplever meistring og framgang i skisporet. Sjekk ut tilboda som ligg ute på våre nettsider, og meld deg på skikurs i Leikanger eller Sogndal – eller be oss køyre kurs i di lysløype! Det er ofte moro å vere fleire kjende ilag på slike kurs, og nokre trivelege øvingskveldar i lysløypa kan jo vere ei smart julegåve til ein god ven? Ta kontakt med Siri eller Simon i Learn2Ski, eller spør gjerne meg om opplegget vårt. 
Hallingrennet (Golsfjellet Rundt) 2011, ved Oset.
Sjåast i løypa!

Skihelsing frå
Ole I. Gjerald (instruktør)
40857025 / oigjerald@gmail.com
..........
Kontakt Learn2Ski:
Siri: 99239650
Simon: 97653900
e-post: info@learn2ski.no 

torsdag 29. september 2011

Miljøorganisasjonane sin plass i energidebatten

Klimautfordringane har dei siste to tiåra skapt ei politisk forståing for at det er naudsynt å gå bort frå fossil energi og i større grad produsere og bruke energi og kraft basert på fornybare energikjelder. I Europa gjennomfører både EU og nasjonalstatar omfattande politiske tiltak for å fremje produksjon av fornybar kraft. I USA og i store vekstøkonomiar som Brasil og Kina vert det for tida investert eventyrlege summar for å utvikle ny fornybar energiproduksjon. Noreg har dei siste tjue åra vore eit annleisland i forhold til våre europeiske grannar: Kraftproduksjonen har stagnert, og i motsetnad til andre nordiske land har vi heller ikkje satsa stort på biobrenselbasert fjernvarme eller vindkraft.
..........Olje– og energiminister Ola Borten Moe har denne sommaren freista å ta eit oppgjer med dei som står på barrikadane for å hindre utbygging av leidningsnettet, etablering av småkraftverk og utvikling av vindparkar. Han er offensiv på vegne av den norske kraftbransjen, og han har utvilsamt ambisjonar om å føre Noreg vidare som ein energieksportør verda kan rekne med. Også fossil energi vil vere ein viktig del av energimiksen, hevdar han, men dette skal ikkje stå i vegen for ei storstilt satsing på fornybar energi.
 
..........Frå utsida har det i noka grad sett ut som Borten Moe har skore heile miljørørsla over ein kam. Etter at klimatrusselen for alvor kom på den politiske dagsorden, har vi nemleg vore vitne til ei splitting mellom tradisjonelle naturvernarar og dei som har retta sitt hovudengasjement mot globale klima– og miljøutfordringar. Statsråden sitt oppgjer med miljørørsla har utvilsamt medverka til at vi har fått fram dette nyanserte biletet. Debatten har synleggjort kvar ulike fløyer i miljørørsla står. Det er bra.
..........I etterpåklokskapens teikn burde olje– og energiminister Ola Borten Moe truleg vore meir presis og retta sitt hovudskyts mot til dømes Naturvernforbundet og deira meiningsfeller. Organisasjonen er svært restriktiv i sitt syn på utbygging av fornybar energi, og ynskjer korkje utbygginga av vindkraft eller meir vasskraft særleg velkomen. Det var difor uheldig då statsråden adresserte sin bodskap så upresist at den ramma miljøorganisasjonar som Bellona og Zero like hardt. Og sjeldan har vi sett Bellona-leiar Frederic Hauge så rasande som då han tok føre seg energiministeren etter utspelet om at miljørørsla ikkje har monopol på verkelegheitsoppfatninga i energipolitikken. –Vi har ikkje meir å prate om før du ber om orsaking for å ha spreidd løgner, dirra Hauge. Både Bellona og Zero ønskjer m.a. meir vindkraft, og har ved ei rekkje høve gjort det klart at vi treng større nettkapasitet for å realisere meir fornybar energi i Noreg. Orsakinga kjem ikkje med det fyrste, om vi tolkar svara frå Borten Moe rett.
..........Eg trur ikkje den norske energi– og miljødebatten står seg på ein slik stillingskrig. Stein Arne Bakken i energibransjen sitt eige fagblad Energiteknikk (6/2011) har truleg rett når han hevdar at det for energibransjen er særs viktig å ha miljøorganisasjonar som Bellona og Zero med i debatten når det skal takast eit krafttak for å produsere meir miljøvenleg energi her til lands.
..........I tida framover vil energidebatten fort stå mellom dei som meiner at Noreg ikkje skal ha ambisjonar utover det å vere sjølvforsynte med kraft, og dei som hevdar vi må nytte energiressursane våre for å medverke til å løyse globale klima– og miljøutfordringar. Enkelte i den siste gruppa vil hevde at det i tillegg opnar for interessante økonomiske mulegheiter å t.d. nytte norske energifortrinn for å hjelpe EU-landa til å oppfylle sine fornybarmål. Vindparkar, vasskraft, eit utbygd nasjonalt linjenett og utanlandskablar for europaeksport betyr industriutvikling, arbeidsplassar og inntekter.
..........Energidebatten representerer slik sett eitt av dei mest sentrale samfunnsspørsmåla Noreg kan setje på dagsorden no – ikkje minst fordi det er så mange andre omsyn som vil påverke dei energipolitiske prioriteringane våre i åra som kjem. Klima-, energi-, og næringspolitikk grip inn i kvarandre slik at tiltak på eitt av områda snøgt får konsekvensar på dei andre. Norsk Industri har difor eit poeng når dei seier desse politikkområda må sjåast i samanheng. Men; eg trur vi må passe oss for å la næringspolitiske interesser åleine styre dei energipolitiske beslutningsprosessane. Og nettopp dette er hovudårsaka til at stillingskrigen mellom olje– og energiminister og Bellona-leiaren må opphalde. Utan ein kritisk heilskapsdebatt om Noreg si framtid som energiproduserande nasjon, der heile spekteret av miljøorganisasjonar deltek, vert energidebatten fort redusert til ei klassisk vekst-mot-vern-konflikt. Ein smidig overgang til eit samfunn som baserer seg på ny fornybar energi og meir energieffektive og berekraftige løysingar spring ikkje ut frå ein slik debatt.


