Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

tysdag 1. juni 2010

Ein vakker dag

For ikkje mange vekene sidan vart eg merksam på at den siste romanen til Anna Gavalda, Ein vakker dag, var på plass i norske bokhandlar. Frå før har eg lese to av romanane hennar i tillegg til ei novellesamling, så her vart det snøgt bokkjøp.
..........Boka gjer oss kjende med syskena Garance, Simon og Lola og kona til Simon, Carine, som er på veg til eit familiebryllaup. Historia vert fortald i eg-form av Garance. Ho er ei jente i slutten av tjueåra som bur og jobbar i Paris. Då dei fire etter ein intens biltur endeleg kjem fram, vel dei tre syskena å ta ein kaféprat etter gamalt – før bryllaupsseremonien tek til. Alle er svært skuffa over at fjerdemann i syskenflokken, Vincent, ikkje har teke seg tid til å kome. Garance og Lola har i tillegg vondt av Simon, som dei meiner er fanga i ekteskapet med ultraperfeksjonisten Carine. Dei to vert likevel overraska når sindige Simon tek initiativet til at dei skal droppe heile bryllaupet for å dra på vitjing til Vincent.
..........Men; dei er slett ikkje seine å be, og bilturen med dei tre går vidare til Touraine på den franske landsbygda. Her jobbar yngstebroren på eit gamalt og ærverdig gods. Den sameinte syskenflokken gjenopplever i løpet av det neste døgeret gleda, men òg sårheita frå ein nedstøva barndom beståande av både foreldra sin skilsmisse, eit utal barnestrekar, ungdomeleg festing, nokturne betruingar og tapte kjærleikshistorier.
..........Tematisk og stilistisk liknar boka på dei andre bøkene til Anna Gavalda. Det er mange halve setningar, og dialogane tek som vanleg stor plass. Det gode livet er på bygda, og mellom blomstrar og dyr får syskenflokken ein fristad til å prate ut om både meininga og utfordringane med livet. Gavalda serverer eit lettbeint og humørfylt karakterrepertoar – ikkje heilt ulikt det me møter i romanen Saman er ein mindre aleine. Ho skildrar livet utanfor den franske metropolen, og ein vert snøgt forført av hennar velformulerte forteljing om musikken, stemninga og karakterane. Midt oppi dette står venskapen mellom syskena fram som eit pusterom frå eit daglegliv som me skjønar er prega av låg sjølvtillit, einsemd, anstrengde familieband og ikkje minst den tilsynelatande vellukka Lola sin opprivande skilsmisse. For ei stund legg dei bak seg tankane om barn og familie, kjærleikssakn og skilsmissesorg og kvardagens styr og gudveitkva for på eit vis å nyte barndomen att.
..........Det lukkast Anna G nok ein gong å skildre ei underfundig sinnsstemming som har i seg både melankoli og glede på same tid. Utan noko meir til eller frå tek ho oss med inn i ei lita boble i livet til dei fire, og her meiner eg boka definitivt hadde stått seg på å vere meir utfyllande og grundig. Historia er kort og fort gjort - men så er det kanskje eit sjølvstendig poeng å vise at denne befriande bobla er nettopp det; kort. Og me hadde jo unt dei mykje meir slik tid i lag... 
..........Tove Bakke si omsetjing til nynorsk utmerkar seg som vanleg med spenstige og til dels frekke språkbilete. Jaudå, visst er dette sjarmerande fransk landsbygdunderhaldning, komplettert med bygdeoriginalar og fest-på-lokalet-moro, men i motsetnad til ein del av litteraturkritikarane sine tilrådingar rår eg i all enkelheit alle leseglade til å spandere nokre kveldar med Ein vakker dag på nattbordet.

2 kommentarer:

  1. Vet du, Ole Inge, selv om jeg er litt ambivalent til Anna Gavalda fikk jeg lyst til å lese denen boka etter å ha lest meldinga di! Flott!

    SvarSlett
  2. Det skal noko til å fylgje opp suksessar som Saman er ein mindre aleine, og nett det ser eg at mange kritikarar peikar på òg. Men så er Ein vakker dag gjort unna på ein blunk, så ho legg i alle høve ikkje beslag på så mykje av lesetida di. Viss du er ute etter ei underhaldande og samstundes lett livsreflekterande sommarbok, trur eg trygt du kan gje deg i kast med ho. I Frankrike toppa boka bestselgjarlistene før ho var ute i bokhandelen og ho selde over ein halv million eksemplar berre på nokre dagar, så Anna G har i alle fall heimepublikum med seg. Du får leggje att eit terningkast når du er igjennom!

    SvarSlett