Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

søndag 14. februar 2010

Holmenkollen Skimaraton 2010

Laurdag var det duka for eitt av vinterens store høgdepunkt: Holmenkollen Skimaraton. Noregs tredje største turrenn er ein klassikar. Turen frå Hakadal til Holmenkollen, gjennom lettkuperte og vintervakre Nordmarka, er på mange måtar ei historisk reise for alle som er glade i skisporten. For 35. og aller siste gong gjekk løparane originaltraseen – bortsett frå at mål denne gongen var flytt opp til Frognersetra. Dette skuldast byggeaktivitet i Holmenkollen i samband med VM 2011. Frå neste år vil rennet gå i ny trasé, med start i Sørkedalen og målgang i ’nye’ Kollen. Løypa vil altså framleis gå gjennom nokre av dei flottaste områda i Nordmarka, og sveipe innom den tradisjonelle 5-milstraseen.
..........Mange nytta det drygt 41 km lange turrennet til å forbetre startposisjonen sin i Birken. Det var ambisjonen også her i garden, men det står no att å sjå om eg lukkast med det... Gradestokken i bilen synte
-22°C på parkeringsplassen på bøane ved Hakadal ungdomsskule i Nittedal ein time før start. Sola og stemninga varma likevel då underteikna og den betre halvdelen pakka bytekleda i sendesekken til målområdet og gjorde dei siste førebuingane. Festesmurningen, Toko base, Swix VR40 (to tynne strøk), Rode Blå Super Ekstra (to syltynne), kom på skia alt i kjellaren hjå svigermora i Bærum. No stod berre eit nervelag med VR45 på toppen att for å ha noko å stå imot med når sola byrja få tak. Så fekk det berre stå til!
..........Dei fyrste 5 km går løypa i lett terreng gjennom öppna landskap i nordre del av Hakadal, før ho kryssar Gjøvik-bana ved Elnes og held fram sørvestover i Nordmarka. I dei jamne stigningane opp mot Langvann og fyrste drikkestasjonen ved 10 km var farten farleg høg. Tid: 41:40. Eg starta i fyrste startpuljen, samstundes som eliteklassane, og merka fort at dette var eit sterkt startfelt. Hadde bestemt meg for at ein kontrollert start ville vere lurt. Men då startskotet gjekk, tok adrenalinet over for fornufta – og eg gjekk hardt ut i fremste halvdelen av puljen. Kanskje ikkje det luraste eg har gjeve meg i kast med, for her brukte eg sanneleg mykje krefter…
..........Langs skogsvegen forbi Gørjavannet, Helgeren og Fortjern låg eg stort sett i eit 8-10 mannsfelt fram til matstasjonen ved Kikutstua. Halvveges til mål. Tid: 1:22:46. Merka undervegs at eg har mykje å lære på drikkestasjonane, for her går tida frå meg – og det røyner på å gå inn att 'feltet mitt' med 50-100 meter kvar einaste gong. Etter høgste punktet på turen ved Øyvannet (450 m.o.h.) og tredje drikkestasjonen ved Kobberhaugmyra på 30 km, tid: 1:57:15, gjekk turen i særs kupert terreng over Blankvannsbråten til Tryvannstua. Det hjelper å vite at høgste punktet er passert. Siste dose med sportsdrikk gjorde seg også her, kan eg love. Etter Tryvann og Frønsvolltråkka er det om lag 150 meter (!) stigning opp til mål ved Frognesetra. Det får vere ei slags trøyst at løypa fylgde dei nye løypene til Ski-VM 2011, og at eg fekk vere ein av dei aller fyrste til å gå denne traseen med makspuls, hehe! Sluttid: 2:35:37. Resultatlista synte 64. plass i M35-39; ein klasse med 436 deltakarar i mål. Greitt nok.
..........Etter månader med sein kveldsjobbing – og aldeles ikkje sein kveldstrening – stilte den betre halvdelen opp i K35-39. Ho gjekk svært kontrollert ut frå start i pulje 3, og avanserte gjennom heile løypa. Ein solid 14. plass i ein klasse der bortimot 90 fullførte. Fantastisk fin gjennomkøyring i årets vakraste skirenn!