Kronikken er publisert på nettstaden forskning.no 29. september 2011. Du finn han her.

måndag 19. september 2011

Syril i mitt hjarta!

Utdrag frå vekeplanleggjaren (veke 37-38):

Sundag
11.09.
Fellestrening fotball G99-G00
17.00-18.30 Grusbana
Måndag
12.09.
Trening fotball G99
17.00-18.30 Grusbana
Tysdag
13.09.
Sjåfør, bortekamp G97-98, Hafslo
17.15 frå Esso Hermansverk
Onsdag
14.09.


Torsdag
15.09.
Heimekamp fotball G99, trenar/lagleiar
17.00-20.00 Grusbana
Fredag
16.09.
Trenarmøte/planlegging, G99-G96
20.00-21.30 Saften (Ingvald)
Laurdag
17.09.
Trenar/lagleiar bortekamp, Øvre Årdal
09.15 Avreise frå Saften/Sogn Avis
Sundag
18.09.
Fellestrening fotball G99-G00
17.00-18.30
Måndag
19.09.
Trening fotball G99
17.00-18.30 Grusbana
Tysdag
20.09.


Onsdag
21.09.
Dugnad 1: Skihytta/garasjen
Dugnad 2: Kunstgrasbana (jf. e-post)
17.30-20.30 Kleppa
17.00- Barneskulen/grusbana
Torsdag
22.09.
Trenar/lagleiar bortekamp, Årdalstangen
16.15 Avreise frå Saften/Sogn Avis
    
Sundag kveld er tid for planlegging av vekas store og små hendingar. I vekeplanleggjaren min har Syril IL lenge hatt eiga kolonne. Det meste er i ferd med å falle på plass når eg høyrer telefonen ringje:

- Hei, du veit vel at takstolane er på plass på garasjen på Kleppa?

- Æh, jaudå, eg var forbi der den dagen eg datt og slo...
- Måndag og onsdag er det nye dugnader for å få tett tak før snøen kjem.
- Ja, eg skjønar. Måndag er eg nok oppteken med ei fotballtrening, gitt...
- Har du mulegheit for å vere med nokre timar frå klokka halvseks til det mørknar onsdag, då?
- Jau, det er jo ei stund sidan eg var på dugnad på Kleppa no, så...
- Gode greier! Ta med deg snikkarbeltet - og gjerne ei kaffikanne. Talast då! (Klikk)

onsdag 1. juni 2011

Utemagasinet 3/2011

Siste utgåva av friluftsmagasinet UTE set mellom anna fokus på dei tre drøymefjella Romsdalshorn, Stetind og Store Skagastølstind. I den samanhengen er turen som eg var med på til topps på Storen hausten 2008 teken med i bladet. Me korta turskildringa noko ned for å få plass i bladet, men her på bloggen er det saktens plass. So here it goes!

