Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

søndag 31. januar 2010

Langrennskurs: skøyting

Langrennsgruppa i Syril arrangerer skøytekurs for alle over 16 år på Øvstestølen onsdag 3. februar kl. 18.15-20.00. Føremålet er å heve skøytekompetansen i Birkebeinar- og longsyklarlauget, hjå skitrenarane og andre skiinteresserte i klubben. Instruktørar for kurset vert tidlegare landslagsløpar Ingrid Narum (Sogndal IL) og underteikna. Rens skia for festesmurning og ta gjerne med skistavar som er om lag 20 cm. kortare enn kroppslengda di (ikkje noko krav!). Føremålet med kurset er at flest mogleg skal få med seg gode teknikkråd på vegen mot større glede av skøyting på ski - og at me vidare gjev god rettleiing til alle løparane våre i aldersbestemte klassar.
..........Anten du alt har lært deg dei tre grunnteknikkane i skøyting; padling, enkeldans og dobbeldans, og du har gått ein del skøyteøkter, eller du er heilt nybyrjar i skøyting, er du velkomen til ei artig langrennsøkt på Øvstestølen. Ta med dunjakka og ein termos med varm drikke, for på teknikktreningar er tempoet lågare enn på vanlege treningsøkter.
..........Me kjem til å leggje vekt på dei tre nemnde hovudteknikkane. Alle får rikeleg med tid til å prøve ut både enkeldans, dobbeldans og padling, og me gjev individuelle tilbakemeldingar og rettleiing i høve arbeidsoppgåver for teknikkforbetring.
..........Enkeldans brukar ein gjerne i slakt terreng, flatt og slakt utfor. Dette er teknikken du brukar når du har god fart. Teknikken inneber eitt stavtak for annakvart skyv; til dømes på kvar høgrefot. Balanse er viktig for å meistre enkeldansen, for det er ein føremon med god tyngdeoverføring i kvart skøytetak. I starten er det lurt å ikkje ha før høg takt/stakefrekvens, og det er nyttig å øve utan stavar. Dobbeldans vert brukt i slakt terreng, flatt og slakt oppover. Denne teknikken skil seg frå enkeldansen ved at du her tek eit stavtak for kvart skyv. Du stakar og glir på skia mot venstre og stakar og glir på skia mot høgre. Fokuser på tyngdeoverføringa også her, og tenk at kroppen helst skal ’kvile’ kort over skia før neste stavtak/glifase. Hugs; det er lurt å øve i lett terreng, for dess tyngre parti dobbeldansen vert nytta i, dess kortare stavtak og hyppigare skifte frå side til side. Padling brukar du i motbakkar. Dette er ’klatreteknikken’. Ein nyttar den eine skistaven å henge på (’hengarm’) og den andre armen til å skyve med.
..........Det er aldri nokon fasit på kvar i terrenget du nyttar dei tre skøyteteknikkane, men det er lurt å jobbe med å tilpasse teknikken til terrenget når du likevel er ute på skitur. Sjekk gjerne ut nokre teknikktips frå Team Xtra Personell her. Sjåast i løypa!

3 kommentarer:

  1. Er diverre oppteken med ungane fram til torsdag. På den andre sida kan det vere like greitt når eg slit med lapskaustreningssyndrom. Musklane er med andre ord lite mottakeleg for ny bruk for augneblinken.

    SvarSlett
  2. Du ser kva du gjer på onsdagen! Februar er i gang, og det er drygt halvannan månad til Birken. Det er tid for å planleggje siste treningsperioden fram mot 20. mars. Det er no den rutinerte og anerkjende langrennstrenaren Erik Røste stig ned frå Olympiatoppen sine kontor ved Noregs Idrettshøgskule og talar til oss (birkebeiner.no). Kva bør me tenke på framover?
    Lapskaustrening er eit velkjent fenomen for meg: Treninga går jamt av stad i ei heilag blanding av litt for høg intensitet for at ho kan kallast roleg, og litt for uplanlagd og tilfeldig til at farten kan kallast intervalltrening. Lapskaus og Trøndersodd, altså…
    Stikkorda frå Røste er at roleg trening framover no faktisk er roooleeeg, og at intervalltreninga framover føregår i kuppert terreng med skikkeleg fart og schwong. Altså; ikkje blytunge og seeiiige motbakkeintervallar no. Røste har talt, TK!

    SvarSlett
  3. Me var til saman åtte Syril-løparar godt over seksten som fekk ein gnistrande klar og vakker, men skikkeleg inspirerande skøytekveld i lag med Ingrid skøytedame på Øvstestølen i stad. For nokre var dette repetisjon av gamle kunstar, medan det for andre var den harde skøytedebuten. Utruleg kjekt å sjå at debutantane knekte mange 'kodar' alt fyrste kvelden! Og tru meg; dei som tek med seg kveldens nyerverva kunnskapar om enkeldans, dobbeldans og ’klatreteknikken’ padling, og som øver heilhjarta på skøyting ein gong i blant utover vinteren, vil etter kvart merke at han/ho beherskar alle typar terreng med å skøyte på ski. Og: då kjem den gode flyten stadig oftare på skøyteturane. Me takkar Ingrid for akkurat passeleg med teknikkteori, og for særs god rettleiing undervegs i økta! Tek gjerne ein skøyteprat når me treffest att - med eller utan ski.

    SvarSlett