Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

tysdag 5. mai 2009

Champions League

Tysdag kveld. Dommaren set i gang kampen på Emirates Stadium i London. I stova er me klare for kveldens returoppgjer i semien, og det slær meg at det er min tur til å støvsuge popcorn frå sofaen etter bataljen. Manchester United vann fyrste semifinalekampen heime på Old Trafford 1-0. Media har analysert forma til samtlege spelarar og nærast predikert alle tenkjelege scenario etter matchen for ei veke sidan. Siste halvtimen før avspark har det sige på med tilskodarar frå grannelaget. Ei gjensidig oppdatering på skadesituasjonen og aktuelle lagformasjonar, og ei rekkje framlegg til kva som no bør vere laga sine strategiar, utgjer støyen.
..........Arsenal startar best. -Typisk, kjem det frå eine sakkosekken, -men dei slit med å bryte forsvarsmuren til serieleiaren frå nordvest. Etter dryge åtte minuttar kjem portugisaren Cristiano Ronaldo rundt på kanten for United. Innlegget er hardt. Når den unge Arsenalbacken Kieran Gibbs er uheldig og sklir, dundrar J. Sung Park United i leiinga. Yngstemann, no halvt ståande i sofaen, halvt hengjande på skuldra mi, oppfattar pronto at United akkurat har fått det viktige bortemålet som ein av naboane håpa så sterkt på. -Jepp, eit kvart uavgjortresultat vil no sende mænju vidare! -Samanlagt står det 2-0, og Arsenal må skåre tre, forklarer grannen frå sakkoen. -Så dette er bortemålsregelen, altså, slær ein annan fjerdeklassing fast.

Snaue tre minuttar seinare får United frispark på om lag tjuefem meter. Skrått hald. Ronaldo tek sine faste fem steg bakover frå der ballen er lagt til rette, stiller seg breibeint for å finne optimal balanse, set god fart og regelrett bankar ballen i mål. Sjølv om det kan setjast eit spørjeteikn ved målmannen Almunia der, er prestasjonen så stor at to kommentatorar og tre mann i studio pratar i munnen på kvarandre, og på oss, i fleire minuttar. Stemninga er god. Eg tenkjer at dette er uendeleg mykje betre enn å stå trongt på Andys Pub i Oslo og fylgje europacupen på storskjerm. Nittitalets soundtrack. Kjekt med Rosenborg og alt det der, jadå, og det vart mykje som skulle feirast. Ikkje like kjekt med Brann alltid. Der vart det suter som måtte døyvast. Gjerne same stad som der RBK vart feira.
..........Åtte- og niåringane tykkjer tida flyg altfor fort. Den italienske dommaren Roberto Rosetti blæs laga inn til pause, og karane innser at dei er henta inn av Avtalen. For pause betyr leggjetid, og litt romslegare plass i sofaar og sakkosekkar for resten. Dette med romslegare plass varer forresten ikkje lenge, for fjorten og femtenåringane dukkar brått opp – ferdige med kveldens fellestrening. Vaktskifte, på eit vis. Og kunnskapen om aktuelle overgangar, spelarkjøp og spelarane sine ferskaste fest-og-damer-på-byn-historiar vert monaleg heva i stova.
..........Arsenal stangar og manager Arsene Wenger gnir seg hardt i andletet. United-sjef Sir Alex Ferguson tygg tyggis (nokon veit at det brukar gå med fire tyggispakker i snitt per kamp) og ser coool ut. Når Ronaldo (verdas desidert beste fotballspelar, meiner fleire), etter vel seksti minuttar hælsparkar til Park, som slær ein glimrande (-sinnsjuk!) pasning motsett til Wayne Rooney, som i sin tur legg inn att til Ronaldo som kjem i fullt firsprang og punkterer kampen med eit sikkert skot i lengste hjørnet, byrjar heimepublikumet på Emirates å tusle heim. Med eit drygt kvarter att av kampen får Arsenal straffe. Den trufaste United-slitaren Darren Fletcher får feilaktig det raude kortet, og må stå over neste kamp. Det faktum at neste kamp er CL-finalen i Roma 27. mai skaper kollektiv irritasjon. – Ufortent, mann, *x#¤!
..........I stova held me ut til alle høgdepunkta er synte om att fire-fem gonger, alle dei viktige intervjua er unnagjorte og programleiar Jan Åge Fjørtoft har understreka at det alt i morgon kveld er returkamp i den andre semifinalen mellom Chelsea og Barcelona. Nokon må handle popcorn og nye støvsugarposar…

2 kommentarer:

  1. Som ikke akkurat ihuga united-supporter gikk jo ikke dette slik jeg hadde håpa. Får håpe Arsenal tar revansj i serien , slik at et anna lag kanskje kan vinne der...
    Jeg kom hjem til kampen litt ut i andre omgang, og må motvillig innrømme at tredjescoringa var riktig lekker.

    SvarSlett
  2. Takk for raus kommentar. Livet har lært meg at det er skummelt å hovere i medgang. Det gjeld i grunnen på mange plan. Og sjølv lag som Manchester United, Arsenal og Liverpool må finne seg i nedturar - og då lyt ein fint vere med på dei òg! Me som har køyrt heis mellom divisjonane i lag med Sportsklubben Brann (og Sogndal, for den del) veit kva me talar om der, gitt... No er Man.Utd. i flytsona så det held, og både Premier League og Champions League er pinadø innan rekkevidde. Slikt er sjølvsagt kjekt. Vonar både du og skisonen inntek stova 27. mai kl. 20.00, for då er det ope hus her. Merk: Nøytrale tilskodarar får låne raude skjerf ved inngangen.

    SvarSlett