Utemagasinet (3/2011)
Det handlar jo på ingen måte om dykk, slett ikkje, men frå mi side er det uaktuelt med ein høg sosial faktor når me treffest att kl. 04.15 i matsalen. Ok? Fjellførar Sverre frå Norgesguidene veit kva han snakkar om. Tidleg opp er ein del av gamet, og dette er 15. turen hans på Storen sidan juni. Det har bikka september, og me får vere med på årets siste.
..........Etter kunngjeringa om at draumen om Store Skagastølstind no skulle realiserast, vart det hektiske planleggingsveker. Ein periode var me i alt åtte aktuelle deltakarar, og såleis fleire taulag. Til slutt var det tre av oss som fekk det til å klaffe med topptur denne seinsommarstysdagen. Sverre altså akkurat ferdig med briefing, utlevering av isøks, tau, stegjarn og hjelm klokka 20.30. Me stiller kollektivt mobilane på vekking. Så er det tid for sein middag og dei siste telefonar før soving og æh…, ekspedisjonsstart.
..........Etter ei god natt i køyesenga i Sveitservillaen frå 1888-89, og ein (likevel!) svært humørfylt frukost i matsalen frå 04.15-04.45, er det godt å kome i gang i høg marsjfart innover Skagadalen. Tolv sirleg pakka nisteskiver i sekken, etter regelen om ei per berekna time, saman med ekstra hue, ulltrøye, buff, hanskar og nemnde klatreutstyr. Abfahrt 05.04. Sverre i front, tett fylgd av Kari på 40 – med Gunnar på 50 og meg på 37 halsande like bak. Lett yr, blautt på stien og det bleike lyset frå Petzl-hovudlykta gjer at me akkurat ser nok til å treffe rett på steinar og tuer. Heile laget har lese seg opp på temaet Store Skagastølstind dei siste dagane. (Med over middels turinteresserte foreldre har eg i grunnen både lese og høyrt om Storen sidan eg var liten). Me veit at turen er krevjande og at det har vore ei rekkje uhell på veg både opp og ned. Mykje på grunn av laust fjell. Faren for at ein fjellklatrar utløyser steinsprang er stor. Men mørkret, det lune yret og lyden av lette steg i fjellsko gjer at ei overtydande kjensle av tryggleik likevel har eit klart overtak.
..........Aj, er farten for høg, tru? Sverre veit ikkje kor gode eller svake me er på klive- og klatredelen, og vil ha marginar. Tindeklubbhytta passert. Eg overtek beringa av det tyngste tauet, og me hastar vidare langs Heimste og Fremste Skagastølsvatnet (1370 moh.) etter merka sti. Over morener og gjennom ur. Laget kryssar nedste delen av Skagastølsbreen inst i dalen over eit nyleg nedkome steinras. Mot slutten av kryssinga vert akkurat det ei utfordring, fordi det renn overflatevatn og isen er spegelblank. Tau og øks må til, og me er straks ved hytta på Bandet (1758 moh.). Kl. 07.20 no. –Nokre drikkeflasker vert att her ved Skagastølsbu, for dei er kjekke å finne når me kjem ned att, eg lovar. Sverre veit, og er nøgd så langt.
..........Frå Bandet lettar veret, og yret gjev seg. Eit lite solstreif lyser brått opp ein av dei nære toppane. Store Dyrhaugstinden ser mektig ut der han liksom heng over oss. Utsikta er storslagen ned Midtmaradalen. Tåka løyser seg meir opp, og i brotstykke dukkar mektige Storen fram. Sverre gjev ei kort innføring i ruta opp fyrste delen. Brattura er i gang, og me tek mange høgdemeter på snø. Skaftet på isøksa fungerer som stav. Den varsame trekken har tørka fjellet. Fotfestet er godt. Me sikrar med tau over Svaa, og vekslar mellom kliving og klatring oppover til me når Hjørnet som ligg på høgresida av toppen sett frå hytta på Bandet. –Skjønar jo kvifor fjellet vert kalla ein real grushaug, kjem det frå lett andpustne Gunnar i det han sklir nokre meter nedover. –Fort det kan kome steinsprang her, og med fleire taulag over kvarandre... –Jepp, Gunnar har skjønt det, konstaterer Sverre.
..........Me heng ikkje lenge på Hjørnet før me gjer oss klare til klatring vidare. Sverre føreslær Heftyes renne litt lenger oppe sidan det er så turt. Traversen over Galleria heng meir enn 600 meter over Slingsbybreen, og turen til neste standplass, like under Heftyes renne, går føre seg utan eit einaste ord i gruppa. Sjølve renna byrjar høgt oppe på veggen, og det er skikkeleg kinkig å kome seg opp til innsteget. –Her snudde ein kompis av meg i fjor…, røper eg.
..........–Me gjer som dei gjorde for hundre år sidan, me hjelper kvarandre, motiverer Sverre. Skoen til Kari kiler seg limfast nedst i renna. Den tøffe dama får for fyrste gong panikk der ho står i slette veggen over meg. –Dette må du jaggu fikse fort, Ole! Eg greier snøgt å slå foten hennar laus med venstrehanda, der eg sjølv heng med høgrefoten på innsteget. Eg er mest letta over å sleppe ein ny tirade av kjende ukvemsord frå Kari. Sverre siterer Thomas Heftye, som fyrst klatra renna, når alle er oppe: –Lætt! Frå toppen av renna går det i lettare kliving, og Gunnar går sist og løyser sikringa etter oss. Adrenalinet fossar i tre klatredebutantar. Og no lettar verkeleg alt av skyer og tåke rundt og under oss!
..........Kl. 10.55 står me på toppen, 2405 m.o.h., og det er brått heilt slutt på den svake trekken. Ja, for det er vel sola som gjer at det brått er så heitt under hjelmen der me kikkar over kanten? Utsikta kjennest i alle fall fullstendig overveldande: Store Ringstinden, Austabotntindane, Soleiebotntind og Dyrhaugsryggen er nære oss. Hotellet på Turtagrø meir fjernt. –Hm, så var me halvvegs, kjem det tørt frå førar Sverre. Han understrekar at det kvar gong er like stasleg å vere her. –Vert ikkje mett av Storen, nei! Så kveilar han i hop taua, og me førebur oss på klatredelen ned mot fyrste rappellpunktet. Etter ein solid mat- og tekstepause, ein sms frå toppen hadde eg lova mange!, byrjar me klatringa nedover til standplass. Sverre styrer farten på rappellen, slik at me kan konsentrere oss om å vere ”tunge” i selen, ha strake, ledige bein og liggje godt bakover.
..........Eg er sistemann ut, frivillig, og kjenner at dagens makspuls er nådd. Og han skuldast aldeles ikkje hard klatring! Og eg veit sanneleg ikkje om det er til hjelp når eg høyrer tøffe-Kari si røyst midtvegs nede i rappellhenget, heller: –Men dette er jo bare utrolig gøy! Sjølv kjenner eg at eg helst vil sjå ned med berre eitt auge i det eg legg tyngda bakover, for eg er uviss på om eg vil ha den aller råaste høgdeeksponeringa skikkeleg festa på netthinna for ettertida. Etter om lag 45 meter hengjande i tauet, står heile laget like ved Hjørnet att. –Litt letta, jau eg er jo det, men fy faan så moro det var! Det dirrar i skrotten, og etter bratt sti og lett klyving kjem snart rappell nr. to over Svaa.

