Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

torsdag 19. august 2010

Kvifor flyttar nordmenn?

Det er ikkje ferie utan at det vert diskusjonar om eitt og hitt, gjerne i seine kveldstimar, og sjølvsagt hamnar ein uti dei mest interessante diskusjonane når ein er avskoren frå å sjekke fakta på internett. Difor ei kort oppsummering av sak 19 her no. Nordmenn sin flyttemotivasjon, og i kva grad flytting vert utløyst av behovet for å skaffe seg jobb, kom brått på saklista her ein kveld. Mange meiningar likeså. Er arbeidsmarknaden mest avgjerande, eller vel nordmenn bustad ut frå kva slags liv me vel å leve, til dømes i nærleik til naturen og familien og med ei aktiv deltaking i lokalmiljøet som viktig ingrediens?
..........Norsk institutt for by- og regionsforsking (NIBR) la ved inngangen til 2009 fram ei bu- og flyttemotivundersøking (det var ho eg så gjerne ville ha googla fram frå nettet, for eg vakla i hovudkonklusjonane her...). Undersøkinga gav ny kunnskap om kva for motiv som ligg bak avgjerder om flytting og busetjing. Den førre store flyttemotivundersøkinga vart utført i 1972, og sidan den gongen har samfunnet gått gjennom store endringar som pregar svara i den nye undersøkinga. Bu- og flyttemotiva er i rapporten grupperte i seks hovudkategoriar; utdanning, arbeid, bustad, helse, familie og stad- og miljøfaktorar.
..........Ein markert skilnad frå 1972 er at arbeidsmotivet no er langt mindre dominerande som avgjerdsfaktor, medan familie og stad– og miljøfaktorane vert vektlagt i større grad. Årsakene til dette kan vere fleire: Valfridomen på arbeidsmarknaden har auka og ulike typar arbeid finst fleire stader no. Større aksept for å pendle langt og det at ein større del av innbyggjarane bur i sentrale strok gjer også at mange ikkje treng flytte ved skifte av arbeid. Ein generelt god arbeidsmarknadssituasjon gjer at folk kan leggje vekt på andre motiv for val av bustad. Arbeidsmotiva trer såleis særleg fram når relevant arbeid ikkje er tilgjengeleg over alt. Mange små arbeidsmarknader i Nord-Noreg og i noka grad på Vestlandet kan difor forklare kvifor arbeidsmotivet er meir dominerande ved flytting her. Arbeidsmotivet er også tydeleg i flyttinga frå utkantregionar til små og mellomstore byregionar, og kan innebere at færre tilbod om arbeid gjer at folk må flytte til nærliggande byområde for å få seg jobb.
..........Stad- og miljømotiva er særleg sterke ved flytting i desentraliserande retning, til utkantområda, og opptrer ofte i kombinasjon med familiemotiva. Innanfor denne hovudgruppa ligg fleire faktorar. Det gjeld til dømes tilgang til varer og tenester, kultur og fritidssyslar, kommunikasjonar og avstandsulemper og fysiske og sosiale tilhøve ved nærmiljøet. Og: kjensla av å høyre til på ein stad. Særleg det å høyre til, og fysiske og sosiale tilhøve ved nærmiljøet, er kvalitetar som trekkjer oss i desentraliserande retning. Kombinasjonen av bustad- og arbeidsmotiva som ligg i utnyttinga av ressursane knytte til fast eigedom er viktig for flytting til utkantområda. For flytting frå storbyar til periferiregionar er også eit anna arbeidsmotiv viktig: Forklaringa på dette kan vere den relativt store delen av høgt utdanna frå dei store byane som bur og arbeider ein kortare periode i eit utkantområde. I stad- og miljømotiva kjem også det ein reknar for urbanitet inn. Desse faktorane ser ut til å vere lite vektlagde ved flytting i sentraliserande retning. Arbeidsmotivet står klart sterkare enn urbanitet ved flytting til storbyane.
..........Flyttemotivundersøkinga syner altså at individuelle preferansar er viktigare ved val av bustad no enn tidlegare. Val av bustad har stor innverknad på kva slags liv ein vel å leve. Mange føretrekkjer det rike tilbodet av tenester i storbyane, kulturelle opplevingar og varierte arbeidsplassar. Andre vil gjerne bu på ein mindre stad der dei har nærleik til naturen og familien, og kan delta aktivt i lokalmiljøet. Dette er på mange måtar også eit verdival, og for mange handlar desse vala om kva som passar best i ulike livsfasar. Dei aller fleste flyttingane skjer i åra mellom 18–35 år. I byrjinga av denne aldersperioden flyttar mange unge til storbyar for å ta utdanning eller arbeid. Mange vert buande, men over halvparten av dei som flyttar til storbyane, flyttar før eller seinare ut igjen. Denne flyttinga skjer gjerne i samband med familieetablering. Ein faktor som også påverkar sentraliseringa, er at ungdomstida har vorte lengre dei seinare tiåra! Folk nyttar lengre tid på å fullføre utdanninga og etablere seg med familie. Dette fører til at den tida folk bur i storbyane, har vorte tilsvarande lengre. So seier iallefall utgreiinga.

