Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

torsdag 10. februar 2011

Hallingrennet 2011 (Golsfjellet rundt)

Eg er på mange måtar samd med Lynet. Ser poenget hans, og har vore inne på desse tankane sjølv: Det er liksom for gale å berre sleppe teten med det same startskotet går. Berre sjå dei beste skyte fart ut frå startrekkene, for så å forsvinne rundt den tredje svingen i løypa. Godta at ein kjempar om smulane. Kvifor ikkje prøve å bli med dei av garde? Eit stykke, i alle fall? Dra til frå start? Kort og godt sjå korleis farten og stemninga er ”frammi der”? Er det slik at desse racerane dreg til i starten berre for å gjere seg utilnærmelege, medan farten eigenleg roar seg ned etter kvart? Desse elitenære løparane skal jo òg halde ut i 45 blytunge kilometer, skal dei ikkje? Og kva er forresten tjejdeng for noko? Lauget sine utsende var i det offensive hjørnet på Golsfjellet sundag – i alle fall før start. Meklaren mest edrueleg i tilnærminga, sidan han alt komande helg skal gå tradisjonsrike La Transjurassienne. Skiene til Lynet og underteikna vart eitt kvarter før start lagt på plass i andre – andre – rekkja i startboksen. Her skulle spørsmåla finne sine svar…
........Hallingrennet er det nye namnet på det som før heitte Golsfjellet rundt. Rennet sundag var første arrangement i nyskapinga Hallingtrippelen - eit nytt konkurransekonsept der Gol Idrettslag og reiselivsnæringa lokalt arrangerer tre årlege tevlingar: langrenn, sykkel og løp. Rennstarten er flytt frå Solsetra til Oset. Fyrst etter å ha svinga av frå rv. 51 i retning Storefjell og køyrt ei mil nordover, kjem ein fram til det flotte turområdet som altså skulle vere åstad for vinterens fyrste seedingsrenn for min del. Traseen for Hallingrennet har mange parti som Golsfjellet rundt nytta i sine 25 år som fast innslag i terminlista. Men særleg siste delen i nyerennet peikar seg ut som tøffare og meir krevjande enn gamletraseen – med fleire seige motbakkeparti. 

Lat det vere sagt med ein gong: Hallingrennet 2011 vil bli hugsa som eit fantastisk flott renn. Sol frå blå himmel, faste spor, nokre få minusgrader, lite vind og særs greie smørjeforhold. Alt vel. Snøen rett nok såpass fersk og finkorna at det aldri vart den heilt store gliden, men ikkje noko å klage for. Klare!
........Etter åtte kilometer med råstaking og rask diagonalspringing i nesten flat løype, byrja ei dryg mil med samanhengande stigning. Løypa snor seg oppover frå Oset Høgfjellshotell, om lag 800 moh., mot Appelsintreet og dagens andre drikkestasjon ved Tryguhaugen, drygt 1100 moh. Overgangen til stigningspartiet gjorde at teten, som så langt hadde vore mogleg å skimte i svingane framom meg, forsvann. Det same gjorde Lynet. Eg helsa han i mitt stille sinn lukke til med resten av løpet. I ettertid tenkjer eg at det burde vore mogleg å disponere slik at eg kunne ha følgt vinnar Marthe Katrine Myhre heilt til mål. Me gjekk båe i eit fire-femmannslag oppover frå 8 til 18 km. Men den tøffe stakerunden i opninga og den harde motbakkemila sette meg fullstendig ut av spel. Hammaren sveipa like over hovudet. Unødvendig tidsbruk ved drikkestasjonen på toppen gjorde attpåtil at eg miste "toget" mitt. Her måtte fokus setjast på å kome såpass til hektene at gjennomføring med stil igjen vart realistisk.
........Herifrå og inn gjekk eg praktisk talt åleine. Etter stigningsparti nr. 2 for dagen, vart lange utforkøyringar nedover frå høgfjellet mot Storefjell nytta til inntak av energibarar. Fyrst siste fire kilometerane vakna skrotten til live att. Tre mann vart passerte her, og etter målpasseringa kjende eg at eg alt i alt var nøgd. Nøgd fordi eg fekk meg ei fin gjennomkøyring, nøgd for resultatet og nøgd fordi eg trass alt hadde ei ålreit avslutning på løpet. Erfaringa var likevel at det denne dagen tok laaang tid å kome seg att etter ei i overkant hard opning. Taktikken neste gong vert neppe å bli med teten frå start. Og så har eg altså framleis til gode å unngå tjejdeng på eit langløp...

2 kommentarer:

  1. Tjejdeng er et fantastisk ord som jeg hørte Anders Södergren introduserte for herrelandslaget for noen år siden. En ting er å bli slått av en treningskompis, en skiskytter, en kombinertløper, en svenske, en juniorløper eller en avdanket løper som for lengst har lagt opp, en helt annen ting er å få juling av en jente. Nå skal det sies at Marthe Katrine Myhre er helt rå i langrennsløypa. Hun kommer vi garantert til å få se mer til i årene som kommer, så jeg ville ikke tatt det særlig tungt om jeg havnet to og et halvt minutt bak den tjejen der i et langløp... Grattis med god puljekvalifisering til Birken!

    SvarSlett
  2. Takk for trøyst! Må først røpe at eg ikkje var åleine om å nytte langrennsløypene på Øvstestølen laurdag. Det er tydeleg at dei lokale birkebeinarane byrjar å spisse forma. Fleire av dei var der då eg kom – og var der framleis då eg reiste… For meg er også Birken eit høgdepunkt, men før den tid ventar i år Vasaloppet. Og der byrjar eg få dårleg tid no. Sjukdom går rett og slett ikkje å pådra seg, og forkjølinga må ut av systemet snarast. André Haugsbø i Team United Bakeries tilrår Kalsetrennet neste helg som optimal trening for dei gjenståande langløpa. Vel to mil og kupert terreng, mange slake bakkar og sugande flater - liknar mykje på det ein møter i Birken. Eg bestemmer meg på torsdag for om det vert aktuelt å starte der. PS: Tjejdeng høyrer sjølvsagt med når ein kastar seg ut i langløpsirkuset. Ein skal sanneleg vere god for å unngå rundjuling frå ein horv med jenter der, gitt. Det vert ein vane ;-)

    SvarSlett