Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

måndag 9. november 2009

Haust i New York

I wanna wake up in a city that never sleeps… Ei kjend strofe sunge av Frank Sinatra surrar faktisk i hovudet med eg gnir den litt urolege svevnen ut av augo 05.27 på Milford Plaza Hotel ved Times Square. Eg vert liggjande og berre vente på at morgonen skal kome. Etter snart fem døger i USA, merkar eg at det framleis er ein god porsjon jetlag att i skrotten. Likevel er eg fast bestemt på å starte New York-opphaldet med ein treningstur i Central Park. Fram med kartet for å vere på den sikre sida. Planen er å fylgje 7th Avenue oppover til 59th Street ved Columbus Circle. Frå hjørnet sørvest i parken skal eg fylgje ei blanding av grus- og asfaltstiar nordover til eg rundar den vesle innsjøen med det overkomelege namnet The Lake. 
  
På med treningsklede og hanskar, og av garde 07.05 på fyrste treningsturen utandørs etter at eg landa i USA. To 40-minuttarar på tredemølle på Hyatt Regency Hotel i Washington DC har så langt utgjort all fysisk fostring. Det er difor perfekt med ein kombinert bli-kjend- og treningstur i byn no. Vel passert porten ved Columbus Circle, kjenner eg at det er haust i New York. Lufta er morgonkald sjølv om sola byrjar kikke ned mellom høghusa. Lauv i alle fargar dekkar stiane eg spring på. Eg stirer på små og store, gamle og unge, seine og raske, ljose og mørke, dongeri og treningsklede, joggevogn og sykkel, ja, her er nærast alt ein kan tenkje seg av folk på farten. Men her er god plass til dei alle, slær det meg. Oss alle. Central Park ber preg av at New York Marathon gjekk i går. Eit stort mannskap held på med rydding og nedrigging av løypeskilt, salsboder, tribunar og eg veit ikkje kva. Greitt å springe her i dag, merkar eg. Og ikkje i går.
..........Turen til USA starta sist tysdag. Flyreisa gjekk til Washington DC, via Dublin og Boston, for å delta på ein forskarkonferanse som ber namnet Society for Social Studies of Science. Ein god kollega på NTNU i Trondheim inviterte tidlegare i år både meg og andre kollegaer med. Eg var ikkje sein å be. Etter eit tettpakka konferanseprogram i hovudstaden, er det no altså duka for blanke fridagar i NYC. Planlegginga har vore så som så, men ei vitjing til utsikta i 86. etasje i Empire State Building, fridomsgudinna på Liberty Island, Madison Square Garden – og obligatorisk middag og t-skjortehandling på Hard Rock Café skal gjennomførast dei neste dagane. Og så er det på sin plass med ei roleg økt på kafé og i bokhandel, med e-postlesing og kanskje litt kortskriving til vener og kjende heime. Kanskje.
..........Dette er fyrste møtet mitt med New York, og eg må vedgå at eg er overvelda. Eit ufatteleg syn møtte meg og ein gjeng skotske studentar (som eg tilfeldigvis kom saman med ut frå bagasjebandet på Kennedy International Airport) då drosja vår kryssa brua over East River og køyrde inn på Manhattan. Skyskraparane steig til værs, fleire og høgare enn eg hadde førestilt meg. Morten Harket si røyst dukka uunngåeleg opp i hovudet. A chance of a lifetime to see new horizons. On the front page a black and white picture of Manhattan Skyline… 
..........På veg nedover att etter rundturen i Central Park passerer eg både Trump Tower og Rockefeller Center, og byen har for alvor vakna no. Dresskledde på veg til kontoret med kaffi frå Starbucks Coffee Shop i eine neven og pc-veska i hin. Omgrepet 'urbant trøkk' får eit nytt innhald, merkar eg, og det er nesten så eg får kjensla av kaos. Men byen er fascinerande, stor og med mange utrulege bygningar og verdskjende landemerke. Tempoet verkar høgt, og eg kryssar kvar gate nedover mot 42nd Street i lag med hundre andre.
  
Tre dagar i New York gjekk som ein røyk. Og eg kjende ein snev av vemod då eg sat på bussen på veg ut til flyplassen. For byen skil seg ut frå alle andre storbyar eg har vitja. New York er den største byen i USA med over 8,5 millionar innbyggarar. Storbyområdet New York er eitt av dei mest folkerike byområda i verda, med om lag 20 millionar. New York er eit økonomisk og kulturelt knutepunkt, og byen ber verkeleg preg av å vere smeltedigelen der alle er velkomne. Same kva bakgrunn dei har.
..........Tekstmeldingane mine undervegs får fungere som postkort, tenkjer eg - og til dei som ikkje mottok smsar midt på svarte natta medan eg var på tur, kan denne lenkja kanskje vere ein liten smakebit.
  
