Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

onsdag 2. desember 2009

Vinterlengt

Sjeldan har huslyden stått meir samla og sterkt bak kravet om snø som no. Hausten har vore finfin, han, men dei siste vekene har me stadig oftare slege eit slag for kvite vidder, faste skispor og kuldegrader. For snøen på tunet, nedpressa av trakk og breie piggdekk. For snøen på tunbjørka attom garasjen, og for snøen som nyfallen heng på skogen mellom husa i bygda. Jamvel for snømåkedugnad i blåtimen nede på fellesplassen og dugnad for å få i gang skitrekket på Kleppa har me slege eit slag. Det var difor jubel i heimen måndagskvelden, for under kveldsmaten kunne me tydeleg sjå at det snødde under gateljoset nedom huset. Jess!
   
Yngstemann var kjapt ute, grytidleg i går, i berre boxeren, for å sjekke snøstatus på tunet. Etter kvart som det byrja lysne og gjengen kava ut dørene for å oppsøkje jobb og skule, kunne også me andre slå fast at det iallfall var kvitt ute. Rett nok ikkje mange centimetrane med snø, ok, men kvitt. Og kontrasten frå dagen før på same tida var så utruleg stor. Vekslinga mellom årstidene er jo halve moroa her til lands, og særleg når ein mørk haustkveld over natta vert forvandla til ein ljos og vakker vintermorgon er endringa enorm. Overgangen frå november til desember kunne knapt vore betre. Smørjekofferten står klar og skikleda er henta fram. Og det vert hyppig sjekk av snøtilhøva på lokale skidestinasjonar sine vevsider i dagane som kjem, kan eg love...
  
Julemånaden er altså godt i gang alt, og Man.United-kalenderen på kjøkenet er for lengst bladd over på siste arket (yngstemann lovleg tidleg ute der òg). No tek julerushet for alvor til, og eg merkar at folk rundt meg, både på jobb og på fritida, ikkje køddar med jula. Korte leveringsfristar i jobbsamanheng er berre for barnemat å rekne når eg tenkjer meg om. Då er det viktig å manøvrere skuta slik at ein får gjort dei rette prioriteringane: Juleshopping eller ælghufs med teknekten? Julereingjering eller intervalløkt ilag med husbyggjaren? Julekortskriving eller prøvesmaking av årets juleøl med gode grannar i stova? Det er vel tida for å gjere litt av alt, ikkje anten/eller - og det er mange av oss som gjerne supplerer lista over viktige gjeremål med snømåking i oppkøyrsla og skiprepping i kjellaren. Men då held det altså ikkje med fagre lovnader om ein blå desemberhimmel og tindrande klare netter heile veka til endes. Nedbør!
  
Vinterlengt
  
snart kjem snøsneglane
fram att
spiralkrulla ligg dei og ventar
på måneskinnet
og knitreglitresnøen
  
Snart vinter, Fjordsymjaren (24.11.2009)

1 kommentar:

  1. Kan rapportere om OK+ langrennsforhold på Anestølen i Sogndalsdalen laurdag. I minste laget med snø, men det heldt akkurat til ikkje å øydeleggje skia. Lite nedbør i vente dei næraste dagane, viss me skal tru yr.no... Sjusjøen, Beitostølen og Gålå tronar øvst på langrennsforhold om dagen - følg med på http://skisporet.no/

    SvarSlett