Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

søndag 18. mai 2008

Festivalsommar

–Då eg las ein kommentar frå Sigrid Hvidsten i Dagbladet førre dagen slo det meg jamen at eg tenkte nett som ho i januar. Norsk musikk vert fort tema i møte med gamal studiekamerat under Balejazz i Balestrand ei tidleg maihelg. Han held fram: –Då såg det nemleg ut til å bli ein storslagen norsk musikkvår. På listene over komande utgjevingar kunne me lese, og byrje gle oss til, solide og storseljande norske kvalitetsartistar. Det skulle starte med eit kommersielt storeslem med Madrugada si sorginnhylla nyplate som berre heiter ’Madrugada’ og halde fram med mjuke Ane Brun og hennar ’Changing of the seasons’. –Ja, og så var eg vel litt nyfiken på vemodige Elvira Nikolaisen si oppfylgjarplate til suksessdebuten ’Quiet exit’, vedgår han vidare. –Døh, ikkje gløym eitt av mine store favorittband då, Kaizers Orchestra og plata ’Maskineri’, ho vart varsla før jul. Forresten ho eg høyrer mest på for tida, supplerer eg.

–I tillegg vart det ein liten hype rundt debutanten Ingrid Olava og hennar ’Juliets Wishes’. Og gjort eit nummer av at veteranen Thom Hell skulle kome med ’God If I Saw Her Now’. –Utpå våren var det endå til varsla at Espen Lind skulle røre på seg. Kompisen har pinadø koll på norsk musikk, tenkjer eg, medan eg såvidt heng med. –Me låg liksom så jækla godt an, sler han fast, men kva hende eigenleg etterpå? Kvifor slik ein mangel på eh, temperatur? Norsk musikk står jo knallsterkt, og me er mange som fylgjer med her.

Om me ser vekk frå Madrugada og den massive hiten ’Look Away, Lucifer’, ser eg i grunnen at det kan synast som dei norske artistane har vore litt anonyme. Både på salslistene og på radiokanalane. Etter runden med lanseringsintervju, innpass på ’Senkveld’ og huogheiogstorståhei har artistane ratt forsvunne frå offentlegheita. Viraken og merksemda har uteblitt, og det saknar eg beint.

Gode avismeldingar og fine kritikkar til trass (og eg merka meg sjølvsagt at Ane Brun vart tilgodesett med terningkast seks (!) i Dagbladet) kan det synast som dei norske platene er heilt overskugga av internasjonale artistar. Både nye og gamle. Rett nok kan me skulde på pressa som skal dekke musikk-Noreg, og på dårlege prioriteringar hjå dei som set opp speleplanen (heiter det forresten det?) i norske radiostasjonar, men lell... Eller er det rett og slett slik at hitane har mangla? Kvar er det blitt av låtane me rett og slett ikkje kjem utanom? Songane me ikkje greier å frigjere oss frå når me har høyrt dei nokre gonger (som nett når platene er sleppte)?


Døme dei sist åra? Hard to stay awake, Morten Abel, Lift me, Madrugada/Ane Brun, Floden (koffor, koffor, koffor, du veit), Bjørn Eidsvåg/Elvira Nikolaisen, Ompa til du dør/Di grind/Maestro, Kaizers Orchestra og ikkje minst Grisen står og hyler frå luringen Odd Nordstoga.

Av dei norske artistane som gjer det bra nett no, er kan hende Kurt Nilsens Lost Highway og Maria Haukaas Storengs Hold on, be strong dei mest spelte. Rett nok rir dei på ei Willie Nelson-/Melodi Grand Prix-bylgje, men greitt nok. Og så trur eg faktisk Morten Harket-plata ’Letter from Egypt’ er bra på øyret (singelen Movies er iallfall finfin).

–Trøysta får vere at norske artistar er mest etterspurde i den norske festivalsommaren. Jim Stärk og The National Bank med Thomas Dybdahl i spissen sat som skot på Balejazzen, og festivalsommaren trur eg faktisk den norske musikken vinn. Me er samde der. Me har billettar til Bruce på Valle Hovin, javel, og REM på Koengen, men jamen skal me oppsøkje Dum Dum Boys, Kaizers Orchestra – og sognebaserte The Generous Days, for den del – på ein festival nær deg dei næraste vekene og månadane. God festivalsommar, då!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar