Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

onsdag 9. september 2009

Valkampen - ein kommentar

Sist fredag var eg i Bergen. I bilen nedover E16, etter overnatting på Voss, lyttande til morgonsendinga frå NRK Hordaland, slo det meg at eg måtte leggje ein strategi for dagen. Eg veit nemleg at eg har ein lei tendens til å stogge litt for lenge, litt for høfleg og interessert, for å prate med politikarar på veljarsanking siste vekene før valet. Og no er dette feil bruk av tida, for eg har jo bestemt meg, har eg ikkje? Nyhenda på lokalradioen vitna om ein intensiv valkamp i Bergen, så... Etter møtet med gode samarbeidspartar på universitetet, var det tid for rusle- og handlerunde. Veret var lyst og fint, og det var rett og slett ein herleg fredagsstemning i byn. Strategien var klar. Nyfiken på å gå ein runde rundt valkampteltet midt på Torgallmenningen, ja visst, men ikkje klar for å stogge. Ikkje lenge, i alle fall.
..........Politikarar i valkampmodus ynskjer helst å prate om saker som mobiliserer mange veljarar og om tema dei har gode kunnskapar om. Dei mest drivne politikarane opnar gjerne med å spørje kvar ein bur, kva yrke ein har og slikt, slik at dei kan gå laus på den delen av partiprogrammet dei trur interesserer oss. Nokre legg jamvel til grunn eigne målingar som syner kva veljarane generelt er mest opptekne av, og legg inn støyten der. -Så, kva saker avgjer valet ditt i år, tru? Senterpartiet sin ambassadør på Torgallmenningen spør. -Tja, eg legg i grunnen vekt på heilskap og politisk ideologi, og så er eg jo oppteken av kva for parti som har vyer på vegne av både bygd og by, inviterer eg. Eg vert raskt forsikra om at den raudgrøne regjeringa vil halde fram med å bygge samfunnet nede frå. Dei vil ha levande distrikt og bygder og trygge lokalsamfunn prega av samhald, samvirke og jamstilling mellom ulike grupper. Og så vil dei ha ei betre samferdsle akkurat der eg bur; vegar og kollektivtilbod. -Me har jo Liv Signe, veit du! Eg veit.
..........Etter å ha gjort greie for kva eg jobbar med, får eg frå Venstre vite at kunnskapsutvikling på energiområdet er heilt avgjerande. -Kloden skal forvaltast for etterkomarane våre, langsiktige omsyn til naturgrunnlag og miljø må difor vere overordna andre og meir kortsiktige omsyn. -Utviklinga skal vere berekraftig slik at me dekkar dagens behov utan å øydeleggje framtidige generasjonar sine moglegheiter til å få sine behov dekte, kjem det like etter frå Ap sin mann på standen. -Jens er ekstreeemt oppteken av dette!
..........Eg let det liksom stå til då eg mottek faldaren frå SV: -No, korleis løyser regjeringa spørsmålet om europatilknytinga, då, med Jens, Kristin og Liv Signe grunnleggjande usamde? -Varig fred mellom folkeslag og nasjonar byggjer på gjensidig respekt og toleranse, får eg vite, -og vår nasjonale sjølvråderett er eit godt grunnlag for aktivt internasjonalt engasjement, held dama fram. Ei vidare utbygging av det internasjonale samarbeidet må tuftast på sosial utjamning og respekt for kvar einskild nasjon sin kultur og eigenart. Ho forsikrar at dei tre partia går til val på at Noreg ikkje skal sende EU-søknad den komande fireårsbolken.
..........Ein halvtimes valkamp i byn var kjekt å ta med seg, men påfylgjande kafébesøk med kjendsfolk var kjekkare. Lang biltur heim venta, med passasjersetet fullt av cd-plater. -Norske politikarar er i høg grad mediestyrte, uttalte Tore Slaatta, professor i medievitskap ved Universitetet i Oslo til avisa Ny tid (28.08.09). Han viste til at det er stor grad av konsensus i norsk politikk, og at det difor er vanskeleg for partia å trekkje opp dei store debattane med tydelege skiljeliner. I valkampen 'innfrir' partia valløfte på løpande band: Grøne sertifikat, varm skulemat, gul midtstripe på riksvegane. Alle får… I tillegg let nokon seg truleg påverke av lågmålstema som ikkje høyrer heime i politikken: Då Erna sin utsjånad vart eit tema i den offentlege debatten, nådde galskapen eit nytt høgdepunkt. Ikkje bra.
..........Eg meiner i alle høve det er ein føremon om folk flest bestemmer seg ved å fylgje den politiske debatten over tid - og ikkje (berre) let seg overtyde av veltalande og rundkanta partiambassadørar på Torgallmenningen ein vakker fredagsettermiddag. Valkamp er likevel spanande, og ikkje minst tv-sendingane valnatta er noko eg alltid ser fram til - sjølv om eg merkar at det røyner litt på no. Og korleis vert forresten valnatta dersom Framstegspartiet ikkje snublar i innspurten? Og Sogn og Fjordane vert eit endå større Frp-fylke? Om ikkje anna, så får eg nytte alle høve til å oppmode om Frp-boikott, slær det meg. For eg trur ikkje at store skattekutt fører til betre velferdsordningar, sentralisering til større effektivitet og rettferd eller privatisering til større og meir reell valfridom for innbyggjarar flest. Eg skrur opp lyden då eg passerer Voss att, og syng med på Odd Nordstoga sin fine pilegrimsong:

