Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

tysdag 28. april 2009

Kondis

Meir enn 12.000 Kondismedlemar mottok i går Kondis nr. 3-2009 i postkassa. Som framsida indikerer, har bladet omfattande dekking av Birkebeinarrennet. Mellom anna er det intervju med årets vinnar, Jerry Ahrlin. Det er også med ein fyldig rapport frå ein debutant av året. Fylgjande bilettekst står å lese under biletet av ein noko forkomen debutant på veg over Dæhliehaugen (etter om lag 53,5 km.!): Ole I. Gjerald er frå Leikanger i Sogn og Fjordane og går for Syril IL. Den ski- og skriveglade 37-åringen skildrar korleis han opplevde sitt første forsøk på å klare merket i Birken. Biletet er om lag dobbelt så stort som det freshe biletet av vinnar Hilde Gjermundshaug Pedersen på same sida, og det er vel æh, heilt på sin plass...
..........Kondis drøftar elles påstanden som vart framsett i programmet Puls på NRK1 om at birkebeinarar trenar seg hjartesjuke. Er dette verkeleg tilfelle? Artikkelen vert å dele ut til nye og gamle birkebeinarar på fyrste fellestreninga over sommarferien, for me satsar på å ha alle med også i 2010!
..........Bladet har ikkje mindre enn 12 treningssider med alt frå treningsprogram til haustens maratonløp til tips om korleis skiløparar kan fikse overgangen frå skisesong til barmarkssesong. Lærerike artiklar om oppvarming, uttøying og nedjogging er også med. Fyldige reportasjar frå Holmenkollen Skimaraton, La Transjurasienne og Flandern Rundt høyrer med, og endå er det mykje som ikkje er nemnt. Er du ein av dei som ikkje får Kondis gjennom postgangen, er det fullt mogleg å gjere noko med det her!

5 kommentarer:

  1. Nydeleg artikkel i Kondis! Reknar med du publiserer ei sak med tittelen "min første maraton" i løpet av året?
    :)

    SvarSlett
  2. Fann Kondis i postkassa etter ein lang jobbdag. Flott lesnad på heidersplassen i bladet; side 4 og 5! Reportasjekunst, hehe, eller feature som det heiter på fint.

    SvarSlett
  3. Maraton kan anbefales for birkebeinere! Men jeg sier meg enig med "CL" som skriver på nettforum i Kondis og som sist helg debuterte på helmaraton (sprang Rett vest i Florø). Dette er en tøff maraton, og erfaringene er at det er stor forskjell på halv og helmaraton. Hadde selv et treningsgrunnlag som var i svakeste laget, med et snitt på knappe 30 km i uka, da jeg begynte. Fikk det noe så inn i h... i låra etter halvgått løp. Treningsgrunnlaget til merketakerne i Birken er gjerne bra. Du vil nok ha glede av den maratondebuten utpå høsten en gang. Og så får du skrive om turen i Kondis!

    SvarSlett
  4. Det var då veldig til snakk om maratonspringing her… Hm, skal eg vere heilt ærleg, så har tanken alt meldt seg i høve (ein dag!) å gjennomføre ein heilmaraton. Og eg tek gjerne i mot tips til kva for ein her til lands som er rekna for å vere av det lettare slaget. Snakkar me då om eit løp med relativt lite samla stigning? Like eins er gode treningstips for lange løp nyttige! No er det i og for seg så mangt som melder seg av interesser; særleg padling og sykling er fenomen eg tenkjer stadig oftare på, merkar eg. Slik er det berre. Takk i alle høve for fine tilbakemeldingar på Kondisartikkelen. Set jo veldig stor pris på denslags, veit de!

    SvarSlett
  5. Fint å få Kondis i postkassa og kunne få ei oppfrisking av din fine beskrivelse av Birken, oppsprita med bilder. I tillegg til beskrivelsen av selve skirennet har Kondisleserne fått et lite innblikk i det fine opplegget vi Systrendinger har rundt Birken, takket være først og fremst hovedarrangører Nils og Lars Magnar.
    Når det gjelder maraton kan jeg skrive under på at det er stor forskjell på halv- og helmaraton. En fyr sa en gang at halvmaraton mer var en dobbel 10 km enn en halv maraton, og gtror det er mye rett i det. I den tida jeg var idrettsmann fullførte jeg ca. 10 løp på distanser rundt halvmaraton, stort sett i noenlunde fin stil. Har derimot 2 forsøk på helmaraton fra samme perioden, og står med en pers på 28 km. Regner med at den dessverre blir stående. Utskeielser på beina bør nok heretter for en stor del foregå på mjukere underlag eller i motbakke.
    Tidligere ble Drammen regna som en rask maraton, hvordan det ligger an nå kan sikkert Jon H borte på Dalen informere om, han har vært gjennom en del...

    SvarSlett