..........Mange nytta det drygt 41 km lange turrennet til å forbetre startposisjonen sin i Birken. Det var ambisjonen også her i garden, men det står no att å sjå om eg lukkast med det... Gradestokken i bilen synte
-22°C på parkeringsplassen på bøane ved Hakadal ungdomsskule i Nittedal ein time før start. Sola og stemninga varma likevel då underteikna og den betre halvdelen pakka bytekleda i sendesekken til målområdet og gjorde dei siste førebuingane. Festesmurningen, Toko base, Swix VR40 (to tynne strøk), Rode Blå Super Ekstra (to syltynne), kom på skia alt i kjellaren hjå svigermora i Bærum. No stod berre eit nervelag med VR45 på toppen att for å ha noko å stå imot med når sola byrja få tak. Så fekk det berre stå til!

..........Dei fyrste 5 km går løypa i lett terreng gjennom öppna landskap i nordre del av Hakadal, før ho kryssar Gjøvik-bana ved Elnes og held fram sørvestover i Nordmarka. I dei jamne stigningane opp mot Langvann og fyrste drikkestasjonen ved 10 km var farten farleg høg. Tid: 41:40. Eg starta i fyrste startpuljen, samstundes som eliteklassane, og merka fort at dette var eit sterkt startfelt. Hadde bestemt meg for at ein kontrollert start ville vere lurt. Men då startskotet gjekk, tok adrenalinet over for fornufta – og eg gjekk hardt ut i fremste halvdelen av puljen. Kanskje ikkje det luraste eg har gjeve meg i kast med, for her brukte eg sanneleg mykje krefter…
.jpg)
..........Etter månader med sein kveldsjobbing – og aldeles ikkje sein kveldstrening – stilte den betre halvdelen opp i K35-39. Ho gjekk svært kontrollert ut frå start i pulje 3, og avanserte gjennom heile løypa. Ein solid 14. plass i ein klasse der bortimot 90 fullførte. Fantastisk fin gjennomkøyring i årets vakraste skirenn!