Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

torsdag 3. mars 2011

Vasaloppet

Set meg i bilen i morgon tidleg, fredag, for å køyre til Gardermoen saman med Trond K. og Stein D. Derifrå går turen med buss til Sälen i Sverige. Park World Tour sitt turopplegg verkar bra. Sundag skal alle tre gå Vasaloppet for fyrste gong.
..........For oss er det ein gutedraum som vert realisert når startskotet går av for om lag 16.500 skiløparar tidleg sundagsmorgonen - og me er med. Korkje meir eller mindre. Har til gode å ha full klaff med ski og kropp på skirenn i år, og må vedgå at tid og plassering denne gongen heller ikkje er det viktigaste. Forkjølinga som har herja med meg dei siste 3-4 vekene (!) sit nok litt i framleis, og fyrst no på måndag opplevde eg at skrotten lystra bra på hardøkta på Øvstestølen. Dei neste dagane vert som følgjer:
-  Fredag: Reisedag med lett løpetur på ettermiddag/kveld.
-  Laurdag: Skitesting og nokre drag for å "vekke" kroppen.
-  Sundag: Vasaloppet.

Følg oss på TV2 og ev. SVT på nettet frå kl 07.30 på sundagsmorgonen: premie til den som greier å få auge på ein Syril-løpar! Sjå etter i startläd 2, 3 og 4. Ni mil klassisk ventar, vêrmeldinga er kjempefin og varslar VR45-føre, og me trur det vert ein strålande tur frå Sälen til Mora. Målet er å rekke siste timen av VM-femmila i Holmenkollen som startar kl. 13.00. Satsar på at det er ein storskjerm i målområdet i Mora. Etter det skal dagen toppast med Man.Utd.-siger over Liverpool på Anfield Road.

2 kommentarer:

  1. Alt gikk vel som planlagt, bortsett fra på Anfield?
    Gratulerer med storveis innsats!

    SvarSlett
  2. Takk for det! Eg kan utan tvil stadfeste at Syril sine utsende hadde ei særs flott oppleving i helga: Vasaloppet er eit fantastisk fint skirenn og heile arrangementet fortener å bli omtala med store og rosande bokstavar. Når i tillegg veret, føret og eit talrikt og heiande publikum langs heile løypa spela på lag, var dette ikkje mindre enn ei oppleving for livet. Stort! ”Vad duktiga ni är!”, ”Heja Norrje!” var å høyre frå start til mål. Ved passering målstreken hadde eg ein tanke i hovudet: Her skal eg tilbake. Det är bra säkert!

    SvarSlett