5 kommentarer:

  1. Ryddig oppsummering der, Ole Inge!

    Oppslag i Dagbladet etter ny undersøkelse sier videre at bare én av tre arbeidssøkere kunne tenke seg å flytte til et annet sted på grunn av jobben:

    http://www.dagbladet.no/2010/08/23/tema/jobb_og_utdanning/arbeidsliv/13080313/

    Og som Nordberg sier er jo det et sunnhetstegn: "Det er et sunnhetstegn i det norske samfunnet at mange ikke bare tenker karriere. Leser du intervjuer med næringslivsfolk, har de alltid dårlig samvittighet for alle familieforsakelsene de har gjort. Det de egentlig sier er jo at prioriteringen bør ligge et annet sted enn bare på jobben. Når mange nordmenn oppgir at de ønsker å prioritere familie og fritid, er det et positivt tegn på at velferds-Norge fungerer".

    SvarSlett
  2. Når alle bur i byane kan dei velje?
    Ja, det er jo bra om folk i større grad no har høve til å bu der dei vil fordi det finst jobb der eller fordi dei kan reise til jobben. Men korleis betyr dette at flytting er meir prega av individuelle val no enn før? Jo, eg er med på at før gjorde dei strukturelle forholda i form av arbeidsmarknad at ein gjerne måtte flytte for å ha jobb, mens i dag er marknaden meir variert. Men dette er vel også pga. at langt fleire av oss bur i byar i dag. Slik sett legg strukturen også i dag premiss. Difor kan andre omsyn telle meir. Ulike typer jobbmoglegheiter er der. Denne fridomen er mindre i N-N og på Vestlandet, skriv du. Og gløm ikkje at dei fleste ungdommer må flytte på seg for å få utdanning. Det er jo sunt å sjå andre stader osb, men det vil også vere med på å gjere det vanskelegare å få dei tilbake. Staten har søkt å demme litt for mot marknaden her ved å etablere Høgskuler i distrikta, men marknadssystemet, som verker sentraliserande, er styringsinstrumentet der også. Pengane føl studentane og då får Høgskulane i byane utnytte stordriftsfordelane i rikt mon! Ikkje rart at det vert attrativt å studere i byane då! Strukturen legg premiss for dei individuelle vala!
    Eivind

    SvarSlett
  3. For et par år sia hørte jeg Victor Norman i jobbsammenheng, og han drog en anna konklusjon. De hadde sjekka en del tidligere NHH-studenter som bodde i Oslo-området hvorfor de bodde der, og svaret var nesten entydig "jobb", svært lite "familie" og "kultur". Han hadde også statistikk som viste at over tid har f.eks. Bergensområdet vokst, men resten av Hordaland minker mer. Likeens har Lillehammer vokst, men Gudbrandsdalen minker mer. Kun Osloregionen vokser.

    Ut fra bl.a dette er hans tese at framtidig bosettingsmønster vil bli styrt av hvor høyt utdanna personell vil arbeide. Og de vil velge steder der det er interessante stillinger til 2 stk, og helst flere interessante stillinger da de ved etablering ser for seg at de skal skifte jobb i løpet av karrieren. I dag mener han at bare Osloregionen tilfredsstiller dette kravet, og han ivrer for infrastrukturutbygging Bergen-Stavanger for å gjøre det området til motpol mot Osloregionen og den sentraliseringa som skjer der.

    Han mente også at alle steder i Norge tilfredsstilte kravet om friluftsliv, du har nærområder utenfor døra og større områder i akseptabel avstand for helgeturer. Kafeer etc. fins etter hvert også de fleste steder. Dette gjør også at jobbmuligheter blir svært viktig ved valg av bosted.

    Jeg er opprinnelig fra bygda, og skryter til mange om hvor fint det er å bo i ei lita bygd. Gode oppvekstvilkår og turmuligheter og små forhold. Etter å ha hørt på Norman tenkte jeg over om dette var nok, men kom til at sannsynligvis ville jeg ikke bodd her om jeg ikke hadde hatt en interessant jobb. Så kanskje han har en del rett?