Memory fuses and shatters like glass 
Mercurial future, forget the past
It's you, it's what I feel
You might have laughed if I told you
You might have hidden a frown
You might have succeeded in changing me
I might have been turned around
It's easier to leave than to be left behind
Leaving was never my proud
Leaving New York, never easy
I saw the light fading out
You find it in your heart, it's pulling me apart
You find it in your heart, change... 
  
Leaving New York, R.E.M (Around the sun, 2004)

6 kommentarer:

  1. Takk for NY-rapport! Du har vært inne på bloggen så sjelden i det siste, så det tar noe tid før jeg oppdager at noe nytt er lagt ut. Dette var imidlertid artig lesning, og jeg kan rapportere om at jeg faktisk har løpt NY-maraton selv for noen år siden. Skal du løpe èn maraton i livet, så er New York stedet å gjøre det på. Med 2-3 millioner begeistrede tilskuere langs løypa er løpeturen ikke bare den beste og sikreste måten å oppleve alle New Yorks bydeler på - det er også en stemningsopplevelse man sent glemmer.

    Rundt 40.000 deltakerer stiller opp, og utenlandske deltagere utgjør ca. 50% av startkvoten. Grethe Waitz har vunnet løpet 9 ganger og er fortsatt løpedronning nummer èn. NY-maraton i 2010? Jeg har lest et sted at løpet går 7. november, så det er trolig like før påmeldingen åpner.

    Kjenner meg ellers igjen i beskrivelsene dine fra byen, og tenker at dette er byen med stor B som jeg uansett ikke har besøkt for siste gang. Maraton eller ei.

    SvarSlett
  2. Takk for det, LA! Og jepp, bloggdagboka mi kjem ratt litt i bakleksa for tida. Eigenleg er det eit lite paradoks som ligg i nett det. For når det er så travelt som det har vore i haust, vekene flyg forbi og det er mykje som burde vore kommentert og lagt ut på bloggen, er det jo samstundes så lita tid til å setja seg ned og skriva... Dei minuttane som trengst for å forma tankane på papiret er der pinadø ikkje. Og det kan jo i seg sjølv vera frustrerande nok, for skriving gjer meg godt, merkar eg!

    Når det gjeld New York Maraton 2010, er det sjølvsagt eit freistande prosjekt å gje seg i kast med. Takkar for inspirerande innspel! Eg tenkjer at det kan vera moro å starta med å lodda stemninga i det lokale Birkebeinar- og longsyklarlauget for å undersøkje om me kan fare ein heil Syril-tropp til USA om cirka 51 veker. Ski- og motbakkeløparane her er tøffe folk, kan eg trygt seia. Ambisiøs målsetjing, men eg byrjar med å finne eit høveleg og strategisk godt eigna tidspunkt å lufte idéen på i vår kjære fellesblogg; http://lauget.wordpress.com/
    So stay tuned!

    SvarSlett
  3. Du svingar deg bra kar !
    Joggar i metropolar.
    Sjølv kjem eg ikkje lenger enn til motbakkane på Systrond... Eller som han Edvin i diktet her:

    Borderline

    i staden for
    bayer
    og nakne damer
    vart det
    strip please
    for Edvin

    SvarSlett
  4. Obama vidareførar Patriot Act!
    Eg lurte på kva det er som gjer at Ole Inge, ein så fornuftig mann, skriv kjærlegbrev om og frå USA. Så eg måtte lese - og pusta letta ut. Ja, eg kan forstå fasinasjonen av smeltedigelen NYC - der så mange ulike folk møtast.
    Eg kjøpte Aftenposten sitt månadsmagasin -innsikt - på Gardermoen på veg heim frå Sevilla. Eg vart litt paff: Under overskrifta "Et mektig imperium av baser" står det at under dekke av militær tilbaktrekking bygger USA et imperium av baser som er langt mektigere enn under den kalde krigen. En amerikansk forsker (no igjen!) kaller det den største globale opprustningen noensinne: i underkant av 1000 baser rundt om om vi ikkje tek med dei nesten 200 i Irak og Afganistan. Ikkje nok med det: Aftenposten slår også opp at Obama opprettheld dei fleste omstridde punkta i Patriot Act som Bush innførte .......
    Var det nokon som trudde at ein ny mann skulle forandre? Han har i alle fall klart å skape seg eit image om forandring: social construction av reality?
    Når eg les vidare i "innsikt" får eg assosiasjonar om Folkevett for 20 år tilbake. Her er om Barnearbeid i India, om homokamp i Sør-Afrika og om Oljesand utvinning i Canada, der m.a. Statoil Hydro er i gang å rasere enorme områder. Det gir håp! Så får eg heller fortelle om Sevilla ein annan gong. Eivind

    SvarSlett
  5. Obama vidareførar Patriot Act!

  6. Obama vidareførar Patriot Act!