Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

onsdag 24. mars 2010

Birken 2010

Ei blanding av tørr snø og islagde løyper gjorde føret lunefullt for dei fleste under årets Birkebeinarrenn. To tunne lag tørrvoks utanpå Start Wide Universal-klisteren var truleg minst eitt for mykje her i garden. Skia hadde sine glepptak oppover mot Skramstadsætra, ja vel, men enn så lenge var det tørt nok til at eg hadde brukbart feste fyrste 10. Nok til å springe bakkane og hengje brukbart med midt i pulje 2. Grei start. Utfordringa fyrste mila var faktisk at ”alle” ville halde venstresporet oppover. I kampen om det frie spor skjønte eg fyrst ved passering 48-km-til-mål-skiltet at høgrespora var tingen - sjølv om det der var ein del pensjonistar å forsere. Erfaringa frå mine to Birken-startar tilseier i grunnen at eg neste år må skaffe meg ein betre startposisjon i puljen. Må rett og slett vere vaken og springe inn med skia når startbåsane opnar, for køgåing og hundre sporskifte oppover mot Skramstad stel sekundar, kanskje minuttar! Passerte fyrste offisielle drikkestasjonen på 41 minuttar, fair enough, for dagane då turen opp til Skramstad i konkurransemodus går skikkeleg ’lætt’ er uansett svært få… Alt frå Dambua og oppover mot Raudfjellet skjønte eg at det ville bli springing mellom spora og staking store delar av resten av turen.
..........Frå Kvarstaddammen og opp byrja Birken på ordentleg. Her var det sol, og innimellom var is blitt til slush. Takka høgt O-løparen for solide sirkeltreningar dei siste månadane, for her skulle det bli bruk for armane, gitt. Vel oppe dei fyrste kneikane mot Midtfjellet starta stakegeneralprøva mot Vasan 2011. Hadde svært god gli, og fekk opp brukbar marsjfart med parallelle armar og beina nærast fråkopla. Trur faktisk 1 mm-rillen på bakskia gjorde susen i dei blaute partia, og må sjekke Teknekten sine erfaringar der. Frå passering Sjusjøen og inn gjekk det unna på dryge 35 minuttar. Nokre løparar måtte i bakken nedover dei skarpe utforkøyringane. Det slapp eg. Full speed!
……….Forma kjendest om lag som under Holmenkollen Skimaraton og Søre Ål-runden tidlegare i vinter. Det er bra med 2-3 veker mellom langløpa, for det gjev tid til restitusjon, litt trening og ny opplading. Det vert likevel mildt sagt spennande å sjå korleis Vasaloppet neste år påverkar forma berre to veker før Birken.
……….Birkebeinarrennet er eit utruleg flott arrangement. Det er og blir årets sportslege ’høidare’. Grattis med flott innsats til alle i lauget; med og utan merke, med og utan premie, med så-som-så-ski, men med ein strålande prestasjon bak seg i herleg vårver. Håpar på ynskereprise og fleire persar til neste år. For min del ventar Skarverennet siste laurdagen i april, så no er det fram att med skøyteskia, joggeskoa og kanskje rulleskia. Skal det bli slik at me må stake Birken kvart år, svarar det seg uansett å få gått nokre mil på rulleski før snøen kjem ;o)

1 kommentar:

  1. Takk til Lars A. for påske-sms om at det låg inne ei kommentarsperre på "Langrennaren". Eg har vore ute av bloggemodus ei tid, men no trur eg det skal vere ordna opp i saka. I farten kan eg nemne at ein oppsummerande blogg-tråd frå Birkebeinarrennet 2010 er å lese på den utmerka treningsbloggen til Birkebeinarlauget: Sjekk her!

    SvarSlett