Utdrag frå vekeplanleggjaren (veke 37-38):
Sundag | 11.09. | Fellestrening fotball G99-G00 | 17.00-18.30 Grusbana |
Måndag | 12.09. | Trening fotball G99 | 17.00-18.30 Grusbana |
Tysdag | 13.09. | Sjåfør, bortekamp G97-98, Hafslo | 17.15 frå Esso Hermansverk |
Onsdag | 14.09. | | |
Torsdag | 15.09. | Heimekamp fotball G99, trenar/lagleiar | 17.00-20.00 Grusbana |
Fredag | 16.09. | Trenarmøte/planlegging, G99-G96 | 20.00-21.30 Saften (Ingvald) |
Laurdag | 17.09. | Trenar/lagleiar bortekamp, Øvre Årdal | 09.15 Avreise frå Saften/Sogn Avis |
Sundag | 18.09. | Fellestrening fotball G99-G00 | 17.00-18.30 |
Måndag | 19.09. | Trening fotball G99 | 17.00-18.30 Grusbana |
Tysdag | 20.09. | | |
Onsdag | 21.09. | Dugnad 1: Skihytta/garasjen Dugnad 2: Kunstgrasbana (jf. e-post) | 17.30-20.30 Kleppa 17.00- Barneskulen/grusbana |
Torsdag | 22.09. | Trenar/lagleiar bortekamp, Årdalstangen | 16.15 Avreise frå Saften/Sogn Avis |
Sundag kveld er tid for planlegging av vekas store og små hendingar. I vekeplanleggjaren min har Syril IL lenge hatt eiga kolonne. Det meste er i ferd med å falle på plass når eg høyrer telefonen ringje:
- Hei, du veit vel at takstolane er på plass på garasjen på Kleppa?
- Æh, jaudå, eg var forbi der den dagen eg datt og slo...
- Måndag og onsdag er det nye dugnader for å få tett tak før snøen kjem.
- Ja, eg skjønar. Måndag er eg nok oppteken med ei fotballtrening, gitt...
- Har du mulegheit for å vere med nokre timar frå klokka halvseks til det mørknar onsdag, då?
- Jau, det er jo ei stund sidan eg var på dugnad på Kleppa no, så...
- Gode greier! Ta med deg snikkarbeltet - og gjerne ei kaffikanne. Talast då! (Klikk)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar