Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

onsdag 18. november 2009

Forsking og bygdeutvikling

Bjørn Egil Flø og Jostein Vik ved Norsk senter for bygdeforsking har i haust invitert til debatt om bygdeforsking og –utvikling her til lands. I Dagens Næringsliv 01.10.09 fyrer Flø laus mot ’middelklassebygda’ og alle som driv bygdeutvikling for det han kallar ein ’kulturkonsumerande middelklassemarknad’. Flø er, slik eg oppfattar han, særleg kritisk til korleis forskarar diskuterer denne utviklinga, og meiner at både bygdeutviklarar og –forskarar har forlese seg på ’kryptiske postmoderne teoriar’. Forskarane er mindre kritiske til bygdeutviklingsprosjekta dei studerer enn dei burde vere, og for opptekne av kultur som grunnlag for verdiskaping på bygda. Kombinert med ei elitistisk orientering, inneber dette i neste instans at bygdeforskinga anbefalar etablerarar og gründerar å tilby ’middelklassesymbol mest ingen er nemneverdig interesserte i’. Forskarane kastar såleis blår i augo på bønder og bygdeutviklarar som elles kunne ha satsa på noko meir berekraftig enn kortreist mat og norsk natur. Implisitt i dette argumentet ligg det at den norske middelklassen ikkje etterspør (nok av) det forskarane påstår me er opptekne av her til lands; mjuke ostar og flotte naturopplevingar i den rurale idyllen.
..........Den andre delen av argumentet til Flø er av meir generell og prinsipiell interesse. Han hevdar at det i dag er ei stor grad av gjensidig tilknyting mellom forskarar, brukarar av forskinga og prosjektmakarane. Dette er ei viktig årsak til at forskarane i for lita grad stiller seg kritiske til utviklinga innanfor bygdeutviklingsfeltet, hevdar han.
..........Jostein Vik går i Nationen 07.11.09 Flø i møte, og uttalar seg først og fremst på bakgrunn av kunnskap om den landbrukstilknytte næringsutviklinga. Han hevdar at forskarane ikkje konsumerer postmoderne teori i eit omfang som medfører problem – snarare tvert om. Dagens forskingsfinansiering har eitt overordna problem; oppdragsforskarar har i altfor lita grad kapasitet (tid!) til å oppdatere seg på teori. Meir kritisk postmoderne teori ville dessutan venteleg ha retta merksemda mot bygde- og matdiskursane sine maktaspekt, noko Flø også etterlyser, hevdar Vik. Dei fleste av dei knappe 60% av bøndene som har tilleggsnæringar driv verksemder som leigekøyring, snøbrøyting, vedhogst, tømrararbeid og grøn omsorg. Mindre enn 5% av bøndene driv eiga vidareforedling av mat, som til dømes produksjon av spekepølser og mjuke ostar. Symbolproduksjonen ser altså ikkje ut til å rå grunnen åleine i norske bygder. Vik understrekar forresten at det også er eit ope spørsmål i kva grad det er lurt/dumt å rette seg mot middelklassen, som vel etter kvart omfattar mange av oss…
..........Ein ting er at bygdeforskarane kan hende faktisk tek feil, og at dette skuldast overkonsumering av postmoderne teori. Den andre delen av argumentet til Flø er likevel langt verre. Gjensidig tilknyting mellom forskarar, brukarar av forskinga og prosjektmakarane gjer forskarane lite kritiske. Slike bindingar fører med seg forskingsetiske problemstillingar som forskingsinstitutta bør vere særs medvitne i kampen om lokale, regionale og nasjonale oppdragskroner. Forskingsmiljøa fungerer i eit samspel med oppdragsgjevarane og samfunnet rundt. Dei som finansierer forsking ynskjer gjerne å få noko att. Går oppdragsforskarar brukarane sitt ærend, og vil forskarar i for stor grad gje oppdragsgjevarane svaret dei vil ha? Ligg det i korta at me arbeider for vindkraft når me forskar på vilkår for, og ringverknader av, vindkraftutbygging? Driv forskinga innanfor geoturisme og opplevingar av lokal eigenart eigenleg marknadsføring av reiselivet i Sogn og Fjordane?
..........Særleg bygdeforskinga har vore skulda for å vere grunnleggjande normativ, i positiv tyding. Forskinga vil medverke til å utvikle bygdene og distrikta, og då kan det bli for lite plass for det kritiske blikket som Flø etterlyser og representerer. Eg er likevel samd med Jostein Vik i at forskinga korkje bør drive svartmåling eller overoptimistisk 'gladkonstruktivisme' for bygd og utkant. Forskinga bør streve etter å studere nyansar og vilkår for utvikling (og ja; avvikling) i distrikta med eit kritisk blikk. Men: Det er viktig å diskutere, og forske på, potensialet i dei ulike marknadane som nye næringar i distrikta rettar seg mot. Utvikling skjer der fleire ser moglegheiter ilag! 

