Bjørn Egil Flø og Jostein Vik ved Norsk senter for bygdeforsking har i haust invitert til debatt om bygdeforsking og –utvikling her til lands. I Dagens Næringsliv 01.10.09 fyrer Flø laus mot ’middelklassebygda’ og alle som driv bygdeutvikling for det han kallar ein ’kulturkonsumerande middelklassemarknad’. Flø er, slik eg oppfattar han, særleg kritisk til korleis forskarar diskuterer denne utviklinga, og meiner at både bygdeutviklarar og –forskarar har forlese seg på ’kryptiske postmoderne teoriar’. Forskarane er mindre kritiske til bygdeutviklingsprosjekta dei studerer enn dei burde vere, og for opptekne av kultur som grunnlag for verdiskaping på bygda. Kombinert med ei elitistisk orientering, inneber dette i neste instans at bygdeforskinga anbefalar etablerarar og gründerar å tilby ’middelklassesymbol mest ingen er nemneverdig interesserte i’. Forskarane kastar såleis blår i augo på bønder og bygdeutviklarar som elles kunne ha satsa på noko meir berekraftig enn kortreist mat og norsk natur. Implisitt i dette argumentet ligg det at den norske middelklassen ikkje etterspør (nok av) det forskarane påstår me er opptekne av her til lands; mjuke ostar og flotte naturopplevingar i den rurale idyllen.
..........Den andre delen av argumentet til Flø er av meir generell og prinsipiell interesse. Han hevdar at det i dag er ei stor grad av gjensidig tilknyting mellom forskarar, brukarar av forskinga og prosjektmakarane. Dette er ei viktig årsak til at forskarane i for lita grad stiller seg kritiske til utviklinga innanfor bygdeutviklingsfeltet, hevdar han.
..........Jostein Vik går i Nationen 07.11.09 Flø i møte, og uttalar seg først og fremst på bakgrunn av kunnskap om den landbrukstilknytte næringsutviklinga. Han hevdar at forskarane ikkje konsumerer postmoderne teori i eit omfang som medfører problem – snarare tvert om. Dagens forskingsfinansiering har eitt overordna problem; oppdragsforskarar har i altfor lita grad kapasitet (tid!) til å oppdatere seg på teori. Meir kritisk postmoderne teori ville dessutan venteleg ha retta merksemda mot bygde- og matdiskursane sine maktaspekt, noko Flø også etterlyser, hevdar Vik. Dei fleste av dei knappe 60% av bøndene som har tilleggsnæringar driv verksemder som leigekøyring, snøbrøyting, vedhogst, tømrararbeid og grøn omsorg. Mindre enn 5% av bøndene driv eiga vidareforedling av mat, som til dømes produksjon av spekepølser og mjuke ostar. Symbolproduksjonen ser altså ikkje ut til å rå grunnen åleine i norske bygder. Vik understrekar forresten at det også er eit ope spørsmål i kva grad det er lurt/dumt å rette seg mot middelklassen, som vel etter kvart omfattar mange av oss…
..........Ein ting er at bygdeforskarane kan hende faktisk tek feil, og at dette skuldast overkonsumering av postmoderne teori. Den andre delen av argumentet til Flø er likevel langt verre. Gjensidig tilknyting mellom forskarar, brukarar av forskinga og prosjektmakarane gjer forskarane lite kritiske. Slike bindingar fører med seg forskingsetiske problemstillingar som forskingsinstitutta bør vere særs medvitne i kampen om lokale, regionale og nasjonale oppdragskroner. Forskingsmiljøa fungerer i eit samspel med oppdragsgjevarane og samfunnet rundt. Dei som finansierer forsking ynskjer gjerne å få noko att. Går oppdragsforskarar brukarane sitt ærend, og vil forskarar i for stor grad gje oppdragsgjevarane svaret dei vil ha? Ligg det i korta at me arbeider for vindkraft når me forskar på vilkår for, og ringverknader av, vindkraftutbygging? Driv forskinga innanfor geoturisme og opplevingar av lokal eigenart eigenleg marknadsføring av reiselivet i Sogn og Fjordane?
..........Særleg bygdeforskinga har vore skulda for å vere grunnleggjande normativ, i positiv tyding. Forskinga vil medverke til å utvikle bygdene og distrikta, og då kan det bli for lite plass for det kritiske blikket som Flø etterlyser og representerer. Eg er likevel samd med Jostein Vik i at forskinga korkje bør drive svartmåling eller overoptimistisk 'gladkonstruktivisme' for bygd og utkant. Forskinga bør streve etter å studere nyansar og vilkår for utvikling (og ja; avvikling) i distrikta med eit kritisk blikk. Men: Det er viktig å diskutere, og forske på, potensialet i dei ulike marknadane som nye næringar i distrikta rettar seg mot. Utvikling skjer der fleire ser moglegheiter ilag!
Fresvik
for 6 måneder siden