Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

tysdag 25. august 2009

Barcelona

Augustmorgon. Sola gjer seg klar til å trengja gjennom den linne morgondisen. Skal ein sommarbleik nordmann trena her nede på denne tida av året, er det no eller aldri. Dei seine, mørke sommarkveldane er så varme etter dagar med blank sol, og skrotten er så heit etter både by- og strandliv, så trening freistar ikkje då. Den betre halvdelen er klar alt, ja nesten litt rastlaus etter å koma i gang. Sjølv skal eg berre finna minibykartet og bretta det slik at det ligg fint i neven på turen. Klare.
..........Treningsturen går føre seg med dei lettaste joggeskorne, den tynnaste trøya og den kortaste shortsen som er med. Fyrste etappe går frå hotellet, som ligg ved den langstrekte stranda eit stykke forbi Parc del Poble Nou, opp til Gaudikatedralen La Sagrada Familia.
..........
Knappe tjuefem minuttar seinare står me midt i den vesle parken på austsida av bygninga og knipsar mobiltelefonbilete. Så tidleg på morgonen er det særs få turistar her, og det er fint å stogga litt for verkeleg å studera arkitekturen. Kunsten. Historia. Fantastisk å studera han frå alle kantar i ro og mak i morgonljoset!
..........Neste mål er ein snart 900 år gamal katedral; Katedralen ved havet. Me byrjar bli kjende i byen etter fleire slike morgonturar, men må finlesa kartet for å finna den litt meir smålåtne kyrkja. Nyfikne joggar me nedover gjennom Arc de Triomf, triumfbogen, til Parc de la Ciutadella. Forbi Museo Picasso. Brått ser me skiltet på veggen som fortel at me står på baksida av Església de Santa Maria del Mar. Kartet har losa oss inn i stadig trongare gater, og eg tvilte ei kort stund på om me faktisk var på rett veg... Men her er han altså.
..........Fort å bli heilfrelst på akkurat denne bygninga etter å ha lese romanen 'Havets katedral' av Ildefonso Falcones. Handlinga gjev eit levande bilete av Barcelona si stordomstid som livleg sjøfartsby prega av store sosiale skilnader og kampen om materiell rikdom. Ei gripande historie om ukueleg fridomstrong. Og sjølvsagt grenselaus kjærleik. I dag er Barcelona hovudstaden i regionen Catalonia. Byen har om lag 1,6 millionar innbyggarar, medan Stor-Barcelona til saman har over 5 millionar. Dette utgjer rundt 70 % av Catalonia si befolkning.
..........Dørene er opne, og berre nokre få personar er inne i den svale katedralen så tidleg. Mange raude ljos er tende. Lukta av smelta stearin forsterkar den høgtidlege stemninga, og det er heilt stilt der me treningssveitte ruslar ein rundtur inne i katedralen. Tida står på eit vis stille i slike stunder. Det er her og no som gjeld. Intervalldrag i Henjadalen, turar til Raudmålsgrinda, birkebeinargjengen og motbakkeløparar, ja norsk valkamp og heile pakka for den del, kjennest utruleg fjernt.
..........Ein annleis treningsrunde vert avslutta med tjue nye minuttar roleg jogging på strandpromenaden attende til hotellet. Byen har vakna. Og sola er for lengst heilt gjennom.

2 kommentarer:

  1. Kombinasjonen trimtur og kultur/bysynfaring er en god ide. Jeg testa det ut i Paris i vår, var mindre heldig i Tallinn tidligere på vinteren. Kanskje det blir nye forsøk i Krakow/Berlin om en snau måned sammen med din bedre halvdel og andre spreke systrondsfolk?

    SvarSlett
  2. Ja, eg tykkjer det er veldig kjekt å oppsøkje ulike turistmål til fots - og ikkje berre dukke opp til dei frå metroen. Eg er litt uviss på kvifor det er slik, men eg opplever at eg får ein tettare nærleik til dei ulike landemerka og bygningane då. Hugsar i grunnen turane til og frå like godt som sjølve attraksjonane, og får på eit vis plassert dei inn i ein lokal kontekst.
    Det høyrest ut som ein særs god idé å teste ut Krakow og Berlin på same viset om ein månads tid, ja. Tek gjerne imot ei biletmelding og to då!

    SvarSlett