8 kommentarer:

  1. Sterkt å slå Langpendlaren med 10 minutt sjølv om han sleit med helsa. Du svekka i alle fall ikkje kandidaturet til andre plass på årets lokale birkenranking. Tippar dessutan du har gått deg fram ei pulje i høve fjorårets birkresultat.

    Med tid til trening framover vert Huskona ein bra utfordrar til topp ti på same ranking.

    SvarSlett
  2. Fantastisk arrangement. Flott løype. Kongespor i 41,5 km. Utruleg bra ver. God kjensle å hengje sånn passe med heilt frå starten. Fin stemning i startpulje 1; ikkje teikn til knuffing sjølv i tronge passasjar. Alt i alt svært gode ski; spikarfaste heile vegen med unntak av den siste æh... ’vesle’ kneika opp mot mål. At venstrebindingen streika frå Kikutstua får eg setje på uflakskontoen, for det finst ikkje noko system som kan måle seg med Salomon Pilot. Set no strek for HK skimaraton for i år, og ser framover ilag med resten av Birkebeinargjengen i Sogn.

    Nyttar høvet til å gratulere med svært fin innsats frå ’våre’ løparar på Golsfjellet Rundt sundag. Her tippar eg nye startpuljar vart sikra for fleire, og særleg imponert vart eg over O-løper’n denne gongen. Jobbar forresten med å få både han og fleire med på Skarverennet 2011 – for skøytekompetansen er på opptur i gruppa...

    SvarSlett
  3. Holmenkollen Skimaraton kunne vel ikke hatt bedre forhold. Selv om det knirket litt i den kalde snøen på morgenen gikk vel arrangementet helt knirkefritt? Jeg registrerer ellers at det foregår en diskusjon om hvorvidt ny løypetrase er en god ide eller ikke. Debatten har nådd Facebook: Sjekk her! Hva tror du?

    SvarSlett
  4. Har gleda meg i eit år til HK får start i Sørkedalen. Utan å ha gått klassikaren frå Hakadal må eg sei utkastet til ny trase såg lovande ut når det vart presentert på lightflight. Registrerer også at det går spekulasjonar om Grenaderen kjem til å leggje om løypa. Vert ikkje overraska om dei finn ein reservetrase ut frå Sørkedalen for dei åra det er for lite snø til å starte i Hakadal.

    SvarSlett
  5. Gratulerer med storfin innsats til både deg og Monica!

    Golsfjellet rundt hadde også kjempefine forhold, godt føre og faste, fine spor. Løpet ble dermed en lek for spreke Syril-løpere. Fin stemning med fornøyde folk på vegen hjem. Det var visst en stor forandring fra i fjor, da reiste folk misfornøyde hjem etter et svært tungt renn på trått føre. Vi får tro at det ikke er bare føret som ga bedre innsats i år!

    Skarverennet 2011 frister, vuderes nærmere når terminlistene kommer og påmeldinga åpner. Kan være et push til innkjøp av skøyteutstyr.

    SvarSlett
  6. Takker for kommentarar, folkens! Eg var også innom LightFlight-bloggen no etter HK Skimaraton, og las med stor interesse diskusjonen dei hadde om dette med flytting av start og ny løypetrase frå 2011. Fleirtalet der har nok heilt rett i at det er lett å gløyme at alle vintrar ikkje er like kalde og rike på snø på Austlandet som denne. Snøforholda har vore altfor ustabile i originaltraseen dei siste åra. I Sørkedalen er det ofte kaldt og det er i tillegg snøproduksjonsanlegg der, så alt i alt høyrest det ut som om Skiforeningen har gode argument for å ta grep. Etter helgas drøymeforhold i Nordmarka er det likevel freistande å sitere skribent (og toar i årets renn i M35-39!) St.Patrick: ”Løypa fra Hakadal er å foretrekke i en idéell verden, men verden er ikke det – og Sørkedalen er et fornuftig valg.”

    SvarSlett
  7. Ikkje alle hadde ei like flott oppleving som Langrennaren på HK skimaraton.

    SvarSlett
  8. hina deg
    så mange gode skilauparar
    det er her
    tidlegare har eg teke til orde for at ein med fordel kunne ha innført flying start
    på både 3mila og kortare løp
    det framlegget vert med dette trekt attende

    SvarSlett