7 kommentarer:

  1. Hmm...spennande tankar rundt motefenomenet distriktsutvikling.
    Som byråkrat og eplebonde har eg meiningar om dette veit du...men trur eg, som vanleg oppsummerar det i eit dikt:

    Den nye distriktssongen

    utkantsfetisjisten
    vaksar vekk griselukta
    med økologisk såpe

    SvarSlett
  2. Du er ein framifrå diktar, og det er utruleg kjekt at du publiserer nokre av dei impulsive, og likevel djupe, dikta dine her! Kan henda distriktssongen din får fleire strofer etterkvart? Eg meiner at globale trendar gjer bygder og folka som brenn for bygdene både meir like og meir ulike. Ser me ikkje stadig nye utslag av at bygder og bygdefolk hevdar sin eigen, lokale identitet - for å skape trivsel, gi bygda særpreg og tiltrekkje seg tilflyttarar og turistar, kanskje? Bygder torer å satse på særpreg, og det gjer at me framover både får dei som brukar økologisk såpe etter florstellet og fluorglider på Telemarkskia i helgene til å slå seg ned på bygda. Det er ei mangfaldig utvikling eg vil vera med på - og diskutera!

    SvarSlett
  3. Syvende far i huset21. november 2009 kl. 19:24

    Dette var mange fine og viktige spørsmål; for mange å svare på nå - for meg. Men det understreker viktigheten av at dette er en debatt som må og bør fortsette. En ting, som jeg også understreket forleden dag; vi må ikke blande sammen begrepene objektivitet og nøytralitet! Det kan være mye god, normativ forskning som likevel oppfyller kravene til nøytralitet - dvs. at den ikke er interesseavhengig.

    Lykke til med bloggen og sånne ting, som jeg aldri følger med på, og knapt vet hva er!

    SvarSlett
  4. Hei kar.
    Fint det, at du gir dikta rom for tolkingar. Dei er meint å vere infule og tvetydige, og kunne romme fleire fortolkingar av sanning.
    Men fleire vers kan du sjå langt etter :-) Eit om gangen.

    Ellers så tenkjer eg litt rundt ein halvgamal karakter som eg har kalla Distriktsdiktaren. Han vart fødd for nokre år sidan, etter at Erling Fossen hadde fabulert seg fram til beskrivelsar om livet på landet .
    Men han passar etterkvart og godt på andre aktørar....spesielt sett opp i mot tema som du pirkar litt på i ditt siste blogginnlegg. Nok å ta av der, på begge sider. "Det bles ein vind over landet" for tida tykkjer eg, men trur nok at me må vakte oss litt for profesjonaliseringa når det gjeld både distriktsutvikling og omdømearbeid... Som eplebonde har eg gjort meg tankar og erfaringar om dette sidan me i primærnæringane dei siste 10-12 åra har hatt mange spenstige, men akk så resultatlause, innslag frå ulike profesjonaliserte offentlege tilretteleggarar.
    (Men jobbar i distriktet.....det vert det av slikt... )

    Til slutt eit lite Distriktsdiktardikt:

    Slingblade møter Ramones møter Prøysen

    Grinding Wheel

    eg kvesser ljåen
    hey ho let`s go
    prøysen

    SvarSlett
  5. Hei

    Kjekt at også Langrennaren tek opp debatten, vil berre melde om at den har fått eit nytt kapittel etter at din blogg vart posta. Les meir her:

    http://my.opera.com/bjornflo/blog/2009/11/17/dei-som-sel-landet

    SvarSlett
  6. Takk for lenkje til bloggen din og for det nyaste innlegget ditt i Nationen (17.11.09). Eg skreiv her ein kveld ein spontan og høgtenkjande kommentar til innlegget. Du finn han her:

    http://my.opera.com/bjornflo/blog/2009/11/17/dei-som-sel-landet

    Eller ved å klikke her

    SvarSlett
  7. Let dei seg styre så lett?
    Forventar vi at fredsforskaren er for krig? At økonomiforskaren er for ulønnsomme bedrifter?
    ok, det dreier seg om på kven sine premiss. Det er viktig, og eg trur det er langt fleire enn bygdeforskarane som evt. hausar opp trendy tillegsnæringar. Så som media, byråkrater og politikarar som treng vekst for å verte gjenvald. Grue, den no avgådde sjefs landbruksbyråkraten, sa ein gong noko slik som at vi må finne ut om økologsk landbruk har eit potensiale til å verte ein ny vekstnæring (slik som opprett har vorte).....Dei leiter etter gullegga, nokre på børsen, andre med politiske verkemiddel.
    Men, tilbake til på kven sine premiss. Mi oppleving er at bygdefolk ikkje så lett let seg rive med av all verdas trendy ting. Dei er vande å verte utnytta, å verte flørta med, og verte frårøva ressursar. Dei gjer sine eigne vurderingar av kva som held mål.Kva som held mål er det også ulike meinngar om på bygda. Vi finn der langt på veg den same spennvidda av synspunkt sm andre plassar, men kanskje med ei anna fordeling. Dei som har evne til å skape alliansar vert vinnarane.
    Helsing Eivind

    SvarSlett