Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

tysdag 13. oktober 2009

Neste episode

Denne bloggposten skulle eigenleg dediserast til dei som enno er fortapte i draumen om sommaren som er forbi. Menneska som, nedtrykte over sola sitt fråvere store deler av seinsommaren, syt og klagar sin naud til alle som giddar høyre på eller berre tilfeldigvis er i nærleiken. I teksten skulle eg be desse folka ryke og reise, ta fart og sykle dit peparen gror eller iallfall bli stumme for ei stund. Med 1800 teikn på plass og siste avsnittet att, ombestemte eg meg. Eg vil jo ikkje be nokon forsvinne i ei sky av røyk berre fordi dei ikkje set pris på Noreg sine fantastiske årstider og det lunefulle veret som nokon av oss rett og slett berre diggar. Eg vil ikkje be dei søkkje ned i eit hòl i jorda og bli der til neste sommar berre fordi eg kvir meg til å høyre dei klage over neste episode òg. Eg bestemte meg heller for å påpeike at det er synd, trist og leitt at dei ikkje greier å setje pris på hausten.
..........For ja, det vert kaldare no. Og ja; piggdekk, isskraping, frosne bildører og beinklaka lås på skiboksen ventar. Og ja; isvinden kjem frå nordvest. Han vil ruske i deg på veg til jobb dei haustmørke og grytidlege morgonane, og han vil tvinge deg til å dra opp glidelåsen og krype litt saman under hetta, inni dunjakka, på veg heim ein sein novemberkveld...
..........Men så vil du kan hende oppdage at seinsommaren si trykkande og klamme atmosfære glir over i ein frisk bris av ny giv òg? Lufta kjennest annleis. Klar og rein. Gløym sommaren sine lukter av regnvått, nyslege gras og blaute lam langs turstiar i vene skogar og fjell. For her kjem lukta av forblåste tre som tviheld på sine siste, raude lauv. Her er lukta av glasklart regn, nyimpregnerte fjellsko, vått hår under hua og glovarm kaffi frå termosen. Gløym sommaren sine lydar av sein skåling på altanen, for her kjem i staden raslinga av lauv, uling i pipa og sluddet si hamring på vindauga medan du sit innanfor og sjekkar e-posten din i fleece. Gløym jamvel sommaren sine turar berrføtt til postkassa dei fine sundagsmorgonane som var, for no er det vinterdyna, ullgenseren og vottane som gjeld. Hausten er for lengst over oss, og om ikkje lenge skin vinteren opp det kjende landskapet me er glade i. Han er alt å sjå på toppane rundt oss, ja, langt ned i liene. Og då dukkar det brått opp nye mål i horisonten. Med snøen kjem dei faktisk farande med sjumilssteg.
         
Ikkje fortvil. Sommaren kjem att, han. Men akkurat no kan du like godt gle deg over den mørkaste årstida, og nyte det gode ved å oppleve hausten i Noreg. Hausten og vinteren vil gje deg mange gode stunder, tru meg, ja, kanskje augneblinkar av pur glede og lukke? Hey, du må berre vere vaken no – og open for å sjå dei.

5 kommentarer:

  1. Takk for hausthyllinga. Han fortener å bli hylla. Eg har sjølv vore ein av dei som har lengta tilbake til sommaren sidan midten av juli, då regnet tok over. Men med slike dagar som vi får no, med kalde og klare morgonar og ettermiddagar, kan vi godt overleve at morgonane kjem litt seint og ettermiddagane litt tidleg.. Hausten i Noreg er vakker. Takk for at vi har årstider.

    SvarSlett
  2. Hausten er fin den!
    -eller som ein gamal røvar i jaktlaget sa;

    hjorten brøler djupast
    når rimet legg seg på ballane

    SvarSlett
  3. Takk for kommentarar. Fekk ikkje sove med det same eg la meg her om kvelden, så eg stod like godt opp att og skreiv ned nokre tankar om versyting og den gode haustkjensla som eg har bore på siste tida. Fekk inspirasjon av ein kortfatta kommentar i studentavisa Under Dusken (NTNU), og valde å skrive om ver og vind i Noreg i staden for å repetere lunsjdiskusjonane om Jagland, Obama, manglande forskingsløyvingar i statsbudsjettet, Soria Moria II, lokal kraftutbyggingsmotstand eller eitt nytt teikn på grisesjuke i Sogn. Reaksjonane denne gongen har faktisk vore prega av at folk tykkjer eg er FOR hard mot versytarane?! Haust er ei trasig årstid, seier enkelte no, og det må vere lov å klage når siste delen av sommaren var så blaut, held dei fram... Vel, dei om det – eg er altså usamd. Meteorologisk er hausten definert som månadane september, oktober og november på den nordlege halvkula, og astronomisk varer hausten frå om lag 7. august til om lag 16. november. Litt att, med andre ord!

    SvarSlett
  4. Ein fantastisk ode til hausten! Ingenting slår ein kald og klar oktoberdag.

    Etter år i utlegd er av ein eller annan grunn lengten mot Voss sterkast i denne årstida. Merkeleg.

    SvarSlett
  5. Nydelige betraktninger. Barføtt posthenting om sommeren er virkelig nydelig - til sin tid. - Om hver årstid har sin sjarm, er nå kanskje høsten likevel aller jevest, etter mitt (jeger)syn. (Statement fra i fjor: http://www.kun.nl.no/no/blogg/jeg_velger_meg.47 )

    SvarSlett