I helga hadde eg planar om å jobbe. Dagane var rydda. Ambisjonen var lange, samanhengande arbeidsøkter. Både faglege og administrative oppgåver har lide under eit aldri så lite arbeidspress så langt denne hausten, og m.a. ein rapport (som hadde leveringsfrist førre veke!) skulle finpussast. Alt låg til rette: Halve huslyden fór på hytta, ein representant hadde fotballtreningshelg i regionhovudstaden – og eg altså; i fullt skrivemodus heime. Planen var vasstett, oppgåvene nøye gjennomtenkte og alt fredagskvelden, rett nok zappande mellom Skavlans comeback på NRK1 og Senkveld på Tv2, var pc-en på plass på fanget. Ei real arbeidshelg var i gang, og no var det Bokbindaren sin fredagsdiett med kaffi, Smash og Sørlandschips som gjaldt. Så kom laurdagsmorgonen.
Alt då eg bråvakna av den betre halvdelen si biletmelding frå morgontreningstur til kjend fjelltopp i Dovrefjella, ante eg uråd. At 3,2 megapixel på ein 3x4 cm. mobilskjerm kan formidle så mykje storstilt norsk natur, er nesten ikkje til å tru. Betre vart det sjølvsagt ikkje då eg trekte til sides gardinene på soverommet og glytta ut. Der formeleg slo ein av dei mest fantastiske haustlaurdagane eg nokon gong har sett imot meg. Eh, skrivehelg i loftsstova? Inne? Med haustklår luft ute og utsikt mot Fresvikbreen badande i sol ut glaset? Gode råd var brått dyre. Plan B, C og D var alt utarbeidde før eg hadde tusla opp trappa og inn på badet.
..........Helga vart sjølvsagt tilbrakt med terreng– og fjellsko. Og med pc-en på fanget innimellom. Kjeringafjell var fyrste post laurdag. 1t. og 35 min. frå Kleppahytta til fremste varden er meir enn godkjent. 3t. tur/retur er faktisk pers, må eg vedgå. Merka tidleg at eg hadde bak meg ei særs roleg treningsveke (jf. fokuset på nemnde rapport), og ved passering Fagereggi skjønte eg at moglegheita var til stades for å perse til topps. Sundag vart det roleg langkøyring ilag med Husbyggjaren. Kvålen–Hottadalen–Lusaskard–Skagasete–Kvålen er ein fin rundtur, og han vart gjort unna på om lag 2t. 40 min.
Særleg stien ned att frå Lusaskard er verkeleg kjekk å springe, sjølv om han no er blaut og gjørmete mange stader. Her har eg forresten ofte tenkt at det er mogleg å rigge til eit nærast optimalt motbakkeløp: Start ved grinda på Kvålen og målgang ved varden. Samla stigning i motbakkeløpet Lusaskard Opp vil vere på over 800 m. Juni 2010?
Så til dei som trur eg sleit med rapportskriving, tolking av innsamla datamateriale og opptak frå kvalitative intervju med informantar i dansk vindkraftbransje heile helga, har eg hermed røpa meg. Helgas einaste gjeremål som i etterkant står i fare for å hamne i kategorien 'bortkasta tid', var oppgjeret mellom Sogndal og Mjøndalen på Fosshaugane Campus. Pføy!