Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

fredag 2. oktober 2009

Snø på mars

DumDum Boys er ikkje berre eit rockeband; dei er rett og slett ei eiga musikalsk retning. Bandet starta opp i 1979 under namnet Wannskrækk, og var i byrjinga eit reinspikka punkband. I 1988 gav dei ut si fyrste plate som DumDum Boys: Blodig Alvor (NaNaNaNa). Alt året etter kom det store gjennombrotet med Splitter Pine-albumet, og i 1990 stod bandet for delar av filmmusikken til Ingvar Ambjørnsen-suksessen på kino, Døden på Oslo S. Pstereo-plata kom same året ut spekka med melodiøse rockelåtar perfekt tilpassa ei übersosial og heilag russetid. Spelemannprisane hagla.
..........
Og gruppa har verkeleg halde koken, for jamen er det ikkje DumDum Boys som fyrst dukkar opp i hovudet når eg tenkjer attende på livet i forsvaret òg. Ikkje for å snakke om konsertlivet undervegs i ein drøss med intense semester på Blindern. Og kven andre enn DumDum Boys blas hovudteltet nærast overende med ein villstyring av ein konsert under Ekstremsportveko på Voss i 2006? Kjartan og Prepple sin evigunge kreativitet er imponerande. Bandet har denne veka, nok ein gong, synt at dei har visjonar og ambisjonar. Dei held med nysingelen Snø på mars fram i eit drivande, litt rufsete, men aller mest melodiøst, lydbilete. Dette er lett fordøyeleg, gitartungt og haustsentimentalt på same tid. Eit herleg arrangement.
..........Medan Gravitasjon-plata frå 2006 var ei botnsolid rockeplate, peikar den nye singelen lenger attende, tykkjer eg. Songen låner stemning og uttrykk frå Pstereotida, og eg får assosiasjonar til godlåtar som Englefjes, Blind og Tusen etasjer høi.

Dette vert ein DumDum-klassikar som garantert vil gje massiv allsong på konsertar framover – og som skal pushe meg opp seige padlebakkar på turt sandpapirskiføre i Orradalen. Viss Snø på mars berre er litt representativ for den komande plata frå Aslak, Sola, Prepple og Kjartan, er det grunn til å skru opp forventningane. Brått var hanskerommet fylt opp med gamle DumDum-plater att. Hah, sjå opp for plateslepp i november - nedteljinga er i gang!

4 kommentarer:

  1. Er klar for nye Dum Dum hitar, men ikkje på trening i det fri. :D Til styrke- og rulletrening i garasjen trengs det ikkje anna musikk.

    SvarSlett
  2. Etter haustferien startar vel styrketreninga for alle i alderen 7 til 70 opp att, og då er det på sin plass med hårete musikk på høgt volum! Kjem an på om me må ordne ei alternativt 30x30-plate, då - slik at Tamberen sin SATS-inspirerte cd i blant kan få avløysing? Memememememetallic Hviiit!

    SvarSlett
  3. Blir steikjande moro med ny DumDum-plate til hausten (potensiell bursdagspresang). "Snø på mars" gav umiddelbart "godfot", og sjølv om eg er einig i at vi høyrer mykje av "Pstereo" her, så er det interessant å høyre at dei har hengt eit "stryker-bakteppe" på denne nye låten, noko eg ikkje kan hugse å ha høyrt før (?). Eg meiner gutta frå tid til anna har vist at dei kan å tenkje nytt og likevel levert gode produksjoner, men det er heilt greitt dersom den nye plata likner på Pstereo, som var ei kanonplate :-) Eg høyrer mykje på den musikken som vart produsert på 70-talet, som eg tykkjer høyrer til gullalderen når det gjeld musikk. Mykje av det som vart produsert då står framleis som ein "påla" etter mi og mange andre si meining. Når det er sagt, så trur eg at mykje av det som "DumDum Boys" har laga også kan takast fram om 20-30 år og gi yngre lyttarar "godfoten". Sidan du skriv litt om historien til gutane, så får eg bidra med mitt og fortelje at band-namnet kjem frå ein låt (nr. 6) på plata "the Idiot" som Iggy Pop gav ut i 1976 (prod. av David Bowie). Låten heiter enkelt og greit "DumDum Boys", etter teksten å døma ikkje nokon sundagsskule-gjeng det heller. Gleder meg til november!

    SvarSlett
  4. Takk for interessant og informativ kommentar! Får umiddelbart eit flashback til mai 2006 og Bergenfest når eg les avslutninga på kommentaren din. Iggy Pop og The Stooges i Bergenshallen svinga, gitt – og det same gjorde no oppvarmingskonserten med Kaizers Orchestra! Som vanleg med Iggy var det full spikar frå fyrste akkord, og det var ikkje fattig på hendingar undervegs heller: Før halvtimen var gått, meiner eg Iggy hadde greidd å knekke mikrofonstativet, stagediva ut i publikum fleire gonger og invitert 10-15 fans, minst, opp på scena... No har ikkje eg ei fullt så god oversikt over 70-talsmusikken som du har, men det som eg kjenner sånn brukandes til er jo særs tøffe saker. Eg kan her og no røpe at eg ynskjer meg ei nybrend cd-plate med gylne 70-talsklassikarar frå t.d. David Bowie, John Fogerty og Creedence Clearwater Revival, Jimmy Page og Robert Plant og Led Zeppelin, Ozzy Osbourne og Black Sabbath, Roger Daltrey og Pete Townshend og The Who og gjerne ein dose Deep Purple, AC/DC og Pink Floyd òg, til jol. Puh, det var dei eg kom på i farten. Lurer på kva Finn Bjelke og Sigbjørn Nedland hadde sagt viss dei hadde sett ynskjelista mi...

    SvarSlett