Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

måndag 14. desember 2009

For å seia det sånn

I år har eg hatt mange kjekke samtalar med leiarar og tilsette i bedrifter som på eitt eller anna vis arbeider med energisparing eller produksjon av fornybar energi. Eg har vore ute etter deira, respondentane, sine syn på tema eg er oppteken av. Då er det viktig å nytta tida godt, tenkjer eg alltid i slike settingar, sidan eg endeleg har greidd å stabla på beina eit møte med dei. Me har ikkje tid til så mykje utanomsnakk, travle som me er. Lista over spørsmål, intervjuguiden, er utforma slik at eg skal hugsa å sveipa innom flest mogleg tema i timen som er sett av. Sidan eg tek samtalane opp på band, kan eg liksom dura i veg med problemstillingar og oppfylgingsspørsmål – utan å tenkja på at svara skal hugsast eller noterast undervegs.
..........Til saka: For å få fullt utbyte av intervjua, og for å kunne bruka sitat, brukar me som regel å skriva dei ut. Dette er ein tidkrevjande jobb. Difor nyttar forskarar iblant studentar eller andre til å gjera jobben for seg. Eg har bestemt meg for å gjera dette sjølv, og har i løpet av fyrste halvdel av adventstida oppdaga at hovudfrustrasjonen min ikkje handlar om at jobben er tidkrevjande. Nei, det verste er nemleg å oppdaga alt eg sjølv har sagt undervegs i desse samtalane. Sa eg det verkeleg slik, tek eg meg i å tenkja. Arrgh, men kvifor sa eg ikkje heller…? Det er nærast uuthaldeleg å få greie på korleis eg eigenleg uttrykkjer meg i enkelte samanhengar. Og eg tenkjer berre ein ting: Dette må eg då læra av! 
..........Ta til dømes frasa ’for å seia det sånn’. Sjølvsagt har eg ofte tenkt at andre slengjer ut denne frasa i aust og vest. Dei hengjer ho gjerne på til slutt i ei setning, som ein vindskeiv, utsliten og haltande tilhengjar på ein elles moderne og elegant køyredoning. Enkelte har jamvel late ho falle ned på papiret gjennom pennen eller inn i pc-skjermen via tastaturet. Då burde dei heller ha skrive det sånn, då, har eg tenkt. No har eg altså avslørt meg sjølv: Eg er ein av dei som nyttar mange fyllord, og eg veit sanneleg ikkje om eg likar det.
..........At det munnlege språket er prega av spontanitet er kanskje det som skil det mest frå skriftspråket. Me tenkjer ikkje like mykje over korleis me formulerer oss når me pratar som når me skriv. Det fører ofte med seg mange fyllord, eller pragmatiske partiklar og uttrykk som dei gjerne vert kalla i språkvitskapen. Men dersom me seier noko på ein så uklar måte at me er nøydde til å slengja på desse orda, burde me vel heller bruka fem sekund ekstra på tankeverksemd, burde me ikkje? Me ville finna ein rettare måte å seia det på, og trongen for slike innhaldslause ord og fraser ville opphøyra? Sjølvsagt ser eg verdien av slike fraser i enkelte samanhengar, men då må det vera i fråsegner som tillet slikt. Til dømes når me beskriv eitt eller anna ved hjelp av metaforar. Då set me gjerne på ’for å seia det sånn’ for faktisk å forklara at me seier noko på ein alternativ måte. kan me seia det sånn. Me seier kanskje at 'det vert som å setja bukken til å passe havresekken, for å seia det sånn', viss me talar om å låne bort nyesykkelen til ein notorisk kjeltring som me slett ikkje stolar på. Ei viss mengde fyllord er elles naudsynte i talemålet vårt. Berre tenk på kor slitsamt det ville vera å halde praten i gang med einkvan som korkje nøla eller la inn forsterkande eller dempande fyllord mellom dei målretta innhaldsorda!
..........Det har nærast vorte ein mote å setja på dette forklarande, eller endå verre; orsakande, tillegget når me snakkar. For min eigen del trur eg det i tillegg har vorte ein real uvane. Gjennom å skriva ut nokre av intervjua mine har eg altså bestemt meg for å slutta å seia det sånn i tide og utide. Frå no av skal eg heller bruka hjernens funksjon til å luka ut både denne og andre keisame fraser der dei ikkje trengst. Spark meg på leggen og køyr olbogen hardt inn i sida mi, alt du berre greier, neste gong du høyrer meg seia: 'liksom', ’skulle eg til å seie’ eller ’viss du skjønar kva eg meiner'. Skjønar?

2 kommentarer:

  1. Er ikkje så farleg dette Ole Inge... Sjå på det ut i frå eit musikalsk perspektiv; Slike ord og vendingar får etter mi meining omtrent same funksjonen som ei bru i musikk.
    Slik skapar du flyt og song i talen din og gjer det noko kjekkare og lettare for samtalepartnar å fylgje med. Når ein snakkar med folk som talar som dei skriv kan ein ofte få lyst å spørje dei om det er ein duell eller ein duett dette me no held på med. Ellers så er du i opninga av innlegget ditt farleg nær duellanten når du skriv; "Eg har vore ute etter deira, respondentane, sine syn på tema eg er oppteken av." Altso; respodentane....greit, men putt det inn i ein samtale du..
    TIL SLUTT: New York Dolls spelar på Logen i Bergen 30 april !! Eg har billett ! Løp og kjøp.

    SvarSlett
  2. Takk for trøyst! Du har jo eit viktig poeng her når du peikar på at småorda i språket vårt skapar flyt og song i talen vår, og at det slik vert både kjekkare og lettare for samtalepartane våre å fylgja med. Men sjølv merkar eg no at det er av det gode med denne språklege vekkjaren, for skjerpings trengst - big time! Eg vart så nyfiken på dette med bruken av småord (eller fyllord), og då eg diskuterte temaet med kyndige fagfolk vart eg tipsa om ein interessant artikkel om temaet. Han finn du her

    Elles vert eg med på New York Dolls-konsert, må vita, skal SPRINGE og kjøpe. Talast om dette under julelunsjen på Fylkeshuset 17.12., me!

    SvarSlett