Dette er ein gamal veg
der fut og fant fór fram ein gong:
no ber vegen mine steg
og røysta mi ber fram ein song.

4 kommentarer:

  1. Valkampen er særleg viktig for å få fokus på dei demokratiske spelereglane, og for å mobilisere dei yngste veljarane. Både politikarar og skulefolk har i lengre tid vore uroa for den låge valdeltakinga og lite politisk engasjement blant dei unge. Berre ein av tre førstegongsveljarar giddar å stemme, og frå departementshald vert det spekulert i korleis valdeltakinga kan aukast. Kommunalministeren tok i VG for kort tid sidan til orde for at ”valsnuttar på nettet” kan engasjere dei yngste. Men kan elektronisk stemmegjeving og valbloggar åleine engasjere ungdomen? Eg trur ikkje det nyttar å gjere noko med rammene for politikk, dersom vi ikkje samstundes gjer noko med innhaldet i politikken. Ungdom fortener å bli behandla som vanlege veljarar og få god politisk informasjon. Og berre ved å fokusere på tema som angår dei unge, vil interessa for å delta auke. Godt val!

    SvarSlett
  2. Jeg har jo vært sjukemeldt i det siste og hatt svært god tid. Må likevel innrømme at noe jeg ikke har brukt tida til er å følge med på den norske valgkampen. Jeg vet ikke hvorfor det egentlig er blitt slik, regner meg som en (i alle fall litt) over samfunnsinteressert person, og er fremdeles usikker på hva jeg skal stemme når dagen kommer (for det skal jeg jo!).

    Tror det har noe med at det egentlig er svært liten forskjell mellom de fleste partiene, men at forskjeller oppkonstrueres/forstørres som del av et spill. Blir også litt provosert over all fokuseringa på det negative i samfunnet, for de som kommer utenfra kan det se ut som vi har det helt ille her i landet.

    SvarSlett
  3. Jau, valkamp har sjølvsagt noko føre seg. Valforskinga syner at veljarane i dag i langt mindre grad enn tidlegare fylgjer etablerte gruppelojalitetar når dei vel parti, og veljarane skiftar i større grad parti frå val til val. I lys av dette er ein god og informativ valkamp sjølvsagt avgjerande for dei politiske partia.
    Og kanskje er det rett, som Andreas peikar på, at han er særleg viktig for å mobilisere ungdomen? Eg har forresten fått med meg kritikken som er retta mot ein del skuledebattar. Skuldingane går ut på at desse mest liknar reinspikka stand-up show. Når jakta på dei frekkaste replikkane vert det viktigaste, mistar ein fort sjølve politikken or syne, gjer ein ikkje? Klart det kan vere morosamt med debattar, og ikkje ratt sjeldan har eg humra godt under eitt og anna ordskifte i fylkestingsalen, men eg er redd skulevala ofte kårar den kulaste og/eller mest morosame politikaren. Og berre det. Slik får ikkje dei yngste veljarane kunnskap om skilnaden mellom politiske parti. Mange sit kan hende att med eit vrengebilete av kva politikk er. Politikk handlar om å bryte meiningar i ein offentleg diskusjon, og i praksis finne samlande løysingar. Stordabuen og ungdomspolitikaren Olav Akselsen (Ap) sette under skuledebatten ved Voss Gymnas i 1989 standarden for korleis ein kunnskapsrik, seriøs – og slagferdig – politikar skal behandle unge veljarar. Slikt gjer som kjent inntrykk.

    SvarSlett
  4. Trivelig valgtankerekke. - Og med rød-grønne trygt plassert ved spakene i fire år til, er det fortsatt bare til å stemme i med Odd Nordstoga. Han får ofte min (sang)stemme :)

    SvarSlett