Kulturhistorisk kunnskap er ikkje mangelvare hjå Sverre. På turen ned att frå Bandet får me info om Therese Bertheau og andre pionerkvinner i klatremiljøet som hadde med rideskjørt for fotografen då dei var på Storen for hundre år sidan. Praten løysnar. Vidare høyrer me om Ola Jensen Berge som bygde hotell på Turtagrø i 1888, og som gjorde pengar på fjellføring. Då Ola hadde siste turen sin på Storen i 1926, hadde han meir enn 130 turar opp!
..........Om lag kl. 16 er me attende ved bilen på Turtagrø Hotell, 884 moh. –Til saman har me teke 3042 høgdemeter i dag, folkens, reknar ingeniør Gunnar fort ut. Noko venstrekneet mitt aldeles ikkje treng overtydast ytterlegare om, tenkjer eg. Merkar det brått då eg reiser meg opp for å ta i mot 0,6l kaldt øl som vert langa over til meg på hotelltrappa. Frå Sverre. No heng tåka tungt rundt toppen av Storen att, og me anar lett yr i lufta. –Høyr folkens; då eg sat og venta på at det skulle bli min tur til å rappellere frå fyrste standplass, kom eg til å tenkje på Tigergutt. Med seks års avstand mellom borna, har eg kjensla av å ha sett Ole Brumm-dvdane samanhengjande i 10-12 år. Spretne Tigergutt sin filosofi sit difor som spikra; ’Det er egentlig ingen forskjell på å falle ut av senga og å falle ned frå toppen av treet. Den eneste forskjellen er klasket på slutten!’

