Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

søndag 9. august 2009

Buff Fanaråken Opp 2009

..........
Fanaråkhytta 08.08.2009. Fire slitne Syril-karar endeleg på toppen: ein bergensar og ein nordfjording flankert av to blide vossingar. Alle tungt sponsa av Powerade.
..........
Motbakkeløp. Berre ordet skulle i utgangspunktet gjere at ein held seg langt borte. Men trass nerver i høgspenn, steile motbakkar og eit beinhardt felt, vart dette i grunnen ei ny og interessant erfaring. Buff Fanaråken Opp gjekk føre seg på laurdag, og om lag 400 løparar stilte i konkurranseklassane. Fanaråkhytta (2068 moh.) er den høgastliggjande turisthytta i Nord-Europa og eit særs populært turmål. I helga var altså den vakre turstien frå Turtagrø (884 moh.) til toppen av Fanaråken arena for den største folkefesten så høgt til fjells i Noreg i år. Så langt.
..........Løypa er krevjande saker. 700 meter på asfalt i dei fyrste stigningane opp frå Turtagrø Hotell vert etterfulgt av om lag 3,5 km. på grusveg inn Helgedalen. Deretter startar motbakkane opp mot toppen. Restaureringa av den historiske stien frå Helgedalen opp til Fanaråkhytta er utførd av sherpaene Dawa og Taphen frå Nepal. Dei er ekspertar på å byggje stiar med berre hendene. Resultatet er store utbetringar særleg på fyrste delen av stien i Steindalen.
...........Me var sånn nokonlunde samla rundt fyrste drikkestoggen inst i Helgedalen, alle fire. Med Torunn, merkesetjaren, ikkje langt bak. Derifrå og opp handla turen for min del om å finne ryggar med passeleg fart. Finne einkvan å hengje seg på, få kontroll på farten og forsere når sjansen baud seg. No fekk liksom kvar og ein tenkje på seg sjølv. Ei blanding av skigang og freistnadar på springing i dei lettare partia oppover enda til slutt i eit realt spurtoppgjer - rett nok godt i overkant av 20 minuttar etter at dei to kenyanarane Richard Bartale og Henry Kiplagat passerte målseglet...
..........Turen nedatt handla om å diskutere treningsprinsipp og -metodar for oss som (berre) kjem oss ut på treningstur 3 gonger i veka. Det vart òg mykje snakk om motbakkeløpet Skåla Rett Opp som går føre seg i Loen neste helg. God tur til dei som stiller til start der!

2 kommentarer:

  1. Meget bra innsats av samtlege i Syriltroppen. Kjekt å sjå at Langrennaren nytta høvet til ei bratt kvalitetsøkt fram mot vinterens store mål.

    Haugtussen har tydeleg trent smart i ferien og fekk eit endå sterkare favorittstempel framfor duellen med Bokbindaren i Skåla opp!

    Eg legg inn resultat på lauget i morgon.

    SvarSlett
  2. Såg òg at det gjekk bra med gutta på Skåla Rett opp i helga. Gratulerer med bra løp til Syril IL sine representantar! Haugtussen er rett og slett i knallform om dagen, og no vert det nytt verandamøte for å diskutere lure treningstips fram mot neste sesong. Har alt avtala med PO.

    Når det gjeld Fanaråken Opp vil eg fyrst av alt rose arrangøren for eit strålande arrangement. Eg kjem garantert tilbake! Dryge 8 km med utruleg flott sti, god merking for å unngå unødig slitasje på utsett vegetasjon og vakter i kvar ein sving (og dei er det som kjent mange av oppover).

    SvarSlett