    SvarSlett
  4. Takk for reflekterte og nyttige kommentarar, gode bloggarar. Eit spørsmål som melder seg, er om flyttemotivundersøkinga er til hjelp i utforminga av distrikts- og regionalpolitikken her til lands. Arbeidsmotivet er altså langt mindre dominerande som avgjerdsfaktor no enn før, men UTAN arbeids- og karrieremoglegheiter i utkantane, fell betydninga av andre motivasjonsfaktorar monaleg. Er det ikkje ein variert og god arbeidsmarknad til stades, vert betydninga av stadattraktivitetar som tilgjenge til varer og tenester, gode kommunikasjonar, trygge nærmiljø, god plass, rein luft og fri natur og trafikksikre omgjevnader langt mindre. Og sjølve bustadmarknaden sin innverknad ligg ein stad mellom arbeid og desse såkalla attraktivitetsfaktorane. Slik kunnskap er eit godt utgangspunkt for politiske beslutningsprosessar, skulle ein tru, mellom anna knytte til etableringa av offentlege arbeidsplassar i rurale strok, ein aktiv næringspolitikk knytt til utkantane og ein kreativ bustadpolitikk for nyetablerarar på bygda og i bygdebyane (og her har jo for så vidt nemnde Victor Norman synt ambisjonar, det skal han ha…).

    Og ein ting er resultata frå ei stor undersøking som denne, ein annan er dei individuelle historiene. Tradisjonell flytteforsking har vore prega av strukturelle perspektiv, der mange har vore opptekne av å produsere statistiske beskrivelsar av flyttestraumane. Forklaringsmodellane har gjerne vore knytte til arbeidsmarknad og strukturendringar innan industri-, landbruks- og fiskerinæringane. Desse perspektiva har dei siste 15 åra vorte utfordra gjennom ei auka interesse for meir aktør- og meiningsorienterte perspektiv innan flytte- og distriktsforskinga. Nyare forskingsbidrag ser gjerne på korleis flyttarane sjølve presenterer sine bustadval. Flytting skjer som oftast ikkje spontant, og dei som flyttar har ofte særs klare tankar om kvar og korleis dei kan leve det gode liv. I tillegg har flytting TIL distrikta no fått langt større merksemd – i staden for at det utelukkande vert sett på sentraliseringsmotivasjonane. Det syner seg jamvel at tilflyttarane til distrikta har det mest bevisste og gjennomtenkte forholdet til sitt bustadval. Dei representerer difor eit godt utgangspunkt for å formidle dei gode historiene frå livet på bygda.

    Eg kan elles tilrå intervjuet med Mai Camilla Munkejord (s.46-49) i magasinet Flyt, som tek opp det å flytte "motstraums" på ein måte eg heilt klart kjenner att.

    SvarSlett
  5. Temaet flyttemotivasjon er hyppig å finne både i forsking og media om dagen. Dagens Næringsliv sine nettsider publiserte 02.09.2010 ein artikkel som syner til at nordmenn flyttar fordi dei ynskjer det – ikkje fordi dei må. Artikkelen finn du her (og fleire lenkjer er å finne til slutt i artikkelen). Også her vert det innleiingsvis slege fast at folk sjølvsagt treng arbeid, men at jobben sjeldan er det viktigaste når folk bestemmer seg for kvar dei vil bu og leve.
    Fleire spørjegranskingar dei siste åra har synt at folk ynskjer å flytte til mindre stader, men i røynda er det relativt få som faktisk gjer det, sa Nationen for nokre dagar sidan. Og ei gransking frå Nordisk Ministerråd syner at fire av fem i dei nordiske landa som flyttar, gjer det fordi dei vil, ikkje fordi dei må. Forskar Mariann Villa ved Bygdeforskning i Trondheim hevdar at ved flytting er ofte jobben noko av det siste som faktisk fell på plass. Folk veit kvar dei vil bu, kvar dei ynskjer jobb og kven dei vil vere saman med – og dei flyttar når jobben dukkar opp, seier ho.
    Gro Marit Grimsrud ved Østlandsforskning har funne at vener, nettverk og det ho kallar ”likesinnede miljøer” er med og freistar ein potensiell tilflyttar eller tilbakeflyttar til å ta steget. Ho held likevel fram med å hevde at sidan stadig fleire veks opp i sentrale strøk, vert det tilsvarande færre grunnar til å flytte attende til område med spreidd busetnad. Samstundes vert det stadig fleire som kan busetje seg der dei vaks opp; nettopp fordi dei har vakse opp i sentrale strok. Til ettertanke, i grunnen.

    SvarSlett