laurdag 16. april 2011

Fornybarforskarens dilemma

Det er fleire grunnar til at Noreg bør satse offensivt på vindkraft. Forsyningstryggleik og sikker tilgang til energi er ein føresetnad for økonomisk stabilitet og vekst. Oljeproduksjonen på norsk sokkel har avteke med 4% per år etter oljeutvinningstoppen i 2000. Kjeller Vindteknikk sine kartleggingar av norske vindressursar syner dessutan at forholda er optimale for vindkraftproduksjon. Vi har teknologiske løysingar som opnar for ei storstilt utbygging under norske klimatilhøve. Det grøne sertifikatsamarbeidet med Sverige, som skal gje 26 TWh ny fornybar energi det neste tiåret, skal elles medverke til meir føreseieleg finansiering for nye vindkraftprosjekt.

Med vindkraft for klimamåla
EU sitt fornybardirektiv er for lengst innarbeidd i EØS-avtalen og gjev retning for norsk energipolitikk. Noreg forhandlar no med EU om målfastsetjingar. Vi skal følgje EU sin tempoplan for å auke delen ny fornybar energi i kraftforsyninga og i utforminga av ein meir berekraftig energibruk. Auka vindkraftproduksjon vil vere eitt av fleire avgjerande grep for norsk måloppnåing i 2020.
........Reduserte klimagassutslepp er eit hovudmål i energi- og miljøpolitikken. Målet om å redusere bruken av fossil energi var ei grunngjeving for stiftinga av Enova i 2001 og Energifondet for fornybar energi året før. Ein langsiktig strategi der meir fornybar energi erstattar kraftproduksjon frå fossile energikjelder er ei logisk oppfølging. Dette vil også kunne hindre forkjemparar for urensa gasskraft eller kjernekraft i å vinne fram. Mange miljøaktivistar ønskjer med bakgrunn i målet om reduserte klimagassutslepp nye vindkraftverk velkomne.

Men nettet toler ikkje meir
Det er fleire grunnar til at Noreg ikkje bør satse offensivt på vindkraft. Eg studerer teknologiske og ikkje-teknologiske hindringar for fornybar energi. Innvendingane eg møter hjå vindkraftselskapa er at konsekvensutgreiingar og konsesjonsprosessar er tid- og ressurskrevjande. Dei peikar dessutan på liten saksbehandlarkapasitet i NVE og manglande investeringsstøtte frå Enova. Svaret som likevel peikar seg ut, handlar om infrastruktur for energitransport: Det er ikkje plass til fleire straumprodusentar med dagens nettkapasitet. Spørsmålet er altså ikkje berre om vi bør, men om vi kan satse offensivt. Før fleire hurtigroterande vindturbinar i 90m høge master kan hauste energien i tverrsnittet dei sveipar, må nettet oppgraderast.

Dyrt og stygt
Her ligg kan hende ei hovudårsak til at Noreg ikkje bør satse offensivt på vindkraft: Det må reisast master i opne landskap, ryddast kraftgater gjennom djupe skogar, leggast kablar over sjø og land, etablerast transformatoranlegg i lokalsamfunna våre og byggast kaiar og tilkomstvegar for brei og tung last. Alt for at ny fornybar og "miljøvenleg" energi skal ha sikker kraftoverføring til forbrukarar og kraftkrevjande industri – nasjonalt og i utlandet. I tillegg utgjer vindturbinane det enkelte meiner er visuell forureining. Mange naturvernarar aksepterer ikkje ei slik utvikling i landet der fornybar energi alt står for 97% av straumproduksjonen.

Kva kan forskarane gjere?
Kva rolle kan forskinga spele i vindkraft- og kraftlinedebatten? Med ein naturvitskapleg, samfunnsvitskapleg og teknologisk del definerte Samarbeidsutvalet for klimaforsking i 1998 forsking på miljøvenleg energibruk og forsking på ny fornybar energi som viktige deler av klimaforskinga. Forskarane som fell inn under definisjonen er mange, og dei spenner fagleg breitt. Men kva vert eigenleg forventa av forskingsmiljøa, og kva kan dei bidra med?

