Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

onsdag 9. juli 2008

Om tidsskilje

Forandring frydar, er det noko som heiter. Og det stemmer jo eit stykke på veg. Du er lei av bunaden din, alle andre har jo ein nesten lik, og du kjøper deg ein ljos dress. Du kjøper nye joggesko og kjenner steget, forma, farten bli betre, heilt til du hamnar i ei myr, og skitnar til dei nye skorne. Du, eller ho eller han du bur saman med, står for tur når det skal kjøpast nye langrennsski. Sjølv om dei nye skia er heilt identiske under, og slipen er lagt i den same maskina, er det ei utruleg ny og god kjensle å prøve nyskia. –Ja, desse skia kjøpte eg jo den same hausten som eg gjorde det-og-det, kan me seie. Me har noko å knyte tida til, og for nokre av oss representerer nye ski eit slags enkelt tidsskilje.

Thomas Mann kommenterer dette i romanen Trolldomsfjellet frå 1924. Når mange etterfylgjande dagar og veker er like, skrumpar store tidsrom saman på ein måte som set skrekk i hjarta på ein, skriv han. Og når ein dag er som alle andre, så er alle dagar som ein; og ved fullkomen monotoni ville sjølv det lengste livet opplevast som ganske kort og borte før ein visste ordet av det. Slik talar ein ekte filosof, og eg merkar at eg er samd. Greier eg å skilje tydeleg mellom åra som student på Blindern, eller heng dei saman som ein einaste graut?

Det einaste middelet til å bremsa livet, så å seie, altså friske opp og forynge sjølve tidsopplevinga, er ved å leggje inn nye opplevingar og kanskje andre vanar. Skape tidsskilje. Gjerne ved å skaffe seg noko nytt som ein gler seg over. Det er difor me reiser, skriv Thomas Mann, og det er difor me skiftar opphaldsstad, fer på sommarferie, søkjer luftforandring. Åra me har attom oss skil me frå kvarandre ved å tenkje på kor gamle borna var, kvar me reiste på ferie og - for min del - kven eg var på konsertar med det-og-det året.

Temaet er relevant. 2008 vart året då familien tok med seg Bruce Springsteen-konsert på Valle Hovin, tjue år etter Tunnel of Love-konserten med gjengen frå Vossebygda (27.07.88). Og dei som i går kveld tok med seg ekstrakonserten i Oslo, fekk beint oppleve den legendariske Bobby Jean-låten frå Born in the USA-plata (1984).


Utvilsamt eit tidsskilje for nokre, og saxofonsoloen til Big Man på slutten der tok ratt pusten frå meg der er stod med 8-åringen på skuldrane. Og Bruce sine avsluttande liner om tapt kjærleik kan knapt gjevast att på ein rettvis måte, for dette er lyrikk av venaste sort; ... Maybe you'll be out there on that road somewhere, in some bus or train, travelling along, in some motel room there'll be a radio playing, and you'll hear me sing this song, well if you do, you'll know I'm thinking of you, and all the miles in between, and I'm just calling you one last time, not to change your mind, darlin', but just to say that I miss you baby, good luck, goodbye, my Bobby Jean...

I lenkja her er han frå den gongen då...:
http://www.youtube.com/watch?v=-pTukieURjQ

Bilete: Bruce Springsteen, Clarence 'Big Man' Clemonce (sax) og Max Weinberg (trommer) på Valle Hovin 08.07.2008.

3 kommentarer:

  1. Du og Thomas treff spikeren midt på der. Tidsskilja er heilt naudsynte. Vert hjelpalaus utan ein skiggeleg knagg å feste hendingar på.

    Hugsa du t.d at storflaumen på austlandet i 95 var pinsehelga? Flaumen heng i minnet mitt saman med 10 toppar i Smørstabbavsnittet den helga. Og ei fotballturnering på Lillestrøm helga etter.

    SvarSlett
  2. Jepp, hugsar at storflaumen på Austlandet i ’95 var i pinsehelga. Og når du fyrst er inne på hendingar i pinsehelger, hugsar eg at drapa på Orderud Gård skjedde natt til pinseaftan i ’99.

    Så vurderte eg i sjølve bloggposten å nemne det delte gullet mellom Noreg og Sovjetunionen frå den dramatiske langrennstafetten 25.02.1982, der ein viss skiløpar i duell med sjølvaste Aleksandr Zavjalov brakk staven på siste etappe. I etterkant oppsto det kjende spørsmålet ’kvar var du då staven brakk?’. Og det er ikkje mange i Noreg som er fødde før 1975 som då spør oppatt; –Staven til kven?

    SvarSlett
  3. Brekte stavar er pyton! Stolne stavar er vel like gale... Eg hugsar ansiktsuttrykket (i dag er eg antinynorsk :) ) til den lyse vikjen som "lånte" mine gamle Boronstavar på Birken anno 2008. Flaks at eg hadde Eivind sine. Likevel ganske kult å tenkje på at stavane har gått turen over fjellet, utan at eg var med.

    Hendingar og opplevingar skal herved noterast. Eg er gammaldags, men har oppretta Dagbok på pc'en. Springsteenkonserten den 8. juli vart eit vendepunkt i så måte. Eg gjenopplevde store deler av ungdomstida og vaksentida mi, dei 3timane på Valle Hovin. Eg var 13 år i 1984 og lurte med meg LP'en Born in the USA i tursekken til Vivelid på Hardangervidda på leirskulen i 7. klasse. Vi spela den natt i dag i ei veke. Toreid'en gjekk amok til slutt. Han likte best fele og toradar. Ikkje noko gale med det, men helst med Springsteen!

    SvarSlett