Mange har forventningar
I det tverrfaglege programmet for fornybar energi ved Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane møter vi forventningar frå fleire sider i energidebatten. Enkelte kraftselskap spør om vi som forskarar i botnen er ein gjeng natur- og miljøaktivistar som motarbeider kraftindustrien. Kraftutbyggingsmotstandarar ytrar gjerne ein liknande skepsis: For er ikkje vi forskargruppa for fornybar energi, kanskje? Ein smalspora alliert med utbyggingskåte kraftselskap, opptekne av teknologiutvikling og auka produksjonsvolum?

Vi skal bringe ny innsikt
Eg meiner energi- og klimaforskarar primært har ansvar for å bringe ny innsikt inn i energidebatten: Forsking kan belyse konkrete spørsmål ved kostnadane ved den 90 km lange 420 kW kraftleidningen langs Hardangerfjorden, vurdere forsyningsrisikoen i Bergensregionen og peike på konsekvensar når straumtilførselen fell bort. Forsking kan bidra med kunnskap om kor viktig det er å forankre kraftutbyggingar lokalt, og medverke til at det vert teke omsyn til demokrati og folkeleg engasjement. Forsking kan syne om grøne sertifikat gjev endra CO2-utslepp, om ordninga skaper nye arbeidsplassar i distrikta, om ho råkar enkelte forbrukargrupper på utilsikta vis og om risikoen ved å investere i vindkraft endrar seg. Forsking kan syne korleis den potensielle engergieffektiviseringa på 5,3 TWh, som Enova i 2009 avdekka innanfor nokre avgrensa industrisektorar i Noreg, kan realiserast. Ein føresetnad er at forskarane er tydelege på perspektiva dei legg til grunn for svara dei gjev.

Må ta del i debatten
Debatten om energibruk og -produksjon står seg i tillegg på at forskarar med ulik bakgrunn tek del. Når kjenslene er sterke og problemstillingane komplekse, treng vi forskarar med kunnskap og meiningar som stiller spørsmål ved, og nyanserer, spissa medievinklingar. Slik vert også politikarane sitt vedtaksgrunnlag styrkt.
........Dersom vi ikkje skal basere framtida på kjernekraft og store uttak frå fossile energikjelder, trur eg forskinga sin viktigaste jobb er å formidle at dei komplekse utfordringane krev samansette og heilskaplege løysingar. Vi må sjå det breie biletet. Energi- og miljøutfordringane er ei sak; vi må tenkje globalt og handle lokalt. Verdas befolkning aukar med 50% frå 2000–2050. Skal vi nå klimamåla frå København 2009, må verda redusere samla utslepp av drivhusgassar med 50% i same periode.

Auka trong for energi
Det internasjonale energibyrået (IEA) ventar at verdas trong for energi aukar med 60% alt fram til 2030; minst 2/3 av auken kjem frå utviklingslanda. Sjølv om Europa realiserer potensialet for energieffektivisering i industrien, hushaldningane og i transportsektoren, vil verda trenge meir ny fornybar kraft. Eg meiner difor forskinga må understreke at eit vidareutbygd kraftlinenett er å sjå på som ei nødvendig klimaløysing, fordi det gjer det mogleg å erstatte fossil energibruk med fornybar energibruk. At energieffektiviseringa sitt enorme potensiale må realiserast for å unngå unødvendige naturinngrep. At fokuset på demokratiske prosessar må skjerpast, slik at biologisk mangfald, kulturminne og naturlandskap får ei gjennomtenkt behandling i energijakta. At vi må forske offensivt på energiteknologi og karbonfangst, fordi teknologiutvikling og berekraftige energiløysingar heng i hop. Mange brikker må på plass samstundes, dersom fleire enn vi som lever i den vestlege verda skal få dekka grunnleggande energibehov innanfor ei berekraftig ramme. Og forskarane har ei aktiv rolle å spele for å få fram alle sider i debatten.

(Kronikken Forskarens dilemma stod på trykk i Bergens Tidende 13. april 2011)

fredag 11. mars 2011

Vasaloppet – tur, arrangement og langrenn

Eg vaknar med eit rykk. Mobilen til austlendingen Stein har ikkje spytta frå seg mange tonane frå 2008-hiten Ambitions før eg er fullvaken. Det tek likevel nokre sekundar før det går opp for meg at dagen for Vasaloppet er her, og at det frå no av truleg vil gå i eitt køyr dei neste tjuefire timane. Minst. To netter med ei litt for kort dyne på Hemfjällsgården i Sälen er over. Og dagen mellom dei to nettene har også vore fullstappa av aktivitetar: Ski- og løypetesting frå startsletta og 3-4 km ut i løypetraseen har gått føre seg samstundes med at ein av favorittane, svensken Jerry Ahrlin, gjorde det same. Respekt! Shopping av energibarar, Ekströms blåbersoppa og obligatorisk Vasan-t-skjorte har vorte kombinert med VM-sending frå Holmenkollen på storskjerm. Johaug! Skipreppinga utover ettermiddagen har vorte berga av Stein I. Eigen smørjebukk er greia i slike samanhengar. Hugs!
..........Eg gnir bokstaveleg tala svevnen utor augene, og på turen mot badet sjekkar eg gradestokken. Lukkeleg slær eg fast at det er 12 blåe ute. Kaldare enn meldt. Innvarma grunnvoks frå Toko og lag-på-lag med ei Swix-blå-ekstra-liknande blanding høyrest framleis rett ut. Her i garden vert det difor ikkje gjort justeringar på smurningsfronten. Skiene er klare til å finne vegen til startläd 2 på sletta.
..........Det er ca. 1500 meter å gå til starten, og klokka viser framleis ikkje meir enn 04.45 når Trond K., Stein I., Stein austlending og eg togar i veg mot inngangskøen til startlädet. Me er framme eit lite kvarter seinare, og det vert ein dryg halvtime i kald kø før me slepp inn slusa for å leggje på plass skiene. Eg spurtar inn og sikrar meg ein startposisjon i tredje rekkja. Med femti spor ved sida av einannan ser eg at avstanden fram til der eliteløparane vil stå kl. 08.00 er forsvinnande kort. Berre läd 1 er i mellom, og dei tradisjonsrike flagga som vert heva nøyaktig når startskotet går er nesten utidig nære. Bakover ser sletta uendeleg ut, og også i startläda bakover tek det til å fyllast opp med ferdigsmurde ski. Lett jogg tilbake til Hemfjällsgården. Frukosten ventar. Under to timar til start.
...........---
Logistikken imponerer meg. Rett etter målgangen tek arrangøren hand om ski og stavar, og ein vert losa rett på bussen som tek ein til garderobe, utlevering av plastsekk med byte- og overtrekksklede og dusj. Frå garderoben ber det rett i matsal for servering til alle utøvarar. Ein ny buss tek deg så tilbake til målområdet for utlevering av skiene. Alt går på skinner, alle gjer dette heilt likt og eg vert ikkje forundra om nokon på bussen seier "Bæ!" På veg mot PWT-bussen som skal ta oss tilbake til Gardermoen stoggar eg opp for å sjå straumen av løparar som renn gjennom oppløpssida og i mål. Stemninga er herleg, og slik vil det halde på timevis endå.
..........Heimturen handlar utelukkande om løpet. Erfaringsutveksling med kjende og ukjende på bussturen fram til bilen ved Gardermoen. Om dei fyrste kilometerane i motbakkekø, om mil etter mil med staking, om opplevinga av å kome til dei kjende og ærverdige matstasjonane undervegs (nesten som små stølstun), om næringsinntak i fart og om kjensla av å stake det siste stykket inn mot Mora og målseglet med den kjende påskrifta ”I Fäders spår för framtids segrar”. Kort oppsummert kan eg utan tvil seie meg nøgd med sjølve prestasjonen. Respekten for distansen prega i stor grad løpet dei fyrste sju mila. Det er generelt vanskeleg å sleppe seg skikkeleg laus når ein passerer skilt der det står 81 km til mål. Frå passerte 70 og inn var Vasaloppet rein stakejobbing, og då sola tok tak i den turre og finkorna kaldsnøen var det lite å få gratis. Ryggen jubla mest over endeleg å vere i mål kl. 13.11.
..........Tjuefire timar etter at vekkjarklokka til austlendingen bråvekte oss, sit tre fyrstegangsreisande i bilen på ein ferjekai ved Sognefjorden og sjekkar plasseringar til kjende og ukjende. Ferdige for denne gong.